Statsbudsjettet 2027:
Vil ha kortare saksbehandlingstid for sjukepengar
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa føreslår å løyve 50 millionar kroner for å mellom anna få ned saksbehandlingstida for sjukepengar.
– For regjeringa er det viktig at saker om sjukepengar blir behandla raskt og trygt for arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Dei aller fleste sakene i Nav blir behandla automatisk, men ein del av dei meir kompliserte sakene må framleis handterast manuelt. Det er i desse sakene saksbehandlingstida er for lang, og difor set vi inn ekstra tiltak for å få den ned, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
50 nytilsette
Nav har oppretta ei ny, mellombels avdeling med 50 medarbeidarar. Den nye avdelinga skal bidra til at 110 000 av dei meir kompliserte sakene blir behandla i løpet av året.
– Målet er at saksbehandlingstida skal halde fram med å gå ned, både for refusjon til arbeidsgivarar og for sjukepengesøknader frå arbeidstakarar, seier Stenseng.
Følgjer oppmodinga frå Riksmeklaren
Pengane som regjeringa no føreslår, er ei vidareføring av dei 20 millionar kronene som regjeringa løyvde i revidert nasjonalbudsjett. Denne løyvinga hang saman med svarbrevet regjeringa sende til Riksmeklaren under meklinga i frontfaget i april. Riksmeklaren tok då kontakt med arbeids- og inkluderingsministeren med eit felles ønske frå partane om å få ned saksbehandlingstida for sjukepengar.
– Regjeringa understreka at vi er innstilte på å setje i verk tiltak for å sikre at saksbehandlingstida for refusjonskrav frå arbeidsgivarar for utbetalte sjukepengar blir redusert. Det følgjer vi også opp i statsbudsjettet for 2027, seier Stenseng.
7 av 10 får raskt svar
Nav behandlar i snitt 10 000 sjukepengesaker kvar dag heile året. Det er om lag dobbelt så mange søknader om sjukepengar som på alle dei andre fagområda til saman. I 2025 behandla Nav 3,4 millionar søknader.
Arbeidsgivarar som forskoterer sjukepengar til dei tilsette, må søkje om å få pengane tilbake frå Nav. I dei fleste tilfella behandlar Nav desse sakene raskt og automatisk, men nokre saker tek lengre tid. Ofte fordi saksbehandlaren må hente inn meir informasjon. Målet til Nav er å få saksbehandlingstida for desse sakene ned frå 15 veker til 11 veker innan utgangen av året.
Dei fleste som ikkje får sjukepengane forskoterte av arbeidsgivaren, og som difor får pengane direkte frå Nav, får sakene sine behandla raskt og automatisk.
Sju av ti søknader om sjukepengar blir behandla automatisk i systema til Nav så snart inntektsmeldinga frå arbeidsgivaren er motteken. Det tyder at søkjaren kan få svar same dag. Difor er det viktig at arbeidsgivarar sender inn inntektsmeldinga så raskt som mogleg. Saker som må behandlast manuelt, har lengre saksbehandlingstid. Sidan hausten 2025 har saksbehandlingstida gått ned frå åtte til fem veker for sjukepengar som blir betalte direkte til arbeidstakaren, og som er behandla manuelt.