I dag sender Kunnskapsdepartementet ut brev til landets statlege universitet og høgskular om arbeidet med nye mål for neste fireårsperiode.

– Tilgang på relevant kompetanse er avgjerande for å lukkast med verdiskaping, velferd og tryggleik. No ber vi universiteta og høgskulane om å arbeide med prioritering og arbeidsdeling, slik at samfunnet og arbeidslivet får den kompetansen som trengst, både på kort og lang sikt, seier Aasland.

Fleire eldre, teknologiske endringar, ein krevjande tryggleikspolitisk situasjon, behov for grøn omstilling og endringar i næringsstrukturen er mellom utfordringane som universiteta og høgskulane må bidra til å løyse.

Brukar 2026 til dialog om prioriteringar

Kvart fjerde år inngår Kunnskapsdepartementet avtalar med universiteta og høgskulane om mål for neste fireårsperiode, såkalla utviklingsavtalar. No får lærestadene frist til mars med å kome med forslag til korleis dei kan bidra på område der samfunnet og arbeidslivet har særlege kompetansebehov. Arbeidet starta før sommaren i år, og det blir lagt opp til tett dialog ut 2026 før nye avtalar for perioden 2027–2030 skal ta til å gjelde.  

Dei siste to åra har regjeringa mellom anna auka rammeløyvinga til universiteta og høgskulane med 320 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod. Regjeringa har òg auka utdanningskapasiteten innanfor mellom anna teknologi- og helsefag.

– Med tydelegare prioriteringar må lærestadene redusere kapasiteten på nokre område for å kunne auke den på andre. Dette handlar ikkje om at nokre utdanningsområde ikkje er viktige eller ikkje trengst, men om å sjå heilskapleg på alle utdanningstilboda og prioritere opp område som det trengst meir av, seier Aasland.

– Dei siste åra har vi prioritert opp teknologifag, sjukepleiarutdanning, psykologi og medisin. Det skal vi framleis gjere. Samstundes må vi sørge for at òg mindre og smalare fag blir tekne vare på, sjølv om dei ikkje skal vere like store. Mange av dei store oppgåvene vi skal løyse framover treng vi breidde av fag for å forstå, seier statsråden.

Fakta om utviklingsavtalar

  • Kunnskapsdepartementet inngår utviklingsavtalar med dei statlege universiteta og høgskulane. Utviklingsavtalane inneheld differensierte mål og styringsparametrar som skildrar strategiske prioriteringar for den enkelte institusjonen, tilpassa kvar enkelt institusjons eigenart, faglege profil og strategi.
  • Dei nye utviklingsavtalane skal bidra til tydelegare strategisk dialog mellom Kunnskapsdepartementet og institusjonane om nasjonale prioriteringar, samfunnets kunnskapsbehov og institusjonens ambisjonar og behov. Avtalane skal bidra til styrkt mangfald, samarbeid og arbeidsdeling i sektoren, og til vidare utvikling og god omstilling av institusjonane og sektoren.