Ot.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke §§ 23, 24 og 36. Forslaget går ut på følgjande:

  • Oslo bispedømeråd blir utvida med ein representant frå døvekyrkjelydane, jf. forslag til endringar i § 23 første og andre ledd.

  • Kyrkjemøtet får mynde til å godkjenne forsøk med valkyrkjelydar som sjølv finansierer verksemda si, jf. forslag til § 24 nytt sjette ledd.

  • Kyrkjemøtet får mynde til å godkjenne forsøk med senka aldersgrense for røysterett ved kyrkjeleg val, forsøk med å halde val til kyrkjelege organ annakvart år og forsøk med direkte val til kyrkjeleg fellesråd og bispedømeråd, jf. forslag til § 24 nytt sjuande ledd.

  • Høvet til å leggje konfirmasjonsopplæring til skolen si tid blir stramma inn ved at det blir lovfesta krav om særlege grunnar og ved at mynde til å ta endeleg avgjerd blir lagt til kommunen, jf. forslag til endringar i § 36.