Eit paradigmeskifte? Kunstinnkjøp ved norske kunstmuseum som covid-19-tiltak

Rapport av Jorunn Veiteberg, januar 2022

Kunsthistorikar Jorunn Veiteberg har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet kartlagt kunstinnkjøpa som norske kunstmuseum har gjort gjennom tre ekstratildelingar av innkjøpsmidlar som covid-19-tiltak i 2020 og 2021.

Bakgrunnen for denne rapporten er Kulturdepartementet sitt ønske om å få ei oversikt over
kva kunst som blei kjøpt inn gjennom ekstraordinære midlar til kunstmusea i 2020-21. Midlane blei gitt som covid-19-tiltak. I oppdraget blei det også bede om ei analyse av korleis desse innkjøpa føyer seg inn i dei enkelte institusjonanes samlingsutvikling. Kunst omfattar i denne samanhengen både bildekunst, kunsthandverk og design. 

Rapporten "Eit paradigmeskifte? Kunstinnkjøp ved norske kunstmuseum som covid-19-tiltak" (.pdf)