Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har hovudansvar for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Alle våre medarbeidarar blir forventa å ta ansvar for at oppgåvene deira bidrar til vårt felles overordna mål. Det blir lagt vekt på godt samarbeid, kompetansedeling og å gjere kvarandre gode.

Illustrasjonsbilde av to ansatte i Helse- og omsorgsdepartementet i en fiktiv arbeidssituasjon

Korleis er det å jobbe hjå oss?

Artikkel 08.10.2025

Vi veit at vi har tilsette som trivst. Vi veit også at det er fordi dei får faglege utfordringar og har eit godt arbeidsmiljø. Derfor jobbar vi kontinuerleg med dette.

Portrettfoto av Hanne Pedersen Sjursen

Møt våre medarbeidarar

Artikkel 06.01.2025

Møt tilsette i Helse- og omsorgsdepartementet som fortel om sin arbeidskvardag, korleis dei bruker sin innverknad og kvifor dei trivst.

Illustrasjonsbilde av to ansatte i Helse- og omsorgsdepartementet i en fiktiv arbeidssituasjon

Om Helse- og omsorgsdepartementet

Artikkel 27.01.2025

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av bustad og økonomi. Departementet styrer helse- og omsorgstenesta gjennom eit omfattande lovverk, årlege løyvingar og ved hjelp av statlege etatar, verksemder og føretak.

Bilde skiltet utenfor regjeringsbygning 6

Karriere- og kompetanseutvikling og internasjonale moglegheiter

Artikkel 05.02.2025

Vi jobbar mykje med kompetanseutvikling hjå oss, både fordi det er viktig for at den enkelte skal kunne gjere ein best mogleg jobb og fordi vi skal vere ein kvalifisert og attraktiv arbeidsplass for våre tilsette. Kvart år lagar vi derfor ein kompetanseplan i samarbeid med avdelingane.