Statsbudsjettet 2026
Vil styrke tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa foreslår å styrke tilskotsordninga for anlegg som tek imot og behandlar kasserte fritidsbåter med åtte millionar kroner.
– Fritidsbåtar på avvegar er eit stort miljøproblem. Dei som tek imot og behandlar kasserte båtar gjer ein særs viktig jobb, og det er viktig at vi kan vidareføre dette tilbodet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Kvart år blir fleire tusen fritidsbåtar dumpa i havet. Berre i Oslofjorden er det snakk om mellom 100 og 200 båtar.
Avfallsanlegg kan søke om tilskot for å ta imot og behandle kasserte fritidsbåtar. Men satsane har ikkje blitt justerte sidan ordninga blei oppretta i 2017. Fleire aktørar melder no om utfordringar knytt til lønsemda.
I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å styrke tilskotsordninga med 8 millionar kroner. Det svarar til ein auke på cirka 13 prosent.
– Dette er ein viktig start. I tillegg ønsker vi å få på plass ei forskrift som sørger for at satsane kan bli prisjusterte kvart år, seier klima- og miljøministeren.
Auka satsar vil gjelde for kommunar/interkommunale avfallsselskap og private avfallsaktørar.
FAKTA
Tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar
- Tilskotsordninga for kasserte fritidsbåtar vart oppretta i 2017 og trådde i kraft 1. oktober same året. Det er Miljødirektoratet som administrerer ordninga.
- Føremålet med ordninga er å sikre forsvarleg handtering av kasserte fritidsbåtar, stimulere til auka innsamling til materialgjenvinning og anna lovleg behandling, og hindre forsøpling og forureining av naturen.
Du kan lese meir om ordninga hos Miljødirektoratet: