Meld. St. 3 (2017–2018)

Statsrekneskapen 2017

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2017.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2016 til 2017 og overført løyving frå 2017 til 2018. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2017 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 28 S (2017–2018) Ny saldering av statsbudsjettet 2017.

I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2017 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 1 612,3 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 577,4 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 34,9 mrd. Dette er postert på kapittel 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 612,3 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2017

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01–29)

166 839

166 839

166 839

0

0

Investeringar (post 30–49)

69 878

69 878

43 314

26 564

0

Overføringar (post 50–89)

1 211 996

1 044 150

1 044 150

0

167 847

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

1 448 713

1 280 867

1 254 303

26 564

167 847

Lånetransaksjonar (post 90–99)

163 595

163 595

156 056

7 539

0

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 612 308

1 444 462

1 410 359

34 103

167 847

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01–29)

105 898

105 898

19 278

86 620

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30–49)

28 396

28 396

3 748

24 648

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50–89)

1 322 987

1 091 594

1 008 451

83 143

231 394

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

1 457 281

1 225 888

1 031 477

194 411

231 394

Tilbakebetalingar (post 90–99)

120 138

120 138

112 599

7 539

0

Sum inntekter før statslånemidlar

1 577 420

1 346 026

1 144 077

201 950

231 394

Netto post 01–89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-8 568

54 979

222 826

-167 847

-63 547

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99), utgifter og inntekter

43 456

43 456

43 456

0

0

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

34 888

Sum inntekter med lånetransaksjonar

1 612 308

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2017 med 1 028,8 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan eigenkapitalen går ned som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin aukar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2017

2016

Endring

Sum eigedelar

10 060 732

9 026 021

1 034 711

Sum gjeld

766 319

760 372

5 947

Avslutningskonto (eigenkapital)

9 294 413

8 265 649

1 028 764

Endring i eigenkapitalen:

Auka verdi Statens pensjonsfond

1 002 155

Overskot før lånetransaksjonar i balansen

8 568

Auka avsetjing av overførte midlar

-949

Anna endring i eigenkapitalen

18 990

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2017 vart 222,8 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjord opp med eit overskot på 8,6 mrd. kroner.

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 140,1 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på drygt 148,6 mrd. kroner i 2017.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

167,8

167,8

– Overført statsbudsjettet

231,4

231,4

Renter og utbyte

196,4

7,3

203,6

Overskot

132,8

7,3

140,1

Kapital per 31.12.2016

7 509,9

212,3

7 722,1

Overskot

132,8

7,3

140,1

Valutakursregulering

14,7

-

14,7

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

826,7

20,7

847,4

Kapital per 31.12.2017

8 484,1

240,2

8 724,3

Endra verdi, fondskapital

974,2

27,9

1 002,2

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2017 er bruken av petroleumsinntekter i 2017 no rekna til 214,0 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 11,6 mrd. kroner mindre enn i Saldert budsjett 2017, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 225,6 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 7,5 prosent av no anslått trend-BNP for Fastlands-Noreg i 2017 og til 2,8 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2017.

Eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 214,0 mrd. kroner er 3,4 mrd. kroner mindre enn rekna i nysaldert budsjett.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føre til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke i ein konjunkturnedgang og minke i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setje ned skattane eller auke utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auke etterspurnaden i gode tider og dempe han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk effekt.

For å kome frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen. Dessutan korrigerer ein for at pensjonspremier i helseføretaka skil seg frå det normale.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala Finansdepartementet nyttar for Noreg og som vert publiserte i budsjettdokumenta.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2016 og 2017.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2016 til 2017

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 35,6 mrd. kroner, frå 113,0 mrd. kroner i 2016 til 148,6 mrd. kroner i 2017. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar auka med 4,4 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond auka med 31,2 mrd. kroner. Auken i overskotet i Statens pensjonsfond har si årsak i den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda som vart 43,1 mrd. kroner høgare enn i 2016, overføringa til statsbudsjettet som vart 18,9 mrd. kroner høgare og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond som vart 7 mrd. kroner høgare enn i 2016. Det oljekorrigerte underskotet auka med 14,4 mrd. kroner frå 2016 til 2017.

Tabell 1.4 nedanfor syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 36,0 mrd. kroner, frå 1 218,3 mrd. kroner i 2016 til 1 254,3 mrd. kroner i 2017.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2017 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Nysaldert budsjett 2017

Rekneskap 2017

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 162 481

1 180 571

1 219 894

1 225 888

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

152 594

163 771

194 478

194 411

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 009 888

1 016 800

1 025 416

1 031 477

B

Utgifter i alt

1 246 091

1 301 806

1 283 810

1 280 867

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

27 815

25 500

27 000

26 564

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 218 276

1 276 306

1 256 810

1 254 303

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-208 388

-259 506

-231 394

-222 826

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

212 516

259 506

231 394

231 394

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

4 127

0

0

8 568

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

124 779

138 271

167 478

167 847

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

212 516

259 506

231 394

231 394

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

196 629

207 500

206 800

203 625

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

108 892

86 265

142 884

140 078

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

113 020

86 265

142 884

148 646

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2017 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 196,369 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,256 mrd. kroner. For 2016 var renter og utbyte i SPU 188,953 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,676 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond i 2017 vart 140,1 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 132,8 mrd. kroner, medan det i 2016 var 101,2 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

Samla utgifter i 2016 og 2017 fordelt på postgrupper etter utgiftsart for Driftsutgifter, Nybygg, anlegg, Overføringar til andre og Utlån, gjeldsavdrag syner endra samansetjing som følgje av omorganiseringar og strukturendringar i statsbudsjettet mellom dei to åra2. Det er ein nedgang i statens samla Driftsutgifter på om lag 16 mrd. kroner, og ein nedgang i Nybygg, anlegg på om lag 8 mrd. kroner. Dette må sjåast i samanheng med auken i Overføringar til andre. Budsjetteringa av jernbane og til dels veg er lagt om, og gjekk tidlegare inn i statens eigne drifts- og investeringsutgifter. Dette vert no budsjettert som tilskot på 70-post. I 2017 er òg kyrkja skilt ut frå staten og får no tilskot på 70-post, mot tidlegare å inngå i statens eigne driftsutgifter. Ein nedgang i driftsutgiftene på om lag 6 mrd. kroner under Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) kjem hovudsakleg av at budsjetteringa av pensjonspremie i staten vart lagt om i 2017. Pensjonspremien vert frå 2017 budsjettert og rekneskapsført som utgift på dei einskilde budsjettkapitla, medan dette tidlegare vart handsama sentralt under ASD/SPK sine budsjettkapittel.

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett3

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2017 vart 39,3 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 18,0 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 8,6 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 19,5 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 231,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2017, som er 28,1 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett.

Av 8,6 mrd. kroner i høgare inntekter kjem av 3,0 mrd. kroner av høgare skatte- og avgiftsinntekter. Inntektene under statens forretningsdrift auka med 0,2 mrd. kroner og rente- og utbyteinntektene utan Statoil auka med 2,7 mrd. kroner. Andre inntekter under departementa auka òg med 2,7 mrd. kroner. Av dette er 0,8 mrd. kroner tilbakeføring av driftskreditt frå helseføretaka, knapt 1,1 mrd. kroner er ymse inntekter på kap. 5309 som for det meste er inntekter frå frekvensauksjonar, knapt 0,6 mrd. kroner er inntekter under folketrygda og knapt 0,3 mrd. kroner er annan inntektsauke. Utgiftene vart 19,5 mrd. kroner lågare. Renteutgiftene vart 2,8 mrd. kroner lågare, stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar vart 10 mrd. kroner lågare, medan andre utgifter netto vart 6,7 mrd. kroner lågare, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.

Budsjettutviklinga gjennom 2017 fram til nysalderinga er omtalt nærare i Prop. 28 S (2017–2018) Ny saldering av statsbudsjettet 2017.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2017 er det oljekorrigerte underskotet 222,8 mrd. kroner. Dette er 8,6 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 36,7 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis -0,3 prosent og -1,3 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2017 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2017 gjord opp med eit overskot på 8,6 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 6,1 mrd. kroner, frå 1 025,4 mrd. kroner til 1 031,5 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka med 2,5 mrd. kroner, frå 1 256,8 mrd. kroner til 1 254,3 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

4 956

+

Renteinntekter og utbyte utan Statoil ASA

-28

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

215

+

Andre inntekter

30

=

Auka inntekter utan meirinntekter

5 173

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

888

=

Samla endring, inntekter

6 061

Medrekna i desse tala er standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen og utgjorde om lag 2,5 mrd. kroner4. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga.

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

545

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

333

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-35

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530–2790

-659

+

Redningshelikoptertenesta, kap. 0454

-1 029

+

Forskingsfartøy, kap. 0926

-857

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760 og 1761

442

+

Int. mobilitet og sosiale føremål for studentar, kap. 0270

-427

+

Statens vegvesen, kap. 1320

309

+

Forvaltning av statleg eigarskap, kap. 0950

298

+

Særskilte transporttiltak, kap. 1330

-274

+

Arbeids- og velferdsetaten, kap. 0604 og 0605

-259

+

Omsorgstenester, kap. 0761

245

+

Forsking og kompetanseheving, kap. 0165

238

+

Andre utgifter, netto

-1 378

=

Samla endring, utgifter

-2 507

Overførte, unytta løyvingar frå 2017 til 2018 vart 0,9 mrd. kroner høgare enn overføringane frå 2016 til 2017, noko som medverkar til lågare utgifter i rekneskapen.

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogeleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogeleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1987 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,2 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1987 til 2017. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1987 til 2017. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet berekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB si revisjon i 2016.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2013–2014

14 247

766

2014–2015

12 366

-1 881

2015–2016

10 570

-1 796

2016–2017

13 507

2 937

2017–2018

14 506

999

Departementa har rapportert 0,9 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Nokre departement har høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Spesifiserte endringar i utgiftene og andre netto endringar i utgiftene på -1,4 mrd. kroner må sjåast i samanhengen med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, og anna endring i overført, unytta løyving.

Overført, unytta løyving til 2018

Frå 2016 til 2017 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 13,5 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2017 til 2018 er på 14,5 mrd. kroner. Det er ein auke på 1,0 mrd. kroner. Medrekna 50,0 mill. kroner overført på lånepostar til 2017 vert det er ein auke på 949 mill. kroner.

Det er Kunnskapsdepartementet (0,5 mrd. kroner) og Justis- og beredskapsdepartementet (0,4 mrd. kroner) som har hatt størst auke i overført, unytta løyving og Utanriksdepartementet (-0,3 mrd. kroner) som har hatt størst nedgang i overført, unytta løyving. Dei andre departementa har ei samla auke i overførte løyvingar på 0,3 mrd. kroner. Det er ikkje overført unytta løyving på postar med lånetransaksjonar (90-postar) til 2018.

Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2017 er den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 1,8 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2017 vart han rekna til 2,6 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2017 er veksten rekna til 1,9 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2008

2,2

2009

5,5

2010

0,9

2011

1,7

2012

1,6

2013

2,5

2014

3,1

2015

2,8

2016

2,6

2017

1,9

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2016 har finansieringsbehovet minka med knapt 13,4 mrd. kroner, frå 48,2 mrd. kroner i 2016 til 34,9 mrd. kroner i 2017. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 38,8 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 6,3 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar betra seg med 4,4 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 49,5 mrd. kroner mindre enn i 2016. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 36,2 mrd. kroner i 2017 samanlikna med 2016. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2017 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Nysaldert budsjett 2017

Rekneskap 2017

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

143 916

106 157

101 099

105 097

Tilbakebetalingar

106 327

111 210

108 294

112 599

Overskot i statsbudsjettet

4 127

0

0

8 568

=

Netto finansieringsbehov

33 462

-5 054

-7 195

-16 071

+

Gjeldsavdrag

14 778

63 207

50 959

50 959

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

48 240

58 153

43 764

34 888

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Statoil ASA m.m.

5 025

6407

7 441

7 539

Utlån, aksjeteikning m.m.

5 025

6407

7 441

7 539

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland

0

0

0

0

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart 4,0 mrd. kroner høgare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614

274

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

101

Husbanken, kap. 2412

661

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-865

Føretakskapital, Bane NOR SF, kap. 1356

4 200

Eksportfinansieringsordninga, kap. 2429

-376

Andre utlån, netto

2

Samla endring utlån

3 998

Meirutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 7,2 prosent av løyvinga, medan meirutgiftene under Statens lånekasse og Husbanken svarar til høvesvis 0,4 og 4,2 prosent. Mindreutgiftene på lån frå Eksportkredittordninga svarar til 9,9 prosent av løyvinga, medan mindreutgiftene på lån frå Innovasjon Noreg svarar til 1,9 prosent av løyvinga. Føretakskapitalen i Bane NOR SF vart fastsett til 7,7 mrd. kroner, som er 4,2 mrd. kroner meir enn i budsjettet, jf. fullmakt frå Stortinget til å utgiftsføre og inntektsføre på kap. 1356 og 4356 endelig beløp knytte til overføring av Rom Eiendom AS frå NSB AS til Bane NOR SF.

Tilbakebetalingane vart 4,3 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614

-247

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

159

Husbanken, kap. 5312

352

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-1 235

Eksportfinansieringsordninga, kap. 5329

1 075

Tilbakeført kapital, utskilling ROM Eigedom AS frå NSB AS, kap. 4356

4 200

Andre låntakarar, netto

0

Samla endring i tilbakebetalingane

4 305

Netto utlån vart dermed 0,3 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på 8,6 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 8,9 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2017 vart 51,0 mrd. kroner som i budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed òg 8,9 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2017 for utbyteaksjar i Statoil ASA. Verknaden på nettofinanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda overført til Statens pensjonsfond utland var null.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2017 inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2017 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2017 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 943,6 mrd. kroner i 2017, ein auke på 26,8 mrd. kroner eller 2,9 prosent frå året før.

I statsrekneskapen for 2017 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Norge om lag 8,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2017 vart anslaget sett ned 3,8 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2017-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 938,6 mrd. kroner som er 3,0 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 5,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 943,6 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2017 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 254,3 mrd. kroner. Dette var 5,8 prosent høgare enn i 2016. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 313,5 mrd. kroner i 2017, ein auke på 2,8 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 0,5 prosent, til 267,4 mrd. kroner i 2017. Den låge veksten må mellom anna sjåast i samanheng med redusert bokført meirverdiavgift knytte til innførsel av varer, som følgje av endringar i meirverdiavgiftslova, jf. omtale i Prop. 1 LS (2016–2017), punkt. 9.2. Det er òg avklart at kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF ikkje er meirverdiavgiftspliktig omsetjing. Frå 2016 til 2017 auka andre særavgifter og tollinntekter med 2,8 prosent, frå 105,4 mrd. kroner til 108,3 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 26,6 mrd. kroner i 2017. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 71,2 mrd. kroner i 2017. Inntektene frå SDØE vart 114,8 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2017 vart 8,4 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 194,4 mrd. kroner i 2017, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 167,8 mrd. kroner. Det er 29,6 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett og 0,4 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Reduserte petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

-829

+

auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Statoil ASA

762

+

reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd

436

=

Netto endring i petroleumsinntekter

369

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2017 vart minus 63,5 mrd. kroner som er overført frå fondet til statskassa. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Sjå Vedlegg 1, tabell 1.4 for nærare spesifikasjon av rekneskapen 2016 og 2017 fordelt etter utgiftsart.

3.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2017.

4.

2,5 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida