Meld. St. 3 (2021–2022)

Statsrekneskapen 2021

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2021.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2020 til 2021 og overført løyving frå 2021 til 2022. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2021. Budsjettutviklinga gjennom 2021 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2021–2022) Ny saldering av statsbudsjettet 2021. Året 2021 har som 2020 vore eit utfordrande år med store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. Kraftfulle finanspolitiske verkemiddel knytte til koronapandemien er førte vidare og det er i saldert budsjett 2021 og gjennom året budsjettert med eit oljekorrigert underskot på nivå med 2020. Til tross for eit stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland, syner fondet eit overskot i 2021. Det skuldast mellom anna rente- og utbyteinntekter i fondet og ein kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleum som følgje av historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021. Kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka med 1 448 milliardar kroner i 2021.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2021, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2021 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 2 093,0 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 2 030,7 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 62,3 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 2 093,0 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2021

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og over- føring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01-29)

198 897

198 897

198 897

0

0

Investeringar (post 30-49)

72 864

72 864

48 132

24 732

0

Overføringar (post 50-89)

1 599 928

1 312 415

1 312 415

0

287 513

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

1 871 689

1 584 176

1 559 444

24 732

287 513

Lånetransaksjonar (post 90-99)

221 288

221 288

221 288

0

0

Sum utgifter med lånetransaksjonar

2 092 977

1 805 465

1 780 733

24 732

287 513

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01-29)

204 003

204 003

22 066

181 937

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49)

29 308

29 308

3 674

25 634

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89)

1 659 475

1 269 409

1 164 735

104 674

390 066

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

1 892 786

1 502 720

1 190 476

312 245

390 066

Tilbakebetalingar (post 90-99)

137 931

137 931

137 931

0

0

Sum inntekter før statslånemidlar

2 030 717

1 640 651

1 328 406

312 245

390 066

Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-21 097

81 456

368 969

-287 513

-102 553

+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter

83 358

83 358

83 358

0

0

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

62 261

Sum inntekter med lånetransaksjonar

2 092 977

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01-89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarer til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2021 vart 369,0 mrd. kroner, som er 21,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 21,1 mrd. kroner.

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2021 med 1 550,5 mrd. kroner, som for det meste skriv seg av auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar òg eigenkapitalen, medan auka avsetjing av overførte midlar reduserer eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2021

2020

Endring

Sum eigedelar

14 322 538

12 738 633

1 583 905

Sum gjeld

890 331

856 922

33 409

Avslutningskonto (eigenkapital)

13 432 208

11 881 711

1 550 497

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond

1 488 813

Overskot før lånetransaksjonar i balansen

21 097

Auka avsetjing av overførte midlar

-955

Anna endring i eigenkapitalen

41 541

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2021 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

287,5

287,5

– Overført statsbudsjettet

390,1

390,1

Renter og utbyte

214,1

9,6

223,7

Overskot

111,5

9,6

121,1

Kapital per 31.12.2020

10 907,1

292,2

11 199,3

Overskot

111,5

9,6

121,1

Valutakursregulering

-24,6

-

-24,6

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 361,2

31,1

1 392,3

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

-

-

Kapital per 31.12.2021

12 355,2

332,9

12 688,1

Endra verdi, fondskapital

1 448,1

40,7

1 488,8

For 2021 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 121,1 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 142,2 mrd. kroner i 2021.

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føre til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke i ein konjunkturnedgang og minke i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setje ned skattane eller auke utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auke etterspurnaden i gode tider og dempe han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk effekt.

For å kome frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggjande utviklinga i budsjettbalansen. Dessutan korrigerer ein for at pensjonspremiar i helseføretaka skil seg frå det normale.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala Finansdepartementet nyttar for Noreg og som vert publiserte i budsjettdokumenta.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2021 er bruken av petroleumsinntekter i 2021 no rekna til 354,4 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 9,8 mrd. kroner meir enn i Saldert budsjett 2021, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 344,6 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 10,8 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg 2021, slik det no er rekna til, og til 3,2 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2021.

Eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 354,4 mrd. kroner er 26,1 mrd. kroner mindre enn det ein rekna i nysaldert budsjett. Dette kjem i hovudsak av lågare utgifter enn det ein rekna med, og at det strukturelle skattenivået er auka sidan i fjor haust.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2020 og 2021.

Utviklinga frå 2020 og gjennom 2021 frå saldert til nysaldert budsjett og til rekneskapen er prega av dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien. Auken i inntektsløyvingane frå saldert til nysaldert skuldast i stor grad anslaga på skatte- og avgiftsinntektene slik dei vart vurderte ved nysalderinga av budsjettet på slutten av året. Som rekneskapen syner, vart desse inntektene òg høgare enn venta ved nysalderinga og syner at den økonomiske situasjonen på slutten av året var uviss. Auken i utgiftene frå 2020 og gjennom 2021 kjem i all hovudsak av dei ulike økonomiske tiltaka som vart sette i verk og førte vidare i 2021.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2020 til 2021

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 181,4 mrd. kroner, frå -39,2 mrd. kroner i 2020 til 142,2 mrd. kroner i 2021. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar minka med 25,8 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond auka med 207,2 mrd. kroner. Auken i overskotet i Statens pensjonsfond kjem av den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda som auka med 180,7 mrd. kroner, overføringa til statsbudsjettet som vart 27,4 mrd. kroner mindre og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond som vart 0,8 mrd. kroner mindre enn i 2020.

Det oljekorrigerte underskotet minka med knapt 1,6 mrd. kroner frå 370,5 mrd. kroner i 2020 til 369,0 mrd. kroner i 2021. Tabell 1.4 nedanfor syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 34,5 mrd. kroner, eller om lag 2,3 prosent, frå 1 524,9 mrd. kroner i 2020 til 1 559,4 mrd. kroner i 2021. Inntektene auka med 36,1 mrd. kroner eller 3,1 prosent, frå 1 154,4 mrd. kroner i 2020 til 1 190,5 mrd. kroner i 2021. Det høge utgiftsnivået i 2021 er ein følgje av at økonomiske tiltak i møte med pandemien i stor grad er førte vidare. Auken i inntektene må særleg sjåast i samanheng med skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg som auka med 45,3 mrd. kroner, overføringa frå Noregs Bank som minka med 4,5 mrd. kroner og vederlag oppdrettskonsesjonar som vart 7,0 mrd. kroner 2020 og 22 mill. kroner i 2021. Renteinntekter og utbyte utan Equinor vart 4,1 mrd. kroner høgare enn i 2020. Andre inntekter gjekk samle ned med 1,8 mrd. kroner.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2021 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Nysaldert budsjett 2021

Rekneskap 2021

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 288 828

1 240 602

1 471 851

1 502 720

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

134 425

122 301

298 001

312 245

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 154 402

1 118 301

1 173 850

1 190 476

B

Utgifter i alt

1 552 528

1 538 701

1 589 915

1 584 176

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

27 601

23 800

26 000

24 732

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 524 928

1 514 901

1 563 915

1 559 444

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

-263 701

-298 099

-118 065

-81 456

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

106 825

98 501

272 001

287 513

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-370 525

-396 600

-390 066

-368 969

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

417 426

396 600

390 066

390 066

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

46 901

0

0

21 097

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

106 825

98 501

272 001

287 513

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

417 426

396 600

390 066

390 066

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

-310 602

-298 099

-118 065

-102 553

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

224 510

235 100

230 000

223 663

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

-86 091

-62 999

111 935

121 110

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

-39 190

-62 999

111 935

142 207

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2021 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 214,064 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 9,599 mrd. kroner. For 2020 var renter og utbyte i SPU 217,327 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,184 mrd. kroner. I 2021 vart det eit overskot i Statens pensjonsfond på 121,1 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 111,5 mrd. kroner, medan SPU i 2020 synte eit underskot på 93,3 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2021 vart 231,2 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 51,2 mrd. kroner høgare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 55,5 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 49,0 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 390,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2021, som er 6,5 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett.

Av 55,5 mrd. kroner i høgare inntekter kjem knapt 46,4 mrd. kroner av høgare anslag på skatte- og avgiftsinntekter og knapt 9,9 mrd. kroner høgare rente og utbyteinntekter. Overføringa frå Noregs Bank vart 3,4 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. Inntektene under statens forretningsdrift vart 1,3 mrd. kroner høgare, tilbakeførte midlar frå kompensasjonsordningar utgjorde 0,4 mrd. kroner, medan andre inntekter under departementa vart 1,1 mrd. kroner høgare.

Utgiftene vart 49,0 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Løyving til dagpengar auka med 7,1 mrd. kroner, medan renteutgiftene gjekk ned 0,5 mrd. kroner. Annan netto auke i utgiftene var 42,4 mrd. kroner. Av dette utgjer annan auke under folketrygda 11,5 mrd. kroner, 6,6 mrd. kroner auka tilskot til helseføretaka og 5,4 mrd. kroner rammetilskot til kommunane.

Budsjettutviklinga gjennom 2021 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2021–2022) Ny saldering av statsbudsjettet 2021 og Prop. 39 S (2021–2022) Tillegg til Prop. 36 S (2021–2022) om ny saldering av statsbudsjettet 2021.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2021 er det oljekorrigerte underskotet 369,0 mrd. kroner. Dette er 21,1 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 27,6 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis -0,6 prosent og -0,8 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane frå år til år skil seg normalt ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien i 2020 gav større endringar enn normalt, medan endringane i 2021 er små. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2021 gjord opp med eit overskot på 21,1 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 16,6 mrd. kroner, frå 1 173,9 mrd. kroner til 1 190,5 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka med 4,5 mrd. kroner, frå 1 563,9 mrd. kroner til 1 559,4 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar. Auken i skatte- og avgiftsinntektene er nærare omtalt i kapittel 1.6.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

13 817

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

-267

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

159

+

Lovbrotsgebyr, Konkurransetilsynet

1 555

+

Andre inntekter

766

=

Auka inntekter utan meirinntekter

16 030

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

596

=

Samla endring, inntekter

16 626

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-879

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

-404

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-175

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530-2790

1 192

+

Regionale helseføretak, kap. 0732

1 625

+

Statens vegvesen, kap. 1320

1 609

+

Beredskap, kap. 0702

-1 497

+

Jernbaneføremål, kap. 1352-1359

-1 322

+

Kjøp av materiell under forsvaret, kap. 1760

1 136

+

Allmenne kulturføremål, kap. 0325

971

+

Politidirektoratet, kap. 0440

-956

+

Omsorgstenester kap. 0761

-923

+

Diverse tilskot, kap. 0900, 60-85

-547

+

Vaksinar, kap. 0710

-505

+

Andre utgifter, netto

-3 794

=

Samla endring, utgifter

-4 471

Standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen utgjorde om lag 3,4 mrd. kroner3, og er medrekna i desse tala. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga er òg medrekna.

Departementa har rapportert 0,6 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Nivået på meirinntektene er om lag det halve samanlikna med rekneskapen 2020. Nokre departement og statlege verksemder har høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Endringar i utgiftene må sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga.

Mindreutgiftene frå nysaldert budsjett må òg sjåast i samanhengen med overført, unytta løyving. Frå 2020 til 2021 auka samla nivå på overført, unytta løyving med 9,7 mrd. kroner til 25,9 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 aukar overført, unytta løyving med enda 845 mill. kroner. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Ein kunne vente at dei store overførte, unytta midlane frå 2020 ville medføre meirutgifter i 2021. Det er likevel netto mindreutgift i 2021. Dette syner at det framleis har vore utfordrande for forvaltninga å gjennomføre og følgje opp alle Stortingets vedtak om utbetalingar og bruk av midlar på ei rekkje budsjettpostar i møte med pandemien. Tabell 1.6 syner likevel at det på einskilde område er meirutgifter, til dømes under forsvaret, kap. 1760, som er motsvart av ein minke i overført, unytta løyving. Det same gjeld for regionale helseføretak, kap. 0732, allmenne kulturføremål, kap. 0325 og Statens vegvesen, kap. 1320.

Overført, unytta løyving til 2022

Frå 2020 til 2021 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 25,9 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2021 til 2022 er på 26,8 mrd. kroner. Det er ein netto auke på 845 mill. kroner.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet (+1,1 mrd. kroner), Justis- og beredskapsdepartementet (+1,1 mrd. kroner) og Kunnskapsdepartementet (+0,5 mrd. kroner) som har hatt størst auke i overført, unytta løyving. Fem departement har hatt nedgang i overført unytta løyving; Kulturdepartementet (-1,1 mrd. kroner), Forsvarsdepartementet (-1,2 mrd. kroner), Samferdselsdepartementet (-0,6 mrd. kroner), Kommunal- og moderniseringsdepartementet (-0,2 mrd. kroner) og Klima- og miljødepartementet (-0,1 mrd. kroner). Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

Det vart ikkje overført unytta løyving på postar med lånetransaksjonar (90-postar) frå 2020 til 2021. Frå 2021 til 2022 er det overført 110 mill. kroner under kap. 0950, post 92. Medrekna lånepostar var auken i overført, unytta løyving 955 mill. kroner, jf. tabell 1.7.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2017–2018

14 506

999

2018–2019

16 784

2 278

2019–2020

16 262

-522

2020–2021

25 923

9 660

2021–2022

26 768

845

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1991 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,3 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1991 til 2021. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1991 til 2021. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2019.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2021 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til -3,1 prosent. Etter vedtekne budsjettendringar 1. halvår 2021 vart han rekna til 1,9 prosent og i nysalderinga til 0,5 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2021 er veksten rekna til -1,2 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2012

1,6

2013

2,5

2014

3,1

2015

2,8

2016

2,6

2017

1,9

2018

0,7

2019

1,7

2020

8,6

2021

-1,2

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2020 har brutto finansieringsbehovet auka med drygt 43,2 mrd. kroner, frå 19,0 mrd. kroner i 2020 til 62,3 mrd. kroner i 2021. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 36,9 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 5,7 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar minka med 25,8 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 16,8 mrd. kroner mindre enn i 2020. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 60,0 mrd. kroner i 2021 samanlikna med 2020. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga. Det var ikkje lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2021.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2021 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Nysaldert budsjett 2021

Rekneskap 2021

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

184 150

134 688

156 240

147 283

Tilbakebetalingar

132 232

124 894

137 285

137 931

Overskot i statsbudsjettet

46 901

0

0

21 097

=

Netto finansieringsbehov

5 017

9 793

18 955

-11 744

+

Gjeldsavdrag

13 995

88 000

74 005

74 005

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

19 012

97 793

92 960

62 261

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

9 110

0

0

0

Utlån, aksjeteikning m.m.

0

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland1)

9 110

0

0

0

1) Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond, jf. kap. 2800, post 96.

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart 9,0 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-6 550

Eksportfinansiering Noreg (tidl. GIEK), Utbetaling ifølgje trekkfullmakt, kap. 2460

-2 480

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614

711

Eksportkredittordninga, kap. 2429

-396

Husbanken, kap. 2412

-262

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

135

Eigenkapitalinnskot, kap. 0950

-110

Andre utlån, netto

-4

Samla endring utlån

-8 957

Samla mindreutgifter knytte til lånetransaksjonar svarer til 5,7 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgiftene under Innovasjon Noreg som svarer til 8,7 prosent av løyvinga og mindreutgifter knytte til Eksportfinansiering Noreg og utbetaling i følgje trekkfullmakt som svarer til 49,6 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart 0,6 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Husbanken, kap. 5312

2 632

Eksportkredittordninga, kap. 5329

-1 999

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

386

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614

-336

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-306

Eksportfinansiering Noreg (tidl. GIEK), Avdrag på uteståande ifølgje trekkfullmakt, kap. 5460

151

Forvaltning statleg eigarskap, kap. 3950

118

Andre tilbakebetalingar, netto

-

Samla endring i tilbakebetalingane

645

Netto utlån vart dermed 9,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 21,1 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 30,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2021 vart 74,0 mrd. kroner, som i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed òg 30,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2021 inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2021 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2021 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 099,5 mrd. kroner i 2021, ein auke på 45,3 mrd. kroner eller 4,3 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Nysaldert budsjett 2021

Rekneskap 2021

Skattar på formue og inntekt

297,1

257,0

278,4

286,4

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

341,3

358,5

365,6

370,2

Tollinntekter

3,6

3,4

4,1

4,3

Meirverdiavgift

306,7

324,6

332,2

333,2

Avgifter på alkohol

17,7

13,2

17,7

18,0

Avgifter på tobakk

9,0

6,4

9,1

9,0

Avgifter på motorvogner

20,6

20,8

19,9

19,4

Andre avgifter

58,2

55,4

58,7

58,9

Sum skattar og avgifter

1 054,2

1 039,3

1 085,7

1 099,5

I statsrekneskapen for 2021 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 60,2 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er auka gjennom 2021. Ved nysalderinga av 2021-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 085,7 mrd. kroner, som er 46,4 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 13,8 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Av dette gjeld 1,0 mrd. kroner meirverdiavgift, 8,0 mrd. kroner skatt på formue og inntekt, fordelt med 8,6 mrd. kroner frå personlege og upersonlege skatteytarar og knapt -0,7 mrd. kroner i finansskatt. Arbeidsgjevaravgifta vart 4,6 mrd. kroner høgare, medan andre skatte- og avgiftsinntekter auka med 0,2 mrd. kroner. Mellom anna ei sterk utvikling i arbeidsmarknaden hausten 2021 ga ei sterk utvikling i skatteinngangen på slutten av året. Forseinka skatteoppgjer for 2020 på grunn av utsette fristar, gjorde at skatte- og avgiftsanslagene til nysaldert budsjett var meir usikre enn vanleg.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 099,5 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2021 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 286,4 mrd. kroner. Dette var 3,6 prosent lågare enn i 2020. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 370.2 mrd. kroner i 2021, ein auke på 8,5 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 8,6 prosent, til 333,2 mrd. kroner i 2021. Frå 2020 til 2021 auka andre særavgifter og tollinntekter med 0,6 prosent, frå 109,0 mrd. kroner til 109,6 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 24,7 mrd. kroner i 2021. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 91,8 mrd. kroner i 2021. Inntektene frå SDØE vart 209,9 mrd. kroner, medan utbyte frå Equinor ASA i 2021 vart 10,5 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 312,2 mrd. kroner i 2021, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 287,5 mrd. kroner. Det er 173,5 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett og må sjåast i samanheng med historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 15,5 mrd. kroner større enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13.

Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Auka petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

148

+

auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Equinor ASA

14 096

+

reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd

1 268

=

Netto endring i petroleumsinntekter

15 512

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2021 vart -102,6 mrd. kroner, som er overført frå fondet til statskassa. I 2021 var det ikkje netto finanstransaksjonar førte på kap. 2800, post 96. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2021.

3.

3,4 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida