Meld. St. 38 (2015–2016)

Noregs deltaking i den 70. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

1 Vurderande samandrag

Opninga av FNs 70. generalforsamling starta med høgtidsstemning og optimisme. 70-årsjubileet til FN gav opninga eit historisk preg. Talet på statsleiarar frå dei 193 medlemslanda som tok del, var rekordstort. Dei nye berekraftsmåla var vedtekne av FNs medlemsland på eit toppmøte veka før. For å sikre oppfølginga etablerte generalsekretæren i FN ei pådrivargruppe der den norske statsministeren er den eine av to leiarar.

Bakteppet til den 70. generalforsamlinga i FN var utanrikspolitisk turbulens og aukande akutte kriser. Samstundes var hausten 2015 i FN òg prega av viktige diplomatiske gjennombrot: Inngåing av atomavtalen med Iran, semje om finansiering for utvikling i Addis Abeba, vedtaking av dei nye berekraftsmåla og ein mogleg klimaavtale i Paris. Men konfliktane i mellom anna Syria og Libya hadde forverra seg. Situasjonen i Ukraina var fastlåst. Den humanitære krisa i Jemen var veksande, valdsnivået var høgt i Israel og Palestina, fredsprosessen i Sør-Sudan halta, og Burundi utvikla seg i negativ retning. Behovet for å førebyggje valdeleg ekstremisme, setje inn tiltak mot framandkrigarverksemd og kjempe mot terroristorganisasjonar som ISIL var svært tydeleg. Omfanget av asyl- og migrasjonsutfordringane, og dei dramatiske humanitære konsekvensane av rekordmange menneske på flukt, var òg ein del av den utfordrande utanriks- og tryggingspolitiske situasjonen.

Med dei alvorlege utfordringane verda står overfor er det behov for eit sterkt og effektivt FN. Etter at FN-pakta vart forhandla fram våren 1945, har Noreg vore ein konsekvent forsvarar av multilaterale løysingar og internasjonalt samarbeid. Dei viktige mellomstatlege avtalane om finansiering for utvikling, berekraftsmåla og klima som medlemslanda i FN forhandla fram i 2015, viser at FN er den nødvendige aktøren og arenaen som verda treng for å fremje utvikling og menneskerettar og for å finne felles løysingar knytte til globale utfordringar. I Addis Abeba sommaren 2015 vart det internasjonal semje om finansiering for utvikling. Her hadde Noreg ei hovudrolle i forhandlingane. Denne semja gav ein positiv giv i forhandlingane om berekraftsmåla. Vedtaket om berekraftsmåla var ein milepæl for FN, verda og Noreg. Høgnivåveka gav eit politisk løft i prosessen fram mot det som seinare skulle bli eit vellukka klimatoppmøte i Paris i desember. Heile 187 land hadde meldt inn nasjonale klimamål då Paris-avtalen vart inngått. Desse suksessane styrkte FN som den sentrale globale arenaen for felles løysingar, særleg når det gjeld utfordringar som gjeld miljø og utvikling.

Men trass i desse gode resultata i 2015 er FN og den multilaterale ordenen som vi kjenner, under press. FN utformar og held ved lag køyrereglar som er i vår interesse, mellom anna folkeretten og havretten. Vi må investere i FN. FN må styrkjast som ein mellomstatleg arena og som ein aktør i arbeidet med å løyse globale utfordringar. For å styrkje FN si evne til å oppfylle mandatet sitt er det naudsynt å reformere organisasjonen. Dette vert nettopp aktualisert av dei store felles utfordringane verda står overfor på alle hovudområda til FN: fred og tryggleik, menneskerettar og utvikling.

Noreg har arbeidd for at FN skal fungere betre og verte ein meir effektiv og moderne organisasjon. Dette gjeld særleg gjennom prosjektet FN70: Ein ny dagsorden, som Noreg sette i gang, der målet er å påverke – og støtte – den neste generalsekretæren i FN i arbeidet med å styrkje organisasjonen når det gjeld saker som ho eller han har innverknad på. Vi har òg spelt ei sentral rolle i å støtte initiativet til den noverande generalsekretæren om å gjere FNs fredsoperasjonar betre i stand til å løyse utfordringane som dei står overfor. Utgangspunktet er framlegga frå det uavhengige reformpanelet, som la fram rapporten sin i juni 2015, supplert av ekspertgjennomgangen av FNs fredsbyggingsarkitektur og studien om gjennomføringa av resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Noreg har prioritert arbeidet for å styrkje den operasjonelle kapasiteten til FN, mellom anna gjennom bidrag til FNs fredsoperasjonar, til førebyggjande diplomati og konfliktløysing, til styrkt koordinering og samordna innsats på landnivå og støtte til Generalsekretæren sitt initiativ Human Rights Up Front. Valdelig ekstremisme, det høge talet på flyktningar og dei mange konfliktane har medverka til at merksemda i stadig større grad vert retta mot dei grunnleggjande årsakene til at samfunn bryt saman. Her står samanhengane mellom respekt for menneskerettane, tryggleik og stabilitet sentralt. Vi har òg spelt ei framståande rolle i å styrkje FN si rolle i kampen mot framandkrigarverksemd og valdeleg ekstremisme.

Konfliktane i Syria, Sør-Sudan, Burundi, Libya, Israel og Palestina prega dagsordenen til Tryggingsrådet hausten 2015. Tryggingsrådet til FN var framleis prega av det kjølege tilhøvet mellom Russland og vestlege land. Trass i dette klarte Tryggingsrådet å verte samde på viktige område, til dømes om tiltak mot internasjonal terrorisme/ISIL, skiping av ei gruppe som granskar bruken av kjemiske våpen i Syria og oppfølging av FNs fredsoperasjonar. Resolusjonen om eit politisk vegkart for å løyse konflikten i Syria var eit viktig vedtak. Hausten 2015 markerte vi dessutan at det er 15 år sidan FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner fred og tryggleik vart vedteken. Det vart sett rekord i talet på innlegg i ein open debatt i Tryggingsrådet.

I september 2015 vart det vedteke å ha ein ny og meir open prosess for val av ny generalsekretær. Presidentane for Generalforsamlinga og Tryggingsrådet tok i fellesskap initiativet til å starte prosessen med val av ny generalsekretær ved å sende ut eit ope, felles brev der dei inviterte kandidatar til å søkje. Våren 2016 vart kandidatane inviterte til opne høyringar som både medlemslanda og sivilsamfunnet tok del i. Av enkeltståande hendingar er nok dette eit av dei viktigaste reformtiltaka for å fornye Generalforsamlinga i FN dei siste åra.

Hausten 2015 var 1. komité om nedrusting prega av eit krevjande forhandlingsklima etter at tilsynskonferansen for ikkje-spreiingsavtalen (NPT) ikkje kom fram til semje året før. Arbeidet i 2. komité for utvikling, miljø og økonomiske spørsmål var på mange måtar ein nedtur etter dei utviklingspolitiske suksessane som gjekk føre sjølve komitéarbeidet, med vedtak av Addis Abeba-agendaen for finansiering av utvikling og dei nye berekraftsmåla. Komiteen vart avslutta fleire veker på overtid etter krevjande forhandlingar, der særleg gruppa av utviklingsland hadde store interne samarbeidsproblem. Gjennom hausten markerte Noreg seg sterkt i 3. komité om menneskerettar, ikkje minst ved å føre fram to viktige resolusjonar om menneskerettsforkjemparar og internt fordrivne til positive utfall. 4. komité, som behandlar særskilte politiske spørsmål som Palestina og fredsbevarande og politiske operasjonar, var prega av splitting. Mange resolusjonar vart det ikkje full semje om, og dei vart tekne til avrøysting. I behandlinga av desse resolusjonane i plenum la Noreg i sitt innlegg vekt på den rolla vi har i gjevarlandsgruppa for Palestina, og streka under behovet for at partane må løyse de uteståande økonomiske spørsmåla. 5. komité klarte for første gong på lenge å kome i hamn med forhandlingane av FNs toårige budsjett før julekvelden. Dette er i seg sjølv ein milepæl og eit tydeleg teikn på eit betre forhandlingsklima. Fordelinga av bidrag frå medlemslanda til FN for dei neste tre åra er som før, utan nemneverdige endringar, trass i ein skjerpa debatt. I 6. komité, som behandlar rettslege spørsmål, var det høg aktivitet og mange resolusjonar, som alle vart vedtekne ved konsensus.