Prop. 124 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2012 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar samt bruk av midlar til styrking av fastlegeordninga)

Til innhaldsliste

1 Takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

1.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2012 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund. Forhandlingane med desse organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

1.2 Forhandlingar om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar

Avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar gjeld frå 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2012 vedtok Stortinget at eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi ikkje skulle aukast. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.

Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2012 – 30. juni 2013, tok til i midten av mai 2012. Det same gjeld forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk psykologforening og staten og dei regionale føretaka. Forhandlingane mellom Norsk Fysioterapeutforening og staten og KS starta i byrjinga av mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram forhandlingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til folketrygda som følgje av nye avtalar frå 1. juli med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane som følgje av dei avtalane partane eventuelt kjem fram til. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.