Vil la Nav trekke fagforeiningskontingent
Pressemelding | Dato: 25.09.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil gjere det enklare å oppretthalde medlemsskap i ei fagforeining når ein er sjukemeld eller i permisjon. Difor føreslår regjeringa no å gjere endringar i folketrygdlova, slik at Nav kan trekke fagforeiningskontingent frå ytingar som sjukepengar og foreldrepengar.
– Eit organisert arbeidsliv er eit tryggare arbeidsliv. Med dette forslaget fjernar vi ein barriere for å vere fagorganisert. Det vil gjere det lettare for dei som vil halde fram som fagforeiningsmedlem, også når ein i ein periode får ytingar frå Nav. Det bidreg til stabilitet og tillit i arbeidslivet, seier Stenseng.
Endringa vil gjelde ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, pleie- og opplæringspengar og omsorgspengar – altså periodar der ein er mellombels ute av jobb, men framleis har eit arbeidsforhold.
Nav får høve til å hente inn opplysningar som trengs for å kunne trekke kontingenten frå ytinga og vidareformidle kontingenten til rett fagforeining. Ordninga inneber at Nav spør om det er aktuelt å trekkje fagforeiningskontingent. Dersom ein seier nei vil Nav ikkje hente inn opplysningar om medlemskapet.
Forslaget er no sendt på høyring.
Gjeld berre fagforeiningar med kontingenttrekk
Tidlegare har Nav i enkelte tilfelle trekt kontingent på vegne av fagforeiningar utan at det har vore regulert i lova. Den nye regelen vil sikre at praksisen er i tråd med lova, på same måte som arbeidsgivarar allereie har høve til å trekke kontingent frå løn.
Det er berre dei fagforeiningane som har kontingenttrekk som blir berørt av forslaget – altså dei som er medlem i ei foreining der kontingenten blir trekt rett frå løna før ho blir utbetalt.
Mange betaler kontingenten sin direkte til fagforeininga si, og dette forslaget endrar ikkje på den moglegheita.
Har styrkt det organiserte arbeidslivet
Regjeringa har dei siste åra prioritert å styrkje det organiserte arbeidslivet. Skattefrådraget for fagforeiningskontingent er auka frå 3 850 kroner i 2021 til 8 250 kroner i 2025, og det er varsla ytterlegare auke til minst 10 000 kroner i neste stortingsperiode.
Organisasjonsgraden blant arbeidstakarar har òg gått opp – frå 50,5 prosent i 2023 til 52 prosent i 2024.
– Vi ser at tiltak som skattefrådrag verkar. Det er spesielt viktig for unge og dei med svakare tilknyting til arbeidslivet. Difor kjem vi til å halde fram med å gjere det lettare å organisere seg, seier Stenseng.