1 Hovudtrekk i statsrekneskapen
Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2024.
Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2023 til 2024 og overført løyving frå 2024 til 2025. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2024. Budsjettutviklinga gjennom 2024 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2024–2025) Ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett anslått til 346,5 mrd. kroner. Det var ein auke på 10,0 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2023. Etter dette har underskotet minka med 14,7 mrd. kroner frå nysaldert budsjett til 331,7 mrd. kroner i rekneskapen. Det kjem i hovudsak av høgare skatteinntekter enn anslått, medan samla utgifter vart noko lågare enn venta. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 14,7 mrd. kroner.
For 2024 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 777,8 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 792,6 mrd. kroner i 2024.
Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2024, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.
Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.
1.1 Hovudtal 1
Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2024 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 2 952,3 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 2 844,4 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90-99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 107,8 mrd. kroner. Statsbudsjettet og statsrekneskapen sitt brutto finansieringsbehov vert gjort opp med statslånemidlar som vert bokført på kap. 5999. Samla inntekter i statsrekneskapen medrekna statslånemidlar vert dermed òg 2 952,3 mrd. kroner.
Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2024
Utgifter (mill. kroner) |
Samla |
Sum utan overføring SPU |
Utan petroleum og overføring SPU |
Kontantstraum petroleum |
Overføring SPU |
---|---|---|---|---|---|
Driftsutgifter (post 01-29) |
248 534 |
248 534 |
248 534 |
0 |
0 |
Investeringar (post 30-49) |
116 814 |
116 814 |
68 288 |
48 526 |
0 |
Overføringar (post 50-89) |
2 290 141 |
1 587 982 |
1 587 982 |
0 |
702 159 |
Sum utgifter utan lånetransaksjonar |
2 655 490 |
1 953 331 |
1 904 804 |
48 526 |
702 159 |
Lånetransaksjonar (post 90-99) |
296 761 |
253 960 |
253 960 |
0 |
42 801 |
Sum utgifter med lånetransaksjonar |
2 952 251 |
2 207 291 |
2 158 765 |
48 526 |
744 960 |
Inntekter (mill. kroner) |
|||||
Sal av varer og tenester (post 01-29) |
274 097 |
274 097 |
39 945 |
234 153 |
0 |
Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30-49) |
35 348 |
35 348 |
5 748 |
29 600 |
0 |
Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50-89) |
2 360 792 |
2 014 342 |
1 527 409 |
486 933 |
346 451 |
Sum inntekter utan lånetransaksjonar |
2 670 238 |
2 323 787 |
1 573 102 |
750 685 |
346 451 |
Tilbakebetalingar (post 90-99) |
174 178 |
174 178 |
131 378 |
42 801 |
0 |
Sum inntekter før statslånemidlar |
2 844 416 |
2 497 965 |
1 704 480 |
793 486 |
346 451 |
Netto post 01-89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar) |
-14 748 |
-370 457 |
331 702 |
-702 159 |
355 708 |
+ Netto lånetransaksjonar (post 90-99), utgifter og inntekter |
122 583 |
79 782 |
122 583 |
-42 801 |
42 801 |
= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar) |
107 834 |
||||
Sum inntekter med lånetransaksjonar |
2 952 251 |
Det oljekorrigerte underskotet i 2024 vart 331,7 mrd. kroner, som er 14,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 14,7 mrd. kroner, jf. òg tabell 1.4.
Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2024 med 4 053,0 mrd. kroner, som for det meste skriv seg frå auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan auka avsetjing av overførte midlar minkar eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4, note 17.
Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)
2024 |
2023 |
Endring |
|
---|---|---|---|
Sum eigedelar |
21 804 946 |
17 704 038 |
4 100 908 |
Sum gjeld |
882 889 |
834 943 |
47 946 |
Avslutningskonto (eigenkapital) |
20 922 057 |
16 869 095 |
4 052 962 |
Endring i eigenkapitalen: |
|||
Endra verdi Statens pensjonsfond utanom finanstransaksjonar |
3 958 430 |
||
Overskot før lånetransaksjonar |
14 748 |
||
Auka avsetjing av overførte midlar |
-2 018 |
||
Anna endring i eigenkapitalen |
81 803 |
Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2024 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap, og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN).
Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)
SPU |
SPN |
Samla |
|
---|---|---|---|
Netto kontantstraum |
702,2 |
702,2 |
|
– Overført statsbudsjettet |
346,5 |
346,5 |
|
Renter og utbyte |
402,8 |
19,3 |
422,1 |
Overskot |
758,6 |
19,3 |
777,8 |
Kapital per 31.12.2023 |
15 760,8 |
354,3 |
16 115,0 |
Overskot |
758,6 |
19,3 |
777,8 |
Valutakursregulering |
1 072,2 |
– |
1 072,2 |
Realiserte/urealiserte vinstar/tap |
2 100,8 |
7,6 |
2 108,4 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar |
42,8 |
42,8 |
|
Kapital per 31.12.2024 |
19 735,1 |
381,1 |
20 116,3 |
Endra verdi, fondskapital |
3 974,4 |
26,9 |
4 001,2 |
Tross eit stort oljekorrigert underskot dekt med overføring frå SPU og lågare netto kontantstraum enn i 2023, syner fondet samla eit overskot på 777,8 mrd. kroner i 2024, ein nedgang på 268,9 mrd. kroner frå 1 046,7 mrd. kroner i 2023. Netto auke i kapitalen i Statens pensjonsfond utland, inkludert finanstransaksjonar til fondet, vart 3 974,4 mrd. kroner. Kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 26,9 mrd. kroner. Samla sett auka dermed kapitalen i Statens pensjonsfond med 4 001,2 mrd. kroner.
1.2 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet
Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2023 og 2024.
Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01-89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarer til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.
Det oljekorrigerte underskotet i 2024 vart 331,7 mrd. kroner, som er 14,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Som rekneskapen syner, vart inntektene 11,7 mrd. kroner høgare og utgiftene 3,1 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga.
Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve. Det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet er etter Stortingets vedtak ved nysalderinga av budsjettet rekna til 431,0 mrd. kroner, som svarer til 2,7 prosent av kapitalen i Statens pensjonsfond utland og 10,7 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg. I saldert budsjett vart strukturelt, oljekorrigert underskot rekna til 409,8 mrd. kroner eller 2,7 prosent av fondskapitalen. Av Prop. 36 S (2024–2025) Ny saldering av statsbudsjettet 2024 går det fram at Finansdepartementet vil gje oppdaterte anslag for det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet i 2024 i revidert nasjonalbudsjett for 2025.
1.2.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2023 til 2024
Det oljekorrigerte underskotet i rekneskapen auka med 41,2 mrd. kroner frå 290,5 mrd. kroner i 2023 til 331,7 mrd. kroner i 2024. Tabell 1.4 syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 128,4 mrd. kroner, eller 7,2 prosent, frå 1 776,4 mrd. kroner i 2023 til 1 904,8 mrd. kroner i 2024. Inntektene auka med 87,2 mrd. kroner eller 5,9 prosent, frå 1 485,9 mrd. kroner i 2023 til 1 573,1 mrd. kroner i 2024.
Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2024 (tal i mill. kroner)
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Nysaldert budsjett 2024 |
Rekneskap 2024 |
||
---|---|---|---|---|---|
1. |
Statsbudsjettet |
||||
A |
Inntekter i alt |
2 494 401 |
2 388 642 |
2 310 380 |
2 323 787 |
A.1 |
Inntekter frå petroleumsverksemda |
1 008 461 |
858 166 |
748 954 |
750 685 |
A.2 |
Inntekter utanom petroleumsverksemda |
1 485 940 |
1 530 477 |
1 561 426 |
1 573 102 |
B |
Utgifter i alt |
1 806 800 |
1 892 961 |
1 955 777 |
1 953 331 |
B.1 |
Utgifter til petroleumsverksemda |
30 396 |
26 000 |
47 900 |
48 526 |
B.2 |
Utgifter utanom petroleumsverksemda |
1 776 404 |
1 866 961 |
1 907 877 |
1 904 804 |
= |
Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B) |
687 601 |
495 681 |
354 603 |
370 457 |
– |
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1) |
978 064 |
832 166 |
701 054 |
702 159 |
= |
Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2) |
-290 463 |
-336 484 |
-346 451 |
-331 702 |
+ |
Overført frå Statens pensjonsfond utland |
286 217 |
336 484 |
346 451 |
346 451 |
= |
Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1) |
-4 246 |
0 |
0 |
14 748 |
2. |
Statens pensjonsfond |
||||
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland |
978 064 |
832 166 |
701 054 |
702 159 |
|
– |
Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet |
286 217 |
336 484 |
346 451 |
346 451 |
= |
Netto avsett i Statens pensjonsfond utland |
691 847 |
495 681 |
354 603 |
355 708 |
+ |
Renteinntekter og utbyte i fondet2) |
354 881 |
360 600 |
408 177 |
422 108 |
= |
Overskot i Statens pensjonsfond1) |
1 046 728 |
856 281 |
762 780 |
777 816 |
3. |
Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond |
||||
Samla overskot1) |
1 042 482 |
856 281 |
762 780 |
792 564 |
1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.
2) For 2024 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 402,849 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) 19,259 mrd. kroner. For 2023 var renter og utbyte i SPU 338,582 mrd. kroner og i SPN 16,299 mrd. kroner. I 2024 vart det eit overskot i Statens pensjonsfond på 777,8 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 758,6 mrd. kroner. I 2023 synte SPU eit overskot på 1 030,4 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.
Kjelde: Finansdepartementet
Det auka utgiftsnivået i 2024 kjem mellom anna av høg pris- og lønsvekst. Som i 2023 er det særleg auka utgifter under folketrygda, tilskot til kommunar, fylkeskommunar og regionale helseføretak. Også i 2024 er det auka utgifter under forsvaret og andre økonomiske tiltak i samband med krigen i Ukraina. Straumstønaden til hushaldningane vart 10,3 mrd. kroner lågare enn i 2023. Lønsoppgjeret 2024 for statleg sektor gjekk til mekling med den konsekvens at oppgjeret ikkje vart ferdig i tide til å verte betalt ut i 2024. Drygt 2 mrd. kroner i etterbetaling for 2024 er overført som unytta løyving for utbetaling i 2025.
Auken i inntektene følgjer særleg av skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg som auka med 45,7 mrd. kroner, inntekter frå statens forvaltningsverksemder som auka med 9,8 mrd. kroner, overføringa frå Noregs Bank som auka med 9,5 mrd. kroner og renteinntekter og utbyte utanom Equinor som auka med 5,1 mrd. kroner. Tilbakeført tapsavsetjing for lån til små og mellomstore verksemder og vederlag frå oppdrettskonsesjonar auka inntektene med høvesvis 7,0 mrd. kroner og 4,7 mrd. kroner. Andre inntekter auka samla med 5,3 mrd. kroner.
1.2.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett 2
Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda vart 30,9 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 40,9 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 346,5 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2024, som er 10,0 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett.
Av 30,9 mrd. kroner i høgare inntekter kjem 9,1 mrd. kroner av høgare rente og utbyteinntekter og 7,2 mrd. kroner av høgare anslag på skatte- og avgiftsinntekter. Andre store inntektsaukar gjaldt mellom anna vederlag frå oppdrettskonsesjonar og tilbakeført tapsavsetjing for lån til små og mellomstore verksemder.
Utgiftene vart 40,9 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Det var særleg auka utgifter til forsvaret og støtte til Ukraina som følje av krigen. Også utgiftene under folketrygda, tilskot til kommunar og fylkeskommunar, politiet og til dei regionale helseføretak vart auka.
Budsjettutviklinga gjennom 2024 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2024–2025) Ny saldering av statsbudsjettet 2024.
1.2.3 Utviklinga etter nysalderinga
I statsrekneskapen for 2024 er det oljekorrigerte underskotet 331,7 mrd. kroner. Dette er 14,7 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringa i det oljekorrigerte underskotet 0,4 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og avviket i 2024 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Avviket i 2024 er lite, men noko større enn avviket på 0,1 prosent av BNP for Fastlands-Noreg i 2023. Sjå boks 1.1 om uvisse i budsjettanslaga.
Boks 1.1 Om uvisse i budsjettanslaga
Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.
Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.
Når budsjettet vert laga, er det mykje av den faktiske utviklinga i budsjettåret ein ikkje enda har informasjon om. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal som kan forandre seg gjennom året. Rekneskapen vil i tillegg påverkast av nye politiske vedtak om pengebruk og eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet.
Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.
For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.
Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.
Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.
Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. I om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar. Likevel her det dei siste åra vore ein overvekt av år med avvik mindre enn null og avvika i kroner har vore relativt store. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien i 2020 gav større endringar enn normalt, medan endringane etter 2020 er relativt små.
Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1994 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,3 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1 underskot frå 1994 til 2024. Budsjett og rekneskap
1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2019.
Kjelder: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.
Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. Etter dette auka inntektene utanom petroleumsinntekter med 11,7 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka med 3,1 mrd. kroner. Statsrekneskapen for 2024 vert dermed gjord opp med eit overskot på 14,7 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar. Auken i skatte- og avgiftsinntektene på 9,0 mrd. kroner er nærare omtalt i kapittel 1.5.
Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga
Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner): |
||
Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg |
9 000 |
|
+ |
Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA |
-245 |
+ |
Inntekter frå statens forvaltningsverksemder utanom renteinntekter |
180 |
+ |
Inntekter under forsvaret/ Forsvarsbygg, kap. 4710/4720 |
577 |
+ |
Andre inntekter |
-415 |
= |
Auka inntekter utan meirinntekter |
9 097 |
+ |
Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter |
2 579 |
= |
Samla endring, inntekter |
11 676 |
Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga
Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner): |
||
Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530-2790 |
-117 |
|
+ |
Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89 |
389 |
+ |
Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632 |
-383 |
+ |
Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633 |
1 144 |
+ |
Straumstøtte, hushaldningar, kap. 1820 |
-1 116 |
+ |
Unytta løyving til lønskompensasjon 2024 |
-2 620 |
+ |
Politiet kap. 0440/0441, utan lønskomp. |
-532 |
+ |
Tilskot til NATOs og internasjonale driftsbudsjett, kap. 1700 |
-810 |
+ |
Rammetilskot kommunar/fylkeskommunar, kap. 0571/0572 |
980 |
+ |
Andre utgifter, netto |
-7 |
= |
Samla endring, utgifter |
-3 072 |
Departementa har rapportert 2,6 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.
Utgiftene vart 3,1 mrd. kroner lågare enn budsjettert. Statleg betalt meirverdiavgift vart 1,1 mrd. kroner høgare enn budsjettert. På grunn av reduserte straumprisar vart anslag på utgifter til straumstøtte til hushaldningar sette ned 5 mrd. kroner, frå 9,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 4,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett. I rekneskapen vart utgiftene redusert med ytterlegare 1,1 mrd. kroner. Mindreutgift på 2,6 mrd. kroner gjeld lønsoppgjeret 2024 som ikkje vart ferdig i tide til å verte betalt ut i 2024 og difor i stor grad er skyvd til 2025.
Endringar i utgiftene må òg sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, og nivået på overført, unytta løyving.
Overført, unytta løyving til 2025
Frå 2023 til 2024 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 20,8 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2024 til 2025 er på 22,8 mrd. kroner. Det er ein netto auke på 2 mrd. kroner, jf. tabell 1.7.
Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)
År |
Overført løyving |
Auke/nedgang (-) frå året før |
---|---|---|
2020–2021 |
25 923 |
9 660 |
2021–2022 |
26 768 |
845 |
2022–2023 |
21 648 |
-5 119 |
2023–2024 |
20 803 |
-845 |
2024–2025 |
22 770 |
1 966 |
Ein stor del av auken kjem av unytta lønskompensasjonsmidlar for 2024 som vart løyvd i samband med nysalderinga av 2024 budsjettet, men som ikkje vert utbetalte før i 2025.
Som følgje av at avgjerda frå Rikslønsnemnda kom i siste delen av november, var det sannsynleg at store deler av etterbetalinga av lønsoppgjeret for 2024 ikkje kunne gjerast innan utgangen av året. Dette kom mellom anna av at verksemdene fyrst måtte gjennomføre lokale lønsforhandlingar. Verksemder som måtte skyve etterbetaling av lønsoppgjeret for 2024 til 2025 ville få auka unytta løyving. For driftspostar kan unytta løyving overførast til neste budsjettermin, avgrensa til maksimalt 5 prosent av årets løyving på posten, jf. løyvingsreglementet § 5. Etter forslag i Prop. 36 S (2024–2025) Ny saldering av statsbudsjettet 2024 ga Stortinget Finansdepartementet fullmakt til å auke maksimalbeløpet for overføring utover 5-prosent. Dette for å unngå at overført løyving vert avkorta som følgje av auka mindreutgifter knytte til lønsoppgjeret. Finansdepartementet fekk òg fullmakt til å fastsetje ei overføring som minimum dekkjer kompensasjonsbeløpet. Tiltaka sikrar at verksemdene har disponibelt budsjett i 2025 til å dekkje etterbetalinga frå 2024.
Det er Justis- og beredskapsdepartementet (1,4 mrd. kroner), Forsvarsdepartementet (1,3 mrd. kroner) og Samferdselsdepartementet (0,5 mrd. kroner) som har hatt størst auke i overført, unytta løyving. Fleire departement har samla nedgang i overført, unytta løyving. Kommunal- og distriktsdepartementet (-0,9 mrd. kroner), Helse- og omsorgsdepartementet (-0,6 mrd. kroner) og Landbruks- og matdepartementet (-0,6 mrd. kroner) har størst nedgang. Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.
Frå 2023 til 2024 var det ikkje overførte midlar på lånepostar. Frå 2024 til 2025 er det overført 52 mill. kroner på ein lånepost under Nærings- og fiskeridepartementet.
1.3 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet
Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.
For saldert budsjett 2024 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 1,3 prosent. Etter vedtekne budsjettendringar 1. halvår 2024 vart han rekna til 2,5 prosent og etter nysalderinga til 3,4 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2024 er veksten rekna til 3,3 prosent. Før 2020 må ein til 2014 og 2009 for å finna lik eller høgare vekst. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.
Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst
År |
Årleg vekst i prosent |
---|---|
2015 |
2,9 |
2016 |
2,7 |
2017 |
1,9 |
2018 |
0,8 |
2019 |
1,8 |
2020 |
8,9 |
2021 |
-1,3 |
2022 |
1,2 |
2023 |
2,7 |
2024 |
3,3 |
1.4 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov
Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2023 har brutto finansieringsbehovet auka med 85,8 mrd. kroner, frå 22,0 mrd. kroner i 2023 til 107,8 mrd. kroner i 2024. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 19,6 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 120,0 mrd. kroner og kjem i stor grad av kapitalen på 100 mrd. kroner i infrastrukturfondet som var avvikla i 2023. Overskotet før lånetransaksjonar auka med 19,0 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 43,0 mrd. kroner som er 120,6 mrd. kroner meir enn i 2023. Det var ein nedgang i betalt avdrag på statsgjelda på 34,8 mrd. kroner i 2024 samanlikna med 2023. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.
Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2024 (tal i mill. kroner)
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Nysaldert budsjett 2024 |
Rekneskap 2024 |
||
---|---|---|---|---|---|
Lånetransaksjonar utan petroleumsverksemda |
|||||
Utlån, aksjeteikning m.m. |
169 541 |
157 977 |
189 151 |
189 165 |
|
– |
Tilbakebetalingar |
251 386 |
124 103 |
131 904 |
131 378 |
– |
Overskot i statsbudsjettet |
-4 246 |
0 |
0 |
14 748 |
= |
Netto finansieringsbehov |
-77 599 |
33 874 |
57 247 |
43 039 |
+ |
Gjeldsavdrag |
99 632 |
68 000 |
63 125 |
64 795 |
= |
Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet |
22 033 |
101 874 |
120 372 |
107 834 |
Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda |
|||||
Sal av aksjar i Equinor ASA m.m. |
39 071 |
0 |
42 801 |
42 801 |
|
– |
Utlån, aksjeteikning m.m. |
0 |
0 |
0 |
0 |
= |
Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland1) |
39 071 |
0 |
42 801 |
42 801 |
1) Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overført til Statens pensjonsfond, jf. kap. 2800, post 96.
Kjelde: Finansdepartementet.
Det vart i 2024 overført 42,8 mrd. kroner til Statens pensjonsfond utland, jf. kap. 2800 Statens pensjonsfond utland, post 96 Finanspostar overført til fondet. Det er 3,7 mrd. kroner meir enn i 2023. Dette er inntekter knytte til Equinor sitt atterkjøp av aksjar, jf. kap. 3955 Equinor ASA, post 96 Sal av aksjar.
Samla utgifter til utlån vart marginalt høgare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.
Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Husbanken, kap. 2412 |
-1 357 |
Eksportkredittordninga, kap. 2429 |
749 |
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 1565 |
538 |
Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410 |
457 |
Innovasjon Noreg, kap. 2421 |
-320 |
Eigenkapitalinnskot, kap. 0950 |
-52 |
Andre utlån, netto |
-0 |
Samla endring utlån |
15 |
Samla meirutgifter knytte til lånetransaksjonar på 15 mill. kroner svarer til 0,0 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgifter på utlån under Husbanken som svarer til 5,5 prosent av løyvinga og meirutgifter under Eksportkredittordninga og bustadlånsordninga som svarer til høvesvis 6,2 og 1,7 prosent av løyvinga.
Tilbakebetalingane vart 0,5 mrd. kroner lågare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.
Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Husbanken, kap. 5312 |
-1 133 |
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 4565 |
641 |
Eksportkredittordninga, kap. 5329 |
-143 |
Forskot på rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar, kap. 3571, 3572 |
141 |
Innovasjon Noreg, kap. 5325 |
-45 |
Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310 |
12 |
Andre tilbakebetalingar, netto |
0 |
Samla endring i tilbakebetalingane |
-526 |
Netto utlån vart dermed 541 mill. kroner meir enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 14,7 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 14,2 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.
Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2024 vart 64,8 mrd. kroner, som er 1,7 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed 12,5 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.
Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. I 2024 var det inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2024 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.
1.5 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg
Statsrekneskapen for 2024 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 397,8 mrd. kroner i 2024, ein auke på 45,7 mrd. kroner eller 3,4 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.
Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Nysaldert budsjett 2024 |
Rekneskap 2024 |
|
---|---|---|---|---|
Skattar på formue og inntekt |
431,6 |
418,5 |
438,3 |
444,6 |
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift |
428,8 |
455,5 |
455,5 |
454,5 |
Tollinntekter |
3,7 |
3,8 |
3,9 |
3,9 |
Meirverdiavgift |
378,6 |
398,9 |
384,5 |
387,9 |
Avgifter på alkohol |
16,4 |
17,0 |
16,4 |
16,4 |
Avgifter på tobakk |
7,4 |
7,3 |
7,6 |
7,7 |
Avgifter på motorvogner |
19,5 |
20,6 |
20,6 |
20,6 |
Andre avgifter |
66,2 |
60,1 |
62,0 |
62,2 |
Sum skattar og avgifter |
1 352,1 |
1 381,7 |
1 388,8 |
1 397,8 |
I statsrekneskapen for 2024 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 16,2 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er auka med 1,2 prosent gjennom 2024. Ved nysalderinga av 2024-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 388,8 mrd. kroner, som er 7,2 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 9,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Av dette gjeld 6,3 mrd. kroner skatt på formue og inntekt og 3,4 mrd. kroner innbetalt meirverdiavgift. Innbetalt arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift vart 1,0 mrd. kroner lågare en i nysaldert budsjett. Andre skattar og avgifter vart om lag som budsjettert.
Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 397,8 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2024 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 444,6 mrd. kroner. Dette var 3,0 prosent høgare enn i 2023. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 454,5 mrd. kroner i 2024, ein auke på 6,0 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 2,5 prosent, til 387,9 mrd. kroner i 2024. Frå 2023 til 2024 minka andre særavgifter og tollinntekter med 2,1 prosent, frå 113,2 mrd. kroner til 110,8 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.
1.6 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland
Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE, jf. kap. 5440. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 702,2 mrd. kroner, som er 1,1 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13. Det er 130,0 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og må sjåast i samanheng med at anslaget på inntektene frå petroleumsskatt og avgifter og SDØE-inntekter vart sett ned tilsvarande i nysalderinga samanlikna med saldert budsjett.
Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Nysaldert budsjett 2024 |
Rekneskap 2024 |
Endring |
|
---|---|---|---|
Petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift |
420 497 |
420 339 |
-158 |
Inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) |
266 500 |
267 768 |
1 268 |
Utbyte frå Equinor ASA |
61 957 |
62 578 |
621 |
– Utgifter, statleg petroleumsverksemd |
47 900 |
48 526 |
626 |
= Netto petroleumsinntekter |
701 054 |
702 159 |
1 105 |
Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2024 vart 355,7 mrd. kroner, som er overført frå statskassa til fondet. I 2024 var det òg netto finanstransaksjonar førte på kap. 2800, post 96 på i alt 42,8 mrd. kroner. Medrekna finanstransaksjonar vart det avsett 398,5 mrd. kroner i fondet. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.