St.meld. nr. 32 (2006-2007)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2007 og fisket etter avtalane i 2005 og 2006

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2007, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2007 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 424.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med forvaltningsplanen som vart vedteken under den 31. sesjonen i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten er derfor ikkje sett høgare enn til 21.000 tonn for 2007.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 150.000 tonn for 2007. Partane var einige om at det heller ikkje i 2007 skal fiskast lodde. Noreg og Russland er også samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar i 2007.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten var fastsett til 300.000 individ i NØS aust for 26°A. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe var fastsett til 3.180.000 individ for 2007.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2006 har vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2007 vart partane einige om å halde fram arbeidet for å kome overfisket i Barentshavet og Norskehavet til livs, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om.

Som for 2006, speglar også kvoteavtalen med EU for 2007 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å redusere kvoten på torsk ytterlegare slik at den no er den lågaste nokon gong. I tråd med dei reviderte forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse noko auka medan kvotane for sei og kviting er på same nivå som i 2006. Vidare er totalkvoten for raudspette redusert frå 2006 til 2007. Noreg og EU er dessutan samde om å halde fram det felles arbeidet med å forbetre utnyttinga av botnfisk.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart av åra 2001 til 2007.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla «referanse-TAC», som var utgangspunkt for drøftingane i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2007. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 47.890 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2007 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2007 med Færøyane og Grønland. Det er for 2006 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2006 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2006 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 18. januar 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2007, for første gong sidan 2002.

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – arbeida med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. 16. desember 2005 underteikna partane ein kyststatsavtale om kolmule. Avtalen tek opp i seg ein langsiktig forvaltningsstrategi som inneber ein reduksjon i fisket til forvaltningsmåla er nådde. Basert på denne rammeavtalen vart partane einige om ein kyststatsavtale også for 2007.

Partane i NEAFC vart på årsmøtet i 2006 einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2007 og fastsette ein totalkvote på 46.000 tonn. Av dette har Noreg ein del på 1.645 tonn.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som NEAFC forvaltar, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2007 er, som i åra 2001 til 2006, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1.985 fiskedøgn i 2007, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2006 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR, ICCAT og SEAFO.

Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). Rådgivinga frå ICES vert utarbeidd av Den rådgivande komitéen for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, og no også for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har i ei årrekkje hatt på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa. Desse avtalane vert no fornya.

Fiskeridepartementet vedtok å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter frå juli 2000. Denne sporinga gjeld i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Ved fiske i EU-sona gjeld sporingsplikt fartøy over 15 meter. Tilsvarande har EU-fartøy over 15 meter sporingsplikt i område under norsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uavhengig av storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. For utanlandske fiskefartøy gjeld krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen, i fiskevernesona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan nektast lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN godt i 2005 og 2006. Det sto noko att av hysekvoten i 2005, medan hysekvoten vart overfiska i 2006.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane sei, makrell og sild oppfiska i 2006 og makrell oppfiska i 2005, medan det sto att ein rest av sei- og sildekvoten i 2005. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman vart det i 2005 fiska 473.000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2006 vart fiska 69.000 tonn. Endringa skuldast at Noreg har fiska i andre områder. I begge åra vart kolmulekvoten i EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 66 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2005 og om lag 72 % i 2006. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska nesten heile botnfiskkvoten i 2005, medan utnyttingsgraden var noko lågare i 2006.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane vert stort sett godt utnytta. Dei seinare åra er også torskekvoten godt utnytta.

I sesongen 2006/2007 tok dei norske fartøya heile kvoten på 39.045 tonn lodde i Islands fiskerisone. Sesongen 2005/2006 var det norske loddefisket dårleg med totalt fiska kvantum på 2.047 tonn.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2005 og 2006.

Rekefisket ved Flemish Cap har vore eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg for grønlandsrekeflåten. Det var to fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2005, medan eitt fartøy deltok i 2006. Årsaka til nedgangen i rekefisket ved Flemish Cap dei siste åra er auka pris på drivstoff, lågare rekeprisar og styrka kronekurs.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14.600 tonn begge åra. I 2005 vart det fiska om lag 3.800 tonn, og i 2006 om lag 5.900 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og kolmule. Grunna dårleg bestandssituasjon, har kvotar og fangst av tobis og augepål vorte kraftig redusert i 2005 og 2006. I følgje offisiell fangststatistikk, har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I EUs fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane, med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var god både i 2005 og 2006.

I 2005 fiska Færøyane 33 % av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan berre 8 % av seikvoten vart utnytta i 2006. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i NØS i Nordsjøen i 2005 og 2006.

Grønland har sidan kvoteavtalen vart inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2005 og 2006 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida