Prop. 147 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 30. april 2012, i vedtak nr. 98/2012, å endre vedlegg XXI (Statistikk) til EØS-avtalen til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar. Forordninga skal bidra til å etablere eit samordna rammeverk for innsamling av miljødata.

Eitt av måla for EUs statistikkprogram for perioden 2008–2012 er å ta initiativ til å byte ut avtaler med unionsregelverk på område der det jamleg vert utarbeidd europeiske statistikkar av tilstrekkeleg høg utviklingsgrad. Denne forordninga er ein del av denne prosessen.

I og med at gjennomføringa av forordninga vil ha budsjettmessige konsekvensar for framtidige år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget i samsvar med Grunnloven § 26 andre ledd.

Avgjerda i EØS-komiteen og forordninga i uoffisiell norsk versjon følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.