Historisk arkiv

Vil legge til rette for bruk av skytenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Skytenester kan bidra til rimelege og fleksible IKT-løysingar både for næringsliv og for offentleg verksemd. Men det krev ein gjennomgang av regelverket og nokre retningsliner som det offentlege kan følgje om det skal vere eit reelt alternativ når ein skal vurdere dei beste og mest effektive IKT-løysingane, seier statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Både offentlege verksemder og næringslivet – ikkje minst IKT-bransjen – har etterlyst ein strategi for bruk av skytenester. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har starta arbeid med ein slik strategi. No har ei arbeidsgruppe funne juridiske hindre for bruk av skytenester.

I følgje arbeidsgruppa er dei viktigaste juridiske hindra for bruk av skytenester å finne i arkivlova og bokføringslova med forskrifter. Eit anna hinder er til dels ulik praktisering av tilsyn med skytenester. Gruppa meiner personopplysningslova i utgangspunktet ikkje er til hinder for bruk av skytenester, i alle fall ikkje så lenge data blir lagra og behandla innanfor EØS-området eller av ei verksemd som er såkalla "Safe harbour"-sertifisert.

Arbeidsgruppa hadde som oppgåve å Identifisere lov- og regelverk der det kan vere aktuelt å sette i gang arbeid med tilpassing til bruk av skytjenester. I tillegg skulle dei foreslå tiltak som kan gjere det tydelegare for både tilbydarar og dei som kjøper inn kva for rammer som finst for bruk av skytenester.

- Kommunal- og moderniseringsdepartementet tek rapporten inn i det vidare arbeidet med strategien for skytenester. Vi vil gjere denne ferdig etter sommaren 2015, seier Chaffey.

Skytenester er tenester som blir levert over internett, slik at kunden ikkje sjølv har installert programvare eller lagra data lokalt hos seg sjølv. Ein fordel med skytenester er at desse blir leverte etter kva ein har bruk for, og at ein berre betaler for den kapasiteten eller lagringsplassen som ein faktisk har brukt.

Skytenester kan vere både infrastukturtenester (som lagring og prosessering), plattformtenester (som database, utviklingsmiljø eller operativsystem) eller programvare (som tekstbehandling, e-post, rekneskaps- eller HR-system). Slike tenester er ofte leverte frå store datasentre i utlandet, og ein må som regel godta dei standardvilkåra leverandøren har sett for tenesta. Mange synest derfor det kan vere vanskeleg å vurdere om tenesta dei ønsker å kjøpe tilfredsstiller krava i til dømes personopplysningslova eller arkivlova.

Gruppa har hatt deltakarar frå Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringdepartementet, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet.

Her finn du rapporten til arbeidsgruppa: