– Dette er eit godt eksempel på regjeringa sitt arbeid med forenklingar for næringslivet. Eit nytt digitalt verktøy kan bidra til at bedriftene vil spare tid på tilsyn, samtidig som det blir lettare for dei å etterleve krava i regelverket. Arbeidet med forenkling er høgt prioritert i heile regjeringa, ikkje minst fordi det er så viktig for norsk konkurransekraft, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Justervesenet utvikler eit nytt digitalt tilsynsverktøy som skal forenkle dialogen med brukarane, gjere data lettare tilgjengeleg og fungere som støtte i bedriftene sin eigenkontroll og internkontrollsystem.

Løysinga er utvikla i tett samarbeid med næringslivet, og den digitale brukarportalen har fått namnet Justerlink.

– Det er i alle si interesse at det blir målt riktig. Det skaper tillit til bransjane og bidrar til eit godt omdømme. For verksemdene inneber dette større valfrihet, meir føreseielegheit og moglegheita til å løyse kontrollbehov på ein betre og ofte rimelegere måte. Vi meiner dette er eit viktig skritt i retning av meir effektiv samhandling, seier Nils Magnar Thomassen, avdelingsdirektør for tilsynsavdelinga i Justervesenet.

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt eit forslag på høyring. Høyringsfristen er 3. august 2026.