Ot.prp. nr. 9 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg med dette fram forslag om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

I april 1997 la eit utval fram ei utgreiing, NOU 1997: 16 Tilskuddssystemet for private skoler, der somme spørsmål i tilknyting til tilskottssystemet for private skolar vart drøfta. Utgreiingsutvalet (Høybråten-utvalet) vart i mandatet bede om å vurdere om utrekninga av tilskott på ein god nok måte speglar dei underliggjande kostnadstilhøva i drifta av skolane, om tilskotta blir tildelte på ein måte som sikrar likebehandling mellom skolar av same slaget, om tilskottsordninga er oversiktleg nok, om ho er enkel i bruk og om ho er lett å etterprøve for dei som tek imot tilskott og for staten. I mandatet vart utvalet også bede om å sjå på § 27, første ledd i lova, der det heiter: «Alle offentlege driftstilskot skal koma elevane til gode». Utvalet vart vidare bede om å vurdere om dei reaksjonsformene som kan brukast mot skolar som nyttar tilskottsmidlar i strid med føresetnadene, eller som gir feil opplysningar, er gode nok.

Som oppfølging av utgreiinga frå Høybråten-utvalet, gjorde regjeringa i St prp nr 1 Tillegg nr 3 (1997-98) Om endring av St prp nr 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998 framlegg om endringar i tilskottsreglane og praktiseringa av dei. Stortinget tok ikkje framlegga til realitetshandsaming, men bad regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om tilskottssystemet for private skolar, jamfør Budsjett-innst S nr 12 (1997-98).

St meld nr 45 (1997-98) Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring vart lagd fram 28. mai 1998. I denne meldinga gjer departementet greie for sine framlegg til endringar i tilskottsordninga. Dei aller fleste framlegga er i samsvar med tilrådingane frå Høybråten-utvalet. Endringsframlegga er innarbeidde i St prp nr 1 (1998-99) om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999, og det blir lagt opp til at endringane skal gjelde frå 1. januar 1999. Dette gjer det naudsynt å foreslå somme endringar i privatskulelova.

I samband med handsaminga av St meld nr 45 (1997-98), jf Innst S nr 3 (1998-99), vedtok Stortinget å be regjeringa fremje nødvendige lovframlegg slik at opplæring innanfor «de menighetsrelaterte arbeidsfelt innen de religiøse trossamfunn» blir lagde inn under dei einskilde trussamfunna, kyrkjelydane og organisasjonane. Lovframlegg om dette er ikkje med i denne proposisjonen. Departementet vil arbeide vidare med å greie ut dei lovendringane Stortinget har bede om, og kjem attende til Stortinget med denne saka seinare.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sende utgreiinga frå Høybråten-utvalet på høyring 21. mai 1997, med svarfrist 20. august same året. Utgreiinga vart send til om lag 450 statsorgan, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, private skolar m.fl. Det kom inn 87 høyringssvar. Høyringssvara inneheldt få direkte kommentarar til framlegga til endringar i lova.

I samband med førehavinga av Ot prp nr 46 (1997-98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), var det gjort nokre tekniske endringar i privatskulelova, jamfør Innst O nr 70 (1997-98). Det er teke omsyn til desse tekniske endringane i dei framlegga som her blir sette fram.