3 Endringar i tvangsfullføringslova...

3 Endringar i tvangsfullføringslova m.m.

3.1 Sal av motorvogner m.m. etter lov om salsrett for handverkarar

Sal etter lov 29. mai 1953 nr. 1 om rett for handverkarar o.a. til å selje ting som ikkje vert henta skal etter § 5 i lova skje på forsvarleg måte. Føresegna gjeld tilsvarande for sal etter visse andre lover, jf. mellom anna vegtrafikklova (lov 18. juni 1965 nr. 4) § 37 femte leddet og handverkartenestelova (lov 16. juni 1989 nr. 63) § 47 andre leddet. Før lova vart endra ved tvangsfullføringslova 1992, gjekk det fram av føresegna i § 5 at sal som hovudregel skulle skje ved offentleg auksjon. Det var såleis vist til auksjonslova 1918 (lov 14. august 1918 nr. 3) § 1 som igjen viste til reglane om tvangsauksjon i tvangsfullføringslova av 1915. Desse endringane har ført til visse problem ved sal etter lov om salsrett for handverkarar, særleg gjeld dette ved sal av motorvogner. I motorvogner er det ofte hefte registrert i Lausøyreregisteret, og sjølv om salet kan ha ført til at heftet materielt sett har falle vekk, vil det kunne vere vanskeleg for kjøparen å få heftet sletta frå Lausøyreregisteret. Ein annan vanske er at korkje seljar eller kjøpar har kompetanse til å skrive salsmelding til Statens vegvesen. Lova er difor endra slik at kravshavaren no kan krevje at tingen vert seld gjennom namsmakta etter reglane om tvangssal så langt dei høver, jf. § 5 nytt andre ledd.

3.2 Tvangsfråviking ved leige av fast eigedom og lausøyre

Skriftleg avtale om leige av fast eigedom som inneheld vedtaking av at utleigaren kan krevje fråviking om leiga ikkje vert betalt, er tvangsgrunnlag for fråviking av fast eigedom, jf. tvangsfullføringslova § 13-2 tredje leddet bokstav a første punktum. For leige av lausøyre gjeld tilsvarande, jf. § 13-2 andre leddet bokstav a. Leigetakaren kan unngå tvangsfråviking dersom "leien med renter og kostnader blir betalt før fullbyrdelsen gjennomføres", jf. andre punktum som òg fastset at dette skal gå fram av varselet som leigetakaren på førehand har fått i samsvar med tvangsfullføringslova § 4-18. Når eit krav om tvangsinndriving vert lagt fram for saksøkte, skal det opplysast at tvangsinndrivinga kan stoggast ved at "den skyldige leie med rente og kostnader blir betalt", jf. § 13-6 første leddet tredje punktum.

Tvangsfullføringslova § 13-2 og § 13-6 er no endra slik at det går klart fram at leigaren betaler den leiga som har forfalle på det tidspunktet leigaren tilbyr betaling. I tillegg må òg utanrettslege kostnader som utleigaren har hatt til inndriving betalast om leigaren skal kunne stogge inndrivinga.

3.3 Varsel ved fleire krav om tvangssal av same realregistrerte formuesgode

Ved tvangssal av realregistrerte formuesgode som det er teke fleire avgjerder om tvangssal av, kan seinare saksøkjarar krevje å tre inn som saksøkjar i tvangssal det tidlegare er teke avgjerd om, jf. tvangsfullføringslova § 11-11 andre leddet. Ordninga føreset at den seinare saksøkjaren får beskjed om den tidlegare avgjerda om tvangssal. Tvangsfullføringslova § 11-11 er difor endra slik at varslingsplikt for namsretten kommer til uttrykk direkte i lovteksten. Det kan òg vere at namsretten ikkje har kjennskap til ei tidlegare avgjerd om tvangssal av di det aktuelle realregisteret blir ført ved eit anna embete eller det gjeld tvangssal av skip og luftfartøy. Etter at ein namsrett har teke avgjerd om tvangssal skal den etter tvangsfullføringslova § 11-9 tredje leddet syte for at det vert gjort merknad om dette i vedkomande realregister, og realregisteret skal stadfeste at avgjerda er registrert. Der ein annan namsrett tidlegare har fått merka av ei avgjerd om tvangssal, vil ei melding frå realregisteret om denne saman med melding om avmerking av det seinare tvangssalet, sikre at namsretten får slik kunnskap. § 11-9 tredje leddet er no endra slik at ei varslingsplikt kjem klart til uttrykk.

3.4 Medhjelparen si varsling av rettshavarar ved tvangssal av realregistrerte formuesgode

Tvangsfullføringslova § 11-16 første leddet er endra slik at det klårt går fram at medhjelparen har ei plikt til å opplyse om kven som er saksøkjar og eventuelt kva krav som er grunnlaget for kravet om tvangssal.

3.5 Kjøparen si stilling ved anke over stadfestingsorskurd ved tvangssal av realregistrerte formuesgode

3.5.1 Kjøparen si renteplikt

Tvangsfullføringslova § 11-27 inneheld ei regulering av korleis og til kva tid kjøpesummen ved tvangssal av realregistrerte formuesgode skal betalast m.m. Kjøparens betalingsplikt inntrer på oppgjersdagen, som er tre månader etter at bodet er lagt fram for rettshavarane og namsretten eller tre månader etter auksjonsmøtet. Betalingsplikta inntrer likevel ikkje før tidlegast to veker etter at stadfestinga av bodet er endeleg. Etter endringa av andre leddet i føresegna skal ein kjøpar om betaler etter oppgjersdagen, men før det har gått to veker etter at bodet er stadfesta, betale eit rentetillegg fastset av Kongen. Ved forskrift om kjøpers renteplikt ved betaling etter oppgjørsdagen, fastsett ved kronprinsregentens res. 28. april 2000, er renta sett til 6 % p.a. Sjå vedlegg 2 til dette brevet.

3.5.2 Informasjon til kjøparar

Interesserte kjøparar bør få tilstrekkeleg informasjon om sin mogelege stilling ved anke over stadfestingsorskurd. For medhjelparsal følgjer ei slik informasjonsplikt av tvangsfullføringslova § 11-24 tredje leddet som fastset at salsoppgåva skal gje "de nødvendige opplysninger om salgsordningen etter denne loven". Nokon tilsvarande informasjonsregel ved auksjonssal har ikkje gått fram av lova. Tvangsfullføringslova § 11-46 er no endra slik at kunngjeringa skal seie frå at mogelege kjøparar kan få opplysningar om salsordninga ved å vende seg til namsmakta. Sjølv om slike opplysningar i praksis vert gjevne, vil ei slik direkte oppfordring i det minste kunne minne kjøparane på at det eksisterer andre reglar ved tvangssal enn ved frivillig sal.

3.6 Tvangsbruk av fast eigedom med driftslausøyre og varelager

Tvangsdekning kan skje ved anten tvangssal eller ved tvangsbruk. Alternativet tvangsbruk inneber at panthavaren sjølv tek over drifta av heile eller delar av eigedomen. Retten kan likevel nekte tvangsdekning ved tvangsbruk dersom dette av særlege grunnar kan valde skade for saksøkjaren eller andre rettshavarar og saksøkjaren er like godt tent med tvangssal. I motsetning til den gamle tvangsfullføringslova 1915 tillet ikkje tvangsfullføringslova 1992 at tvangsbruk av fast eigedom vert utvida til å omfatte motorvogner, anleggsmaskiner, landbruksdriftstilhøyrsle og varelager. Tvangsfullføringslova §§ 7-20, 11-18, 11-55 og 11-57 er no endra slik at det kan opnast for tvangsbruk av motorvogner, anleggsmaskiner, landbruksdriftstilhøyrsle og varelager der saksøkjaren krev dette. Om saksøkjaren skal få medhald i eit slikt krav, må likevel vurderast etter tvangsfullføringslova § 11-1 tredje leddet. Etter denne skal tvangsbruk nektast dersom den vil påføre saksøkte eller rettshavarar vesentleg skade eller ulempe, eller saksøkjaren venteleg vil vere like godt tent med tvangssal. Sjå endringar i tvangsfullføringslova §§ 7-20, 11-18, 11-55 og 11-57. Samstundes er omgrepet "driftsløsøre" i tvangsfullføringslova harmonisert med pantelova.

3.7 Medhjelpar ved tvangssal

I utreiinga "Vurdering av domstolenes merarbeid med tvangsalg etter loven av 1992" vart det gjort framlegg om å dispensere frå reglane om habilitet ved tvangssal av fast eigedom. Det har vore eit visst behov for å avvike frå dei allmenne reglane om habilitet i samband med tvangssal av fast eigedom. Utgreiinga peiker på at bankane ofte har eigne eigedomsavdelingar, som til vanleg ikkje har noko å gjere med banken si drift elles. I slike høve synest det vere små innvendingane mot at banken si eigedomsavdeling kan vere medhjelpar. Habilitetsregelen i tvangsfullføringslova § 2-10 er difor endra og gjort generell. På denne måten blir habilitetsreglane for alle medhjelparar like. Vilkåret må likevel alltid vere at valet av medhjelparen "finnes ubetenkelig, og vedkommende har særlige forutsetninger for å forestå salget". Ved å halde oppe dette kravet vil ikkje eigedomsavdelinga til ein bank som er saksøkjar, kunne vere medhjelpar etter tvangsfullføringslova § 2-10. Men eigedomsavdelinga til ein bank som har pant i eigedomen, men ikkje krev tvangssal, vil kunne vere medhjelpar.

3.8 Om salsmåten ved tvangssal

Etter tvangsfullføringslova § 11-12 tredje leddet skal namsmannen som hovudregel vere medhjelpar ved sal av fast eigedom i lensmannsdistrikt. Lensmennene har i mange år har gjort eit godt arbeid i samband med tvangssal av fast eigedom. Likevel har mange av lensmennene sine andre prioriterte oppgåver gjort at tida ofte ikkje strek til for tvangssal. Av den grunn er pålegget i tvangsfullføringslova § 11-12 tredje leddet om at lensmannen som hovudregel alltid skal vere medhjelpar, opphev. Det går no fram av den ålmenne regelen i tvangsfullføringslova § 2-10 tredje leddet at namsmannen "kan" vere medhjelpar ved tvangssal av "fast eiendom og adkomstdokumenter til leierett til bolig".

3.9 Innhenting av konsesjonspris ved medhjelparsal

Av tvangsfullføringslova § 11-44 tredje leddet framgår at namsretten ved tvangsauksjon skal innhente høgste konsesjonspris som vil bli godkjent. Lova er endra slik at namsretten skal innhente konsesjonspris utan omsyn til om salet gjennomførast som medhjelparsal eller auksjonssal. Sjå tvangsfullføringslova § 11-13.

3.10 Kor lenge skal eit bod vere bindande?

Tvangsfullføringslova § 11-26 er endra slik at namsretten har høve til å ta omsyn til bod med bindingstid ned til 15 dagar. Einskilde høyringsinstansar frykta at namsretten og rettshavarane ikkje skal få god nok tid til å handsame saka dersom bodfristen vert kortare. Dette er eit forhold som namsretten i stor utstrekning kan styre sjølv. Namsretten bør ha oversikt over kva for problem som reiser seg i samband med godkjenning av bodet. I dei sakene der det knyter seg særlege problem til handsaminga av bodet, kan namsretten la vere å godta korte bodfristar. I andre høve kan kortare bodfristar verkar positivt på prisane slik at tvangssal ikkje vert vesentleg meir omstendeleg enn vanleg sal. Det vil vere ein stor fordel om namsretten kan ta avgjerda om lengda av bodfristen i staden for at alle rettshavarane må gje sitt samtykkje. Denne ordninga vil òg vere mykje lettare å administrere for medhjelparen.

3.11 Nytt salsforsøk

Etter tvangsfullføringslova § 11-54 kan det krevjast ny auksjon dersom "det ikke blir gitt bindende bud eller saksøkeren i auksjonsmøtet erklærer at ingen av budene vil bli begjært stadfestet". Det har vore noko tvil om tilfelle der saksøkjaren kan krevje nytt "tvangssal". Dette er ikkje nødvendigvis er ny "tvangsauksjon". Ordlyden i tvangsfullføringslova § 11-54 er endra slik at det vert klart at det kan krevjast nytt "tvangssal" og ikkje berre ein ny tvangsauksjon.