6 Endringar i domstollova...

6 Endringar i domstollova kap. 11 om disiplinær- og tilsynsordninga for advokatar

6.1 Endringar i samansetjinga av Advokatbevillingsnemnda

Det følgjer no av domstollova § 226 første leddet at av Advokatbevillingsnemnda sine tre medlemmer skal leiaren vere ein dommar, og ein av medlemmene ein praktiserande advokat. Det er ikkje lenger noko særleg kvalifikasjonskrav for den tredje medlemmen. På denne måten står ein friare med omsyn til kven som kan oppnemnast til Advokatbevillingsnemnda. Den tredje medlemmen kan såleis til dømes vere ein representant frå det rettssøkjande publikum. Medlemmer og varamedlemmer blir oppnemnde av Kongen.

6.2 Den rettslege stillinga til tilsyns- og disiplinærorgana

Ved opprettinga av den nye tilsyns- og disiplinærordninga for advokatar tok ikkje lovgjevarane uttrykkeleg stilling til om Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda og Advokatbevillingsnemnda er å rekne som vanlege forvaltningsorgan eller som eigne offentlege innretningar. Domstollova §§ 225, 226 og 227 er endra slik at søksmål som rettar seg mot avgjerder tekne av Tilsynsrådet for advokatverksemd, Disiplinærnemnda eller Advokatbevillingsnemnda, berre kan reisast mot staten ved kvart enkelt organ.

6.3. Presisering av kva kompetanse Disiplinærnemnda har etter domstollova § 227

Det har gått fram av domstollova § 227 tredje leddet andre og tredje punktum jf. advokatforskrifta § 5-7 andre punktum, at Disiplinærnemnda har uttrykkeleg heimel til å gje ei irettesetjing til ein advokat som har opptrådt i strid med god advokatskikk eller i strid med denne eller anna lov, og i alvorlege tilfelle kan nemnda gje ei åtvaring. Det har vore behov for å ta inn ein klarare heimel for å kunne kome med kritikk som ei sjølvstendig reaksjonsform ved oppførsel i strid med god advokatskikk, som eit alternativ til irettesetjing eller åtvaring. Ein advokat som har opptrådt i strid med god advokatskikk eller elles i strid med denne eller anna lov, kan etter endring av domstollova § 227 tredje leddet tredje punktum få ei irettesetjing eller kritikk.

6.4 Utvida klagerett til Disiplinærnemnda ved manglande tilbakebetaling av for mykje betalt salær

Det følgjer av domstollova § 227 tredje leddet nytt fjerde punktum at Disiplinærnemnda òg kan handsame klagar frå klientar som ikkje får tilbakebetalt for mykje betalt salær på grunnlag av avgjerder tekne av andre disiplinærorgan.