5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Direktivet er ikkje venta å medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Endringa i konsernrekneskapsdirektivet er venta å kunne medføre ei viss letting av dei administrative byrdene til mellomstore føretak som vert fritekne frå kravet om å måtte utarbeide konsernrekneskap etter dei internasjonale rekneskapsstandardane.