Historisk arkiv

Voss-Arna: Regjeringa legg opp til ambisiøs utbygging av veg og bane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Strekninga Arna-Voss er ei særs viktig strekning både for veg og jernbane. Den er ein del av fleire aust-vest-trasear på veg, og ein integrert del av Bergensbanen. Kvaliteten på dagens infrastruktur er for dårleg. Regjeringa har no vedteke at Statens vegvesen og Jernbaneverket skal planleggje ei langsiktig infrastrukturløysning basert på konsept 5-alternativet. Dette er eit svært prosjekt som vil ta mykje tid og pengar å realisere, men no tar vi eit viktig steg i det arbeidet.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen og Jernbaneverket føringar for den vidare utviklinga av E16 Arna-Voss og Vossebanen.

Konsept 5 (K5) blei opphaveleg tilrådd i ei konseptvalutgreiing (KVU) om utbygging av veg og bane mellom Voss og Arna som dei to etatane la fram i 2014. K5 er eit alternativ som legg vekt på innkorting av avstandar, auka transportkapasitet og betre transporttryggleik. Fullt utbygd vil K5 gi firefelts veg mellom Arna og Romslo, og ny tofelts veg vidare mot Voss, i tillegg til dobbeltspora jernbane på heile strekninga.

Naudsynt med ny infrastruktur mellom Arna og Voss

- Denne saka har vore veldig komplisert. Me har reist til regionen ei rekkje gongar dei siste to åra for å erfare og diskutere. Dei faglege råda har vore til dels sterkt motstridande. Medan Statens vegvesen og Jernbaneverket tilrådde K5, blei konklusjonen til den eksterne konsulenten som gjekk gjennom arbeidet til dei to etatane at det ikkje var naudsynt med store tiltak korkje på veg eller bane. Som følgje av det store spriket i dei to tilrådingane måtte Samferdselsdepartementet gå igjennom prosjektet eit par ekstra rundar. Når vi no har landa på K5, er eg trygg på at vi har valt det beste konseptet. Vi må leggje til grunn ei løysing som fungerer over fleire generasjonar, seier samferdselsministeren.

Jernbaneverket og Statens vegvesen tilrådde i konseptvalutgreiinga ei heilskapleg løysning for veg og bane på strekninga mellom Arna og Voss. Samstundes ga dei ei klår tilråding om å prioritere strekninga Arna-Vaksdal fyrst. Ei slik prioritering blei òg underbygd i ei tilleggsutgreiing frå dei to etatane i år, men på grunn av rasfare og av kostnadsomsyn tilrådde dei at Arna-Stanghelle erstattar Arna-Vaksdal som det fyrste utbyggingstrinnet.

Regjeringa legg dermed til grunn at fyrste byggetrinn omfattar heile strekninga Arna-Stanghelle. Denne står for om lag halvparten av strekningen Arna-Voss.

Ein ny reisekvardag for trafikantar og togpassasjerar

Samferdselsdepartementet har lagt denne tilrådinga til grunn. Kostnaden for utbygging av Arna-Stanghelle er til saman rekna til å vere om lag 15 milliardar kroner. Når Arna-Stanghelle er ferdig utbygd til K5-standard, vil reisetida på denne delstrekninga bli redusert frå 30 til 19 minutt på veg, og frå 28 til 13 minutt på bane. I tillegg aukar transportkapasiteten og transporttryggleiken.

- Når ny E16 og nye Vossebanen står klar, vil reisekvardagen for folk og næringsliv som bruker infrastrukturen bli heilt annleis samanlikna med i dag, både med omsyn til framkomst og tryggleik. Vi har òg store ambisjonar for utvikling av annan transportinfrastruktur på Vestlandet, ikkje minst E39, seier Solvik-Olsen.

Utbygging av Arna-Stanghelle blir vurdert i ny Nasjonal transportplan
Prioritering av middel til utbygging av strekninga Arna-Stanghelle vil bli vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2029.

Regjeringa legg opp til at planlegginga skal skje som statleg plan. Det blir lagt opp til effektiv planframdrift. På same måte som for Ringeriksbanen/E16 vil departementet for at ein går rett på reguleringsplan, utan å gå vegen om kommunedelplan. Etatane blir bedt om raskt å avklare eventuelle utfordringar knytt til dette.
- Ved å gå rett på reguleringsplan, opnar dette for å redusere planleggingstida. Då kjem tidspunktet for anleggsstart òg nærare, og eg har inntrykk av det lokalt er stor interesse for å kome i gang, seier samferdselsministeren.

Stanghelle-Voss: Vidare prosess og tiltak på kort sikt

Strekninga Stanghelle-Voss blir vurdert i senere rulleringer av NTP, og då kan det vere aktuelt med andre løysingar enn K5.

For strekninga Stanghelle-Voss vil det på kort sikt bli prioritert midlar til oppgradering av dei eksisterande vegtunnelane og gjennomføring av fleire skredsikringstiltak på både veg og bane.


For fleire opplysningar – sjå:

Brev frå Samferdsledepartementet til Jernbaneverket og Statens vegvesen om strategi for utvikling av Vossebanen og E16 Arna-Voss (pdf)

KVU Voss-Arna: Konseptvalutgreiing for transportløysing veg/Bane

Kvalitetssikring (KS1) av KVU for Voss-Arna

Bergensbanen (Voss) – Arna; Supplerende utredning KVU Voss – Arna

For meir informasjon – ta kontakt via pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)