Ot.prp. nr. 76 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner og lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard

Til innhaldsliste

1 Innhald og bakgrunn for lovforslaget

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg til lov om endring i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner (Kulturminnelova). Forslaget er eit ledd i oppfølginga av norsk ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen av 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar (heretter kalla UNESCO-konvensjonen). Det formelle ansvaret for å følgje opp UNESCO-konvensjonen vart overført til Kultur- og kyrkjedepartementet frå Miljøverndepartementet i brev av 4. februar 2002. Konvensjonen fastset reglar som vernar om den fysiske kulturarven ved tiltak mot den illegale handelen med kulturgjenstandar. Statane som er part i konvensjonen forpliktar seg til å forby eksport og import av særskilde kulturgjenstandar, regulere tilbakesøking og retur av slike kulturgjenstandar, opprette nasjonale faginstitusjonar på området, delta i internasjonale tiltak for vern av kulturarv som er i fare som følgje av plyndring, og avgrense ulovleg handel ved registrering av kulturgjenstandar i handelsverksemd. I hovudsak knytte ansvaret for medlemsstatane seg til tre kategoriar: registrering og kontroll, forbod mot eksport og import og krav om tilbakeføring.

Utanriksdepartementet fremjar stortingsproposisjon om samtykke til å tiltre konvensjonen.

Kulturminnelova har reglar som til dels omhandlar dei same spørsmåla som konvensjonen, men dei aktuelle reglane i kulturminnelova er avgrensa til å gjelde innanfor verkeområdet til EØS-avtalen og for land som har ratifisert Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stjålne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar. Reglane har sin bakgrunn i EU-direktiv 93/7/EØF og rådsdirektiv 96/100/EF om tilbakelevering av kulturgjenstandar og ratifiseringa av Unidroit- konvensjonen (sjå Ot.prp. nr. 61 (1994-95) Om lov om endringer i 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner m.m. og Ot.prp. nr. 75 (1999-2000) Om lov om endringer i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, lov 9. desember 1966 nr. 1 om hevd og lov 2. juni 1978 nr. 37 om godtroerverv av løsøre).

Departementet foreslår endringar i gjeldande reglar om tilbakelevering av kulturgjenstandar i kulturminnelova §§ 23 a til 23 f. Departementet foreslår å etablere eit generelt forbod mot import av kulturgjenstandar som er ulovleg utførte frå statar som er part i særskilde avtaler om tilbakelevering av kulturgjenstandar og tiltak mot illegal import, eksport og handel med kulturgjenstandar der Noreg også er part. Forslaget inneber også ei endring i heimeltilvisinga i § 23 c om rettargangsreglar og § 28 om rette offentlege organ etter lova. Det skal givast ein heimel til å fastsetje utfyllande forskrifter om forbod mot utførsel, importforbod, prosedyrar for tilbakelevering og kva som skal reknast som kulturgjenstandar. Sidan konvensjonen skal gjerast gjeldande for Svalbard og Jan Mayen og dei norske bilanda, føreset det endringar i lov 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljølova) § 46 fjerde ledd, i forskrift av 21. juni 1974 nr. 8792 om fredning av kulturminner på Jan Mayen, i forskrift av 5. mai 1995 nr. 408 om vern av miljøet i Antarktis og i relevant forskrift for Bouvetøya.

Endringane i svalbardmiljølova vert gjorde i denne proposisjonen i samarbeid med Miljøverndepartementet. Forskriftane om fredning av kulturminne på Jan Mayen, om vern av miljøet i Antarktis og i relevant forskrift om Bouvetøya vert endra av Miljøverndepartementet som det departement som er ansvarleg for forskrifta.