5 Effektivisering av...

5 Effektivisering av bøtestraffa

5.1 Utvida heimel for inndriving av bøtestraff

Straffeprosessloven § 456 er endra slik at Statens Innkrevingssentral får høve til å inndrive bøter og andre krav som er tilkjende i offentleg straffesak ved utleggspant der ein får rettsvern ved registrering i eit register eller ved underretning til ein tredjeperson, og tvangsforretninga kan skje ved ein kontorforretning som fullt ut vert utført av Innkrevingssentralen. Det er allereie opna for slik inndriving etter tilskotsinnkrevjingslova 9. desember 1955 nr. 5 § 8, rekneskapslova 17. juli 1998 nr. 56 § 8-4 og statistikklova 16. juni 1989 nr. 54 § 2-3. Endringa gjeld ikkje for krav som nemnde i § 456 første leddet andre punktum, dvs. alle andre krav enn dei som vert tilkjende i straffesaker.

5.2 Forelding av bøtestraff

Straffeloven § 74 er endra slik at det alle bøter, utan omsyn til storleiken, vert forelda 10 år etter at avgjerda om å ileggje bota vart endeleg. Den subsidiære fridomsstraffa blir forelda etter fem år om ikkje fullbyrdinga har tatt til.

5.3 Lenging av perioden for utleggstrekk ved inndriving av bøtestraff

Dekningslova § 2-7 tredje ledd er endra slik at trekkperioden for utleggstrekk er fem år. Endringa gjeld berre lengda på trekkperioden, ikkje prioriteten mellom konkurrerande krav. Prioriteten mellom dei ulike krava går fram av dekningslova § 2-8, og bøtekrav er mellom anna prioritert føre skattekrav og vanlege krav. Ein forlenga trekkperiode vil i høve til vanlege kravshavarar berre ha den verknad at arbeidet for Innkrevingssentralen vert letta. I høve til den det vert gjort utleggstrekk hos, vil ein forlenga trekkperiode samstundes kunne føre til at det terminvise trekket vert mindre.

5.4 Endring av straffelova § 74 andre leddet

Straffelova § 74 andre leddet fastset frå før at forelding av bøtestraff ikkje får noko å seie for utleggspant eller "annen sikkerhet" som er stifta innan fristen går ut. I praksis er det lagt til grunn at "annen sikkerhet" òg omfattar utleggstrekk, men straffelova § 74 er endra slik at dette er presisert i lovteksten.