4 Endringar i straffeprosessen...

4 Endringar i straffeprosessen og fellesprosessen

4.1 Vitneplikta si geografiske utstrekning

Både i straffesaker og i sivile saker har vitne hatt plikt til å møte for herads- og byretten når reiseavstanden ikkje er lenger enn 300 km med rutegåande transportmiddel eller 50 km på annen måte. For lagmannsretten gjaldt dei doble avstandane. Attåt dette har retten hatt høve til å påleggje vitne å møte jamvel om dei har lengre reiseavstand. Med endringslova er desse reglane i straffeprosesslova § 109 og tvistemålslova § 199 lagde heilt om. Hovudregelen er no generell frammøteplikt, men med høve for retten til å gje fritak dersom reiselengde vert større enn fastsett i lov. Av di retten alt i dag har høve til å påleggje møteplikt uavhengig av reiseavstand, til å nytte fjernavhøyr og få opptatt forklaring frå vitnet i rettsmøte under saksførebuinga (bevisopptak), vil endringa truleg ikkje få så store praktiske utslag. Grensa på 800 km med rutegåande kommunikasjonsmiddel dekker avstanden mellom større byer i dei ulike landsdelane og pålegg vitnet å utføre ei slik reise for å gje sitt vitneprov i retten. For reiser på ein annan måte er minsteavstanden sett til 125 km. Ved større reiselengder kan retten frita eit vitne frå å møte når tidsbruken eller ulempa for vitnet vil vere stor i høve til kor viktig det er å få høyre vitnet under hovudførehavinga. Samstundes er straffeprosesslova § 270 og tvistemålslova § 220 endra. For sivile saker vil det av samanhengen gå fram at eit vitne med mindre reiseavstand enn fastsett i fritaksheimelen i § 199, i særlege tilfelle kan bli fritatt etter tvistemålslova § 220 nr. 5. Til dømes vil denne regelen kunne nyttast i tilfelle der sjølv ei kort reise vil påføre vitnet særleg ulempe på grunn av handikap eller sjukdom. For straffesaker må slike spørsmål avgjerast etter straffeprosesslova § 296 første ledd. Sjå endringar i tvistemålslova §§ 115, 199 og 220, straffeprosesslova §§ 109 og 270 og barnelova § 20.

4.2 Fjerning av tittelen "rettsskrivar"

Domstollova §§ 9, 17 og 24 har føresegner om "rettsskrivarar" ved h.h.v. Høgsterett, lagmannsrettane og herads- og byrettane. I tillegg er "rettsskrivarane" nemnde i ei rekkje andre lovføresegner, flest gonger i domstollova og tvistemålslova, men òg i mellom anna industrikonsesjonslova, rettsutdraglova, skiftelova, riksrettsrettergangslova og lova om ikraftsetjing av rettergangsordninga. I dag er det ingen rettsskrivarar ved lagmannsrettane og herads- og byrettane. I Høgsterett er det rettskrivarar, men dei har i dag titlane direktør og protokollsekretær. I tillegg er det i Høgsterett tilsett utgreiarar, men desse er ikkje nemnde i lovverket. Med endringslova er den forelda stillingstittelen "rettsskrivar" fjerna frå lovverket og det gjeld nye føresegner om administrasjonen i Høgsterett i domstollova §§ 61 og 62. Sjå endringar i domstollova §§ 9, 17, 24, 61, 62, 66, 91, 106, 110, 113, 138, 162, 179 og 229, tvistemålslova §§ 125, 133, 134, 140, 333 og 407, lov om umyndiggjering § 2, industrikonsesjonslova § 2, rettsutdraglova §§ 5, 6 og 10, rettergangsordninga si ikraftsetjingslov § 7, svalbardlova § 7, arbeidstvistlova §§ 24 og 46, skiftelova § 5 og riksrettsrettergangslova §§ 5, 6 og 26.

4.3 Trekking av meddommarar og lagrettemedlemmer

Domstollova § 92 er no endra slik at utfallet av loddtrekking og avgjerder etter § 91, dvs. uttrekking og forbigåing av meddommarar og lagrettemedlemmer, ikkje lenger skal førast inn i ei særskilt bok, men skrivast ned og oppbevarast saman med dokumenta i saka.

Domstollova § 86 er endra for å klargjere føresegna i første leddet sjette punktum. Meddommarar til straffesaker i lagmannsretten skal etter denne føresegna kunne trekkjast anten mellom dei som er trekt ut etter domstollova § 85 eller mellom dei som gjer teneste etter at talet på lagrettemedlemmer er redusert ved utskyting etter straffeprosesslova § 356. Det avgjerande vil då vere tidspunktet for trekkinga. Dei som er utskotne, reiser gjerne heim att og er ikkje lenger budde på å måtte gjere teneste i ei anna sak på kort varsel. Gruppa av personar som meddommarane blir trekte frå, vil uansett vere minst 10 personar. Lovendringa gjer det klart at dei som er utskotne, og dermed ikkje gjer teneste i lagretten, heller ikkje skal vere med i ei trekking som skjer etter utskytinga.

4.4 Om når advokatar kan opptre ved fullmektig

Domstollova § 223 er endra slik at ein advokat, ved hovudforhandling i dei alvorlegaste straffesakene for herads- og byretten, ikkje har høve til å opptre ved fullmektig som ikkje sjølv har advokatløyve. Samstundes kan retten for den einskilde saka tillate at advokaten møter med fullmektig jamvel ved hovudforhandling i lagmannsretten i sivile saker og i saker om straff som ikkje gjeld brotsverk som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år. For straffesaker er endringane ei følgje av to-instansreformen. Føresegna utgjer i alle høve berre ei ytre ramme for når ein advokat kan opptre ved fullmektig. For straffesaker vil straffeprosesslova § 95 andre leddet vere viktigare. Det er etter denne føresegna berre advokatar som kan vere forsvarar, og forsvararoppdraget er personleg. Dette set visse grenser for når advokaten kan la sin fullmektig opptre som forsvarar i saka på sine vegne, jamvel om vilkåra i domstollova § 223 første leddet er til stades. Til dømes å la ein annan møte for seg som forsvarar i hovudforhandling, vil ikkje kunne sameinast med forsvararoppdraget, utan at det var ein føresetnad allereie ved oppnemninga at advokaten skulle kunne utføre vervet som forsvarar ved fullmektig, eller den som er sikta og retten godtek ei slik endring i forsvararoppdraget. Ein situasjon der dette kan vere aktuelt, er der advokaten uventa får forfall. Eit alternativ vil vere å oppnemne fullmektigen som forsvarar, men det må i tilfelle skje etter straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktumet, jf. "en annen skikket person". Då er det ikkje som fullmektig at vedkomande vert oppnemnd, og avgrensinga i domstollova § 223 vert følgjeleg ikkje aktuell. I ei vurdering etter første leddet tredje punktum av om advokaten kan opptre med fullmektig, kan ein mellom anna leggje vekt på om saka er komplisert, om fullmektigen er tilstrekkeleg med erfaring, om fullmektigen tidlegare har opptrådt i saka og om saka vil verte unødig forseinka om advokaten må møte sjølv. Dersom det gjeld ei straffesak, må retten dessutan vurdere om det ligg innanfor forsvararoppdraget til vedkomande advokat å møte med fullmektig, eller om det er grunnlag for å nytte straffeprosesslova § 95 andre leddet andre punktum slik at forsvararoppdraget går over på fullmektigen.

4.5 Føring av aktorat ved lagmannsrettane og herads- eller byrettane

Etter straffeprosesslova § 76 andre leddet kan straffesaker for lagmannsrett og herads- eller byrett førast av statsadvokatar, polititenestemenn som høyrer til påtalemakta eller advokatar. Om saka gjeld "en forbrytelse som etter loven kan medføre fengsel i mer enn 6 år, skal den føres av en statsadvokat". Når "særlige grunner" ligg føre, kan likevel riksadvokaten overføre aktoratet til andre, t.d. til ein politijurist. Dette gjeld likeins for vedgåingssaker som vert handsama i forhøyrsretten, når strafferamma er over 6 års fengsel. Samstundes er det gjort endringar i reglane om kva saker statsadvokatane kan overlate til dømes til polititenestemenn innan påtalemakta å aktorere, og dei sakene berre riksadvokaten i særlege høve kan gjere dette. Det skal vere opp til statsadvokatane å avgjere kven som skal aktorere vedgåingssaker som før to-instansreformen ville ha gått for herads- eller byrett. Som hovudregel bør statsadvokatane aktorere saker om sikring (etter at lov 17. januar 1997 nr. 11 tek til å gjelde vil dette vere saker om overføring til tvunge helsevern etter straffelova § 39 eller forvaring. Sjå elles § 76 for omredigering av paragrafen.

4.6 Endringar i domstollova § 2

Domstollova § 2 inneheld ei opplisting av dei ulike særdomstolane. Denne opplistinga har over tid vorte forelda. Dei militære straffedomstolane (§ 2 nr 6) forsvann ved lov 24 juni 1994 nr. 36 som tok til å gjelde 1. juli 1997. Fiskeridomstolane (§ 2 nr 4) vart ikkje førde vidare når noverande lov om saltvannsfiske (lov 3. juni 1983 nr. 40) vart vedteken. I domstollova § 2 nr. 3 vert det vist til skjønnskommisjoner som er sett ned etter lov om bygningsvesenet i Kristiania av 26. mai 1899 § 12. Den korrekte tilvisinga skal no vere plan og bygningslova § 60.

4.7 Protokollasjon ved saksførebuande møte

Straffeprosesslova § 20 inneheld reglar om protokollering av forklaringar som partar, vitne eller sakkunnige gjev i rettsmøte utanfor hovudforhandling. Hovudregelen er etter første leddet at slike forklaringar skal protokollerast. I tredje leddet er det gjort eit unntak for rettsmøte under saksførebuinga. I slike rettsmøte kan retten sjølv avgjere i kva grad forklaringar skal protokollerast eller ikkje. I denne unntaksføresegna vert det i ein parentes vist til straffeprosesslova § 272, og dette har reist tvil om unntaket berre knyter seg til dei særskilde saksførebuande rettsmøta etter § 272, og ikkje den generelle heimelen for saksførebuande møte som vart vedteken som § 274 andre leddet ved lov 24. august 1990 nr. 54. Tilvisinga til § 272 må reknast som eit hjelpemiddel til å finne fram til reglane om saksførebuande møter, som då regelen vart gjeve, utelukkande var § 272. At ein i tilknyting til lovendringa i 1990 oversåg at tilvisinga burde fjernast eller endrast, får dermed ikkje den verknad at føresegna ikkje gjeld for saksførebuande møter etter § 274 andre leddet. For å unngå liknande tvilstilfelle i framtida er tilvisinga fjerna, jf. straffeprosesslova § 20.