Del 2
Budsjettforslag

4 Nærmare omtale av løyvingsforslaga mv.

Programområde 18 Energiformål

Programkategori 18.00 Administrasjon

Energidepartementet

Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Departementet er sektorforvaltar og har ansvar for styring av etatane Sokkeldirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Havindustritilsynet og eigaroppfølginga av Statnett SF, Gassnova SF og Gassco AS. Departementet har også ansvar for forvaltninga av Fond for CO2-handtering.

I 2025 blei det utført 168 årsverk i Energidepartementet. Departementet har ein energiråd ved Noregs delegasjon til EU i Brussel, ein energiråd ved ambassaden i Washington og ein energimedarbeidar ved OECD-delegasjonen i Paris.

Dei energipolitiske måla og oppgåvene til departementet for 2027, og resultat frå 2025, er omtalte under dei respektive programkategoriane.

Kap. 1800 Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

262 674

269 264

280 120

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

44 090

44 600

50 000

50

Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast

2 250

1 000

1 800

60

Utsira kommune – havvindutvikling

3 000

3 000

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

13 631

14 500

13 000

71

Norsk Oljemuseum

17 550

17 400

18 000

72

Tilskot til energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21

16 516

18 000

8 000

Sum kap. 1800

356 711

367 764

373 920

Om 2026

Ved stortingsvedtak 19. juni 2026 blei post 01 redusert med 1,42 millionar kroner, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å løyve om lag 280 millionar kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter, der lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 84 prosent. I tillegg til lønns- og prisjustering heng auken frå saldert budsjett 2026 saman med behov for auka saksbehandlingskapasitet i departementet.

For å handtere eit høgt aktivitetsnivå og meir komplekse oppgåver foreslår departementet å styrke kapasiteten internt. Formålet er å dekke eit aukande behov for analysar, utgreiingar og saksbehandling innanfor fornybar kraft, nettutbygging, naturfare og nasjonale sikkerheitsinteresser på energiområdet, og å hindre flaskehalsar i oppfølginga av saker frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Aktivitetsauken blir delvis motverka av at fleire fellestenester i departementsfellesskapet blei overførte til Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) og Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) 1. mars 2026.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

Departementet foreslår ei løyving på 50 millionar kroner og ei bestillingsfullmakt på 17 millionar kroner, jf. forslag til vedtak III. Løyvinga skal dekke utgifter til kjøp av eksterne tenester, oppdrag og prosjekt som er vesentlege for arbeidet i Energidepartementet, men som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å gjennomføre sjølv. Dette omfattar mellom anna større utgreiingar, analysar, utval, avgjerdsstøtte, uavhengige vurderingar, evalueringar og anna kunnskapsutvikling og formidling.

I 2027 omfattar løyvinga også midlar til å følge opp tiltak for raskare etablering av ny kraftproduksjon og bidra til gode prosessar for utvikling av straumnett som blei varsla i august 2026.

Kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag

Av den foreslåtte løyvinga er 20 millionar kroner knytte til kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag i regi av Riksantikvaren. Undersøkingane blir finansierte gjennom sektoravgift til kulturminnevern i regulerte vassdrag, som blir inntektsført under kap. 5582, post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag. Dei største planlagde undersøkingane i 2027 gjeld prosjekt i Altevatn/Barduvassdraget, Auravassdraget, Flåmsvassdraget/Kjosfoss, Holsvassdraget, Røssvatnet, Tokke-Vinjevassdraget og Vinstravassdraget/Mørstadstølen.

Post 50 Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 1,8 millionar kroner til tilskotsordninga for kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet i 2027.

Tilskotsordninga blir finansiert over både post 50 og post 72. Mål, målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging for ordninga er omtalte nedanfor. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til departementet.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å styrke kunnskapen om og arbeidet med energipolitikk i departementet. Dette omfattar forskings-, utviklings- og samarbeidstiltak som kan gi ny eller utvida kunnskap. Det kan også omfatte samhandlingstiltak innanfor sektoren som bidrar til meir effektiv måloppnåing, kostnadseffektive løysingar og kvalitetsforbetringar.

Tiltaka skal primært, men ikkje utelukkande, dekke relevante tema som ingen annan offentleg finansiert forskingsinnsats eller andre ordningar dekker.

Dei som kan få tilskot gjennom denne tilskotsordninga, er universitet, høgskolar, frittståande forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar som arbeider med forsking, formidling, forbetringstiltak og kompetanseutvikling innanfor energiområdet.

Tildelingskriterium og oppfølging

I behandlinga av søknader om tilskot innanfor ordninga skal det leggast særleg vekt på

  • geografiske og tematiske område som er særleg relevante for norsk energipolitikk

  • verdien av tiltaka og korleis dei bidrar i departementet sitt arbeid med å utforme energipolitikken

  • den allmenngyldige verdien av tiltak der erfaringar, formidling og metodar kan nyttast av andre

  • samarbeid og fellesfinansiering med organisasjonar og andre der forholda ligg til rette for å oppnå resultat som gir ny eller utvida kunnskap, formidling og/eller kompetanseoverføring om viktige tema innanfor energiområdet

Resultat 2025

Universitetet i Oslo

Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo fekk utbetalt 1,5 millionar kroner til å gjennomføre Energioppdraget 2025 og to seminar for realfaglærarar. Tiltaket bidrog til å styrke interessa for realfag og læringsutbyttet i faget. I tillegg støtta det lærarane i tverrfagleg undervisning etter læreplanverket (LK20). På seminara fekk dei oppdatert kunnskap om energibransjen og teknologiske innovasjonar, og innspel og inspirasjon til korleis energioppdraget kan gjennomførast. Totalt deltok 45 skolar frå grunnskole til vidaregåande i årets energioppdrag, og det kom inn 30 elevløysingar. Fleirtalet av deltakarskolane gjennomførte aktivitetar utanfor klasserommet og samarbeidde med lokale aktørar. Molde vidaregåande skole vann med arbeidet sitt om utnytting av spillvarme frå Nyhamna.

Det blei også utbetalt 750 000 kroner til Novemberkonferansen i Rio de Janeiro. Konferansen samla over 320 deltakarar og 120 foredragshaldarar frå Brasil og Noreg, og bidrog til å vidareutvikle forskings- og teknologisamarbeid innanfor energiomstilling, fornybar energi, petroleum, sikkerheit og digitalisering.

Post 60 Utsira kommune – havvindutvikling

Departementet foreslår ei løyving på 3 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 3 millionar kroner, jf. forslag til vedtak IV. Løyvinga er del av eit samla tilskot på inntil 9 millionar kroner til Utsira kommune fordelt over åra 2026–2028, med 3 millionar kroner i årlege utbetalingar. Tilskotet blir gitt fram til støttekonkurransen som etter planen skal gjennomførast i 2028.

Departementet tildelte to prosjektområde for havvind i Utsira Nord 13. februar 2026, og desse ligg delvis innanfor grensa til Utsira kommune. Løyvinga er øyremerkt til tiltak i kommunen for å handtere havvindutviklinga. Formålet er å legge til rette for at kommunen i større grad kan utnytte moglegheitene havvind fører med seg, og handtere konsekvensane og ringverknadene havvindutbygginga og -verksemda kan få for kommunen. Tilskotet er ei særordning og eit eingongstilfelle, grunngitt med den særeigne geografiske plasseringa og størrelsen til kommunen.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Departementet foreslår å løyve 13 millionar kroner til ulike internasjonale organisasjonar. Reduksjonen frå saldert budsjett 2026 heng saman med oppdaterte anslag og føresetnader for valutakursar.

ACER

Innlemminga av forordning 714/2009 om grensekryssande krafthandel og forordning 713/2009 i EØS-avtalen sikrar norsk deltaking i EUs byrå for samarbeid mellom nasjonale reguleringsmyndigheiter på energiområdet (ACER). Noreg betaler ein årleg kontingent, basert på ei utrekning av EFTA-landa sin finansieringsdel i byrå som Noreg deltar i gjennom EØS-avtalen.

International Energy Forum

International Energy Forum er ein global arena for energidialog. Forumet har som mål å legge til rette for stabile energimarknader og global handel med energi og teknologi, å styrke energisikkerheita og å utvikle prinsipp og retningslinjer for transparente og robuste energimarknader.

Massachusetts Institute of Technology

Gjennom å delta i forskingsprogrammet Joint Program on the Science and Policy of Global Change ved Massachusetts Institute of Technology får departementet faglege innspel, tilgang til eit breitt internasjonalt fagmiljø og styrkt kunnskap om globale problemstillingar knytte til energi, klima og samfunn. Forskingsprogrammet har ei tverrfagleg tilnærming til løysingar på globale klimautfordringar.

The Oxford Institute for Energy Studies

Gjennom å delta i programma ved instituttet får departementet innsikt i sentrale problemstillingar knytte til olje-, gass- og elektrisitetsmarknadene og tilgang til eit anerkjent tverrfagleg internasjonalt fagmiljø.

International Energy Agency

Noreg bidrar til dei internasjonale initiativa Clean Energy Ministerial (CEM) og Mission Innovation (MI), der sekretariatsfunksjonane ligg til Det internasjonale energibyrået (IEA). CEM er eit globalt forum for å fremme teknologi, informasjonsdeling og erfaringsutveksling innanfor energiomstilling og rein energi. Dei norske midlane går til drift av sekretariatet og til initiativ som fremmer CO2-handtering. MI er eit internasjonalt samarbeid som har til formål å fremme utvikling og bruk av nye klimavennlege energiteknologiar. Bidrag frå deltakaralanda finansierer sekretariatet til MI.

International Centre for Hydropower

Dette senteret har ei internasjonal kursverksemd der Noreg deler kompetanse frå vasskraftutvikling for å fremme berekraftige vasskraftløysingar og synleggjere norsk vasskraftkompetanse i den globale marknaden.

Post 71 Norsk Oljemuseum

Departementet foreslår å løyve 18 millionar kroner til Norsk Oljemuseum. Museet er eit nasjonalt senter som formidlar informasjon og kunnskap om utviklinga av petroleumsverksemda og kva verksemda har hatt og har å seie for det norske samfunnet. Hovudoppgåva til museet er å dokumentere og formidle den norske oljehistoria ved å samle inn og lagre historisk kjeldemateriale og gjere dette tilgjengeleg gjennom utstillingar og publikasjonar. Norsk Oljemuseum forvaltar sektoransvaret for museums- og kulturminnetiltak innanfor petroleumssektoren og er forankra i det generelle sektorprinsippet i miljø- og kulturminnepolitikken. Drifta blir finansiert gjennom offentlege tilskot frå stat, fylkeskommune og kommune, avkastning frå fondsmidlar, bidrag frå industrien og eigne inntekter.

Resultat 2025

Norsk Oljemuseum fekk i 2025 offentlege tilskot på om lag 21 millionar kroner til drift. Av desse kom 16,8 millionar kroner frå Energidepartementet. I tillegg fekk museet utbetalt dei resterande 0,75 millionar kronene av ei tilsegn på 1,5 millionar kroner til ei ny utstilling om berekraftig energiframtid. Dei samla inntektene var om lag 50,6 millionar kroner. Med 165 806 besøkande, det høgaste talet nokon gong, gav billettsalet høge inntekter.

I 2025 blei det gjennomført ei omfattande renovering av restaurantlokala og taktekking på hovudbygget. Museet opna utstillingane «Pappa» og «Virrevandring», og ferdigstilte industriminneprosjektet Gullfaks. Rehabiliteringa av den permanente klima- og energiutstillinga blei ført vidare gjennom eit spleiselag der midlane frå departementet inngår.

Museet har eit breitt skoletilbod tilpassa alle klassetrinn. Særleg sentralt står undervisningsopplegget i Energirommet for niande trinn i Stavanger. Totalt hadde museet om lag 11 000 skoleelevar på besøk i 2025 gjennom ulike formidlingsopplegg og undervisningsdagar for lærarstudentar.

Post 72 Tilskot til energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår ei løyving på 8 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 10 millionar kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Tilskotsordning for å styrke kompetansemiljø for havvind

Departementet foreslår å overføre ansvaret for tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind til Nærings- og fiskeridepartementet frå og med 2027. Formålet er å sikre at ordninga blir vurdert i samanheng med andre næringsretta verkemiddel som Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for, jf. omtalen av strukturendringar og omorganisering av verkemiddelapparatet i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Resultat 2025

Sørlandets Kompetansefond fekk i oppdrag å forvalte 10 millionar kroner til tilskotsordninga for å styrke kompetansemiljøa for havvind i 2025. Kompetansefondet lyste ut tilskotet i tråd med regelverket. Det kom inn éin søknad frå Nasjonalt kompetansesenter for havvind AS, som fekk tildelt tilskotet.

Kompetansesenteret lanserte prosjekta HavnERGI og VindKOMP fase 2 i 2025. Prosjekta har gitt strukturerte analysar av hamneinfrastruktur og kompetansebehov i verdikjeda til havvind.

I tillegg vidareutvikla senteret nettstaden havvind.no som nasjonal kunnskapsbank, med meir redaksjonell aktivitet, nye sider om prosjekt og arrangement og lansering av interaktivt læringsinnhald. Aktiviteten på nettsida har auka samanlikna med tidlegare år.

Hausten 2025 sette senteret i gang prosjektet LeverandørKRAFT i samarbeid med Norsk Industri. Prosjektet gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om konkurransekraft, marknadsutvikling og rammevilkår for norsk leverandørindustri innanfor havvind.

Senteret har også vore aktivt til stades på fleire sentrale møteplassar. Dette har bidratt til meir dialog mellom norsk leverandørindustri og sentrale havvindutbyggarar.

Tilskot til nasjonal kompetanseteneste for vindkraft på land

Departementet foreslår å sette av 5 millionar kroner til ordninga for tilskot til nasjonal kompetanseteneste for vindkraft på land. Ordninga blir lyst ut på nytt for 2027. Kompetansetenesta skal vere ein sjølvstendig og uavhengig aktør som skal gi eit landsdekkande tilbod om rettleiing og bistand til kommunar ved planlegging og behandling av konsesjonspliktige vindkraftanlegg. Departementet er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til departementet.

I august 2026 kunngjorde regjeringa at det vil komme forslag om endringar i regelverket for å forenkle den kommunale behandlinga av vindkraft på land, mellom anna ved å fjerne kravet om reguleringsplan etter plan- og bygningslova. Det vil bli gjort nærmare greie for endringsforslaget i eit høyringsnotat som vil bli sendt på offentleg høyring. Tidspunktet for når endringane kan tre i kraft, vil avhenge av den vidare behandlinga av forslaget.

Mål og målgruppe

Tilskotet skal bidra til at kommunane får betre tilgang på kunnskap og fagleg rettleiing om planlegging av vindkraft i eigen kommune. Etter lovendringane i plan- og bygningslova og energilova som tredde i kraft 1. juli 2023, fekk kommunane ei ny rolle i behandlinga av vindkraft på land. Mellom anna kan ikkje NVE, slik regelverket er no, gi konsesjon til eit tiltak før dette er planavklart etter plan- og bygningslova.

Formålet med tilskotet er å trygge kommunane i arbeidet med vindkraft gjennom etableringa av ei nasjonal kompetanseteneste. Tenesta skal formidle og utvikle kunnskap. Vidare skal ho tilby råd og rettleiing om prosessane for behandling av vindkraft.

Kompetansetenesta skal vere eit supplement til kommunane og skal ikkje utføre oppgåver på vegner av dei. Ho skal heller ikkje gi råd om kommunen bør stille seg positiv eller negativ til konkrete utbyggingsprosjekt. Tilbodet skal primært rette seg mot kommunar, men kan også vere relevant for fylkeskommunar.

Tildelingskriterium og oppfølging

Ved behandlinga av søknader om tilskot skal det leggast særleg vekt på

  • korleis tiltaka støttar utviklinga av ei nasjonal kompetanseteneste som skal rettleie og støtte kommunar i planlegginga og behandlinga av vindkraft på land, og slik bidra til lovmessig og effektiv kommunal behandling av vindkraftanlegg

  • korleis tiltaka støttar formålet med ordninga, og om dei er utløysande for gjennomføringa

  • om tiltaka legg til rette for å oppnå resultat eller etablere kunnskap om kommunale planleggingsprosessar og behandling av vindkraft på land

Resultat 2025

Nasjonalt kompetansesenter for landvind AS fekk i 2025 ei tilsegn om tilskot på inntil 7,5 millionar kroner for perioden 2025–2026 til etablering og drift av ei nasjonal kompetanseteneste for vindkraft på land, der 1,5 millionar kroner blei utbetalt i 2025. Nasjonalt kompetansesenter for landvind AS er eit konsortium sett saman av Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommuner (LNVK), Advokatfirmaet Lund & Co og THEMA Consulting Group AS, og som samarbeider med Fridtjof Nansens Institutt (FNI) og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU/MINA).

Kompetansesenteret har etablert eit landsdekkande og gratis lågterskeltilbod for å rettleie kommunar i planlegging og behandling av vindkraft på land. Senteret har vore i kontakt med ei rekke kommunar og har også besøkt både kommunar og kommunenettverk. Vidare har senteret deltatt på folkemøte og regionale forum, halde opne, gratis webinar og utarbeidd ein skatte- og avgiftskalkulator. Senteret har også lansert nettsida vindkraftsenteret.no med rettleiarar og ein eigen informasjonspakke retta mot kommunale aktørar.

Tilskotsordning for kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet

Departementet foreslår å sette av 3 millionar kroner til kompetanseutvikling og formidling med relevans for energiområdet.

Tilskotsordninga blir finansiert over både kap. 1800, post 50 og 72. Mål, målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging for ordninga er nærmare omtalte under kap. 1800, post 50. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til departementet.

Resultat 2025

Standard Noreg

Standard Noreg fekk utbetalt 3 millionar kroner til standardiseringsarbeid innanfor petroleum, lågkarbon og havenergi med hovudvekt på berekraft, fornybar energi og digitalisering. Standardisering legg til rette for effektiv og berekraftig ressursutnytting i energi- og petroleumssektoren.

Det er viktig å tilby standardane på eit digitalt format som opnar for effektivisering hos brukarane. Erfaringane frå digitaliseringa av NORSOK-dokumenta har vore viktige i utviklinga av digitale format. Standard Noreg har også arbeidd med løysingar som gjer det mogleg å bruke standardar med kravmerking direkte i digitale kravhandteringsverktøy.

Standard Noreg har også starta arbeidet med ein ny norsk standard for sikkerheit i design for anlegg for hydrogenbaserte energiberarar. I tillegg har organisasjonen arbeidd med utvikling av standardar knytte til karbonfangst og havvind.

Norsk Industri

Norsk Industri fekk utbetalt 1 million kroner til å gjennomføre ei kartlegging og ein analyse av leverandørverdikjeda for havvind. Midlane inngjekk i eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Industri og Nasjonalt kompetansesenter for havvind som starta hausten 2025. Arbeidet har resultert i rapporten LeverandørKRAFT, som gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om konkurransekraft, marknadsutvikling og rammevilkår for norsk leverandørindustri innanfor havvind. I tillegg har arbeidet bidratt til å synleggjere konkurransefortrinn og moglegheiter for vidare utvikling av næringa.

Fridtjof Nansens Institutt

Fridtjof Nansens Institutt fekk utbetalt 1 million kroner til å analysere utviklinga i russisk gassektor og gasspolitikk. Prosjektet har mellom anna bidratt til kunnskap om og realistiske analysar av utfordringane Noreg står overfor som gassprodusent og -eksportør.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen fekk utbetalt 16 000 kroner i støtte til Sampolkonferansen 2025, som hadde geopolitikk og energipolitikk som tema.

Kap. 4800 Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

10

Refusjonar

59

70

Garantiprovisjon, Gassco

2 320

2 200

2 200

Sum kap. 4800

2 379

2 200

2 200

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Energidepartementet har stilt ein garanti med ei samla ramme på inntil 1 milliard kroner for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som har oppstått som følge av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco AS, jf. garantifullmakt i Vedlegg 1. Garantiprovisjonen er sett til 70 prosent av forsikringspremien for den ordinære ansvarsforsikringa til Gassco.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

4 175

24 000

23 000

Sum kap. 5582

4 175

24 000

23 000

Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

NVE krev inn sektoravgift som blir pålagd ved vilkårsrevisjonar og ved fornying av konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei stilt krav om eller gjennomført arkeologiske undersøkingar før utbygging. Konsesjonæren betaler eit eingongsbeløp berekna ut frå produksjonskapasiteten i reguleringsmagasinet (GWh). NVE bereknar magasinkapasiteten for reguleringa og sender krav om innbetaling av sektoravgift til kvar enkelt konsesjonær etter vedtak om revisjon eller fornying.

Anslaget for 2027 er basert på forventa ferdigstilling av revisjonssaker knytte til mellom anna Fortun/Grandfasta og Bergsdalen/Dale.

Sektoravgifta finansierer Riksantikvarens kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag over kap. 1800, post 21.

Programkategori 18.10 Petroleum m.m.

Denne programkategorien omfattar i all hovudsak ressursforvaltninga knytt til petroleumsverksemda, men også ressursforvaltninga knytt til CO2-lagringskapasiteten og mineralførekomstane på norsk kontinentalsokkel.

Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs er omtalt i programkategori 18.60.

Utviklingstrekk

Petroleumssektoren

Petroleumsverksemda er Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Det har ho vore dei siste tiåra, og det vil ho venteleg vere i mange år framover også. I 2025 stod petroleumsverksemda for rundt 20 prosent av all verdiskaping i landet og 44 prosent av eksportverdiane.

Petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapen, og verksemda er viktig for finansieringa av velferdsstaten. Den samla netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten i 2025 var på 664 milliardar kroner. I 2026 er det anslått at han vil vere på 671 milliardar kroner, medan anslaget for 2027 er 568 milliardar kroner. Ein betydeleg del av den samla olje- og gassformuen kan framleis ligge i bakken, men kor stor formue som er igjen, kjem an på framtidige prisar, påvising av ressursar, produksjon og kostnader.

Petroleumssektoren i Noreg er ei eksportverksemd som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda, ikkje minst i Europa. Noreg er den største produsenten og einaste betydelege nettoeksportøren av olje og gass i Europa.

I 2025 blei det produsert totalt 239 millionar Sm3 oljeekvivalentar (o.e.), noko som svarer til i overkant av 4 millionar fat o.e. per dag. Det er litt over den gjennomsnittlege petroleumsproduksjonen dei siste 30 åra. Oljeproduksjonen var på sitt høgaste sidan 2009. Gassleveransane frå norsk kontinentalsokkel heldt seg også på eit historisk høgt nivå. Totalt blei det produsert og selt om lag 121 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) gass i 2025, ein nedgang på rundt 3 prosent frå 2024. I 2026 er norsk gassproduksjon anslått til om lag 123 milliardar Sm3.

Europa er svært importavhengig når det gjeld både gass, råolje og oljeprodukt. Noreg er den største enkeltkjelda til gass i Europa og svært viktig for energiforsyninga i EU og Storbritannia. I dag dekker Noreg om lag 30 prosent av den samla gassbruken i EU og Storbritannia. Norsk oljeproduksjon dekker om lag 15 prosent av oljeforbruket i EU og Storbritannia. Produksjonen frå norske olje- og gassfelt er dermed viktig for den europeiske energisikkerheita. Både gass og råolje blir selde i globaliserte marknader. Felta på norsk kontinentalsokkel dekker samla 2–3 prosent av det globale forbruket av olje og gass.

Europa er avhengig av å importere gass på skip (LNG) for å dekke gassbehovet. Gassprisen i Europa blir derfor i stor grad bestemt av kostnaden ved å importere LNG, som igjen blir styrt av tilbod og etterspørsel i den globale LNG-marknaden. Prisen blir fastsett i konkurranse mellom dei LNG-importerande regionane og er dermed avhengig av den samla etterspørselen, særleg frå Europa og Asia, og av det globale LNG-tilbodet. Tilsvarande er råolje ei global handelsvare.

Den samla etterspørselen frå petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel mot fastlandsnæringane ligg på eit høgt nivå og bidrar til økonomisk aktivitet og sysselsetting over heile landet. I 2025 stod petroleumsverksemda for 22 prosent av dei totale investeringane i produksjonskapital i Noreg. Både utbygging og drift har store ringverknader på fastlandet. Econ Intel (2026) har berekna den totale sysselsettinga knytt til næringa i 2025. Om lag 215 000 personar busette over heile landet var direkte eller indirekte tilknytte næringa.

Petroleumsnæringa er teknologisk avansert og høgproduktiv. Verdiskapinga per årsverk er om lag 38 millionar kroner, mot 1,5 millionar i Fastlands-Noreg.1 Den høge produktiviteten underbygger den høge levestandarden i Noreg. Næringa stimulerer til positiv nærings- og teknologiutvikling i heile den norske økonomien og bidrar dermed på mange måtar til ei positiv samfunnsutvikling.

Det totale estimatet for påviste og ikkje-påviste utvinnbare ressursar er på 15,7 milliardar Sm3 o.e. Ved utgangen av 2025 var 57 prosent av desse selde og leverte til marknaden. 18 prosent ligg i eksisterande felt, 3 prosent ligg i ikkje-utbygde funn, og 22 prosent er ikkje påviste enno. Estimatet for ikkje-påviste ressursar er særleg usikkert. Det inkluderer også ressursar i område som ikkje er opna for petroleumsverksemd. I 2025 blei 55 prosent av produksjonen erstatta av auka ressursar i felt og funn.

I 2025 var leiteaktiviteten og ressurstilveksten ein del høgare enn i 2024. Det blei avslutta 49 leitebrønnar og gjort 21 olje- og gassfunn, med eit førebels samla ressursestimat på om lag 67 millionar Sm3 o.e. Med unntak av 2010, da Johan Sverdrup blei påvist, har ikkje nye funn erstatta produksjonen sidan 1990-talet. Funnsuksessen mellom 2010 og 2025 var på nær 50 prosent, noko som er høgt i internasjonal samanheng. Den samla samfunnsøkonomiske avkastninga frå leiting dei siste 25 åra har vore høg. I denne perioden har kvar krone investert i leiting gitt om lag 4 kroner tilbake.2 I 2026 er det venta rundt 30 leitebrønnar.

Ressursbasen på kontinentalsokkelen blir meir moden over tid ved at den akkumulerte produksjonen aukar og havområda blir meir utforska. Auka modnad gjer at ressurstilveksten per leitebrønn er venta å minke gradvis, sjølv om historia har vist at det kan gjerast store overraskingsfunn i meir modne og utforska område også. Særleg Nordsjøen og Norskehavet har store område som er svært modne. Mange av funna som blir gjorde no, ligg nær eksisterande infrastruktur som dei kan fasast inn til, slik at dei kan utviklast kostnadseffektivt og dermed ha god lønnsemd. Funn som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur, kan også bidra til å forlenge produksjonen frå eksisterande felt og levetida på infrastrukturen og gjere det lønnsamt å leite meir i nærområdet.

Dagens funnportefølje inneheld få funn med store utvinnbare ressursar som forsvarer sjølvstendige utbyggingar. Dette vil særleg kunne påverke tilgangen på nye oppdrag for den delen av leverandørindustrien som er retta mot slike utbyggingar. For framtidig aktivitet er det særleg viktig at også dei store funna Wisting, Linnorm og Peon blir bygde ut. Utan nye, store og drivverdige funn blir det vanskeleg å halde oppe eller bremse ein framtidig nedgang i produksjon, sysselsetting, verdiskaping og statlege inntekter – og unngå ei unødig brå endring i næringsstrukturen langs kysten. Potensialet for store funn i opne område er venteleg størst i Barentshavet, som er det minst utforska opna havområdet på kontinentalsokkelen.

Med dagens planar og prosjekt er det venta at produksjonen på norsk kontinentalsokkel blir liggande på eit stabilt og høgt nivå dei nærmaste åra. Ut på 2030-talet reknar ein derimot med at han vil gå gradvis nedover. Utan tiltak som aukar utvinninga, for eksempel boring av nye brønnar, vil produksjonen frå eit felt typisk falle med om lag 10 prosent årleg. Produksjon frå nye investeringar vil ikkje vege opp for fallet i den eksisterande produksjonskapasiteten.

Produksjon frå gjennomførte investeringar og tiltak (reservar) er anslått å falle med nær 65 prosent frå 2025 til 2035. For kontinentalsokkelen samla sett er det derfor behov for store investeringar både i lønnsame tiltak for å auke utvinninga på eksisterande felt og i utvikling av nye, lønnsame felt for å bremse det naturlege fallet i produksjonen frå eksisterande felt framover.

Dei totale petroleumsinvesteringane, inkludert leite- og fjerningskostnader, var i 2025 på rundt 281 milliardar kroner. Per 1. september 2026 er tolv utbyggingsprosjekt i gang. Fire av dei er prosjekt for vidareutvikling av felt i produksjon. Desse prosjekta er med og held investeringsnivået oppe. Det er viktig for å bremse fallet i produksjonen det neste tiåret.

Per 1. september 2026 var 102 felt i produksjon. Det blir kontinuerleg gjort investeringar i eksisterande felt, slik at utvinningsgraden og levetida aukar, samtidig som nye felt blir bygde ut. Dei fleste nye utbyggingar er havbotnutbyggingar som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur. Slike utbyggingar er kvar for seg store industriprosjekt i eit nasjonalt perspektiv.

I 2025 godkjende departementet plan for utbygging og drift (PUD) for Fram Sør-prosjektet. Hittil i 2026 har departementet godkjent utbyggingsplan for gjenopning av gassfelta Albuskjell/Vest Ekofisk og Tommeliten Gamma.

Oljemarknaden

Etter fleire urolege år med pandemi og energikrisa som følgde etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina stabiliserte oljemarknaden seg relativt raskt. Ved inngangen til 2025 var det forventningar om ein balansert marknad og gode økonomiske utsikter, men året blei prega av resesjonsfrykt og teikn til ein metta marknad. Amerikanske handelstiltak dempa forventningane til global vekst og oljeetterspørsel, samtidig som produksjonsopptrapping frå OPEC+ bidrog til eit betydeleg tilbodsoverskot og aukande lager. Samla sette dette oljeprisen under press. Mot slutten av 2025 bidrog nye handelsavtalar til auka optimisme. Den gjennomsnittlege oljeprisen i 2025 var 69 dollar per fat, ned frå 81 dollar per fat i 2024.

2026 starta med utsikter til ein metta marknad, framleis aukande lager og låge prisar. Situasjonen snudde brått da USA og Israel gjekk til angrep på Iran 28. februar. Skipstrafikken gjennom Hormuzsundet, ei kritisk transportåre for om lag 20 prosent av verdas oljeforsyning, stoppa i praksis opp, og betydelege mengder råolje kom ikkje lenger ut på verdsmarknaden.

Ifølge IEA har konflikten utløyst dei mest omfattande tilbodsforstyrringane i den globale oljemarknaden nokon gong. Oljeprisen nådde eit historisk toppnivå på over 144 dollar per fat 7. april 2026, men fall deretter tilbake for ein periode. I september 2026 auka konfliktnivået igjen, eksportrutene blei på ny delvis stengde og prisane steig. Prisvolatiliteten har vore svært høg. Tilbodsbortfallet har blitt delvis motverka av eksport frå Midtausten gjennom alternative ruter, redusert kinesisk import, redusert forbruk og store uttak frå lager. Ein har også sett auka produksjon, særleg frå USA, Canada, Brasil, Guyana og Argentina, men ikkje nok til å dekke bortfallet frå Midtausten. IEA anslår derfor at det globale oljetilbodet vil falle med meir enn 5 prosent i 2026. Utviklinga i Midtausten, og kor lang tid det vil ta før skipstrafikken blir normalisert, blir avgjerande for den vidare utviklinga i 2026 og åra som kjem. Det vil ta fleire månader frå Hormuzsundet blir opna heilt opp, til verdikjedene er tilbake i ein normalsituasjon. Så langt i år (per 15. september) har oljeprisen i gjennomsnitt vore om lag 92 dollar per fat.

Oljeetterspørselen følger den globale økonomiske veksten. I 2025 var veksten i den petrokjemiske industrien lågare enn året før, tyngd av internasjonale handelsforstyrringar, medan etterspørselsveksten frå transportsektoren var om lag uendra. Robust økonomisk aktivitet i dei fleste store marknadene trekte etterspørselen etter transporttenester opp, medan elektrifisering og auka bruk av biodrivstoff dempa den samla effekten. Ein betre forsynt oljemarknad, med lågare oljeprisar enn året før, bidrog til å halde oljeetterspørselen oppe i 2025. Nesten heile veksten i oljeetterspørselen kom frå framveksande økonomiar, og over halvparten frå Aust-Asia. Kina stod for den største delen av veksten, sjølv om vekstraten var betydeleg lågare enn før pandemien. Det var også betydeleg vekst i Afrika, hovudsakleg i Nigeria.

I 2026 gjekk etterspørselen ned som følge av krigen i Midtausten og dei høge prisane. IEA ventar at den globale oljeetterspørselen vil falle med i gjennomsnitt 2,5 millionar fat per dag i 2026, men at utviklinga vil snu til vekst igjen i 2027.

På tilbodssida ventar IEA eit kraftig fall i 2026 på 5,7 millionar fat per dag som følge av bortfallet av eksport frå Midtausten. Fallet er dempa noko av auka tilbod frå USA, Canada, Brasil, Argentina og Guyana. I 2027 ventar IEA ein sterk tilbodsvekst, hovudsakleg driven av OPEC+ og dei fem nemnde landa, til eit samla nivå som er høgare enn i 2025. Frå norsk sokkel er det venta ein svak nedgang i produksjonen i 2026.

Estimata for oljemarknaden den nærmaste tida er usikre, ettersom dei er sterkt avhengige av den vidare utviklinga i Midtausten. På litt lengre sikt er analysemiljøa i stor grad einige om at oljeetterspørselen vil stige, særleg driven av petrokjemisk sektor. Auken i etterspørselen speglar økonomisk utvikling og folketalsauke i framveksande økonomiar. Deretter er det venta at etterspørselen vil flate ut og nå ein topp på 2030-talet, etter kvart som veksten innanfor petrokjemi i aukande grad blir motverka av lågare forbruk i transportsektoren.

På kort sikt knyter den største uvissa seg til utviklinga i Midtausten. Dersom tilbodsbortfallet varer over tid, kan det få negative konsekvensar for verdsøkonomien og dermed føre til lågare oljeetterspørsel. På mellomlang sikt er det også uvisse knytt til dei framtidige produksjons- og eksportvoluma frå Russland og Iran. Begge landa er underlagde vestlege sanksjonar som påverkar produksjonskapasiteten, investeringane og tilgangen deira til internasjonale marknader. I tillegg er russisk oljesektor framleis utsett for ukrainske droneangrep, som særleg rammar raffinerings- og eksportkapasiteten.

Også konsekvensane av amerikanske handelstiltak er framleis usikre og utgjer ein vesentleg risikofaktor for verdsøkonomien og dermed også for oljeetterspørselen. Ifølge Det internasjonale pengefondet (IMF) kan ein handelskrig forlenge perioden med høg inflasjon, noko som kan bidra til å dempe den økonomiske veksten over lengre tid.

Utgangspunktet før krigen i Midtausten var ein metta oljemarknad med høge lagernivå og låge prisar. Dersom krigen blir avslutta og marknaden etter kvart normaliserer seg, er det venta at denne situasjonen gradvis vil vende tilbake. Ein mogleg prisnedgang blir likevel avgrensa av at låge prisar kan føre til redusert produksjon av amerikansk skiferolje, og at OPEC+ kan sette inn nye tiltak ved behov. Mange oljeproduserande land er dessutan avhengige av relativt høge oljeprisar for å balansere budsjetta sine.

Gassmarknaden

Utbygging av LNG-kapasitet (flytande naturgass) har knytt saman tidlegare regionale gassmarknader og gjort handelen med gass meir global. Derfor heng gassprisane i ulike delar av verda tettare saman.

Europa importerer store mengder LNG for å dekke gassbehovet sitt. Norsk gass, som hovudsakleg blir eksportert via røyrleidningar, er Europas største enkeltkjelde til gass. Eksporten frå Noreg står for om lag 30 prosent av det samla gassforbruket i EU og Storbritannia. Etter 2022 har det komme betydeleg mindre russisk røyrgass til EU. Den gassen som framleis kjem, går via Tyrkia. LNG, særleg frå USA, men også frå Russland, har i stor grad erstatta den russiske røyrgassen. EU har vedtatt å fase ut importen av all russisk gass seinast innan november 2027.

Det at Europa er avhengig av LNG-import, gjer at dei europeiske gassprisane i aukande grad blir styrte av den globale marknaden. Gjennom andre halvår 2025 bidrog sterk vekst i LNG-produksjonen, særleg i USA, til å dempe prisane og skape forventningar om ein meir balansert marknad i 2026. Ved inngangen til 2026 venta IEA at nye prosjekt, særleg i Nord-Amerika, ville gi den sterkaste veksten i LNG-tilbodet sidan 2019.

Prisutsiktene endra seg da krigen i Midtausten eskalerte våren 2026. Frå starten av mars førte stenginga av Hormuzsundet og angrep på energiinfrastruktur i regionen til store forstyrringar i LNG-marknaden. Utskipinga frå Qatar og Dei sameinte arabiske emirata, som samla står for 20 prosent av LNG-eksporten i verda, blei kraftig redusert. I tillegg førte iranske missilangrep mot LNG-anlegga ved Ras Laffan i Qatar til store skadar på eksportkapasiteten. Om lag 17 prosent av kapasiteten blei sett ut av drift og vil krevje omfattande reparasjonar. Den estimerte reparasjonstida på tre til fem år inneber eit langvarig bortfall av kapasitet. Situasjonen i Midtausten har utløyst sterk prisvolatilitet og sendt gassprisane i både Europa og Asia til dei høgaste nivåa sidan energikrisa i 2022–2023.

Asiatiske importland blei særleg hardt ramma, ettersom dei er sterkt avhengige av LNG-import frå Midtausten. Den reduserte tilgangen på LNG globalt førte til sterk konkurranse om dei tilgjengelege lastane, særleg mellom Asia og Europa. Dette dreiv prisane opp, og fleire asiatiske land reduserte LNG-importen og auka bruken av andre energikjelder, som kol, for å avgrense kostnadene. Etterspørselen etter gass har samla sett blitt svakare i fleire prissensitive marknader. Europa kom ut av ein kald vintersesong med relativt låge gasslagernivå. Trass i eit stort behov for å bygge opp igjen lagera har fyllinga gått seinare enn tidlegare år, og lagernivåa var i august dei lågaste på mange år.

Nye LNG-eksportanlegg i Nord-Amerika har bidratt til å dempe verknadene av bortfallet frå Midtausten, men marknadsbalansen er framleis stram. IEA vurderer at hendingane i Midtausten kan redusere den globale LNG-veksten dei kommande åra og dempe effekten av den venta bølga av ny LNG-kapasitet noko.

Skipstrafikken gjennom Hormuzsundet er framleis sterkt avgrensa. Berre eit fåtal fartøy passerer sundet, medan mange reiarlag og forsikringsselskap framleis vurderer risikoen som høg. Det er enno usikkert når transporten og LNG-forsyninga vil vere tilbake på normale nivå.

Uvissemomenta framover er særleg knytte til normaliseringa av LNG-eksporten frå Midtausten, utviklinga i asiatisk etterspørsel og oppstarten av nye LNG-prosjekt i Nord-Amerika. Geopolitiske konfliktar, kritiske transportruter og ugunstige vêrforhold kan gi store svingingar i gassmarknadene, særleg som følge av låge europeiske gasslager før vintersesongen.

Tilrettelegging for kommersiell CO2-lagring

CO2-handtering omfattar både fangst, transport, bruk og lagring av CO2. I Prop. 97 S (2022–2023) omtalte regjeringa arbeidet myndigheitene gjer med tildeling av lagringsareal, og reguleringsregimet rundt dette. Departementet sitt arbeid med CO2-handtering er også omtalt under programkategori 18.30.

Storskala CO2-lagring på kontinentalsokkelen er i oppstartsfasen. Eitt prosjekt er sett i drift: Northern Lights, der lagring av CO2 frå Heidelberg Materials starta i august 2025. Vidare tok eigarane i 2025 investeringsavgjerd om å utvide Northern Lights betydeleg. Utvidinga aukar lagringskapasiteten frå 1,5 til minst 5 millionar tonn CO2 per år. Selskapet har framleis useld kapasitet i fase 2.

Det er utlyst areal for storskala, kommersiell CO2-lagring under lagringsforskrifta i totalt åtte omgangar. I alt er det tildelt 14 løyve – eitt utnyttingsløyve til Northern Lights og 13 leiteløyve.

Tre leiteløyve er leverte tilbake. I dag er det dermed ti leiteprosjekt som er i gang med å gjennomføre arbeidsprogrammet sitt. I to av prosjekta blei det bora leitebrønnar i 2025. Fleire av rettshavargruppene har fått utsett milepælar i arbeidsprogramma sine fordi dei manglar store kundar i Europa som vil forplikte seg langsiktig til lagring. Utan slike forpliktingar er det ikkje økonomisk mogleg for rettshavargruppene å bruke store ressursar på å utvikle ny lagerkapasitet.

Havbotnmineral

Behovet for utvinning av mineral aukar globalt. Ein ny rapport frå IEA viser at etterspørselen etter viktige mineral som kopar og kobolt heldt fram med å vekse sterkt i 2025. Veksten er i stor grad driven av energiomstillinga og bruksområde som elbilar, batterilagring, fornybar energi og nett.

Den kraftige etterspørselsveksten skaper nye utfordringar og potensielle sårbarheiter når det gjeld å sikre framtidig forsyning av desse minerala. Diversifisering er avgjerande for energisikkerheita, men når det gjeld tilgangen på kritiske mineral, har utviklinga gått i motsett retning dei siste åra. Både produksjon og foredling er i dag konsentrert i nokre få land, og den geografiske konsentrasjonen aukar, særleg innanfor raffinering og foredling.

Noregs havbotnmineralressursar vil kunne bidra i forsyninga av dei viktige metalla som krevjast i ei stadig meir digitalisert og elektrifisert verd, og kan også bidra til nødvendig diversifisering i ei geopolitisk krevjande tid. Etter oppmoding frå Stortinget har regjeringa sett den første konsesjonsrunden i Noreg på vent.

Sirkulærøkonomi er viktig, men ikkje tilstrekkeleg for å møte etterspørselen etter metall på ein berekraftig måte. Havbotnmineral kan derfor bli ei ny kjelde til å diversifisere tilgangen på metall som verda vil trenge framover.

Hovudmål

Petroleum

Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Ressursforvaltninga skal gi Noreg inntekter og bidra til å sikre sysselsetting og velferd for noverande og framtidige generasjonar.

Aktiviteten i petroleumsverksemda bidrar til vidareutvikling av norsk leverandørindustri, noko som gir store lokale, regionale og nasjonale ringverknader i den norske fastlandsøkonomien.

Vidareutviklinga av petroleumssektoren vil bidra til å styrke norsk næringsliv og den industrielle utviklinga i landet. I forvaltninga skal det takast nødvendige omsyn til det ytre miljøet, distriktspolitiske interesser og anna verksemd. Regjeringa vil derfor legge vekt på at petroleumsverksemda er basert på verdsleiande teknologi, som også tar tungtvegande omsyn til helse, miljø og sikkerheit, og at verksemda framleis skjer i sameksistens med andre næringar.

Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumspolitikken og legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa og verda elles.

Norsk petroleumsnæring er ei høgkompetent og teknologitung næring. Regjeringa vil legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel.

Regjeringa vil føre vidare konsesjonssystemet. Det skal framleis tildelast løyve til å leite etter olje og gass gjennom dei årlege konsesjonsrundane i førehandsdefinerte område (TFO). Alle konsesjonsrundar i førehandsdefinerte område skal gjennomførast innanfor rammene Stortinget har vedtatt.

Norsk petroleumsverksemd har i fleire tiår vore underlagd streng verkemiddelbruk for å drive effektivt og med låge utslepp. Norsk olje- og gassutvinning har allereie svært låge gjennomsnittlege utslepp i ein global samanheng. Dei samla utsleppa til luft er på veg ned og var om lag 28 prosent lågare i 2025 enn i 2015. Regjeringa vil føre vidare økonomiske verkemiddel som hovudverkemiddel for å legge til rette for utsleppsreduksjonar i petroleumsverksemda. Dette gjer at selskapa kontinuerleg har ei økonomisk eigeninteresse av å redusere utsleppa sine. Som del av dette greier departementet ut konsekvensane av at utsleppa er underlagde både kvoteplikt og CO2-avgift, no som all formålstenleg omlegging til drift med kraft frå nettet til eksisterande innretningar er vedtatt. Regjeringa skal i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen går ytterlegare ned. Statusen for arbeidet med å redusere utsleppa frå petroleumsproduksjonen er omtalt i kapittel 6.3 Status for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda i del III av proposisjonen.

Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal sikrast gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning som tar omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet.

Gassco AS skal, som nøytral operatør for det norske gasstransportsystemet, bidra til maksimal verdiskaping frå gassressursane på norsk kontinentalsokkel gjennom sikker og effektiv drift og ei heilskapleg utvikling av gassrøyrleidningssystemet på norsk kontinentalsokkel. Som særskild operatør har Gassco oppgåver knytte til systemdrift, kapasitetsadministrasjon og infrastrukturutvikling. Som alminneleg operatør på vegner av eigarane har Gassco ansvar for styring av prosessanlegg, røyrleidningar, plattformer og gassterminalar i samsvar med lovgivinga.

Kommersiell CO2-lagring

Hovudmålet for forvaltninga av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 er å bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon ved å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 i slike reservoar som eit tiltak for å motverke klimaendringar.

Tildeling av areal som kan brukast til CO2-lagring, er ein føresetnad for karbonfangst og -lagring. «Open dør»-politikken blir vidareført. Regjeringa vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel gjennom å tildele lagringsareal til selskap med konkrete industrielle planar som gjer at dei har lagringsbehov. Storskala CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel på kommersielle vilkår vil venteleg vere basert på utslepp som i dag skjer i andre europeiske land. Departementet viser fleksibilitet i behandlinga av søknader om utsette fristar for gjennomføring av arbeidsprogramma, slik at selskapa ikkje bruker store ressursar før det er utsikter til langsiktige og forpliktande kontraktar med europeiske kundar.

Forvaltning av havbotnmineralressursar

Hovudmålet for forvaltninga av norske havbotnmineralressursar er å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige mål, slik at omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt. Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av mineralverksemda på norsk kontinentalsokkel. Det skal takast omsyn til miljø og sikkerheit i alle fasar av verksemda.

Kartlegging dei seinare åra har vist at det finst interessante mineralførekomstar på norsk kontinentalsokkel, men ein føresetnad for å vinne dei ut er at det kan skje på ein lønnsam, berekraftig og forsvarleg måte. Stortinget slutta seg i januar 2024, med nokre justeringar, til regjeringa sin forvaltningsstrategi, jf. Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024). Departementet følger no opp forvaltningsstrategien.

Etter at areal på norsk kontinentalsokkel blei opna for mineralverksemd i april 2024, starta departementet arbeidet med den første konsesjonsrunden. Departementet har også hatt forslag til areal på offentleg høyring. Etter planen skulle den første konsesjonsrunden for havbotnmineral lysast ut etter høyringa. Som følge av budsjetteinigheita regjeringa inngjekk med Raudt, SV, MDG og Sp i desember 2025, kjem konsesjonsrunden likevel ikkje til å bli lyst ut av denne regjeringa i inneverande stortingsperiode.

Energidepartementets mål og oppgåver

Petroleum

Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg petroleumspolitikk, basert på fakta og kunnskap, slik at ein oppnår hovudmålet for politikken. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og forsvarleg forvaltning av ressursane på sokkelen. Norsk petroleumsindustri skal framleis vere leiande innanfor helse, miljø og sikkerheit.

Departementet skal vere ein ressursforvaltar med eit langsiktig perspektiv og legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass, mellom anna gjennom føreseielege rammevilkår for næringa.

Det er oljeselskapa som har ansvaret for og utøver den operasjonelle aktiviteten innanfor leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel. Sentralt for å nå måla i petroleumspolitikken er derfor rettshavarar som hentar ut alle lønnsame ressursar i porteføljen sin på ein sikker og effektiv måte. Departementet vil føre vidare arbeidet med å sikre eit effektivt, heilskapleg og føreseieleg rammeverk som er basert på kunnskap og fakta, og som legg til rette for at avgjerdene til oljeselskapa også er gode for staten som ressurseigar.

Departementet arbeider med å vidareutvikle og oppretthalde ein heilskapleg og effektiv petroleumspolitikk, forankra i Stortinget. Hovudmålet i politikken kan berre nåast gjennom ein samtidig innsats retta mot heile ressursbasen, frå ressursar i felt i drift og påviste funn til ressursar som enno ikkje er påviste gjennom leiting.

Verkemidla for å nå hovudmålet i politikken er å:

  • føre vidare den klare rollefordelinga mellom stat og næringsliv

  • føre vidare stabile og føreseielege rammevilkår for næringa

  • føre vidare konsesjonssystemet ved å gi løyve til å leite etter olje og gass i nye område og hovudsakleg tildele nye utvinningsløyve i førehandsdefinerte område for å sikre næringa føreseieleg tilgang på leiteareal

Andre kostnadseffektive verkemiddel for å oppnå lønnsam produksjon med låge utslepp skal førast vidare. Målet er å sikre ei framtidsretta og konkurransedyktig petroleumsnæring og å vidareføre god samhandling med andre brukarar av havet. Denne petroleumspolitikken skal legge til rette for

  • at potensialet i eksisterande felt og infrastruktur blir utnytta fullt ut

  • at alle lønnsame funn blir bygde ut

  • at alle lønnsame ressursar blir påviste gjennom leiting

For staten som ressurseigar er det viktig å ha best mogleg oversikt over naturressursane i landet. Departementet vil halde fram med å kartlegge petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel, også i område som ikkje er opna for petroleumsverksemd.

Tilgang på nye leiteområde er nødvendig for å gjere nye funn og halde oppe verdiskaping, sysselsetting og statlege inntekter på lang sikt. Departementet vil føre vidare dagens praksis med jamlege konsesjonsrundar for å gi næringa tilgang på nye prospektive leiteareal. Dei årlege konsesjonsrundane i førehandsdefinerte område (TFO-ane) er berebjelken i leitepolitikken. Desse områda omfattar mesteparten av dei opne og tilgjengelege områda, og det er der det er størst leiteaktivitet i dag. Årets konsesjonsrunde i førehandsdefinerte område (TFO 2026) er i gang. I samband med TFO 2026 er TFO-området utvida med 70 blokker – 38 i Barentshavet, 10 i Norskehavet og 22 i Nordsjøen. Utlysinga omfattar også areal som selskapa nominerte til den planlagde 26. konsesjonsrunden hausten 2025. Desse areala blir dermed behandla i TFO 2026, og det blir derfor ikkje gjennomført ein eigen 26. konsesjonsrunde i 2026. Søknadsfristen for TFO 2026 var 1. september. Da søknadsfristen gjekk ut, hadde departementet fått inn søknader frå 21 selskap. I samsvar med etablert praksis tar ein sikte på tildeling tidleg i 2027.

Departementet vil følge opp leiteaktiviteten til rettshavarane under dei tildelte utvinningsløyva.

Alle planar for utbygging, anlegg og drift og alle avslutningsplanar som rettshavarane legg fram, vil bli grundig behandla i departementet. Departementet har dialog med rettshavarane også i forkant av at dei leverer inn planane for utbygging og drift (PUD). I oppfølginga og behandlinga av desse vil departementet særleg vektlegge tidsriktig utbygging og innfasing av påviste ressursar. Departementet vil halde fram med å informere Stortinget om prosjekt under utbygging med godkjend PUD. Sjå nærmare omtale i kapittel 5 Prosjekt under utbygging på norsk kontinentalsokkel i del III av proposisjonen.

Departementet vil også følge opp drifta av felta, og mellom anna behandle relevante søknader, for å bidra til effektiv ressursutnytting. I tillegg vil departementet følge opp at infrastrukturen på norsk kontinentalsokkel, inkludert gasstransportsystemet og reguleringa av det, blir brukt effektivt og utvikla på ein heilskapleg måte, slik at han fremmer god ressursforvaltning.

Departementet vil støtte opp under arbeidet næringa gjer med å auke verdiskapinga gjennom effektivisering, digitalisering og innovasjon.

Departementet vil føre vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd og mellom anna bidra med anslag til nasjonalbudsjettet og utsleppsframskrivingar.

Departementet vil halde fram med å følge og analysere sentrale utviklingstrekk i den globale energimarknaden, med vekt på marknadsutviklinga for olje og gass. Det skal sikre at departementet har god kompetanse om den samla energisituasjonen på kort, mellomlang og lang sikt.

Gjennom energidialogen som er etablert mellom Noreg og EU, følger departementet marknadsutviklinga og regelverksutforminga i EU tett. Departementet vil halde fram med å bruke handlingsrommet i EØS-avtalen gjennom å delta i relevante ekspertgrupper og komitear, og vidareføre dialogen med EU-institusjonane om regelverk som er relevant for ansvarsområdet til departementet.

Departementet vil også halde fram med å delta og bidra i internasjonale energiorganisasjonar og -forum, som for eksempel International Energy Agency (IEA), i tillegg til å oppretthalde dialog og bilaterale møte med ei rekke sentrale energinasjonar og eksterne analysemiljø.

Gjennom styringsdialogen vil departementet følge opp korleis Sokkeldirektoratet arbeider for å sikre ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning.

Staten eig 100 prosent av aksjane i Gassco AS, som er operatør for gasstransportsystemet på norsk kontinentalsokkel. Departementet vil bidra til at Gassco er ein effektiv og nøytral operatør for gasstransportsystemet.

Departementet vil føre vidare arbeidet som sekretariat for Petroleumsprisrådet og for implementeringa av Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) i Noreg.

Kommersiell CO2-lagring

Energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg politikk for storskala CO2-lagring på kontinentalsokkelen som er basert på fakta og kunnskap, slik at ein når hovudmålet for politikken.

Departementet skal, gjennom å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2, bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon i inn- og utland. Miljøsikker lagring av CO2 kan bli eit tiltak for å redusere utslepp og motverke klimaendringar.

Departementet vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel ved å behandle søknader frå industrielle aktørar om CO2-lagring under lagringsforskrifta.

Departementet vil følge opp aktiviteten til rettshavarane under tildelte utnyttingsløyve.

Departementet vil også følge opp aktiviteten til rettshavarane under tildelte leiteløyve.

Forvaltning av havbotnmineralressursar

Energidepartementet skal legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige mål, slik at ein varetar omsynet til verdiskaping, miljø og sikkerheit ved slik verksemd, anna næringsverksemd og andre interesser.

Departementet vil legge ei stegvis og kunnskapsbasert tilnærming til grunn for utviklinga og forvaltninga av mineralressursar på havbotnen.

Energidepartementet følger no opp regjeringa sin forvaltningsstrategi for havbotnmineral, jf. Meld. St. 25 (2022–2023), som Stortinget slutta seg til med nokre justeringar i januar 2024, jf. Innst. 162 S (2023–2024).

Budsjetteinigheita med Raudt, SV, MDG og Sp inneber at første konsesjonsrunde ikkje kan utlysast av denne regjeringa i inneverande stortingsperiode.

Energidepartementets resultat for 2025

Petroleum

Departementet bidrog i 2025 til å legge til rette for ei heilskapleg forvaltning av petroleumsressursane i eit langsiktig perspektiv. I dette arbeidet har departementet samarbeidd tett med Havindustritilsynet, Sokkeldirektoratet og Gassco AS innanfor ansvarsområda deira.

Ein stor del av ressursbasen er enno ikkje påvist. Ein føresetnad for å realisere dei store verdiane i ressursbasen er derfor at næringa får tilgang til nytt attraktivt leiteareal. Departementet har, i tråd med etablert politikk, arbeidd med konsesjonsrundar i 2025. Under tildelinga i førehandsdefinerte område (TFO) 2024 blei det i februar 2025 tildelt 53 nye utvinningsløyve til 20 selskap. Staten beheldt andelar i dei nye utvinningsløyva i samsvar med etablert politikk. TFO 2025 blei kunngjord i mai 2025. Departementet behandla søknadene som kom inn, i 2025, medan sjølve tildelingane blei gjennomførte i 2026.

Departementet har følgt opp leiteverksemda til selskapa i tråd med gjeldande petroleumspolitikk.

Ein del av ressursbasen ligg i påviste, ikkje-utbygde funn. Rettshavarar som vil bygge ut eit funn, må få godkjenning frå departementet. Departementet har, innanfor ansvarsområde sitt, følgt opp det tidlege arbeidet til selskapa knytt til moglege framtidige feltutbyggingar. I 2025 godkjende departementet plan for utbygging og drift av Fram Sør.

Enno finst det store ressursar som venteleg vil bli produserte framover gjennom allereie godkjende utbyggingar. Departementet har følgt opp arbeidet i dei ulike rettshavargruppene med felt i drift, inkludert tiltak for auka utvinning frå desse, i nært samarbeid med Sokkeldirektoratet.

Departementet har gitt årlege produksjonsløyve for høvesvis gass og væske.

Eksisterande infrastruktur er eit viktig verkemiddel for å legge til rette for god samla ressursutnytting på kontinentalsokkelen. For å sikre effektiv bruk av infrastruktur regulerer departementet tilgangen til røyrleidningar, anlegg på land og feltinfrastruktur på norsk kontinentalsokkel. Departementet har i 2025 følgt opp arbeidet med å vidareføre ei effektiv infrastrukturregulering og vidareutvikle røyrtransportsystemet, i nært samarbeid med Gassco.

Departementet har behandla ei rekke søknader om samtykke til overdraging av deltakarandelar mellom ulike selskap og om endringar i eigarskapen i ulike rettshavarar innanfor petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel.

Saman med regjeringsadvokaten har departementet tatt hand om statens interesser i rettslege tvistar innanfor ansvarsområdet sitt. Det gjeld mellom anna saka der WWF saksøkte staten med påstand om at avgjerda om å opne område på norsk kontinentalsokkel for havbotnmineralverksemd var ugyldig. Vidare gjeld det søksmålet frå Greenpeace Norden og Natur og Ungdom om gyldigheita av vedtaket om å godkjenne planen for utbygging og drift av dei tre petroleumsfelta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil, og søksmålet frå Sametinget om gyldigheita av vedtaket om å godkjenne endra PUD og PAD knytt til elektrifiseringa av Hammerfest LNG på Melkøya. Departementet har også arbeidd med rettssaker der rettshavarar har vore ueinige i vedtak frå departementet og har kravd å få større deltakarandelar i petroleumsfelt.

Departementet har i 2025 ført vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd, mellom anna anslag til nasjonalbudsjettet, og har gitt Stortinget informasjon om prosjekt under utbygging med godkjend PUD.

Vidare har departementet halde fram med å følge og analysere sentrale utviklingstrekk i den globale energimarknaden, som eit ledd i å oppretthalde og vidareutvikle kompetansen sin om den samla energisituasjonen på kort, mellomlang og lang sikt. Kontakt med eksterne analysemiljø, andre land og internasjonale organisasjonar er sentralt i dette arbeidet, og departementet har deltatt i internasjonale energiorganisasjonar og -forum, som International Energy Agency (IEA) og International Energy Forum (IEF). I tillegg har departementet hatt dialog og bilaterale møte med ei rekke sentrale energinasjonar.

Som sekretariat for Petroleumsprisrådet, har departementet utarbeidd nødvendig avgjerdsgrunnlag for fastsetting av skattereferanseprisar (normprisar) for olje.

Departementet er ansvarleg for implementeringa av gjeldande standardar under Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) og har arbeidd med rapportering og publisering i tråd med krava.

Departementet har følgt prosessane for regelverksutvikling i EU som påverkar marknaden for naturgass og norsk gasseksport, inkludert metanforordninga og Net Zero Industry Act. Arbeidet har inkludert utgreiing av korleis desse regelsetta påverkar norske interesser, og møtedeltaking på både embetsnivå og politisk nivå. I tillegg har arbeidet omfatta innspel og kommentarar til arbeid på gassområdet i Europakommisjonen.

Departementet har gjennomført etatsoppfølging av Sokkeldirektoratet og har følgt opp statens eigarinteresser i Gassco AS.

Kommersiell CO2-lagring

Departementet har i 2025 bidratt til å legge til rette for storskala, kommersiell utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2, som eit tiltak for å motverke klimaendringar.

Gjennom 2025 har departementet arbeidd med å utvikle forskrifta om CO2-lagring og -transport, tilpassa utviklinga i verksemda.

Departementet har ført vidare «open dør»-politikken for tildeling av lagringsløyve. I 2025 tildelte departementet til saman tre leiteløyver knytt til injeksjon og lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel. Eitt av områda blei lyst ut og søkt på same år. Dei to øvrige blei søkte på i 2024. Departementet viser fleksibilitet i behandlinga av søknader om utsette fristar for gjennomføring av arbeidsprogramma, slik at selskapa ikkje bruker store ressursar før det er utsikter til langsiktige og forpliktande kontraktar med europeiske kundar.

Departementet følgde også opp Northern Lights’ arbeid med utbyggingsprosjektet etter at utbyggingsplanen for fase 1 blei godkjend i 2021. Injeksjonen av CO2 i lageret tok til i 2025. I tillegg følgde departementet opp arbeidet deira med å planlegge Northern Lights fase 2, som er eit prosjekt for å utvide kapasiteten i lageret. Prosjektet blei godkjent i 2025.

Vidare har departementet behandla søknader om samtykke til overdraging av deltakarandelar mellom ulike selskap og om endringar i eigarskapen i ulike rettshavarar innanfor lagringsverksemda på norsk kontinentalsokkel.

Forhandlingane mellom Noreg og Belgia om ein bilateral avtale for legging og drift av ein røyrleidning for transport av CO2 til norsk kontinentalsokkel blei så godt som sluttførte i 2025. Ved årsskiftet stod det berre igjen nokre formelle spørsmål knytte til signering.

Vurderingane av kva Net Zero Industry Act får å seie for norske interesser, og den moglege EØS-relevansen av dette regelverket, starta i 2024 og blei førte vidare gjennom 2025.

Forvaltning av havbotnmineralressursar

Departementet har i 2025 følgt opp forvaltningsstrategien for havbotnmineral på norsk kontinentalsokkel, som Stortinget har slutta seg til, jf. Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).

Etter at areal på norsk kontinentalsokkel blei opna for mineralverksemd i april 2024, starta departementet arbeidet med den første konsesjonsrunden. Departementet har også hatt forslag til areal på offentleg høyring. Etter planen skulle den første konsesjonsrunden for havbotnmineral lysast ut etter høyringa. Som følge av budsjetteinigheita regjeringa inngjekk med Raudt, SV, MDG og Sp i desember 2025, kjem konsesjonsrunden likevel ikkje til å bli lyst ut av denne regjeringa i inneverande stortingsperiode.

Departementet har arbeidd med forskrifter under havbotnminerallova, og desse tredde i kraft 1. september 2025. Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet har også arbeidd med forskrifter innanfor sine ansvarsområde. Desse forskriftene tredde i kraft høvesvis 1. september og 15. oktober 2025. Dette inneber at det no er på plass eit heilskapleg rammeverk for ein første fase med havbotnmineralverksemd.

I 2025 har departementet følgt arbeidet med regelverk for utvinning av havbotnmineral i området utanfor nasjonal jurisdiksjon – det såkalla Området – i Den internasjonale havbotnmyndigheita. Departementet har deltatt i den norske delegasjonen under leiing av Utanriksdepartementet.

Departementet gav i 2025 Sokkeldirektoratet i oppdrag å samle inn kunnskap om ressurspotensialet for havbotnmineral i opningsområdet.

Departementet har i 2025 styrkt innsatsen for forsking og utvikling knytt til havbotnmineralverksemd, og vidareført arbeidet med å etablere ein ny forskingsstrategi, Energi 2050, som også vil omfatte forsking på havbotnmineral. Sjå programkategori 18.30 for ein meir utfyllande omtale.

Sokkeldirektoratet

Sokkeldirektoratet har ei sentral rolle i forvaltninga av olje- og gassressursane på norsk kontinentalsokkel og er eit viktig rådgivande organ for Energidepartementet innanfor petroleumsverksemda. Direktoratet er også fagetat for forvaltninga av lagringspotensialet for CO2 og havbotnmineralressursar.

Sokkeldirektoratet utøver forvaltningsmyndigheit i samband med leiting etter og utvinning av petroleumsførekomstar og gir faglege råd ved vurdering, undersøking og utbygging. Direktoratet gir også råd til departementet når det gjeld vidareutvikling av regelverk og rammevilkår, og kan på enkelte område fastsette forskrifter og gjere vedtak.

Direktoratet følger også opp at rettshavarane greier ut og vurderer tiltak for å redusere utslepp, og at rasjonelle tiltak blir gjennomførte innanfor gjeldande regelverk og etablert verkemiddelbruk frå myndigheitene.

For lagring av CO2 på norsk sokkel gir direktoratet faglege råd og kjem med innspel i samband med søknader om løyve etter CO2-lagringsforskrifta og planar for utbygging og drift av undersjøiske reservoar.

Vidare har Sokkeldirektoratet ansvar for data frå kontinentalsokkelen og for å formidle analysar og kunnskapsgrunnlag for avgjerder. Direktoratet bidrar til god sameksistens mellom ulike brukarar av havet og er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor ansvarsområda sine.

Ei anna viktig oppgåve er å føre tilsyn med målingar av olje- og gassproduksjonen for å sikre nøyaktig grunnlag for berekning av skattar og avgifter til staten og inntekter til rettshavarane i petroleumsverksemda (fiskal kvantumsmåling).

Sokkeldirektoratet har hovudkontor i Stavanger og eit kontor i Harstad. I 2025 blei det utført 182 årsverk i direktoratet.

Mål

Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel. Dette skal direktoratet gjere gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning som tar omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet.

Direktoratet skal vidare bidra til forvaltninga av CO2-lagringspotensialet på kontinentalsokkelen for å legge til rette for reduserte utslepp av klimagassar og forvaltninga av norske havbotnmineralressursar.

Direktoratet har delt inn arbeidet for å nå hovudmålet i utvalde delmål.

Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang

Sokkeldirektoratet har ansvar for å ha oversikt over petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel. Direktoratet samlar inn og analyserer data sjølv, men får også data frå næringa.

Sokkeldirektoratet gir faglege råd til departementet ved førebuing og gjennomføring av konsesjonsrundar og bidrar til oppfølging av leiteaktiviteten i tildelte utvinningsløyve.

Vidare bidrar direktoratet til at areala på norsk kontinentalsokkel blir forvalta slik at den samla verdiskapinga blir høg, og at det blir sikra god sameksistens mellom etablerte og nye næringar i havområda.

Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift

Sokkeldirektoratet skal vere ein pådrivar for å sikre at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir vurderte innanfor leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel.

Direktoratet skal bidra til at aktørane som har ansvaret for leiting, utbygging, drift og disponering innanfor sektoren, arbeider aktivt for at det tildelte arealet blir utforska tidsriktig og effektivt, at funn blir bygde ut, og at tiltak for å auke utvinninga frå felt i drift blir identifiserte og gjennomførte.

Sokkeldirektoratet skal særleg følge opp auka utvinning, effektive områdeløysingar og realisering av tidskritiske ressursar.

Direktoratet gir råd til departementet når det gjeld ulike søknader frå selskapa, og følger opp løyve i samsvar med petroleumslova og konsesjonssystemet.

Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel

Sokkeldirektoratet er eit nasjonalt sokkelbibliotek og samlar inn, forvaltar og formidlar data og informasjon om petroleumsverksemda.

Direktoratet har ansvar for å innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet, mineralressursar og lagringspotensialet for CO2 på norsk kontinentalsokkel, med mål om å gjere sokkelen meir attraktiv og konkurransedyktig.

Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen

Sokkeldirektoratet skal støtte og gi råd til departementet og legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen, mellom anna gjennom datainnsamling, overvaking og oppdatering av ressursgrunnlaget for havbotnmineral.

Legge til rette for sikker lagring av CO2

Sokkeldirektoratet skal støtte og gi råd til departementet når det gjeld arbeid innanfor injeksjon og lagring av CO2, mellom anna knytt til moglege utlysingar av areal og behandling av søknader om utnyttingsløyve.

Resultat 2025

Sokkeldirektoratet har følgt opp hovudmålet og delmåla slik dei er omtalte i Prop. 1 S (2024–2025) for Energidepartementet. For å nå hovudmålet har direktoratet gjennomført ulike aktivitetar og oppgåver under dei nærmare spesifiserte delmåla.

I 2025 har direktoratet implementert ein ny organisasjonsmodell, med styrkt leiarkapasitet, tydelegare roller og ansvar, avvikling av lagmodellen, vidareføring av fagnettverk og prosjektorganisering av tidsavgrensa arbeid. I juli 2025 blei det innført ei sektoravgift. Avgifta har gjort det mogleg å intensivere arbeidet med utvikling av nye IT-system, mellom anna ved å tilsette fleire med IT-kompetanse.

Direktoratet har også arbeidd med å kartlegge moglegheiter for utvinning frå tette reservoar, mellom anna gjennom modelleringsstudiar. Modellering av Victoria-funnet er eitt eksempel. Utvinningsløyvet som omfattar Victoria-funnet, blei tildelt på nytt i 2026. I tillegg har direktoratet arbeidd med styrkt oppfølging av funn, felt og område for å legge til rette for god ressursforvaltning og auka verdiskaping.

Direktoratet har også arbeidd med å vidareutvikle undergrunnsforståinga for å behandle problemstillingar knytte til sameksistens mellom petroleumsutvinning og lagring av CO2. Arbeidet skal gi myndigheitene eit fagleg grunnlag for å sikre best mogleg samla ressursutnytting på tvers av petroleumsverksemd og framtidig lagring av CO2.

Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang

Sokkeldirektoratet har i 2025 oppdatert estimata for uoppdaga petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel. Estimata viser at det framleis er eit betydeleg potensial for uoppdaga ressursar i alle havområda. Ressursane er synleggjorde mellom anna gjennom publisering i ressursrekneskapen for 2025.

Direktoratet har gjennomført geologiske, tekniske og økonomiske vurderingar av alle søknadene om tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) i 2025. Vurderingane har danna grunnlag for tilrådingar til departementet om nye utvinningsløyve med tilhøyrande arbeidsforpliktingar. Direktoratet har også arbeidd med overlappande tildelingar av lisensar for petroleumsutvinning og CO2-lagring.

I tillegg arbeider direktoratet med å vidareutvikle kunnskapen om ressursgrunnlaget på norsk kontinentalsokkel, mellom anna ved å kartlegge ein ny kjeldebergart for petroleum i Norskehavet og Barentshavet.

Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift

Ved utgangen av 2025 var det over 530 aktive utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel. Dei blir forvalta av 23 rettshavarar i ulike samansetningar, i alle fasar frå leiting, utbygging via drift til avslutning og fjerning.

På same tidspunkt var det registrert 91 funn med eit samla utvinnbart volum på 516 millionar kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm³ o.e.). Det er også fleire utviklingsprosjekt i gang på felt i drift.

Eit viktig fokusområde har vore å sikre meir leiting i mindre modne område, særleg i Barentshavet og Norskehavet, samtidig som eksisterande infrastruktur blir utnytta best mogleg.

I Barentshavet har arbeidet vore knytt til utviklinga av Wisting og framtidige gassløysingar for fleire felt. I Norskehavet har ein arbeidd for betre utnytting av kapasiteten på Aasta Hansteen, medan innsatsen i Nordsjøen har vore retta mot område som Troll, Gjøa, Snorre, Grane og Balder, der samordning og langsiktige utviklingsplanar er avgjerande.

Direktoratet har også prioritert auka utvinning frå eksisterande felt, effektive områdeløysingar og utvikling av tidskritiske ressursar.

I 2025 blei det gjort 16 nye funn på norsk sokkel. Dei utvinnbare voluma i desse er berekna til 62 millionar Sm3 o.e. Direktoratet følger med på framdrifta, særleg på funn med tidskritiske ressursar og funn og prosjekt der det skal takast avgjerder i milepælar fram mot utbygging.

I 2025 gav direktoratet tilbakemelding til fleire prosjekt i planleggingsfasen som passerte ulike milepælar. Direktoratet gav også råd til departementet i samband med godkjenningsprosessen for nye utbyggingar og ulike søknader knytte til utvinningsløyve for felt i produksjon.

Teknologiutvikling, digitalisering og kunnskapsdeling er sentrale verkemiddel for å nå måla om å finne meir, vinne ut meir og redusere utslepp. Samtidig bidrar Sokkeldirektoratet i arbeidet med havforvaltningsplanar, forsking og utvikling av framtidige gass- og energiløysingar. Gjennom dette arbeidet skal direktoratet bidra til forsvarleg ressursforvaltning og størst mogleg langsiktig verdiskaping for samfunnet.

Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel

Sokkeldirektoratet har som oppdrag å vere nasjonalt sokkelbibliotek og sikre innsamling, forvaltning og deling av data som grunnlag for verdiskaping og effektiv ressursforvaltning. Ved utgangen av 2025 forvalta direktoratet om lag 22 petabyte petroleumsrelaterte data. Desse er tilgjengelege gjennom opne løysingar som Faktasider, Faktakart, Diskos og Geobank. I løpet av 2025 blei store mengder brønn- og seismikkdata frigitt, noko som styrker kunnskapsgrunnlaget og konkurransekrafta på norsk sokkel.

Direktoratet publiserte fleire analysar og digitale dashbord som gir oversikt over aktivitet, ressursar, produksjon, kostnader og utslepp på norsk sokkel. Det blei også gjennomført forsking og datainnsamling knytt til petroleumssystem, mellom anna gjennom vitskaplege ekspedisjonar i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

I tillegg har Sokkeldirektoratet vidareutvikla kunnskapsgrunnlaget for CO2-lagring og havbotnmineral gjennom 2025. Direktoratet følgde opp 14 aktive CO2-løyve, bidrog til kunnskapsdeling nasjonalt og internasjonalt og starta arbeid med nye system for innsamling og publisering av lagringsdata. For havbotnmineral blei det samla inn omfattande djuphavsdata, påvist nye mineralførekomstar og etablert eit nytt regelverk for datainnsamling og rapportering.

Gjennom analysearbeid, datadeling, forsking og utvikling av standardar legg Sokkeldirektoratet til rette for kunnskapsbaserte avgjerder og berekraftig forvaltning av petroleumsressursar, CO2-lagring og havbotnmineral på norsk sokkel.

Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen

I 2025 har direktoratet gitt faglege råd til Energidepartementet om utvikling av konsesjonsregimet og relevante forskrifter etter havbotnminerallova. Direktoratet har også utarbeidd ei eiga forskrift om innsamling og rapportering av data som legg grunnlaget for ei kunnskapsbasert og transparent forvaltning av næringa.

For å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennomførte direktoratet tre kartleggingstokt i Norskehavet i område som er opna for mineralverksemd. Her blei det samla inn djupne-, miljø- og videodata, og dei innsamla dataa er offentleg tilgjengelege. Direktoratet gjennomførte tokta i samarbeid med Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og Mareano.

Vidare inngjekk direktoratet samarbeid med Havforskingsinstituttet om kartlegging av havstraumar i djuphavet. I den samanhengen blei det i 2025 sett ut straummålarar i Norskehavet for å styrke kunnskapen om havmiljøet og legge til rette for framtidige vurderingar av mineralverksemd.

Legge til rette for sikker lagring av CO2

I 2025 blei det tildelt tre nye CO2-løyve, og ved inngangen til 2026 var det 13 aktive løyve på sokkelen. Direktoratet følgde tett opp både leiteprosjekt og Northern Lights, som starta mottak og injeksjon av CO2 i august 2025. Tre leitebrønnar stadfesta gode lagringseigenskapar i aktuelle formasjonar, og Northern Lights fase 2 fekk godkjent utbyggingsplanen sin med ein kapasitet på minst fem millionar tonn CO2 per år.

Direktoratet har også hatt ei aktiv rolle i formidling av kunnskap om lagringspotensialet på norsk sokkel, både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom opne data, oppdaterte faktasider og samarbeid med europeiske myndigheiter bidrar Noreg til utviklinga av CO2-lagring som ei ny næring. Samtidig har Sokkeldirektoratet gitt innspel til vidareutvikling av regelverk og rapporteringskrav for å sikre ei trygg og effektiv forvaltning av framtidige lagringsprosjekt.

Andre oppgåver

I 2025 har Sokkeldirektoratet gjennomført ei rekke tiltak som støttar opp under ei heilskapleg og framtidsretta ressursforvaltning. Direktoratet har gitt faglege råd til myndigheitene om utsleppsreduksjonar frå petroleumsverksemda. Mellom anna har dei utarbeid rapporten Kraft frå land på bestilling frå Energidepartementet.

Direktoratet har også vidareutvikla meldesystem for undersøkingar på sokkelen, gitt faglege innspel i rettsprosessar og bidratt til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget for havvindutbygging.

Sokkeldirektoratet har gjennomført ei omorganisering med sterkare vekt på digitalisering, datadriven utvikling og trygg bruk av kunstig intelligens.

Digitaliseringsprogrammet har gitt nye løysingar for rapportering, analyse og datadeling. Internasjonalt har direktoratet bidratt til det nye programmet Energi for utvikling og halde fram som ein etterspurd samarbeidspartnar innanfor ressursforvaltning og kompetansedeling.

I 2025 har Sokkeldirektoratet lyst ut eit oppdrag for reprosessering av seismiske data frå havvindområdet Sørlege Nordsjø II. Oppdraget omfattar mellom anna å utarbeide ein tolkingsrapport og samanlikne data på ein god og oversiktleg måte. Datainnsamlinga og tolkingsrapporten vil vere til stor nytte for selskap som skal bygge ut havvind i Sørlege Nordsjø II.

Sokkeldirektoratet har vore del av direktoratsgruppa som har bidratt til dei strategiske konsekvensutgreiingane av dei 17 utgreiingsområda for havvind som blei leverte i juni 2025.

Kap. 1810 Sokkeldirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

391 165

453 600

463 800

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

167 530

55 000

57 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

48 334

50 000

42 500

Sum kap. 1810

607 029

558 600

563 300

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å løyve om lag 464 millionar kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter, der lønnsrelaterte utgiftene utgjer om lag 65 prosent. Auken frå saldert budsjett 2026 heng saman med pris- og lønnsjustering.

Løyvinga dekker oppgåver knytte til ressursforvaltning, kartlegging og oppfølging av petroleumsverksemda på norsk sokkel. Dette omfattar mellom anna digitalisering og forvaltning av data, tenesteleveransar til næringa og fellestiltak retta mot heile petroleumsnæringa for å forenkle og effektivisere arbeidsoppgåver i selskapa.

Aktiviteten på posten er delvis finansiert gjennom gebyr og sektoravgifter, jf. kap. 4810, post 01 og kap. 5582, post 74.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 57 millionar kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 millionar kroner, jf. forslag til vedtak III.

Løyvinga skal dekke etablering av ein ny digital arkitektur og forbetring og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet i digitaliseringsprogrammet til direktoratet. Vidare skal ho dekke utgifter til studiar, analysar og kartlegging av kontinentalsokkelen.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 42,5 millionar kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot ei tilsvarande meirinntekt under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga skal dekke utgifter til samarbeidsprogramma Diskos og Force innanfor dataforvaltning og utvinningsteknologi. Posten omfattar også utgifter til samarbeidsavtalar med Norad. Gjennom ordninga Energi for utvikling (Efu) yter Sokkeldirektoratet fagleg rådgiving i Nigeria, Mosambik og Tanzania, med særleg vekt på kutt i klimagassutslepp og CO2-fangst og -lagring i tråd med FNs berekraftsmål nummer 7. Gjennom Hav for utvikling (Hfu) deltar direktoratet i kontinentalsokkelinitiativet retta mot sju vestafrikanske statar.

Kap. 4810 Sokkeldirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Gebyrinntekter

20 581

33 000

23 000

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

43 283

50 000

42 500

10

Refusjonar

40

Sum kap. 4810

63 904

83 000

65 500

Om 2026

Ved vedtak i Stortinget 19. juni 2026 blei det løyvd 25,6 millionar kroner under ny post 03 Sal av undersøkingsmateriale, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonssøknader, undersøkings- og utvinningsløyve, seismiske undersøkingar, registreringar i Petroleumsregisteret og refusjon av tilsynsutgifter.

Reduksjonen i inntektsløyvinga heng saman med redusert omfang av oppgåver det blir kravd gebyr for.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1810, post 23.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

74

Sektoravgifter under Sokkeldirektoratet

38 788

90 000

98 000

Sum kap. 5582

38 788

90 000

98 000

Post 74 Sektoravgifter under Sokkeldirektoratet

Sokkeldirektoratet finansierer tiltak retta mot heile eller delar av petroleumsnæringa gjennom sektoravgift frå rettshavarar med deltakarandelar i utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel. Sektoravgifta blir fastsett slik at ho ikkje overstig dei faktiske kostnadene Sokkeldirektoratet har til dei formåla avgifta skal dekke. Heimel for å krevje inn avgifta er gitt i forskrift om sektoravgift og refusjon, petroleumsverksemd.

Auken i inntektsløyvinga heng saman med at avgiftssatsen har blitt indeksregulert, og at ein har oppdatert anslaget for talet på utvinningsløyve for å tilpasse inntektene til dei faktiske kostnadene til sektorfinansierte oppgåver under kap. 1810.

Programkategori 18.20 Energi og vassressursar

Utviklingstrekk

Sikker tilgang på kraft er viktig for verdiskaping og velferd og trengst til dei fleste samfunnsfunksjonane. Tilgang på kraft og eit velfungerande kraftsystem er også ein føresetnad for å nå ambisjonane Noreg har på energi- og klimaområdet.

Noreg hadde rekordhøg kraftproduksjon og eit historisk høgt kraftoverskot i 2025. Likevel peikar utviklinga mot ein strammare kraftbalanse dei neste åra. Ei viktig årsak er at det er venta lite ny kraftproduksjon, samtidig som forbruket veks. Etterspørselen etter å knyte seg til overføringsnettet har auka raskt i alle delar av landet. Regjeringa har derfor lagt fram ei rekke tiltak for å bygge ut kraftproduksjonen og straumnettet raskare.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen har dei siste åra blitt kraftig skjerpa. I januar 2025 blei Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen – Forberedt på kriser og krig lagd fram. I meldinga peikar regjeringa på at alle sivile sektorar må vere førebudde på situasjonar som ligg høgt i krisespekteret, inkludert væpna konflikt og i verste fall krig. Meldinga legg føringar for igangverande arbeid med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga. Kraftforsyningsberedskap er særskilt omtalt i kapittel 7 Sikkerheits- og beredskapsarbeid i del III av proposisjonen.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen og knapt med nettkapasitet har aktualisert behovet for tydelegare rammer når det gjeld prioritering av tilknyting til straumnettet. Våren 2026 blei det vedtatt endringar i energilova som gjer det mogleg å prioritere tilknyting av ein bestemt uttakskunde til straumnettet når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser.

I 2025 steig kraftprisane igjen i det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) etter ein periode med nedgang i kraftprisane sidan energikrisa i 2021–2022. Samtidig heldt prisane fram med å falle i Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4), der Nord-Noreg hadde den lågaste gjennomsnittlege kraftprisen i heile Europa i 2025. Kraftprisane så langt i 2026 er høgare enn dei siste åra i heile landet. Prisbiletet på straum er prega av større variasjon i kraftprisane og periodar med store prisforskjellar mellom prisområda.

For å gi hushalda tryggleik og meir føreseielege straumkostnader i møte med tidvis høge og volatile kraftprisar innførte regjeringa i 2021 ei straumstønadsordning for hushald. Hausten 2025 blei Noregspris for hushald og fritidsbustader innført. Stortinget har vedtatt at straumstønadsordninga og Noregspris skal gjelde til 31. desember 2029.

Kraftsituasjonen

Energimarknadene har vore prega av store endringar og uro dei siste åra, og gjennom våren 2026 har krigen i Midtausten skapt auka uvisse. Dei siste åra har det også blitt gjennomført fleire endringar i kraftmarknaden, samtidig som delen vêravhengig kraftproduksjon har auka. Det er betydeleg uvisse knytt til korleis energimarknadene utviklar seg framover.

Utbygginga av vindkraft og solkraft er stor i landa rundt oss, og fornybare energikjelder utgjer ein aukande del av kraftproduksjonen i stadig fleire europeiske land. Vind- og solkraft gir større variasjon i krafttilgangen. Samtidig veks forbruket av elektrisitet både i Noreg og i landa omkring oss som følge av økonomisk utvikling, klimaomstilling, digitalisering, elektrifisering og bruk av nye teknologiar som krev elektrisitet. Veksten i forbruk knytt til datasenter har vore særleg stor, og det er eit stort utfallsrom med tanke på vidare vekst. Gradvis meir bruk av elektrisitet, ein aukande del sol- og vindkraft og ei tettare samankopling av kraftmarknadene gjer tilgangen på regulerbar og fleksibel kraftproduksjon stadig viktigare.

Den norske kraftforsyninga er tett samankopla med det europeiske kraftsystemet, og å utveksle kraft med nabolanda våre har vore viktig for norsk forsyningssikkerheit i periodar med lågare vasskraftproduksjon enn normalt. Noreg har kablar for å utveksle kraft til Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland og Storbritannia med ein samla kapasitet på 9 000 megawatt (MW). Utviklinga i Europa påverkar kraftprisane i Noreg og har derfor mykje å seie for verdien av norske fornybarressursar.

I løpet av det siste året har det vore stor forskjell på ressurssituasjonen i ulike delar av Noreg. Ved inngangen til 2026 låg den samla magasinfyllinga i Noreg rett over medianen for dei siste 20 åra. I det sørlege Noreg låg magasinfyllinga under medianen, medan Midt- og Nord-Noreg starta året på eit høgt nivå.

Første halvåret har vore prega av låge temperaturar og lite tilsig. Vinteren 2026 kom det lite nedbør, og det har vore langt mindre snø i fjella enn normalt i alle prisområda. I tillegg har sommaren vore varm og tørr mange stader. I sin tur har det bidratt til redusert magasinfylling i dei sørlege prisområda. I Nord-Noreg har den høge magasinfyllinga halde seg gjennom sommaren.

Kraftprisane ligg på eit høgt nivå i det sørlege Noreg. Også i Midt-Noreg har kraftprisane vore atskilleg høgare enn i fjor. Samtidig er kraftproduksjonen og nettoeksporten betydeleg lågare for Noreg som heilskap. Så langt i år (per 21. september 2026) er det produsert om lag 9 TWh mindre kraft enn i same perioden i 2025, og nettoeksporten er redusert med om lag 12,5 TWh. Utviklinga har samanheng med at produsentane tilpassar produksjonen til ein svakare ressurssituasjon og uvisse om dei globale energimarknadene i tida framover. Dette viser seg igjen i terminmarknaden, der det er prisa inn at prisnivået kjem til å halde seg høgt gjennom vinteren.

Nettutvikling

Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å redusere leietida for straumnett og for å legge til rette for å utnytte nettet betre. Mellom anna er saksbehandlingskapasiteten og arbeidet med å digitalisere konsesjonsprosessane i NVE styrkt i fleire omgangar, meldepliktgrensa for leidningar i regionalnettet er auka frå 15 til 50 km, den såkalla KVU-ordninga for nye, store kraftleidningar er avvikla, og vedtaksmyndigheita for desse anlegga er flytta frå Kongen i statsråd til NVE.

I august 2026 varsla regjeringa nye tiltak for å redusere leietida ytterlegare. Regjeringa vil mellom anna redusere utgreiingskrava og fjerne moglegheita statsforvaltaren og andre statlege myndigheiter har til å fremme motsegner mot nettanlegg, innføre ein frist på to år for konsesjonsbehandling av nett og be Statnett prioritere dei aller viktigaste prosjekta i kraftsystemet. Regjeringa vurderer kontinuerleg nye tiltak.

Driftssikkerheita i kraftnettet i Noreg er god. Samtidig aukar krava til kraftsystemet når både Noreg og nabolanda våre fasar inn meir uregulerbar fornybar energi. Eit godt utbygd nett og ein velfungerande kraftmarknad er avgjerande for forsyningssikkerheita, men aktørar som er heilt avhengige av trygg straumforsyning, må også ta ansvar for å ha tilstrekkeleg eigenberedskap. Det er viktig for å vere førebudd ved bortfall av straum.

Straumnettet skal driftast og utviklast i tråd med samfunnsøkonomiske kriterium. Store delar av straumnettet er gammalt, og fleire anlegg nærmar seg slutten av den tekniske levetida. I Systemutviklingsplan 2025 skriv Statnett at dei forventar investeringar på mellom 150 og 200 milliardar kroner i transmisjonsnettet dei neste ti åra. I tillegg kjem moglege investeringar i nett til havs. Også på lågare nettnivå trengst det omfattande investeringar, og investeringsnivået har auka dei siste åra i distribusjons- og regionalnettet.

Tiltaka i straumnettet tar tid, inneber store investeringar og har verknader for natur og andre samfunnsinteresser. Det er behov for å auke takten i utbygginga, men det er samtidig viktig at dei viktigaste investeringane for kraftsystemet blir prioriterte, og at investeringane blir gjennomførte på ein kostnadseffektiv måte. Investeringane i straumnettet blir i hovudsak finansierte gjennom nettleige og anleggsbidrag. Nettselskapa skal lage til nettleiga og anleggsbidraga slik at dei i størst mogleg grad gir signal om effektiv bruk og utvikling av nettet. Nye teknologiske løysingar og bruk av smarte styringssystem kan legge til rette for å utnytte det eksisterande nettet betre og frigjere kapasitet til nytt forbruk. Nye marknadsløysingar og andre verkemiddel for å skape meir fleksibelt forbruk blir tatt i bruk i aukande grad, og det er auka merksemd i nettbransjen om betydninga fjernvarmen har for kraftsystemet. På bakgrunn av dei auka investeringane i straumnettet er nettleiga forventa å stige framover.

Ny kraftproduksjon

Noreg har framleis eit stort teoretisk potensial for å bygge ut fornybar kraft. Tilgangen til nett og avvegingar mellom verdien av ny kraftproduksjon, miljøomsyn og andre interesser vil påverke kor mykje ny kraftproduksjon som faktisk blir bygd.

Vasskrafta er den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassressursane våre og utgjer hovuddelen av kraftproduksjonen i Noreg. Produksjonen av vasskraft i eit normalår utgjer om lag 138 TWh.

Evna til å produsere når behovet er størst, skal vektleggast i konsesjonsbehandlinga av vasskraft. I 2025 blei det sett i drift vasskraft med ein produksjonskapasitet på om lag 0,5 TWh. Ved utgangen av fjerde kvartal 2025 var om lag 1,1 TWh ny vasskraftproduksjon under utbygging.

Investeringar innan vasskraft er venta å auke framover. Dette ser vi mellom anna i talet på melde saker om opprusting og utviding til NVE. NVE får inn fleire søknader om effektoppgraderingar som vil betre kraftforsyninga i timane med topplast. Det har svært mykje å seie for kraftsystemet at vasskrafta som er bygd ut, blir halden ved lag og utvikla vidare. Samtidig skal det leggast til rette for miljøforbetringar i vassdrag med eksisterande utbyggingar, basert på avvegingar av samfunnsnytte og ulemper. Dei nærmaste åra vil det bli behandla fleire saker som gjeld revisjon av vilkår i eldre konsesjonar.

Sikkerheita ved norske vassdragsanlegg er god, med få alvorlege hendingar dei siste åra. NVE fører tilsyn basert på risikovurderingar for å sjå til at eigarane oppfyller krava til sikkerheit i regelverket. NVE har avdekt enkelte avvik, og desse blir følgde opp. Samtidig må arbeidet med sikkerheit ta omsyn til klimaendringar og andre forhold som kan påverke damsikkerheita på sikt.

Vindkraft har også blitt ein viktig del av den norske energiforsyninga. Noreg har svært gode vindressursar, og vindkraft på land er blant teknologiane med lågast gjennomsnittleg utbyggingskostnad. Normalårsproduksjonen for norsk vindkraft ved utgangen av 2025 var i overkant av 15 TWh, noko som svarer til rundt 10 prosent av den samla norske produksjonen i eit normalår. Det er venta fleire prosjekt til konsesjonsbehandling i tida framover. NVE prioriterer konsesjonsbehandling av nett og produksjon i Finnmark i tråd med regjeringa sitt kraft- og industriløft for landsdelen.

Regjeringa varsla i august 2026 forslag om forenklingar i den kommunale behandlinga av vindkraftprosjekt. Kommunane skal vidare få inntekter frå vindkraft tidlegare enn i dag og skal framleis kunne seie ja eller nei til vindkraft i områda sine.

Ved utgangen av 2025 hadde Noreg ein installert kapasitet med solkraft på 921 MW, som er ein auke på rundt 130 MW frå 2024. Regjeringa legg til rette for meir utbygging av solkraft og lokal energiproduksjon.

Ved utbygging av nett og ny kraftproduksjon er regjeringa opptatt av å sikre interessene til reindrifta. Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå ut over urfolksrettane etter artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dette er eit heilt sentralt spørsmål i konsesjonsbehandlinga i område med reindrift.

Regjeringa har lagt til rette for at lokalsamfunn som stiller naturressursar til disposisjon for utbygging, skal få meir igjen ved at dei blir sikra ein del av verdiskapinga. Innføringa av grunnrenteskatt på landbasert vindkraft frå 2024 gir føreseielege og trygge rammer for dei som vil investere i vindkraft, samtidig som fellesskapen og lokalsamfunnet sit igjen med ein større del av overskotet. I 2026 har avgifta på vindkraft auka frå 2,37 til 2,42 øre per kilowattime (kWh). I tillegg er det innført ei tilskotsordning der 0,2 øre per kWh vindkraftproduksjon blir sett av til lokale formål, som natur, reindrift og eventuelt andre formål som er direkte påverka av arealbruken.

Regjeringa si satsing på havvind er viktig for å auke produksjonen av fornybar kraft i Noreg. Prosjektområdet for første fase av Sørlege Nordsjø II blei tildelt våren 2024. Dette blir det første store havvindprosjektet på norsk sokkel. I februar 2026 blei det tildelt to prosjektområde i Utsira Nord. Etter ein modningsfase og statsstøttekonkurranse vil eit 500 MW flytande prosjekt bli bygd ut. Både prosjektet i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vil bli kopla til Fastlands-Noreg og gi meir fornybar kraft i Sør-Noreg, eit område som i dag har høge kraftprisar. Havvindarbeidet er nærmare omtalt under programkategori 18.30 og i kapittel 8 Flytande havvind i Utsira Nord.

Regjeringa sette i 2024 ned eit utval som på breitt vis skulle gå gjennom og vurdere ulike sider ved ei eventuell etablering av kjernekraft i Noreg. Utvalet la i april 2026 fram utgreiinga si i NOU 2026: 4. Utgreiinga blei send på høyring med frist 8. oktober. Regjeringa tar sikte på å legge fram ei stortingsmelding om kjernekraft tidleg i 2028.

Departementet har fått fleire meldingar frå Norsk Kjernekraft AS med forslag til utgreiingsprogram for etablering av kjernekraft ulike stader i landet. Energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet fastsette i februar 2026 eit konsekvensutgreiingsprogram for planane om eit kjernekraftverk i Taftøy Næringspark i Aure og Heim kommunar.

Energibruk

Energieffektivisering er viktig for å dempe veksten i energiforbruket. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når behovet for kraft er størst, prisane er på sitt høgaste og det er avgrensa nettkapasitet. Energieffektivisering, fleksibelt straumforbruk og meir bruk av fjernvarme og andre oppvarmingsløysingar som reduserer forbrukstoppane, kan over tid redusere behovet for nettinvesteringar og andre tiltak for å sikre effektbalansen. Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering atskilleg dei siste åra og la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering. Dei fleste verkemidla i handlingsplanen er no gjennomførte eller blir løpande følgde opp.

Utviklinga i energibruken blir påverka av langsiktige utviklingstrekk i samfunnet, som økonomisk vekst, utvikling av meir energieffektiv teknologi, demografisk utvikling og endringar i næringsstruktur. Prisnivå, skattar, avgifter og direkte reguleringar på energi-, miljø- og klimaområdet påverkar også energibruken. I tillegg svingar energibruken mellom år som følge av temperaturvariasjonar.

Elektrifisering av energibruken er ei utvikling som pregar dei fleste land. I åra som kjem, vil fleire sektorar i norsk økonomi erstatte bruk av fossil energi med fornybar kraft. Dette aukar behovet for elektrisitet, men fører også til meir effektiv bruk av energi, sidan elektriske løysingar utnyttar energien meir effektivt.

Ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) blei det brukt om lag 212 TWh energi innanlands i 2025, noko som er ein reduksjon på om lag 2 TWh frå 2024. Nedgangen kjem mellom anna av lågare energiforbruk i transportsektoren på grunn av ein auke i elbilar og lågare forbruk i private hushald som følge av høgare temperaturar i 2025. Energibruk i private hushald gjekk ned frå 46,6 TWh i 2024 til 45,3 TWh i 2025, der kategoriane elektrisitet og ved blei reduserte med høvesvis 2 og 7 prosent. Bruken av elektrisitet har auka i industri og transport, medan energibruk frå olje og oljeprodukt har gått ned. Industri, transport og privat og offentleg tenesteyting stod for høvesvis 73, 50 og 35 TWh av energibruken.

Boks 4.1 Oppfølging av nasjonale energieffektiviseringsmål

Noreg har eit mål om å forbetre energiintensiteten med 30 prosent innan 2030 samanlikna med nivået i 2015. Energiforbruket innanlands var 2 TWh lågare i 2025 enn i 2015. I same perioden har bruttonasjonalproduktet (BNP) for Fastlands-Noreg auka med 20 prosent, noko som har gitt ei forbetring i energiintensiteten på rundt 18 prosent sidan 2015.

NVE estimerer at energiintensiteten har blitt forbetra med om lag 2,3 prosentpoeng frå 2024 til 2025. I tillegg har SSB gjennomført ein hovudrevisjon av nasjonalrekneskapen som påverkar tala i utrekninga av energiintensiteten. NVE anslår at hovudrevisjonen til SSB framstår som ei forbetring i energiintensiteten på 2,3 prosentpoeng. Dette gjer at tala for i år ikkje er direkte samanliknbare med tala frå rapporteringa i fjor.

Regjeringa har fastsett eit nasjonalt mål om å redusere straumforbruket i den samla bygningsmassen med 10 TWh innan 2030, samanlikna med 2015. Straumforbruket i bygg var 64,8 TWh i 2015, og NVE estimerer forbruket på 63,8 TWh i 2025. Dette inneber ein reduksjon på om lag 1 TWh samanlikna med 2015. Framskrivingar frå NVE viser eit straumforbruk på 62,7 TWh i 2030, noko som svarer til ein reduksjon på 2,1 TWh frå 2015-nivået.

NVE peikar på fleire overordna samfunnstrendar som drivkrefter bak utviklinga i straumforbruket i bygg, mellom anna befolkningsvekst, fleire fritidsbustader og at det blir færre personar per bustad. Samtidig har myndigheitene fleire verkemiddel som dempar veksten og fremmer meir effektiv energibruk i bygg. NVE trekker særleg fram reguleringar om innfasing av LED-belysning og meir energieffektive elektriske apparat, byggteknisk forskrift (TEK) og Enovas stønadsprogram som sentrale bidrag til å redusere behovet bygga har for straum frå nettet. Trass i ein moderat nedgang i det totale sluttforbruket av straum viser indikatorar NVE har utarbeidd og publisert, at det har skjedd ei betydeleg effektivisering i den norske bygningsmassen i perioden 2015–2024. Straumforbruket per kvadratmeter har gått ned med 12 prosent i bustader og 21 prosent i yrkesbygg. Andre indikatorar, som syner straumforbruk per hushald og per innbyggar, viser også at bygningsmassen har blitt meir energieffektiv. Dersom forbruket per kvadratmeter hadde lege på 2015-nivået, ville straumforbruket i den noverande bygningsmassen vore om lag 10 TWh høgare i 2025.

Utviklinga i kraftbalansen

Dei siste åra har utbygginga av kraftproduksjon minka, samtidig som interessa for å etablere nytt forbruk har auka. Det er stor uvisse knytt til behovet for kraft i åra framover og kor mykje ny produksjonskapasitet som blir realisert på kort og lang sikt. Korleis kraftbalansen utviklar seg framover, vil påverke Noregs forsyningssikkerheit, prisutviklinga på kraft og moglegheitene til omstilling og etablering av nye næringar.

I NVE-rapporten Status og utvikling i kraftsystemet 2025–2030, publisert i juni 2026, er hovudkonklusjonen at kraftbalansen framleis vil vere positiv dei neste åra, men svakare enn tidlegare venta. Om 2030 blir eit normalår, er det venta eit kraftoverskot på om lag 4 TWh det året. Til samanlikning anslo NVE i Langsiktig kraftmarkedsanalyse 2025 at kraftbalansen i 2030 ville vere 7 TWh i 2030.

Val som blir tatt i dag om kraftnett, ny produksjon og nytt forbruk, vil påverke kva slags kraftsystem Noreg vil ha om nokre år. Ved å variere føresetnadene om veksten i forbruket og tilgangen på ny produksjon har NVE i analysane sine illustrert korleis ulike utviklingstrekk og avgjerder kan påverke kraftbalansen og prisane, jf. boks 4.2 og kapittel 8 Flytande havvind i Utsira Nord i del III av proposisjonen.

Analysane understrekar kor viktig det er å legge til rette for ny kraftproduksjon som havvind og vindkraft på land, men peikar også på behovet for å styrke utviklinga av nettet dei nærmaste åra.

Boks 4.2 NVEs scenarioanalysar

NVE publiserer årleg rapporten Scenarioer for kraftmarkedet. Rapporten for 2026 kjem ut i oktober etter at budsjettet er lagt fram. Der analyserer dei ulike scenario med ulike føresetnader om utviklinga i forbruk og produksjon mot 2035. Samanlikningsgrunnlaget for scenarioa er «Basis» i 2035 som tilsvara basisbanen i 2035 frå rapporten deira Langsiktig kraftmarkedsanalyse 2025 (LA25). Der er kraftforbruket venta å auke med 28 TWh fram mot 2035, og NVE legg til grunn at om lag 25 TWh ny kraftproduksjon kjem på plass frå 2023 til 2035.

Scenarioa «Klimaplan», «Klimatiltak», «Datasenter» og «Datasenter Klimaplan» legg til grunn ulike utviklingstrekk for forbruk i dei forskjellige scenarioa, men utan endringar på produksjonssida utover det som allereie er venta i analysen frå 2025 (LA25). I «Basis» er allereie vedtatt klimapolitikk lagd til grunn. Effekten som ytterlegare klimatiltak vil ha på kraftsystemet, avheng av kva for tiltak som blir gjennomførte, og kvar og når tiltaka blir gjennomførte.

Scenarioet «Klimaplan» viser forbruksutviklinga mot 2035 ved å gjennomføre klimapolitikken regjeringa har planlagd, og verkemiddel frå Klimastatus og -plan for 2027. Scenarioet «Klimatiltak» illustrerer forbruksutviklinga mot 2035 dersom alle tiltaka i Miljødirektoratets Klimatiltak i Norge 2026 blir gjennomførte. Analysane NVE har gjort, viser at tiltaka i dei to scenarioa vil auke det norske kraftforbruket med høvesvis 4 TWh og 16 TWh i 2035, samanlikna med året 2035 i «Basis». Det fører til ein lågare, men positiv kraftbalanse på 16 TWh i «Klimaplan» og 4 TWh i «Klimatiltak» i 2035 i eit år med normale vêrforhold. Til samanlikning venta NVE ein balanse på rundt 20 TWh i 2035 i «Basis». Svakare kraftbalanse vil alt anna likt gi høgare kraftprisar, som vil resultere i ein auke i gjennomsnittlege kraftprisar ved normale vêrforhold med 4 øre/kWh i «Klimaplan» og 14–18 øre/kWh i «Klimatiltak» i 2035, samanlikna med «Basis».

Marknadssituasjonen har endra seg sidan anslaga frå 2025 blei lagd fram, mellom anna har det blitt fleire datasenter som ønsker nettilknyting. NVE har i scenarioanalysen gjort nye overslag på kraftforbruket til datasenter mot 2035, basert på ein ny metode1. I scenarioet «Datasenter», som baserer seg på den nye metoden, veks forbruket med i underkant av 6 TWh i 2035 utover «Basis». Auka forbruk i «Datasenter» kombinert med «Klimaplan» gir eit auka forbruk på 9 TWh utover basisbanen. Resultata viser at kraftoverskotet blir redusert ytterlegare, og at norske kraftprisar stig, men at Noreg framleis har ein positiv kraftbalanse i 2035 i begge scenarioa. Denne konklusjonen avheng av at ny kraftproduksjon blir realisert.

NVE har berekna effekten av ei utvikling med mindre produksjon enn venta i åra framover. Dersom det ikkje kjem ny vindkraft på land som i «Nullvekst Landvind» eller ny havvind som i «Nullvekst Havvind», fell kraftbalansen til høvesvis 14 og 11 TWh i 2035. Endringa i kraftoverskot samanlikna med «Basis» der både vindkraft på land og havvind blir realiserte, verkar betydeleg inn på dei norske kraftprisane. For Noreg samla sett aukar kraftprisane i 2035 med 6,7 øre/kWh i scenarioet «Nullvekst Landvind» og med 8,4 øre/kWh i scenarioet «Nullvekst Havvind», samanlikna med «Basis». Dersom vi som i scenarioet «Nullvekst Vind» verken får den nye havvinden eller den nye landvinden som ligg inne i «Basis», fell den norske kraftbalansen til 6 TWh i 2035. Eit slikt scenario inneber ein gjennomsnittleg auke på 13 til 17 øre/kWh for norske kraftprisar, og i visse vêrår ein auke på opp mot 21 øre/kWh. I scenarioet «Nullvekst Vind, Datasenter Klimaplan» der datasenterforbruket aukar, planlagde klimatiltak blir gjennomførte og ingen ny vindkraft blir bygd ut, fell kraftbalansen ytterlegare, til -4 TWh i 2035. Figur 4.1 viser oversikt over kraftbalansen i 2035 for dei ulike scenarioa. Sjå heile analysen i NVE-rapporten Scenarioer for kraftmarkedet.

Figur 4.1 Kraftbalansen i 2035 for dei ulike scenarioa i scenarioanalysen frå NVE

Figur 4.1 Kraftbalansen i 2035 for dei ulike scenarioa i scenarioanalysen frå NVE

1 Les meir om metoden her: https://www.nve.no/media/20262/metodenotat-framskriving-datasentre-2026.pdf

Flaum og skred

Flaum- og skredhendingar fører til store kostnader i form av helseskadar, tap av liv og materielle skadar på eigedom, infrastruktur og miljø. Dei siste åra har Noreg opplevd fleire flaum- og skredhendingar med omfattande skadar. Farekartlegging har avdekt fleire fareområde og bidratt til større merksemd i samfunnet om risikoen slike hendingar utgjer. Aukande folketal og økonomisk vekst bidrar til at skadepotensialet også veks, og klimaendringar fører til meir ekstremvêr og fleire flaum- og skredhendingar.

Dei siste åra har førebyggingsarbeidet blitt styrkt med mål om å auke sikkerheita for folk. I 2025 slutta Stortinget seg til tiltaka frå regjeringa innanfor kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking og varsling i tråd med stortingsmeldinga om flaum og skred, Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, jf. Innst. 123 S (2024–2025).

NVE skal gi bistand til kommunane i arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar. Når det gjeld arealplanlegginga, prioriterer NVE å uttale seg om overordna kommuneplanar og områdereguleringsplanar, men har inga rolle i byggesaksbehandlinga. NVE skal også bidra med kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og rettleie om kommunal arealplanlegging for å redusere skadar frå overvatn. Bistanden blir prioritert etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for skadar.

NVE bidrar til fysiske sikringstiltak for å redusere risikoen. Dei statlege bistandsordningane for flaum- og skredsikring er baserte på lokal medfinansiering (distriktsandel). Frå 2025 blei distriktsandelen for ordinære sikringstiltak redusert frå normalt 20 til 10 prosent. Samtidig blei den nedre grensa for å få tilskot heva til 1 million kroner, og grensa for å få bistand til tiltak i regi av NVE blei heva til 10 millionar kroner. Dette gjer at NVE kan konsentrere innsatsen om større og meir krevjande tiltak. Fleire store og komplekse sikringstiltak er under planlegging i område med tett busetnad. Slike prosjekt kan vere avgjerande for vidare utvikling av lokalsamfunn og tettstader, men krev store investeringar og omfattande planlegging.

Hovudmål

Dei overordna måla på energi- og vassressursområdet er

  • å legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning

  • å bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane

  • å sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

NVE har ansvar for å forvalte energi- og vassressursane og støttar kommunane og andre aktørar i arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar.

I organisasjonen til NVE inngår også Reguleringsmyndigheita for energi (RME), som ei eiga og uavhengig eining. RME er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg.

Statnett er operatør og eigar av transmisjonsnettet (TSO) og er det systemansvarlege nettselskapet i Noreg. Statnett har ansvar for samfunnsøkonomisk rasjonell drift og utvikling av transmisjonsnettet.

Energidepartementets mål og oppgåver

Energidepartementet skal legge til rette for eit effektivt og velfungerande energisystem.

Departementet skal arbeide for at fornybar kraft og straumnett blir bygde ut raskare, og for å utnytte nettet betre.

Departementet skal legge til rette for auka produksjon av fornybar energi frå vasskraft, havvind, vindkraft på land og i tillegg solkraft, fjernvarme og lokal energiproduksjon.

Departementet skal følge opp utgreiinga til kjernekraftutvalet, NOU 2026: 4, med sikte på at ei stortingsmelding om kjernekraft kan leggast fram tidleg i 2028.

Departementet skal sørge for god sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga. NVE har ansvar for sentrale beredskapsoppgåver på området.

Departementet skal følge opp relevant EU-regelverk på energiområdet og bidra til god tilpassing til det europeiske energisystemet. Departementet skal vidare arbeide med sikte på å redusere det såkalla etterslepet i EØS-avtalen. EØS-relevant regelverk skal i utgangspunktet innlemmast i avtalen utan unødig opphald, men det er viktig å bruke tilstrekkeleg tid for å sikre norske interesser der det er nødvendig.

Departementet skal vareta heilskapen i energieffektiviseringspolitikken og legge til rette for energieffektivisering og fleksibel energibruk.

Departementet skal ferdigstille arbeidet med å vurdere endringar i prisreguleringa av fjernvarme og legg opp til å fremme forslag til lovendringar om prisregulering av fjernvarme for Stortinget i 2027.

Departementet skal følge opp forvaltninga av elsertifikatsystemet i tett dialog med Klimat- och näringslivsdepartementet i Sverige for å sikre ei koordinert og effektiv gjennomføring av ordninga.

Departementet skal følge opp NVE i arbeidet med å sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko og med å sørge for at sikkerheita ved vassdragsanlegg er tilfredsstillande.

Departementet skal halde fram med å følge opp Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, som blei behandla av Stortinget i februar 2025, og bidra til at tiltaka i meldinga blir gjennomførte i tråd med målet om styrkt førebygging.

Departementet skal bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane. Det inneber mellom anna å ta miljøomsyn ved ny utbygging og å legge til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag, mellom anna for å følge opp godkjende forvaltningsplanar etter vassforskrifta.

Departementet skal sikre god forvaltning av dei innanlandske energi- og vassressursane gjennom styringsdialogen med NVE og følge opp den statlege eigarskapen i Statnett for å sikre ansvarleg og målretta styring av selskapet.

Energidepartementets resultat for 2025

I 2025 bidrog departementet til ei effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ei sikker kraftforsyning og ein effektiv og velfungerande kraftmarknad. Departementet medverka også til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og ei forbetring av evna til å handtere flaum- og skredrisiko.

Departementet følgde kraftsituasjonen tett gjennom året. 2025 starta med rekordhøg fyllingsgrad for Noreg samla sett, men gjennom året var det store regionale forskjellar. Den store forskjellen i ressurssituasjonen bidrog til store prisforskjellar mellom nord og sør. Det sørlege Noreg hadde ein oppgang i kraftpris frå 2024 til 2025, medan Midt- og Nord-Noreg hadde ein nedgang.

I 2025 blei det produsert 161 TWh elektrisk kraft i Noreg. Det er den høgaste årlege kraftproduksjonen som er registrert. Det norske kraftforbruket i 2025 enda på om lag 138 TWh, noko som gav eit kraftoverskot på om lag 23 TWh.

Leveringskvaliteten på straum i Noreg er høg, og leveringspålitelegheita i 2025 var på 99,982 prosent. I snitt opplevde ein straumkunde 2,0 langvarige avbrot (over 3 minutt) og 1,7 kortvarige avbrot (under 3 minutt). Den gjennomsnittlege gjenopprettingstida for langvarige avbrot var 3 timar og 33 minutt. Tydelege krav til beredskapsarbeid og omfattande informasjonsverksemd frå NVE bidrar til at nettselskapa jobbar meir med beredskap.

I juni 2025 vedtok Stortinget at Noregspris og straumstønadsordninga skal vare ut 2029. Departementet følger opp ordningane, som skal bidra til å gi tryggleik for straumutgiftene i hushalda.

Eit forslag om strengare regulering av overskotsvarme var på offentleg høyring hausten 2025, og Stortinget vedtok forslag til endringar i juni 2026. Endringane inneber at anlegg som hovudregel ikkje kan byggast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta, dersom dette er bedriftsøkonomisk lønnsamt. Departementet følger opp lovendringa med forslag til forskriftsendringar, med sikte på at ho tar til å gjelde 1. juli 2027.

Hausten 2024 blei det innført eit krav om at føretak med stort energiforbruk må kartlegge energibruken sin og vurdere moglegheitene for energieffektivisering. Første kartlegginga skal gjennomførast innan 1. oktober 2026. Departementet har bedt NVE yte god rettleiing om kva som skal til for å oppfylle krava og om å vurdere behov for forenklingar.

Departementet har arbeidd med å kartlegge behov og identifisere tiltak for å halde ved lag samfunnsøkonomisk lønnsam fjernvarme, slik det blei varsla i Prop. 1 S (2025–2026) og omtalt i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026. Parallelt har departementet arbeidd med å vurdere endringar i prisreguleringa av fjernvarme, slik det blei varsla i statsbudsjettet for 2025. Det er planlagt å sende eit forslag på høyring hausten 2026. Departementet tar sikte på å fremme forslag til lovendringar for Stortinget våren 2027.

Energidepartementet sende i juni 2025 på høyring forslag til endringar i energilova som vil gjere det mogleg å gjere vedtak overfor nettselskapa om å prioritere ein bestemt uttakskunde i samband med tilknyting til straumnettet når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser.

Dei siste tiltaka i Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet frå 2023, blei følgde opp i 2025. Departementet vedtok i 2025 forskriftsendringar om at nettselskapa skal halde av kapasitet i regional- og transmisjonsnett for kundar med avgrensa effektuttak, såkalla vanleg forbruk som hushald, mindre næringar og nødvendige samfunnsfunksjonar. Departementet vedtok også forskriftsendringar om meir openheit rundt vurderingane til nettselskapa av kor mykje det er driftsmessig forsvarleg å knyte til nettet, og forskriftsfesta å gjere det mogleg for nettselskapa å trekke tilbake kapasitet som ikkje er i bruk, ved å nedjustere det maksimale effektuttaket til kundane i særlege tilfelle.

I februar 2025 la departementet fram forslag til fleire endringar i energilova, mellom anna innføring av ein heimel for tidleg saksavslutning og henteplikt for områdekonsesjonærar. Stortinget vedtok endringane våren 2025, og dei fleste tok til å gjelde 1. juli 2025. Henteplikta for områdekonsesjonærar, som inneber at fleire småkraftverk og solkraftanlegg slepp å søke NVE om eigen nettkonsesjon, tok til å gjelde 1. januar 2026, saman med nødvendige forskriftsendringar.

I 2025 blei konsekvensutgreiingsforskrifta endra slik at grensa for når ein tiltakshavar må førehandsmelde kraftleidningar på 132 kV, blei heva frå 15 til 50 km. Forskrifta om ekstern kvalitetssikring og vedtaksmyndigheit etter energilova blei endra, slik at det ikkje lenger er krav om ekstern kvalitetssikring av konseptvalutgreiingar for nye, store kraftleidningar. Myndigheita til å gjere vedtak for nye, store kraftleidningar blei også overført frå Kongen i statsråd til NVE.

Departementet har i 2025 forvalta den statlege eigarskapen i Statnett, som er systemansvarleg i det norske kraftsystemet og eit viktig sektorpolitisk føretak med ansvar for kritisk infrastruktur. Som eigar har departementet halde seg løpande orientert om mellom anna investeringsporteføljen, økonomien og drifta i føretaket.

Departementet har i 2025 vedtatt endringar i energimerkeordninga for bygg. Målet med endringane er mellom anna å gjere ordninga meir relevant for eksisterande bygg og premiere oppvarmingsløysingar som avlastar kraftsystemet. Den nye ordninga tok til å gjelde 1. januar 2026.

Departementet har hatt det overordna ansvaret for å gjennomføre EU-forordningar under økodesigndirektivet og energimerkeforordninga. I oppfølginga av forordningar under økodesigndirektivet har departementet samarbeidd med Klima- og miljødepartementet for å sikre koordinert og effektiv implementering.

Departementet har også i 2025 samarbeidd med NVE og RME om å lage forslag til regulering av forsyninga av elektrisk energi og varme i Longyearbyen.

Departementet har også følgt og analysert utviklinga i dei nordiske og nordeuropeiske kraftmarknadene. Departementet har deltatt i arbeidsgrupper på nordisk nivå for å føre vidare det nordiske energisamarbeidet og har bidratt til felles forståing og koordinering av energipolitiske spørsmål.

Departementet har følgt prosessane for EUs regelverksutvikling på energiområdet tett gjennom 2025. I 2025 blei energieffektivitetsdirektivet frå 2012 og 2018, bygningsenergidirektivet frå 2018 og fornybardirektivet frå 2018 innlemma i EØS-avtalen. Departementet har i 2025 også halde fram arbeidet med å vurdere innhaldet i anna EU-regelverk.

I 2025 blei det behandla seks klagesaker som gjaldt konsesjon til nye produksjonsanlegg etter energilova, og departementet behandla 27 søknader og klagesaker relaterte til kraftleidningar. Statnett SF fekk i august 2025 konsesjon ved kongeleg resolusjon til ny 420 kV kraftleidning frå Skaidi til Lebesby i Finnmark.

Ved kongeleg resolusjon blei det i 2025 gitt konsesjon til eit nytt vasskraftprosjekt med installert effekt på 185 MW og ein samla nettoproduksjon på om lag 70 GWh. Ved kongeleg resolusjon blei det tatt avgjerd i fire saker om revisjon av konsesjonsvilkår for eldre vasskraftutbyggingar. Departementet gjorde endeleg vedtak i seks saker om små vasskraftverk.

Ved kgl. res. 29. august 2025 blei Kongens myndigheit etter vassdragsreguleringslova og vassfallrettslova delegert til Energidepartementet, som deretter delegerte myndigheita vidare til NVE.

Departementet har følgt opp vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta med sikte på at miljømåla blir nådde innan tidsfristane som er sette i planane. Departementet har også følgt opp arbeidet til NVE med å førebygge flaum- og skredskadar.

I 2025 har departementet, saman med andre relevante departement, halde fram arbeidet med å følge opp tiltaka i Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare samfunn – førebudd på flaum og skred, jf. Innst. 123 S (2024–2025). Regjeringa vil styrke arbeidet med førebygging for å auke sikkerheita for folk, både gjennom sikringstiltak og med tiltak knytte til kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling.

Departementet har styrkt arbeidet med havvind og lyst ut tre prosjektområde for flytande havvind i Utsira Nord i 2025. Dette markerer eit viktig steg i utviklinga av havvind i Noreg og er nærmare omtalt under programkategori 18.30 i Energidepartementets resultatrapport for 2025.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for å forvalte dei innanlandske energiressursane. Vidare har direktoratet ansvaret for å forvalte Noregs vassressursar og vareta statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaum- og skredskadar. NVE er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor ansvarsområda sine. NVE skal bidra med kunnskap og analysar til departementet, til andre myndigheiter og sektorar og til allmenta.

NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har NVE kontor på Stranda i Møre og Romsdal og i Kåfjord i Troms. Det blei utført 719 årsverk i NVE i 2025. Av desse var 69 årsverk knytte til Reguleringsmyndigheita for energi (RME).

Mål

NVE har fire hovudmål:

Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga

NVE skal ha oversikt over hydrologi og vassressursar i Noreg og korleis klimaendringar påverkar desse. Direktoratet skal sikre samfunnsmessig forsvarleg bruk og forvaltning av vassdrag og grunnvatn. Når dei behandlar nye tiltak eller endringar i eksisterande tiltak, skal dei vege miljøinteresser og brukarinteresser mot kvarandre. I tillegg skal NVE sjå til at miljø- og sikkerheitskrav som blir stilte til nye og eksisterande vassdragsanlegg, blir oppfylte, og bidra til ei god forvaltning av vassdragsvernet.

Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi

NVE skal prioritere å behandle konsesjonssøknader om nett og om produksjon som bidrar til betydeleg auka kraftproduksjon eller gir større fleksibilitet i kraftsystemet. NVE skal støtte opp under og bidra til regjeringa sitt arbeid med raskare utbygging av kraft og straumnett. Vidare skal direktoratet bidra i oppfølginga av regjeringa sitt kraft- og industriløft for Finnmark. NVE skal også bidra i arbeidet med å følge opp handlingsplanen for energieffektivisering, arbeide for eit effektivt og fleksibelt energisystem og støtte satsinga på vindkraft til havs. Direktoratet skal sjå til at krava til utbygging og drift av anlegg for produksjon og overføring av energi blir oppfylte. I tillegg skal NVE ha god oversikt over relevante utviklingstrekk i det europeiske energisystemet og regelverksutviklinga i EU og over korleis utviklinga påverkar Noreg.

Fremme ei sikker kraftforsyning

NVE skal overvake og analysere utviklinga i kraft- og effektbalansane på kort og lang sikt, ha god oversikt over kraftsituasjonen i dei ulike regionane og vere førebudd på situasjonar med anstrengde kraftsituasjonar. Direktoratet skal også sjå til at sikkerheita og beredskapen i kraftforsyninga er god, gitt risikoen som følger av klimaendringar, digitalisering og eit nytt sikkerheitspolitisk bilete, og at krava til sikkerheit og beredskap blir oppfylte.

Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

Politikken til regjeringa for å førebygge flaum- og skredskadar følger av Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, jf. Innst. 123 S (2024–2025). NVE skal støtte departementet i arbeidet med å følge opp meldinga og gi bistand til kommunane og samfunnet elles med å førebygge skadar frå flaum, skred og overvatn. NVE skal legge ei risikobasert tilnærming til grunn og prioritere innsats og tiltak ut frå kost-nytte-vurderingar.

Resultat 2025

Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga

NVE overvaker vassressursane i Noreg ved hjelp av over 700 hydrologiske målestasjonar i elver og innsjøar. I tillegg gjennomfører NVE målingar av markvatn, grunnvasstand, vasstemperaturar, brear, snø, is og sedimenttransport på utvalde stader. Dei hydrologiske målestasjonane gir, saman med dei andre målingane, god oversikt over vassressursane og er viktige for mellom anna flaum- og jordskredvarslinga.

I 2025 har det vore stor feltaktivitet for å sikre hydrologiske data av god kvalitet. NVE har oppgradert instrumenteringa på stasjonane frå 2G til 4G i forkant av at 2G-nettet i Noreg blir stengt.

Målestasjonar som vassdragsregulantane er pålagde å drive, er ein viktig del av det hydrologiske stasjonsnettet. I 2025 har NVE gitt fem varsel og fire pålegg om hydrologiske målingar i vassdrag. NVE har også sendt ut vedtak til alle vassdragsregulantar som allereie er pålagde hydrologiske målingar, om å følge NVEs retningslinje for pålagde hydrologiske undersøkingar. I tillegg blei to av dei sentrale digitale systema oppdaterte for å gjere det enklare å få data frå vassdragsregulantar.

NVE har formidla informasjon om klimaendringar og klimatilpassing og vore involvert i ulike FoU-prosjekt, mellom anna knytte til samarbeidet i Norsk klimaservicesenter. I 2025 har NVE bidratt til rapporten Klima i Norge 2100.

I konsesjonsbehandlinga av tiltak i vassdrag har NVE stilt krav til utgreiing av påverknaden på miljø- og brukarinteresser og slik vurdert denne påverknaden heilskapleg. Dei har prioritert framdrift i vilkårsrevisjonar i samsvar med prioriteringa i vassforvaltningsplanar. I tillegg har dei prioritert innkallings- og omgjeringssaker i vassdrag som etter vassforskrifta skal oppnå høgare miljømål innan 2027. Ved utgangen av 2025 hadde NVE totalt 33 vilkårsrevisjonar til behandling. I tillegg gav dei konsesjon eller innstilling om nedlegging av 13 vassdragsanlegg.

NVE har behandla søknader om uttak av vatn til akvakulturanlegg og andre inngrep i vassdrag. I 2025 har NVE behandla 15 saker om konsesjon, konsesjonsplikt og utviding av akvakulturanlegg, 20 saker om andre vassuttak, 19 saker om mellombels løyve og 16 saker som handla om fysiske tiltak i vassdrag.

Det er framleis høg aktivitet i bygginga av småkraftverk, mellom anna sidan mange kraftverk har fått forlengd byggefrist. NVE har prioritert miljøtilsyn med vassdragsanlegg i byggefasen og har gjennomført 100 synfaringar før og etter byggestart. NVE har også hatt tilsyn med vassdragsanlegg i drift og fortløpande følgt opp innrapporterte hendingar. I sum har NVE gjort seks vedtak om retting og tre vedtak om gebyr for brot på vilkår i konsesjonen eller vilkår som følger direkte av vassressurslova.

I 2025 har NVE vore ekstra merksame på slepp av minstevassføring frå småkraftverk i drift. Dei har gjennomført fysiske kontrollmålingar i fire småkraftverk og henta inn data om slepp av minstevassføring frå ti småkraftverk. Det blei ikkje avdekt brot i samband med dei fysiske stikkprøvene.

Dammar har ein viktig funksjon for kraftforsyninga og kan ofte vere viktige for flaumdemping i vassdrag. Brot på dammar kan ha svært store konsekvensar for samfunnet. Dammar og vassvegar skal klassifiserast i éin av fem konsekvensklassar, slik at det blir stilt rette krav til sikkerheita ved planlegging, bygging og drift. NVE prioriterer å følge opp anlegga der konsekvensane av brot er størst. I 2025 gjorde dei vedtak om konsekvensklasse i 142 saker. I 2025 kom NVE i mål med å klassifisere alle damanlegga.

Som eit ledd i arbeidet med god damsikkerheit blir det stilt krav om bruk av kvalifisert personell. For dameigarar gjeld dette leiar, vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) og anna tilsynspersonell. I 2025 har NVE behandla 94 VTA-søknader og 53 saker som gjeld fagansvarleg. I tillegg har NVE i 2025 arbeidd med forslag til revidert damsikkerheitsforskrift.

NVE gjennomførte 18 revisjonar av internkontrollsystem hos dameigarar og 31 inspeksjonar. Som del av tilsynet har NVE varsla om vedtak om retting over 100 gonger og gjort 27 vedtak om retting. Dessutan har NVE gitt 22 varsel om tvangsmulkt og gjort to vedtak om tvangsmulkt i 2025.

Vassdragsvernet omfattar 390 objekt som er verna mot kraftutbygging. I vurderingar av tiltak i verna vassdrag har NVE lagt stor vekt på verneverdiar. Dei gir informasjon om verna vassdrag på nettsidene sine, vurderer potensielle konfliktar i samband med vassdragsvern i høyringar av kommunale arealplanar og har motsegnskompetanse knytt til fagområda sine. I 2025 har NVE fremt motsegner mot fire arealplanar på grunn av vassdragsvernet. Eit FoU-prosjekt om verna vassdrag har halde fram i 2025. Norsk institutt for naturforskning (NINA) gjennomfører prosjektet, som mellom anna skal gi ei oppdatert oversikt over verneverdiane som ligg til grunn for vernevedtaka.

NVE har sektoransvaret for å gjennomføre vassforskrifta innanfor områda sine. Direktoratet har gjennomført prioriterte vilkårsrevisjonar, innkallings- og omgjeringssaker og bidratt til miljøtiltak gjennom tilskots- og bistandsordningane. Vidare har direktoratet deltatt i alle vassregionutvala i 2025 og bidratt til å oppdatere datagrunnlaget. NVE har også deltatt i direktoratsgruppa for vassdirektivet og i nasjonale faggrupper. NVE har mellom anna bidratt til ein nasjonal handlingsplan for vassdragsrestaurering og til rettleiing om hydromorfologisk klassifisering.

I løpet av 2025 har NVE også arbeidd med ein gjennomgang av eldre konsesjonslause kraftverk for å styrke kunnskapsgrunnlaget om korleis kraftverka påverkar miljøverdiar.

Gjennom tilskot til Anno Norsk skogmuseum, Kraftmuseet, det freda kraftanlegget Tysso I og Telemarkskanalen har NVE bidratt til å bevare og formidle norsk vassdrags- og energihistorie.

Arbeidet med å digitalisere analogt arkivmateriale har halde fram i 2025. Direktoratet har i tillegg arbeidd vidare med å revidere listeførte kulturminne i samarbeid med Riksantikvaren og den regionale kulturmiljøforvaltninga.

Departementet vurderer det slik at NVE har lagt til rette for ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga.

Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi

NVE får stadig fleire konsesjonssaker, med ein tydeleg auke dei siste åra. Auken er særleg stor for nettanlegg. Samtidig har det komme inn fleire store og komplekse vasskraftsaker, og bransjen signaliserer også auka aktivitet innanfor vind- og solkraft. NVE har etablert kriterium for konsesjonsbehandlinga. Desse kriteria sikrar at større prosjekt og prosjekt som er viktige for forsyningssikkerheita og effektbalansen, blir prioriterte.

I 2025 har NVE gjort vedtak eller innstilling i totalt 123 vasskraftsaker om både mikro- og minikraftverk, småkraftverk og større kraftverk.

For vindkraft på land kan NVE samordne saksbehandlinga med kommunane, og NVE har derfor arbeidd med å utvikle gode rutinar for behandlinga av vindkraftsaker framover. I 2025 har dei fått inn åtte meldingar om ny vindkraftproduksjon på land. NVE har i 2025 fastsett utgreiingsprogram for elleve vindkraftprosjekt i Finnmark.

Interessa for bakkemontert solkraft har halde fram med å auke i 2025. I løpet av året fekk NVE inn 42 saker om solkraft, fordelte på 27 meldingar og 15 søknader.

I 2025 blei det innført ei grense på 10 MW for konsesjonsplikt for solkraftverk. Søknader om solkraftverk som ligg under grensa, er det kommunane som behandlar. I 2025 blei det også innført nye reglar for meldeplikt for solkraftverk. Solkraftverk over 10 MW må starte prosessen med melding etter forskrift om konsekvensutgreiingar.

NVE har også gjort vedtak i 40 fjernvarmesaker i 2025. Dei fleste sakene gjeld endringar og utvidingar av eksisterande anlegg.

Pågangen av søknader om nettkonsesjonar har vore stabilt høg i 2025 som tidlegare år. Som ei oppfølging av NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet har NVE utvikla og sett i verk ei rekke tiltak for raskare realisering av nettutbygging. Ei digital løysing for konsesjonsbehandling av nettanlegg, Min side, blei lansert i september 2024, og i 2025 har løysinga blitt utvida med skjema for områdeplanar.

NVE har fått inn 372 søknader om nettkonsesjonar og gjort totalt 410 vedtak eller innstillingar gjennom året. Anlegg i Finnmark har vore prioriterte som følge av kraft- og industriløftet for dette fylket. I tråd med handlingsplanen for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet har NVE halde fram å utvikle av eit hurtigspor for konsesjonsbehandling av nettsøknader som er godt førebudde og har små verknader for allmenne og private interesser. Om lag 70 prosent av sakene blir nå behandla i hurtigspor.

I 2025 har NVE fortsett arbeidet med å digitalisere prosessane rundt nettutgreiingar og konsesjon. Det er etablert digital støtte til nettutvikling, konsesjonsprosessar og tilsyn. Gjennom digitaliseringsprogrammet er det arbeidd med å forbetre søknadsløysingar for dei eksterne brukarane til NVE, og det er starta arbeid med å utvikle nye og forbetre eksisterande fagsystem og saksbehandlingsløysingar. Digitaliseringsarbeidet har så langt betra datakvaliteten og effektiviteten både for eksterne søkarar og for saksbehandlarane i NVE og har bidratt til ein auke i talet på avgjerder på nettområdet. Digitaliseringsarbeidet har også gitt gevinstar i form av betre tilgang til styringsinformasjon, kontinuerleg tilgang til nettutviklingsplanar og ført til enklare dialog med tiltakshavarar i tidleg fase av prosjekta. Reduksjonen i manuelle registreringar har frigjort tid til faglege vurderingar, prioritering av komplekse saker og vidareutvikling av regelverk, metode og samhandling.

Analysearbeidet NVE gjer, er eit viktig grunnlag for å forstå den noverande kraftsituasjonen og utviklinga framover. Det er viktig for å halde ved lag og vidareutvikle god kunnskap om utviklinga innanfor aktuelle energiteknologiar, kraftproduksjon og -forbruk, forsyningssikkerheit og ulike energiberarar. NVE har i 2025 utvida referansebanen i den langsiktige kraftmarknadsanalysen til 2050 og publisert den andre scenarioanalysen for ein alternativ utviklingsbane til referansebanen. Dei har også laga ei utgreiing om å avslutte elsertifikatsystemet tidlegare enn 2035.

NVE har følgt nøye med på forsyningssikkerheita i kraftsystemet, særleg gjennom analysar av kraftsituasjonen og prognosar for utviklinga av kraftsituasjonen. NVE har vidareutvikla analysar, modellar og metodar for å følge utviklinga i kraftsystemet og utarbeide løpande vurderingar av kraftsituasjonen. Arbeidet er vidareført i 2025, mellom anna gjennom vekevise oppdateringar av kraftsituasjonen og analysar av utviklinga på både kort og lengre sikt.

For havvind har ein stor del av arbeidet i første halvdelen av 2025 vore knytt til strategisk konsekvensutgreiing av 17 utgreiingsområder som blei identifiserte som eigna for havvind i 2023. Ei direktoratsgruppe har gitt innspel til NVE i samband med utgreiinga. Den strategiske konsekvensutgreiinga blei lagd fram i juni 2025.

I samanheng med utlysing av prosjektområde i havvindområdet Utsira Nord har NVE hjelpt departementet i arbeidet med å lage til tildelingskriterium knytte til berekraft. NVE har vidare evaluert dei innkomne søknadene på Utsira Nord etter kriteriet berekraft. I tillegg har dei saman med Enova gjort ei tilsvarande evaluering for tildelingskriteria kostnadsnivå 2030 og innovasjon og teknologiutvikling.

Etter at NVE hausten 2024 fastsette utgreiingsprogram for havvindanlegget og nettilknytinga av Sørlege Nordsjø II, har NVE hatt jamleg dialog med og rettleidd utviklaren Ventyr.

NVE har i 2025 følgt opp tilrådingane i rapporten Innspill til forvaltningsregime. Ivaretagelse av kraftforsyningssikkerhet til havs frå 2024, der NVE vurderte korleis eit forvaltningsregime for sikkerheit og beredskap for å sikre kraftforsyningssikkerheita bør vere til havs. NVE har gjennom året hatt dialog med bransjen og arbeidd med eit høyringsforslag for nytt regelverk i samband med dette. Målet er å ha nytt regelverk på plass innan det første større havvindanlegget får konsesjon.

NVE har ei koordineringsrolle for arbeidet med naturkartlegging i havvindområda. Gjennom å delta i programgruppene til Mareano og SEAPOP/SEATRACK for kartlegging av høvesvis botnforhold og sjøfugl har direktoratet følgt opp midlar som Energidepartementet har tildelt, slik at dei blir spissa mot å hente inn kunnskap om aktuelle havvindområde. NVE har også følgt opp midlar som Havforskingsinstituttet har fått til å kartlegge fisk og sjøpattedyr i aktuelle havvindområde. NVE har dessutan hatt dialog med Meteorologisk institutt om eit samarbeidsprosjekt med Havforskingsinstituttet om korleis redusert vindstyrke påverkar havstraumar og marine økosystem.

Ei anna viktig oppgåve for NVE er å følge utviklinga i det europeiske energisystemet og sjå på korleis EUs politikk- og regelverksutvikling påverkar Noreg. I 2025 har NVE gitt innspel til Energidepartementet om bygningsenergidirektivet (2024/1275) og energieffektivitetsdirektivet (2023/1791). I 2025 har NVE, innanfor regelverksutviklinga i EU på områda økodesign og energimerking, mellom anna utarbeidd to utkast til høyringsnotat om forskriftsendringar og vedtatt to forskriftsendringar. NVE driv også med informasjonsarbeid om regelverksutviklinga i EU, har deltatt aktivt i EUs samrådsforum for vedomnar og har mellom anna sendt tre høyringsinnspel om vedomnar til EU-kommisjonen.

NVE har arbeidd med handlingsplanen til regjeringa for energieffektivisering. Mellom anna har NVE henta inn nye og betre energibruksdata frå Elhub, Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre kjelder. Dette har gitt betre innsikt i korleis straumforbruket har utvikla seg på tvers av sektorar, kommunar og prisområde. NVE har også utvikla og tatt i bruk ein ny energibruksmodell for bygningsmassen, som er viktig for framskrivingar av energi- og kraftbruk i bygg og for vurderinga av målet om 10 TWh redusert straumbruk i bygningsmassen. NVE publiserte i energibruksrapporten for 2025 eit eige kapittel om utviklinga i straumforbruk i datasenter. Vidare lanserte NVE ein energirekneskap for kommunane i 2025. Førebels inneheld rekneskapen tal for kraftforbruk per kommune, fordelt på næring, og eit mellombels datasett for fjernvarmeproduksjon i utvalde kommunar.

NVE og Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har i løpet av 2025 støtta Energidepartementet i arbeidet med å lage forslag til regulering av forsyninga av elektrisk energi og varme i Longyearbyen.

Da ny forskrift om energiutgreiingar tok til å gjelde i 2024, blei det obligatorisk for nettselskapa å melde inn tiltak i PlanNett. Forskrifta har gjort det mogleg å fase ut kraftsystemutgreiingane som nettselskapa tidlegare leverte i pdf-format annakvart år. Løysinga inneheld også effektprognosar for såkalla vanlege kundar (< 1 MW). For å få på plass effektprognosar for større kundar (> 1 MW) har NVE har starta eit samarbeid med ElBits, som samlar inn tilknytingsdata frå dei regionale nettselskapa. Løysinga har i 2025 også fått på plass skjema for konseptvalutgreiingar.

Gjennom tilsyn kontrollerer NVE at lovkrav, vilkår og føresetnader i energi- og vassdragslovgivinga og konsesjonar som er gitt, blir følgde opp ved planlegging, bygging og drift. NVE har prioritert tilsyn og godkjenning av planar høgt i 2025 og har gjennomført både inspeksjonar og dokumentkontrollar basert på risikovurderingar. I visse tilfelle har dei gitt varsel om reaksjonar fordi ikkje alle konsesjonsvilkår har vore oppfylte. NVE har i 2025 hatt fleire saker som gjeld bygging av elektriske anlegg utan anleggskonsesjon, som er eit brot på regelverket. I 2025 har NVE prioritert tilsyn og oppfølging av bakkemontert solkraft.

Noregspris og straumstønad for fjernvarme blei innført frå 1. oktober 2025, og NVE har hjelpt departementet i arbeidet med å lage til og følge opp lov- og forskriftsføresegner. NVE har hjelpt Enova med å utvikle ei påmeldingsløysing for fjernvarmekundar og ei innrapporteringsløysing for fjernvarmeselskap. NVE har også arbeidd med å rettleie og med informasjonsverksemd til både fjernvarmeselskap og fjernvarmekundar.

Departementet meiner at NVE gjennom arbeidet sitt har bidratt til samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring, omsetning og bruk av energi.

Fremme ei sikker kraftforsyning

Arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga er viktig for forsyningssikkerheita. NVE har lagt stor vekt på tiltak som sikrar kraftforsyninga mot uønskte hendingar, og på beredskap for å handtere slike hendingar og gjenopprette forsyninga ved utfall. Forsyningssikkerheita er god i Noreg, men auka digitalisering, endra trusselbilete og endra klima med meir uvêr og sterk skogvekst krev at NVE følger opp energibransjen framover også for å halde forsyningssikkerheita på eit høgt nivå.

NVE følger nøye med på både kraftsituasjonen og den sikkerheitspolitiske situasjonen. Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen har prega prioriteringane og arbeidet med sikkerheit og beredskap i NVE i 2025. NVE er beredskapsmyndigheit og leiar beredskapsorganisasjonen for kraftforsyninga (KBO). I lys av trusselbiletet og som oppfølging av Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen og Nasjonal sikkerheitsstrategi har NVE gjennomført ei rekke initiativ mellom anna knytt til reparasjonsberedskap, styrking av rolla til distriktssjefane i kraftforsyninga (KDS) og fysisk sikring. Ei kartlegging av reparasjonsberedskapen viste at beredskapen i liten grad er dimensjonert for sabotasje. Styrkte krav til reparasjonsberedskap gjeld frå 1. juli 2026.

På grunn av kraftsituasjonen har direktoratet laga prognosar med modellapparatet sitt kvar veke for å følge situasjonen særleg tett og dessutan jamlege prognosar for utviklinga framover.

På oppdrag frå departementet har direktoratet gjennomført «Øvelse kraft 2025». Øvinga tok utgangspunkt i eit scenario rundt energiknappleik og kraftrasjonering, med interne og eksterne aktørar. I forlenginga av øvinga blei det gjennomført ei diskusjonsøving hausten 2025 med dei same deltakarane. Vidare har dei halde fleire dialogmøte med nettselskap og hatt dialog med store sluttbrukarar som eit ledd i arbeidet med å utarbeide ein rasjoneringsplan etter kraftrasjoneringsforskrifta. NVE har også samarbeidd tett med Forsvaret, Gassco og Bane NOR om å utarbeide rasjoneringsplanar for sektorane deira.

I samband med Totalforsvarsåret blei NVE med på den nasjonale øvinga «Øvelse digital», både i planlegging og i gjennomføring. Øvinga var nyttig for innsatsgruppa i NVE, sidan det var eit komplekst scenario. NVE samhandla godt med KraftCERT og Statnett undervegs i øvinga.

I slutten av 2025 publiserte NVE ei oppdatert rettleiing til kraftberedskapsforskrifta. Gjennom året har det også vore omfattande arbeid med korleis krava frå digitalsikkerheitslova og -forskrifta i kraftberedskapsforskrifta bør etterfølgast.

NVE følger opp hendingar i kraftforsyninga. Vinteren 2025 blei Trøndelag ramma av uvêr som gav lange straumavbrot. På hausten ramma ekstremvêret Amy store delar av Sør-Noreg til og med Trøndelag. På det meste var om lag 150 000 kundar utan straum. I jula ramma dårleg vêr Helgelandskysten spesielt hardt.

Den 1. juli 2024 tok fleire endringar i vassdragsreguleringslova og energilova i til å gjelde. NVE har følgt opp lovendringane gjennom dialogmøte med konsesjonærar og ved å publisere ei rettleiing.

Kraftbransjen blir stadig meir digitalisert og dermed også meir sårbar for digitale angrep. Trusselbiletet er i endring, og risikoen for digitale angrep har auka. NVE har retta meir merksemd mot oppfølging av IKT-sikkerheit i sektoren og har arbeidd med rettleiing og gjennomført scenarioanalysar. Direktoratet har god dialog med bransjen og andre myndigheiter på området. NVE har rolla som sektorvis responsmiljø (SRM) for IKT-hendingar i kraftforsyninga og har sett ut oppgåver som varsling og analyse til KraftCERT. I 2025 blei NVE i tillegg utpeika som tilsynsmyndigheit og sektorresponsmiljø etter digitalsikkerheitsforskrifta.

NVE har i 2025 gjennomført 42 tilsyn og gjennomført dokumentkontrollar og følgt opp ei uønskt hending. IKT- og driftskontroll, informasjonssikkerheit, sikringstiltak og reperasjonsberedskap har vore prioriterte tema for tilsyn. I 2025 har NVE gjennomført revisjonar innanfor beredskap knytt til fjernvarme.

NVE har halde fram arbeidet med å styrke den digitale sikkerheita i kraftforsyninga. Seksjonen for digital sikkerheit blei etablert i 2024. NVE har bidratt i utviklinga av om lag 20 øvingsscenario for kraftbransjen og har gjennomført øvingar saman med KraftCERT. Rettleiing har samtidig stått sentralt, mellom anna gjennom å kartlegge korleis rolla som IKT-sikkerheitskoordinator blir praktisert i beredskapsorganisasjonen for kraftforsyninga (KBO).

Noreg er ein viktig leverandør av energi til Europa. Samhandling mellom sektormyndigheiter har komme meir i fokus, og NVE har styrkt dialogen med Havindustritilsynet (Havtil), Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). NVE følger opp samarbeidet mellom nordsjølanda om å overvake undersjøisk infrastruktur og har deltatt i samarbeid med mellom anna Politidirektoratet og Havtil om roller og ansvar ved hendingar som treffer infrastruktur offshore. NVE har laga ei oppdatert oversikt over kraftforsyninga og kartlagt korleis KBO-einingane arbeider med risikovurderingar. NVE har også utarbeidd ein rapport om bruk av kunstig intelligens (KI) i kraftsektoren, og funna tyder at mange verksemder er umodne i bruken av KI.

NVE bidrar også i arbeidet med norsk bistand til Ukraina. Den ukrainske kraftforsyninga er hardt ramma etter fleire angrep. KBO og andre norske verksemder har bidratt med aggregat og kraftforsyningsmateriell til Ukraina. Dette er materiell som ikkje inngår i den norske reparasjonsberedskapen.

NVE deltar i arbeidet med ei framtidig løysing for nød- og beredskapskommunikasjon i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Nkom. NVE har vidareført samarbeidet med Nkom om oppfølging av Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur.

Vidare deltar NVE i arbeidsgruppa for IKT-sikkerheit innanfor Nordisk beredskapssamarbeid (NordBER). Samarbeidet involverer beredskapsmyndigheiter og systemansvarlege nettselskap i dei nordiske landa og bidrar til ei felles forståing av utfordringar og moglegheiter i kraftforsyningsberedskapen.

NVE har ført vidare arbeidet med læring etter øvingar og hendingar ved systematisk å utvikle planverk og arrangere felles læringsarenaer.

Gjennom analysearbeid vurderer NVE utviklinga i kraft- og effektbalansen på lang sikt. I 2025, som i 2023 og 2024, har NVE utarbeidd eit datasett for framskrivingar av produksjon og forbruk for Norden dei neste fem åra for å overvake utviklinga i kraft- og effektbalansen. NVE arbeider også med å utvikle eigne modellar som er tilpassa endringane i kraftsystemet framover, med open kjeldekode som forskingsmiljø og bransjeaktørar kan bidra å vidareutvikle.

I tillegg har NVE, Statnett og Statkraft styrkt det faglege samarbeidet med sentrale aktørar i kraftsektoren, mellom anna gjennom eit fagleg nettverk for kraftmarknadsmodellering. Forumet bidrar til betre koordinering, felles forståing og høgare kvalitet i analysane som blir nytta i offentlege avgjerder.

NVE skaffa i 2024 ein ny modell for modellering av flyten i kraftsystemet. Modellen er i 2025 tatt i bruk, og NVE arbeider løpande med å utvikle kompetanse, skript og nettmodellar for å kunne modellere noverande og framtidig nettstruktur til bruk i analysane sine.

Departementet meiner at NVE gjennom arbeidet sitt og prioriteringane sine har bidratt til å vareta sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga i ein krevjande periode.

Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

Flaum og skred kan føre til store skadar for samfunnet og ramme både liv, helse og verdiar. Hausten 2025 trefte ekstremvêret Amy store delar av Sør-Noreg. NVE bidrog til handteringa av situasjonen gjennom varslingstenestene og gjennom å støtte kommunar som uvêret ramma. Det er eit langsiktig arbeid å sette samfunnet i betre stand til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima som endrar seg. NVEs oppgåver på flaum- og skredområdet er knytte til kartlegging, rettleiing, arealplanlegging, sikring og overvaking og varsling.

I 2025 har NVE mellom anna bidratt i arbeidet med å følge opp stortingsmeldinga om flaum og skred som blei lagd fram i mai 2024 (Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred), og i arbeidet med regelverksutvikling knytt til sikkerheit mot naturpåkjenningar i byggteknisk forskrift (TEK17).

Når det gjeld kartlegging av fare for flaum og skred, har NVE i 2025 prioritert mellom anna lausmassekartlegging i regi av Noregs geologiske undersøking (NGU) og tilgjengeleggjering av grunnlagsdata.

Utgreiinga av kvikkleirefare i kommunane Ullensaker, Nannestad og Gjerdrum har vore omfattande, og 149 soner er utgreidde og kvalitetssikra i dei tre kommunane. Utgreiinga om Ullensaker og Gjerdrum blei ferdig mot slutten av 2024, medan utgreiinga om Nannestad blei ferdig våren 2025. I 2025 blei også eit nytt stort utgreiingsprosjekt om forenkla soneutgreiing for Lillestrøm og Nes kommunar starta opp.

Tilgang til laserdata for å lage detaljerte høgdemodellar er vesentleg for all farekartlegging. NVE var gjennom 2025 ein fullverdig medlem av Geovekst-samarbeidet. Geovekst er eit offentleg partssamarbeid om felles etablering, forvaltning, drift, vedlikehald og bruk av geografisk informasjon.

NVE har halde fram arbeidet med å samle inn og gjere tilgjengeleg fareutgreiingar, oversikter over faresoner og geotekniske grunnundersøkingar som andre aktørar har gjennomført. Det gjeld for både flaumfare, fare for skred i bratt terreng og fare for kvikkleireskred. I 2025 har NVE arbeidd med innmeldingsplikta for naturfareutgreiingar som tok til å gjelde 1. januar 2025.

NVE har arbeidd vidare med rettleiing og vidareutvikling av verktøy for arealplanlegging i 2025. Dette er viktig for at kommunar, konsulentar og utbyggarar kan ta omsyn til naturfare i planlegginga. NVE er i gang med å revidere ei rettleiing om nasjonale og vesentlege regionale interesser innanfor saksområdet sitt i arealplanlegginga, og dei har arbeidd vidare med digitale løysingar for saksbehandling og rettleiing gjennom året.

I 2025 har NVE prioritert opplæring og rettleiing av kommunar med store utfordringar særskilt. I plansaker har direktoratet prioritert å gi fråsegn der kommunen sjølv har bedt om bistand. I tillegg har dei prioritert kommunar med høg risiko for naturfare.

NVE har gitt 4 819 innspel og fråsegner til arealplan- og dispensasjonssaker i 2025. Direktoratet arbeider løpande med å vidareutvikle saksbehandlingsverktøy som skal forbetre og effektivisere arbeidet med fråsegner til arealplanar. Formidling, rettleiing og innspel frå NVE i samband med dei enkelte arealplanane har også i 2025 bidratt til at kommunane i aukande grad tar omsyn til flaum- og skredfare i arealplanlegginga.

Mange bustadområde i Noreg ligg utsett til for flaum- og skredhendingar. NVE kan gi bistand til sikringstiltak enten ved å gi eit økonomisk tilskot der kommunen eller private tar på seg ansvaret for å planlegge og gjennomføre tiltaka, eller ved å ta på seg dette ansvaret på vegner av kommunen. NVE arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle verktøy i mellom anna saksbehandlinga for å effektivisere arbeidet og auke gjennomføringstakten for sikringstiltak.

I 2025 blei det sluttført 13 sikrings- og miljøtiltak mot flaum og skred, og til saman rundt 462 bueiningar og fem andre bygg blei sikra. Fleire tiltak er under planlegging og gjennomføring. Det er i tillegg gitt mange tilskot til kommunar, særleg som oppfølging etter ekstremvêret Hans i 2023 og ekstremvêret Jakob i 2024.

NVEs overvakings- og varslingstenester for flaum og skred har hatt høg prioritet, og tenestene blir kontinuerleg vidareutvikla. Nettstaden varsom.no med tilhøyrande abonnementsløysing har gitt viktig informasjon til kommunar, andre myndigheiter og til allmenta.

I 2025 sende NVE ut 51 jordskredvarsel og 70 flaumvarsel, noko som er litt under gjennomsnittet for perioden 2013–2025. I tillegg var det 35 dagar med varsel om styrtregn i løpet av sommaren.

Varslingstenesta med abonnementsløysing på sms og e-post for varsling av flaum og skred omfattar også alle landbaserte naturfarevarsel frå Meteorologisk institutt. Bruken av tenesta auka med om lag fem prosent i 2025, og tenesta hadde om lag 21 000 unike brukarar i starten av 2026.

NVE har halde fram arbeidet med å auke bevisstheita om snøskred. I 2025 har dei arrangert webinar og halde presentasjonar om temaet og publisert fleire vitskaplege og populærvitskaplege artiklar.

NVE samarbeider med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen om å utvikle risiko- og konsekvensbasert varsling av farleg vêr, flaum og skred. Målet er å innrette varslingstenesta slik at ein i større grad enn i dag kan varsle konsekvensar av ekstremvêr og naturfare for bustader og infrastruktur. NVE har også FoU-prosjekt om risikobasert varsling av flaum, FlaumRisk (2022–2025), og om risikobasert varsling av snøskred, SnøRisk II (2025–2028).

Beredskap ved flaum- og skredhendingar har kravd ressursar av NVE også i 2025. Ved større hendingar, særleg slike som gjeld busetnad, har direktoratet gitt kommunar, politiet, redningstenesta og andre beredskapsmyndigheiter fagleg og praktisk bistand. Det gjeld mellom anna ekstremvêret Amy hausten 2025.

NVE har hatt normal drift på overvakinga av høgrisikoobjekta for fjellskred. NVE kartlegg og følger opp fjellskredfare gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for fjellskred, i samarbeid med Noregs geologiske undersøking (NGU). I 2025 har NVE og NGU halde fram arbeidet med å revidere metodikken for risikoklassifiseringa av ustabile fjellparti.

I 2025 har det vore kontinuerleg overvaking av ti ustabile fjellparti med høg risiko i Noreg. Det er tre objekt i Troms, tre i Møre og Romsdal, tre i Vestland og eitt i Innlandet. NVE overvaker i tillegg 24 ustabile fjellparti periodisk. Samla overvaker NVE no 34 ustabile fjellparti.

Saman med Direktoratet for romverksemd og NGU har NVE etablert eit senter for å laste ned, handtere og analysere radardata frå satellittmålingar som er blitt implementerte i fjellskredovervakinga. Satellitten i EU-programmet Copernicus som tidlegare har vore ute av drift, har i 2025 blitt erstatta av ein ny satellitt.

Eit forprosjekt om drenering av det ustabile fjellpartiet Åknes i Stranda kommune blei ferdig i 2021. I 2025 har NVE halde fram med planlegging av prosjektet.

Gjennom ulike forum for samarbeid, og ved konkrete hendingar, har NVE bidratt til godt samarbeid og god koordinering mellom aktørar på flaum- og skredområdet, mellom anna gjennom Naturfareforum og Norsk klimaservicesenter.

NVE skal gi bistand til kommunane i arbeidet dei gjer for å førebygge skadar frå overvatn, gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og ved å rettleie i kommunal planlegging. Ønsket om fagleg rettleiing frå kommunane er stort på dette området. NVE har prioritert kompetanse- og kapasitetsbygging, slik at kommunane skal bli betre i stand til å handtere utfordringane knytte til overvatn.

Departementet meiner at NVE har bidratt til at samfunnet har blitt betre i stand til å handtere flaum- og skredrisiko.

Reguleringsmyndigheita for energi

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg. Oppgåvene og ansvarsområda til RME følger av Prop. 5 L (2017–2018) og Prop. 6 L (2017–2018), jf. Prop. 4 S (2017–2018), og tilhøyrande forskrifter til energilova og naturgasslova.

RME har ansvar for tilsyn med dei nasjonale marknadene for elektrisitet og naturgass, for utvikling og oppfølging av regelverk for marknadene og for samarbeid med andre norske myndigheiter, reguleringsmyndigheitene i andre land og internasjonale organisasjonar. Dette skjer i tråd med EØS-rettslege forpliktingar.

RME er organisert som ei eiga og uavhengig eining innanfor NVEs organisasjon og har eit eige budsjett som Stortinget fastset gjennom løyvingsvedtak, jf. kap. 1820, post 26 Reguleringsmyndigheita for energi.

Mål

Hovudmålet til RME er å fremme ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem. For å oppnå hovudmålet skal RME ha god oversikt over utviklingstrekka i det europeiske energisystemet, energipolitikken og energimarknadsregelverket i EU og korleis dette påverkar den norske energimarknaden.

Gjennom å utvikle og handheve reguleringa skal RME ha tilsyn med elektrisitetsmarknadene og bidra til effektive marknader, bidra til effektiv drift, utnytting og utvikling av kraftnettet og følge opp Statnett som systemansvarleg.

RME skal også bidra til å sikre at innanlands distribusjonsnett for naturgass blir drifta på ein samfunnsmessig rasjonell måte.

Resultat 2025

Det norske kraftsystemet er tett integrert med Norden og Europa, og ein meir integrert kraftsektor i Norden og Europa gjer at det trengst meir harmoniserte regelverk og metodar. I 2025 har RME arbeidd aktivt med å påverke utviklinga av regelverk for å vareta norske interesser. I denne samanhengen har dei sett inn tiltak for meir effektiv drift og utvikling av kraftsystemet. I 2025 har RME prioritert tilsynsaktivitet på utvalde område og brukt reaksjonar og sanksjonar for å sikre at aktørane i kraftsystemet følger reglane.

RME har arbeidd med å implementere kommisjonsforordningane med tilhøyrande vilkår og metodar (forordninga om kapasitetstildeling og handtering av flaskehalsar (CACM), forordninga om kapasitetsfastsetting (FCA), forordninga om systemdrift (SOGL) og forordninga om balansering av kraftsystemet (EB)). Arbeidet med forordningane inneber at systemansvarlege og kraftbørsar har utvikla rundt 75 metodeforslag som er relevante for Noreg. Ved utgangen av 2025 var 65 av desse godkjende.

RME sendte i oktober 2025 ei tilråding til Energidepartementet om utgreiing av betaling for kostnader i tilknytingsprosessen og justering av regelverket for anleggsbidrag.

Dei siste åra er det vedtatt fleire tiltak for å styrke reguleringa i sluttbrukarmarknaden. Ei viktig oppgåve for RME har vore å følge opp både nytt og eksisterande regelverk. Nye krav til sikkert samtykke ved leverandørskifte og overtaking av anlegg tok til å gjelde 1. juni 2025, og RME starta hausten 2025 eit tilsyn for å kontrollere at leverandørane følger desse krava.

Statnett og dei andre nordiske systemansvarlege arbeider med å modernisere systemdrifta. Dette inkluderer ein ny balanseringsmodell med automatisering, finare tidsoppløysing og nye marknader for balansekapasitet. RME har i 2025 følgt dette arbeidet tett saman med dei andre nordiske reguleringsmyndigheitene.

RME har i 2025 vidareført arbeidet med å bygge opp kompetanse på kapasitetsberekning og nettmodellar for å følge opp den systemansvarlege og sikre effektiv marknadsovervaking. Hausten 2024 påla RME Statnett å implementere 15 minutts balanseavrekning innan 11. mars 2025, med varsel om tvangsmulkt. Implementeringa blei gjennomført 19. mars 2025. RME har også godkjent fleire oppdateringar i Statnetts retningslinjer for systemansvaret.

RME administrerer straumstønadsordninga og Noregspris på straum som blei innførte 1. oktober 2025. I 2025 utbetalte RME 4,38 milliardar kroner i straumstønad, og sidan desember 2021 er det totalt utbetalt 50,88 milliardar kroner. Under ordninga med Noregspris blei det utbetalt 1,46 milliardar kroner i 2025.

RME har i 2025 forvalta tilskotsordning til utjamning av overføringstariffar. Til saman har seks nettselskap i 2025 fått ei samla tariffstøtte på 18 millionar kroner, og 33 082 kundar har fått redusert nettleiga si med mellom 1,3 og 6,4 øre per kWh. Ordninga blei avslutta i 2025.

RME har over tid arbeidd for å få til betre digital samhandling mellom nettselskapa. RME følger arbeidet til nettselskapa tett og bidrar strategisk og koordinerande i digitaliseringsforumet med NVE, Statnett, Elhub og ElBits, som er felles innovasjons- og digitaliseringspartnar for nettselskapa.

RME forvaltar og administrerer den mellombelse ordninga der Statnett overfører delar av flaskehalsinntektene til underliggande nettselskap. I 2025 vedtok RME at Statnett skal betale totalt 1,3 milliardar kroner til underliggande nettselskap.

RME har utført fleire oppdrag frå departementet gjennom 2025. Det har mellom anna vore oppdrag knytte til Noregspris og ei delingsordning tilpassa næringsområde.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

958 822

1 031 800

1 111 500

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

100 125

110 500

148 500

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45 og 60

288 689

383 000

441 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

57 453

60 000

60 000

25

Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan overførast, kan nyttast under post 61

48 954

150 000

135 000

26

Reguleringsmyndigheita for energi

97 148

96 300

101 600

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22

25 174

39 000

39 000

60

Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

45 072

210 000

150 000

61

Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 25

85 567

62

Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft

332 900

360 000

390 000

72

Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60

1 000

73

Tilskot til utjamning av overføringstariffar

18 000

74

Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast

9 100

9 100

10 000

75

Straumstønadsordning, overslagsløyving

4 383 653

1 900 000

3 500 000

76

Straumstønad for nærvarme, kan overførast

1 067

4 500

77

Noregspris for straum, overslagsløyving

1 456 357

9 100 000

12 000 000

78

Noregspris for fjernvarme, overslagsløyving

78 568

500 000

760 000

79

Straumstønad for fjernvarme, overslagsløyving

7 301

35 000

100 000

Sum kap. 1820

7 994 950

13 989 200

18 946 600

Om 2026

Ved stortingsvedtak 19. juni 2026 blei post 62 redusert med 28,2 millionar kroner, medan post 75 auka med 2 950 millionar kroner, post 77 med 6 300 millionar kroner, post 78 med 600 millionar kroner og post 79 med 140 millionar kroner, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å løyve 1 111,5 millionar kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter, der lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 77 prosent.

I tillegg til pris- og lønnsjustering heng auken frå saldert budsjett 2026 saman med auka saksbehandlingskapasitet til fleire prioriterte satsingar:

  • konsesjonsbehandling og behandling av detaljplanar for kraftproduksjon og straumnett, jf. tiltakspakka til regjeringa for raskare utbygging av kraftproduksjon og straumnett og kap. 5582, post 72

  • eit felles digitaliseringsprosjekt med RME for digital samhandling med kraftbransjen og digitalisering av løysingar for den økonomiske reguleringa, jf. kap. 1820, post 21 og 26

  • flaum- og skredførebygging for å betre kunnskapsgrunnlaget og auke gjennomføringstakten for store komplekse sikringstiltak i tettstader, fordelt på både kartlegging og sikring

Vidare er det foreslått å flytte 27,2 millionar kroner frå kap. 1820, post 22, knytt til overføring av 16 årsverk frå Noregs geologiske undersøking (NGU) til NVE innanfor skredkartlegging. Frå 2027 tar NVE over oppgåver innan skredkartlegging som tidlegare blei utførte av NGU og var dekte av løyvinga under kap. 1820, post 22.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 148,5 millionar kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 millionar kroner på posten, jf. forslag til vedtak III.

Løyvinga dekker vidareutvikling av IKT-systema til NVE gjennom digitaliseringsprogrammet. Dette gjeld mellom anna effektivisering av saksbehandlinga av konsesjonar og detaljplanar, tilsynsprosessar og innrapportering, mellom anna gjennom bruk av generativ og agentbasert kunstig intelligens (KI). Det blir vist til omtale av KI i Prop. 1 S (2026–2027) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Løyvinga dekker også fellesprosjektet med RME for digital samhandling med kraftbransjen og økonomisk regulering, jf. kap. 1820, post 01 og 26.

Posten dekker i tillegg samarbeidsprosjekt med utdannings- og forskingsinstitusjonar for å styrke forvaltningskompetansen og dessutan oppgåvene til NVE som sektorvist responsmiljø (SRM) for IKT-sikkerheit i kraftforsyninga, der dei operative tenestene med varsling og handtering av dataangrep er sette ut til cybersikkerheitssenteret til kraftbransjen, KraftCERT.

Auken frå saldert budsjett 2026 heng saman med meir bruk av KI i konsesjonsbehandlinga, fellesprosjekt med RME (jf. kap. 1820, post 01 og 26) og styrking av digitaliseringsprogrammet retta mot tilsynsprosessen for å redusere leietida for konsesjon- og detaljplanfasen og effektivisere saksbehandlinga, jf. kap. 5582, post 72.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45 og 60

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Sikrings- og miljøtiltak

174 202

260 000

341 000

Kartlegging av flaum og skred

89 079

100 000

76 000

Fjellskredovervaking

25 408

23 000

24 000

Sum post 22

288 689

383 000

441 000

Departementet foreslår å løyve 441 millionar kroner til sikringstiltak og andre førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar som blir gjennomførte i regi av NVE. Vidare foreslår departementet ei bestillingsfullmakt på 330 millionar kroner, jf. forslag til vedtak III. Ordinære driftsutgifter blir dekte under post 01. Uteståande forpliktingar ved utgangen av 2025 var om lag 206 millionar kroner.

Auken frå saldert budsjett 2026 kjem av at midlar er flytta frå post 60 for å auke framdrifta i sikringsarbeidet, og styrking av kartlegginga. Auken blir delvis motverka av at oppgåver innan skredkartlegging som NGU tidlegare har utført og finansiert over post 22, no blir foreslått finansiert over kap. 1820, post 01 (16 årsverk), og rammeoverføring til Nærings- og fiskeridepartementets kap. 905, post 01 (tre årsverk).

Løyvinga fordeler seg på desse tre hovudområda:

Sikrings- og miljøtiltak

Departementet foreslår å sette av 341 millionar kroner til sikrings- og miljøtiltak i regi av NVE.

Sikringstiltak er fysiske tiltak som skal verne eksisterande busetnad mot skredmassar og flaumvatn, hindre erosjon eller redusere sannsynet for at det blir utløyst skred. NVE prioriterer dei tiltaka som gir størst samfunnsnytte i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar, sett opp mot kostnaden. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, blir vurderte samla med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den tilgjengelege budsjettramma.

Miljøtiltak skal mildne verknadene av fysiske inngrep i vassdrag, som kanalisering og forbyggingar. Eksempel på slike tiltak er å opne stengde sideløp og meandersvingar, etablere vegetasjon, legge ut store steinar for å skape variasjon i elva og tilføre gytegrus.

Bistand kan bli gitt ved at NVE utfører arbeidet på vegner av kommunen, eller ved at kommunen får tilskot og sjølv står for utgreiinga, planlegginga og gjennomføringa, jf. kap. 1820, post 60. Det blir normalt ikkje gitt bistand til å gjennomføre sikringstiltak som kostar mindre enn 10 millionar kroner. NVE kan normalt dekke inntil 90 prosent av kostnadene ved gjennomføring av sikringstiltak, medan kommunen er ansvarleg for dei resterande 10 prosentane, jf. kap. 4820, post 40. Det er fastsett ei øvre grense for distriktsandelen på 40 millionar kroner per tiltak.

Kartlegging av flaum- og skredfare

Departementet foreslår å sette av 76 millionar kroner til kartlegging av flaum- og skredfare. Løyvinga dekker mellom anna utgifter til samarbeid om geografisk informasjon.

Fare- og risikokartlegging gir kunnskap om kva område som er utsette, og kva konsekvensar flaum og skred kan ha. Dette er ein føresetnad for å kunne handtere risikoen systematisk og effektivt. NVE har ansvaret for den statlege kartlegginga, prioritert ut frå eksisterande busetnad med størst risiko og der verknader av klimaendringar er innarbeidde. Statlege infrastruktureigarar har ansvaret for den nødvendige kartlegginga for eigne anlegg. Kommunane har framleis ansvaret for farekartlegging i arealplanlegginga si og beredskap. Bistand kan bli gitt enten ved at NVE utfører kartlegginga for kommunen, eller ved at kommunen får tilskot til å greie ut, planlegge og gjennomføre arbeidet sjølv, jf. kap. 1820, post 60.

Fjellskredovervaking

Departementet foreslår å sette av 24 millionar kroner til drift, utvikling og vedlikehald av anlegg for fjellskredovervaking. NVE overvaker ustabile fjellparti for å kunne varsle beredskapsmyndigheitene i god tid slik at befolkninga kan evakuerast før eit eventuelt skred. Overvakingssentera på Stranda i Møre og Romsdal og i Kåfjord i Troms handterer måledataa.

I tillegg til periodisk overvaking av 24 ustabile fjellparti er det kontinuerleg overvaking av ti ustabile fjellparti med høg risiko:

  • Møre og Romsdal: Åknes, Hegguraksla og Mannen

  • Troms: Jettan, Indre Nordnes og Gámanjunni 3

  • Vestland: Joasetbergi, Tussafoten og Stiksmoen

  • Innlandet: Skutshorn

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 60 millionar kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga skal dekke utgifter til hydrologisk oppdragsverksemd og institusjonelle oppdrag, drift av hydrologiske målestasjonar for regulantar og andre kundar og oppdragsforsking og rådgiving i Noreg og utlandet. Vidare skal løyvinga dekke utgifter til ein samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor vassdrags- og energisektoren, der NVE skal bidra til kompetanse- og institusjonsbygging i utvalde samarbeidsland, med særleg vekt på fornybar energi og berekraftig forvaltning av naturressursar.

Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan overførast, kan nyttast under post 61

Departementet foreslår ei løyving på 135 millionar kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 millionar kroner på posten, jf. forslag til vedtak III. Uteståande forpliktingar ved utgangen av 2025 var om lag 22 millionar kroner.

Gjennomføringa av hastetiltak i Nesbyen er budsjettert med 85 millionar kroner i 2027, innanfor ei styringsramme på 460 millionar 2026-kroner og ei kostnadsramme på 640 millionar 2026-kroner, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). Kostnadsramma er 664 millionar kroner i prisnivå per 1. juli 2027. Sikringsarbeidet er venta å halde fram til 2030.

Grunnløyvinga på 50 millionar kroner skal dekke utgifter til krise- og hastetiltak som oppstår, og som må følgast opp og gjennomførast før Stortinget kan behandle eventuelle forslag om tilleggsløyving og auka bestillingsfullmakt. Bestillingsfullmakta på 50 millionar kroner er sett av til nye tiltak ved framtidige flaum- og skredhendingar. Løyvinga dekker utgifter til

  • krisetiltak som NVE gjennomfører på vegner av kommunar, og som er nødvendige for å hindre overhengande fare like før, under og rett etter ei flaum- eller skredhending. Det blir ikkje stilt krav om distriktsandel for krisetiltak.

  • hastetiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til planlegging og saksbehandling. Distriktsandelen for hastetiltak er normalt 10 prosent, jf. kap. 4820, post 40.

Løyvinga og bestillingsfullmakta dekker også utbetaling av tilskot som NVE gir tilsegn om, og som blir utgiftsførte under kap. 1820, post 61 Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61».

Post 26 Reguleringsmyndigheita for energi

Departementet foreslår å løyve 101,6 millionar kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter, der lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 90 prosent av løyvinga.

I tillegg til lønns- og prisjustering heng auken frå saldert budsjett 2026 saman med større saksbehandlingskapasitet til eit felles digitaliseringsprosjekt med NVE for digital samhandling med kraftbransjen og digitalisering av løysingar for den økonomiske reguleringa, som skal sikre effektiv kontroll med nettselskapa og forenkle rapporteringa for næringslivet, jf. omtale under kap. 1820, post 01 og 21.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22

Departementet foreslår å løyve 39 millionar kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 03 Sal av utstyr mv., jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga skal dekke utgifter til større investeringar i instrumentering og utstyr til fjellskredovervaking, oppgraderingar og utvikling av det hydrologiske stasjonsnettet, urbanhydrologiske målestasjonar og målestasjonar for jord- og snøskredvarsling.

Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

Departementet foreslår ei løyving på 150 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 350 millionar kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Mål

Ordninga skal bidra til

  • å redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred

  • å betre kunnskapsgrunnlaget om flaum- og skredfare

Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging

Kommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot til

  • utgreiing, planlegging, prosjektering og gjennomføring av fysiske tiltak for å redusere faren for skadar frå flaum og skred på eksisterande busetnad

  • andre typar risikoreduserande tiltak, slik som overvaking og varsling, der det ikkje har gått an å gjennomføre fysiske sikringstiltak av praktiske eller økonomiske årsaker

  • kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag, faresonekartlegging av flaum, faresonekartlegging av skred i bratt terreng og detaljutgreiing av kvikkleiresoner

  • riving og flytting av fareutsette bueiningar med personopphald i heilt spesielle tilfelle

Søknader skal prioriterast etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla, med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma.

Ved prioriteringa av søknader skal det leggast vekt på om kommunen har gjort det som blir vurdert som rimeleg for å ta omsyn til kjende farar for flaum og skred, i arealplanlegging og byggesaksbehandling. Der kommunen ikkje har tatt tilstrekkeleg omsyn til kjende farar, kan søknader bli avslått eller kravet om eigenandel aukast. Det same gjeld dersom flaum- eller skredfaren er ei følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som kommunen eller ein annan part har ansvaret for.

Det blir normalt ikkje gitt tilskot til tiltak som kostar mindre enn 1 million kroner. NVE kan normalt gi tilskot på inntil 90 prosent av kostnadene ved eit tiltak. Kommunen er ansvarleg for å dekke dei resterande minimum 10 prosentane. Det er fastsett ei øvre grense for distriktsandelen på 40 millionar kroner per tiltak.

NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga. Direktoratet kunngjer ordninga på nettsidene sine.

Resultat 2025

I 2025 blei det utbetalt om lag 45 millionar kroner i tilskot til kommunar til flaum- og skredførebygging, miljøtiltak og kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag.

Dei største utbetalingane gjekk til flaum- og skredførebygging i kommunane Lillestrøm, Hå, Lindesnes, Trondheim og Ål. Fleire av utbetalingane var delutbetalingar til tiltak under utføring. Uteståande forpliktingar ved utgangen av 2025 var om lag 334 millionar kroner.

Post 61 Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, kan nyttast under post 25

Departementet foreslår inga løyving under posten. Tilskot blir dekte av løyvinga under kap. 1820, post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar, jf. stikkordet «kan nyttast under post 61». Forskrift om naturfaretilskot er heimla i Stortingets årlege løyvingsvedtak under posten.

Mål

Ordninga skal bidra til å redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred.

Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging

Kommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot for å dekke utgifter til

  • krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare for eksisterande busetnad rett før, under og etter ei flaum- eller skredhending. Det blir ikkje stilt krav om distriktsandel for krisetiltak.

  • hastetiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling for eksisterande busetnad. Hastetiltak skal planleggast og saksbehandlast som sikringstiltak. Distriktsandelen for hastetiltak er normalt 10 prosent.

Søknader skal prioriterast etter kva samfunnsøkonomisk nytteverdi dei har sett opp mot kostnadene, med mål om å redusere risikoen for liv, helse og vesentlege verdiar for samfunnet etter flaum- og skredhendingar.

Tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma for krise- og hastetiltak. Dersom flaum- eller skredhendingar kjem som følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som kommunen eller ein annan part har ansvar for, kan søknader bli avslått eller kravet om distriktsdel aukast.

NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga.

Resultat 2025

I 2025 blei det utbetalt 85,6 millionar kroner i tilskot til krise- og hastetiltak. Tilskota er i hovudsak knytte til krise- og hastetiltak i fylka Innlandet og Buskerud etter ekstremvêret Hans i 2023 og uvêret i september 2024 og tiltak på Vestlandet etter ekstremvêret Jakob i 2024.

Post 62 Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft

Departementet foreslår å løyve 390 millionar kroner til fordeling av inntekter frå avgift på landbasert vindkraft til vertskommunane.

For 2026 er avgiftssatsen 2,42 øre per kWh. Skatteetaten står for innkrevjinga av avgifta frå konsesjonærane. Året etter fordeler NVE inntektene frå fjorårets avgift til vertskommunane. Beløpet som blir fordelt, svarer til løyvinga på denne posten etter at ho er justert i samband med revidert budsjett på bakgrunn av faktisk innbetalt avgift for det førre budsjettåret.

Kriterium for fordeling av avgift og oppfølging

Avgiftsinntektene skal fordelast til vertskommunane året etter at avgifta er kravd inn, i tråd med ein fordelingsnøkkel NVE har utarbeidd. Fordelingsnøkkelen viser kor stor andel av den avgiftspliktige vindkraftproduksjonen som kan tilskrivast kvar av vertskommunane.

Fordelingsnøkkelen er basert på produksjonsdata for vindkraftverk i den enkelte kommunen, slik dei blir rapporterte i Elhub. Dersom eit vindkraftverk har turbinar i fleire kommunar, blir produksjonen fordelt etter ein prosentvis andel av den installerte effekten i dei respektive kommunane, slik det står i den godkjende detaljplanen. Det er ikkje høve til å klage på korleis inntektene frå vindkraftavgifta blir fordelte til vertskommunane.

Forskottering av inntekt frå avgift på vindkraft

Frå 2027 blir det foreslått ei frivillig ordning for vertskommunane der staten kan forskotere inntekter frå produksjonsavgifta på landbasert vindkraft til vertskommunane frå byggestart og fram til anlegget er sett i full drift. Det årlege forskotet utgjer 50 prosent av venta avgift.

Ordninga skal vere nøytral for staten. Utbetalt forskot blir lagt til ei årleg rente tilsvarande den statlege kalkulasjonsrenta (4,0 prosent, jf. Rundskriv R-109 Prinsipper og krav ved utarbeidelse av samfunnsøkonomiske analyser). Forskotet og tilkomne renter blir betalte tilbake ved motrekning med 50 prosent av dei årlege avgiftsinntektene etter at vindkraftverket er i drift. Dersom prosjektet ikkje blir realisert eller forskotet ikkje blir fullt motrekna, pliktar kommunen å betale tilbake restbeløpet etter ein plan NVE har fastsett.

Forskoteringa blir dekt over same posten for utbetaling av inntekt frå avgift på vindkraft og vil seinare bli motrekna ved utbetalinga av inntekter frå produksjonsavgifta under posten. Det blir ikkje endra på korleis avgifta blir rekna ut eller kravd inn. Departementet reknar med at det ikkje blir utbetalt forskot i 2027, og at første utbetalinga tidlegast er aktuell frå 2028. Departementet kjem tilbake med forslag til løyvingsendringar i dei ordinære budsjettprosessane.

Resultat 2025

Produksjonsavgifta i 2024 var 2,3 øre per kWh. Inntektene frå avgifta i 2024 blei førte tilbake til vertskommunane i 2025, der NVE betalte ut 332,9 millionar kroner.

Post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60

Departementet foreslår inga løyving under posten. NVE gir ikkje lenger tilskot til private eigarar av bustader til å planlegge og gjennomføre flaum- og skredførebygging eller miljøtiltak langs vassdrag.

Resultat 2025

I 2025 fekk Grong kommune utbetalt 1 million kroner til eit miljøtiltak.

Post 74 Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 10 millionar kroner i tilskot til museums- og kulturminnetiltak. Midlane skal bidra til å sikre og formidle kulturarv knytt til vassdrag, energi og tekniske kulturminne. Tilskot blir finansierte gjennom sektoravgifter, jf. kap. 5582, post 71. NVE er delegert ansvaret for å bidra til bevaring, dokumentasjon og formidling av nasjonal vassdrags- og energihistorie. Tilskot til museums- og kulturminnetiltak varetar mellom anna sektoransvaret innanfor vassdrags- og energisektoren og er forankra i det generelle sektorprinsippet i miljø- og kulturminnepolitikken.

Telemarkskanalen

Departementet foreslår eit tilskot på 5 millionar kroner til å rehabilitere og halde dei vassdragstekniske anlegga i Telemarkskanalen ved like. Tilskotet skal sikre at anlegga er i samsvar med retningslinjene frå NVE for tilsyn og revurdering av vassdragsanlegg, damsikkerheitsforskrifta og vassressurslova.

Resultat 2025

Det blei utbetalt 5 millionar kroner til rehabilitering og vedlikehald av dei vassdragstekniske anlegga.

Kraftmuseet

Departementet foreslår eit tilskot på 2,75 millionar kroner til Kraftmuseet i Ullensvang kommune. Tilskotet skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet og kostnader til vedlikehald av det freda kraftanlegget Tysso I. Tilskotet skal bidra til å formidle og dokumentere historia om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og dessutan miljøtiltak og vern av vassdrag. Midlane skal også nyttast til å drifte og vidareutvikle nettstaden kraftlandet.no, ein felles nettstad for museumssamarbeidet som dokumenterer og formidlar vassdrags- og energihistoria. I tillegg skal det utviklast og arrangerast ulike aktivitetar for undervisningssektoren.

Resultat 2025

Det blei utbetalt 1,8 millionar kroner til dokumentasjon og formidling ved Kraftmuseet, i tillegg til 0,5 millionar kroner til det freda kraftanlegget Tysso I. Museet har også i 2025 bidratt til å bevare og formidle norsk vassdrags- og energihistorie.

Anno Norsk skogmuseum

Departementet foreslår eit tilskot på 2,25 millionar kroner til Anno Norsk skogmuseum i Elverum kommune. Tilskotet skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet og bidra til formidling og dokumentasjon av historier om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og i tillegg miljøtiltak og vern av vassdrag. Midlane skal også nyttast til å drifte og vidareutvikle nettstaden kraftlandet.no og til å utvikle og gjennomføre aktivitetar for undervisningssektoren.

Resultat 2025

Det blei utbetalt 1,8 millionar kroner til dokumentasjon og formidling ved Anno Norsk skogmuseum. Museet har også i 2025 bidratt til å bevare og formidle norsk vassdrags- og energihistorie.

Post 75 Straumstønadsordning, overslagsløyving

Departementet foreslår å løyve 3 500 millionar kroner til straumstønadsordninga og at terskelverdien blir prisjustert frå 77 til 79 øre per kWh frå og med 1. januar 2027. Løyvinga er basert på kraftprisar frå terminmarknaden i slutten av juli 2026 og skal dekke utbetaling av straumstønad i perioden frå desember 2026 til november 2027. Stønad for straumforbruk i desember 2027 blir utbetalt i januar 2028.

Det er stor uvisse knytt til kostnadsoverslaget for straumstønadsordninga. Utgiftene til staten vil avhenge av kor mange som beheld straumstønadsordninga, og korleis kraftprisane og straumforbruket utviklar seg. I kostnadsoverslaget for 2027 er det på usikkert grunnlag brukt som vilkår at 30 prosent av bustadene i det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og 75 prosent av bustadene i Midt-Noreg (NO3) beheld straumstønadsordninga. I Nord-Noreg (NO4) er det lagt til grunn at alle framleis vil behalde straumstønadsordninga.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å redusere utgiftene til straumforbruk i den månadlege straumrekninga for private hushald dersom kraftprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga omfattar også fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap som burettslag, bustadsameige og bustadaksjeselskap og dessutan hushald med fritidsbustad som fast bustad og hushald som er knytte til gards- og grendeverk med private straumnett. Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og heller ikkje næringsverksemd.

Det blir ikkje kravd søknad frå hushalda. Stønaden blir utbetalt gjennom eit fråtrekk på nettleiga.

Tildelingskriterium og oppfølging

Stønadsordninga er basert på spotprisen time for time i det prisområdet hushaldet høyrer til. Stønaden trer inn dersom spotprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein fastsett terskelverdi. Frå og med 1. januar 2027 er terskelverdien sett til 79 øre per kWh. Stønadsgraden over terskelverdien er 90 prosent, og det blir gitt stønad for dei timane der spotprisen overstig terskelverdien.

Det blir ikkje gitt stønad til forbruk over 5 000 kWh per månad per målepunkt.

For fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 5 000 kWh per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til nettselskapet sitt. Dersom eit bustadselskap har eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldsforbruk, skal det rapportere dette også.

I juni 2025 vedtok Stortinget at straumstønadsordninga skal vare ut 2029. RME forvaltar ordninga og har ansvar for tildelinga av stønad via det enkelte nettselskapet og for å følge opp og føre tilsyn med ordninga, inkludert opplegg for kontroll.

Stønadssatsen blir berekna automatisk i systema til nettselskapa time for time. Nettselskapa bereknar stønaden for kvar av nettkundane med rett til stønad på grunnlag av stønadssatsen og timesforbruket. RME skal også berekne og offentleggjere stønadssatsane for kvar time, slik at forbrukarane skal kunne rekne på stønadsbeløpet dei har fått utbetalt.

Stønaden blir utbetalt som frådrag på fakturaen for nettleiga. Dersom stønadsbeløpet overstig nettleiga, blir det overskytande beløpet utbetalt til kundar som ikkje har gjennomfakturering (felles faktura for nettleige og straum). For kundar med gjennomfakturering blir stønaden trekt frå det samla beløpet på fakturaen frå straumleverandøren. Dette skjer ved at nettselskapet kompenserer straumleverandøren gjennom ein etablert og automatisert oppgjersmetode.

Resultat 2025

I 2025 blei det utbetalt i underkant av 4 384 millionar kroner i straumstønad til hushalda. Stønaden var størst for forbruket i februar 2025 (utbetalt i mars).

Som følge av mellom anna prisforskjellane mellom nord og sør gjennom 2025, med høgare prisar i Sør-Noreg enn i Midt- og Nord-Noreg, fekk hushalda i dei tre sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) mest straumstønad i 2025. Blant dei sørlege prisområda fekk hushalda i Sør-Noreg (NO2) mest stønad i snitt gjennom året, med om lag 3 200 kroner per husstand. På Austlandet (NO1) og Vestlandet (NO5) fekk kvart hushald høvesvis om lag 2 100 kroner og 1 300 kroner i stønad.

Straumstønadsordninga og Noregspris bidrog samla sett til å redusere sluttbrukarprisen (kraftpris og nettleige inkl. avgifter) med om lag 12 prosent, frå 141,7 øre per kWh til 125,1 øre per kWh.

Sluttbrukarprisen og stønadsbeløpet til kvart av hushalda avhang mellom anna av kraftprisen og straumforbruket til hushalda for kvar enkelt time. Sluttbrukarprisen kom også an på kva nettselskap og straumavtale den enkelte hadde.

Post 76 Straumstønad for nærvarme, kan overførast

Departementet foreslår ikkje ny løyving til ordninga for 2027. Straumstønadsordninga for nærvarme blir avvikla frå og med 2027. Dersom nærvarmeleverandøren legg til rette for det, kan nærvarmekundar delta i Noregspris for fjernvarme eller få straumstønad for fjernvarme, jf. kap. 1820, post 78 og 79. Tilskot som gjeld forbruk i 2026, blir dekte av overført ubrukt løyving frå 2026 for å dekke eventuelle utbetalingar i 2027.

Resultat 2025

Samla stønad til hushaldskundar av nærvarmeanlegg basert på straum var om lag 1,55 millionar kroner for 2025. Det blei utbetalt totalt om lag 1,1 millionar kroner i stønad i 2025. Stønad for fjerde kvartal ble utbetalt i 2026. Stønadsordninga har bidratt til å redusere energikostnadene for hushalda. Til saman har 3 665 hushald fått stønad gjennom ordninga. Sidan 1. oktober 2025 har 2 570 av desse ifølge NVE gått over til Noregsprisordninga for fjernvarme.

Post 77 Noregspris for straum, overslagsløyving

Noregspris gir bustader og fritidsbustader høve til å velje ein fast og føreseieleg pris på straum. Tryggleik for straumutgiftene er viktig i ein periode med store svingingar i kraftprisane og tidvis svært høge prisar i energimarknadene. Noregspris er eit alternativ til straumstønadsordninga for hushalda.

Departementet foreslår å løyve 12 000 millionar kroner til ein Noregspris på 45 øre per kWh eksklusive avgifter i 2027 (referanseprisen), jf. boks 4.3. Løyvinga er basert på kraftprisar frå terminmarknaden i slutten av juli 2026 og skal dekke utbetaling av prissikringsbeløp i perioden frå desember 2026 til november 2027. Prissikringsbeløpa vil bli netto avrekna per månad. På månadsbasis er det rekna med utbetalingar på om lag 12 150 millionar kroner totalt og innbetalingar på om lag 150 millionar kroner totalt i brutto prissikring. Som følge av dette blir det foreslått ei fullmakt til å nettoføre ut- og innbetalingar av prissikringsbeløp som følger av månadleg avrekning på budsjettposten, jf. forslag til vedtak V. Fullmakta skal sikre at månadlege avrekningar mellom staten og kundane kan førast netto i statsrekneskapen i tråd med oppgjersordninga departementet har fastsett. Det er stor uvisse knytt til kostnadsoverslaget for Noregspris for straum. Utgiftene og inntektene til staten vil avhenge av kor mange som vel Noregspris, og utviklinga i kraftprisar og straumforbruk. I kostnadsoverslaget for 2027 er det, på usikkert grunnlag, brukt som vilkår at 70 prosent av bustadene i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og 25 prosent av bustadene i Midt-Noreg (NO3) inngår avtale om Noregspris for straum. For fritidsbustader er det føresett at 80 prosent av fritidsbustadene i sørlege Noreg og 35 prosent i Midt-Noreg inngår avtale om Noregspris. For Nord-Noreg (NO4) er det føresett at ingen bustader eller fritidsbustader vil velje Noregspris.

Boks 4.3 Prisfastsetting av Noregspris

I lov om Norgespris og strømstønad til husholdninger går det fram at departementet kvart år skal fastsette ein referansepris for Noregsprisordninga for året som kjem i forskrift. Referanseprisen skal fastsettast med utgangspunkt i dei venta kraftprisane framover, samtidig som ho skal bidra til meir føreseielege og stabile utgifter med utgangspunkt i den faktiske historiske kraftprisutviklinga. Regjeringa foreslår at Noregsprisen på straum og fjernvarme i 2027 blir fastsett til 45 øre per kWh eksklusive avgifter.

I perioden frå 2010 til midten av 2021 var gjennomsnittsprisen på straum for Noreg samla sett om lag 40 øre per kWh. Frå andre halvår 2021, gjennom 2022 og inn i 2023 oppstod ein ny situasjon med eit høgare prisnivå i det sørlege Noreg og store prisforskjellar mellom dei sørlege og nordlege delane av landet. Den viktigaste forklaringa var energiknappheita som oppstod i Europa som følge av Russlands angrep på Ukraina, samtidig med den pågåande energiomstillinga i Europa. Fram mot utgangen av 2024 fall kraftprisane gradvis. Sjølv om gjennomsnittsprisane gjekk ned, var kraftmarknaden framleis prega av eit meir volatilt prisbilete og til tider svært høge prisar i dei sørlege delane av landet. Da Noregspris ble lansert i januar 2025 var terminprisane for dei kommande to åra om lag 40 øre per kWh samla sett for Noreg.

I tida etter innføringa av Noregspris har marknadsprisane på kraft auka og blitt høgare enn det som blei lagt til grunn da ordninga blei etablert. I 2026 har kraftprisane vore prega av auka uro i energimarknadene som følge av krigen i Midtausten og ein situasjon med mindre vatn i kraftmagasina enn normalt. Samtidig er det framleis store prisforskjellar mellom dei ulike prisområda for kraft. I første halvår 2026 var gjennomsnittsprisen i Sør-Noreg (NO2) om lag 112 øre per kWh. I Nord-Noreg (NO4) var gjennomsnittsprisen om lag 46 øre per kWh i same periode.

Utviklinga i 2026 illustrerer at kraftprisen kan variere mykje på kort tid, og viser behovet for ei ordning som gir meir føreseielege utgifter. Også utviklinga i kraftprisane i åra som kjem er usikker. Per juli 2026 var den gjennomsnittlege uvekta terminprisen for ulike bodområde for straum i Noreg 63 øre per kWh i 2027. Den gjennomsnittlege uvekta terminprisen for ulike bodområde i Noreg dei neste tre åra er i overkant av 55 øre per kWh.

Regjeringa meiner at det bør vere ein rimeleg balanse mellom vektlegginga av historiske prisar og prisbiletet framover når Noregsprisen for det enkelte året blir fastsett. På den måten vil ordninga både ta omsyn til kraftsituasjonen og gi føreseielege utgifter for norske hushald.

Forslaget til Noregspris for 2027 er fastsett med utgangspunkt i dei historiske kraftprisane slik dei var før energikrisa. Samtidig har kraftprisane blitt høgare enn det som blei lagt til grunn da forslaget om Noregspris blei lagt fram, og prisbiletet framover tilseier at dette også vil vere situasjonen i 2027. På dette grunnlaget legg regjeringa til grunn at Noregsprisen for 2027 bør aukast noko meir enn den generelle prisveksten. Omsynet til at hushalda over tid skal ha moglegheit til meir stabile utgifter, tilseier samtidig at endringane i Noregsprisen ikkje bør vere for store. Regjeringa meiner at ei endring i Noregsprisen på 5 øre per kWh varetar dette. Ei maksimal årleg endring på 5 øre er på nivå med ei typisk årleg historisk prisendring i åra før energikrisa. Noregsprisen har ein varigheit på 12 månader og fastsettast årleg i samband med statsbudsjettet.

Ein Noregspris på 45 øre per kWh eksklusive avgifter i 2027 sikrar framleis føreseielege utgifter for hushalda i ein situasjon med høgare og meir volatile kraftprisar. Med marknaden sine anslag for kraftprisane neste år er det rekna ut at eit hushald med eit forbruk på 16 000 kWh i Sør-Noreg (NO2) kan spare om lag 8 700 kroner i 2027 med ein Noregspris på 45 øre per kWh eksklusive avgifter. Per 22. september er det utbetalt i overkant av 17 milliardar kroner til hushald som har valt Noregspris for straum sidan ordninga blei innført i oktober 2025. I same perioden er det utbetalt i overkant av 4 milliardar kroner gjennom straumstønadsordninga for straum.

Mål og målgruppe

Ordninga skal gi norske hushald tryggleik for føreseielege straumutgifter i ei tid med store svingingar og tidvis svært høge prisar. Noregspris er ei valfri, statleg finansiert ordning der straumprisen til hushalda blir avrekna mot ein fast referansepris per kilowattime.

Ordninga omfattar både bustader og fritidsbustader og gjeld også fellesmålt hushalds- og fritidsbustadsforbruk i bustadselskap som burettslag, bustadsameige og bustadaksjeselskap. I tillegg omfattar ordninga bustader og fritidsbustader som er knytte til gards- og grendeverk med private straumnett. Ordninga gjeld ikkje næringsverksemd.

Tildelingskriterium og oppfølging

Hushalda kan bestille Noregspris for bustadene og fritidsbustadene sine. Hushald som ikkje vel Noregspris for bustaden sin, er omfatta av straumstønadsordninga.

Når spotprisen i prisområdet til hushaldet er høgare enn referanseprisen, får hushaldet ein stønad frå staten tilsvarande differansen mellom spotpris og referansepris. Når spotprisen er lågare enn referanseprisen, må hushaldet betale differansen mellom spotpris og referansepris. Berekningane skjer time for time og blir multipliserte med forbruket i den enkelte timen. Summen av dette kan innebere både ut- og innbetalingar mellom staten og hushaldet. Beløpet blir omtalt som eit prissikringsbeløp.

Prissikringsbeløpet blir utbetalt eller innbetalt månadleg. Desse transaksjonane skjer etterskotsvis, basert på forbruket den føregåande månaden. Nettselskapet bereknar beløpet, som enten blir trekt frå eller lagt til på nettleiga til hushaldet. Dersom prissikringsbeløpet overstig nettleiga, blir det overskytande beløpet utbetalt til kundar som ikkje har gjennomfakturering, det vil seie felles faktura for nettleige og straum. For kundar med gjennomfakturering blir prissikringsbeløpet trekt frå det samla beløpet på fakturaen frå straumleverandøren.

Etter avrekning vil hushaldet stå overfor ein fast pris per kilowattime. Nettleige, avgifter og påslag frå kraftleverandøren kjem i tillegg.

Noregspris omfattar dei første 5 000 kWh med straumforbruk per månad per målepunkt for bustader og tilsvarande dei første 1 000 kWh for fritidsbustader. For straumforbruk som er registrert på målepunktet for eit bustadselskap, gjeld Noregspris for inntil 5 000 kWh per månad per bueining og inntil 1 000 kWh per månad per fritidsbustad.

Hushalda kan bestille Noregspris for bustadene og/eller fritidsbustadene sine for inntil eitt kalenderår om gongen. Når eit målepunkt er knytt til Noregspris, blir det bunde til ordninga ut kalenderåret.

RME forvaltar ordninga og er ansvarleg for inn- og utbetalinga av prissikringsbeløp via det enkelte nettselskapet og for tilsyn og kontroll med ordninga.

Resultat 2025

Noregspris blei innført frå oktober 2025. I 2025 blei det utbetalt i overkant av 1 456 millionar kroner i Noregspris til hushalda og fritidsbustader. Utbetalinga var størst for forbruk i november 2025 (utbetalt i desember). Som følge av ein høgare deltakarandel, og høgare prisar i dei tre sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) enn i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4), var det dei tre sørlege prisområda som fekk mest utbetalt i 2025. Blant dei sørlege prisområda fekk hushalda i Sør-Noreg (NO2) mest stønad i snitt gjennom året, med om lag 1 200 kroner per husstand. På Austlandet (NO1) og Vestlandet (NO5) fekk kvar hushald høvesvis om lag 1 100 kroner og 900 kroner.

Straumstønadsordninga og Noregspris bidrog samla sett til å redusere sluttbrukarprisen (kraftpris og nettleige inkludert avgifter) med om lag 12 prosent, frå 141,7 øre/kWh til 125,1 øre/kWh.

Sluttbrukarprisen og stønadsbeløpet til kvart av hushalda avhang mellom anna av kraftprisen og straumforbruket til hushalda for kvar enkelt time. Sluttbrukarprisen kom også an på kva nettselskap og straumavtale den enkelte hadde.

Post 78 Noregspris for fjernvarme, overslagsløyving

Departementet foreslår å løyve 760 millionar kroner til ein Noregspris for fjernvarme på 45 øre per kWh eksklusive avgift i 2027 (referanseprisen), jf. boks 4.3 Prisfastsetting av Noregspris.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å gi føreseielege utgifter til oppvarming for hushaldskundar av fjernvarmeanlegg. Noregspris for fjernvarme har om lag same innretning som Noregspris for straum, jf. post 77 Noregspris for straum. Det er ei valfri, statleg finansiert ordning der hushalda blir avrekna mot ein fast referansepris per kilowattime. Ordninga omfattar bustader og fritidsbustader og gjeld også fellesmålt hushalds- og fritidsbustadsforbruk i bustadselskap som burettslag, bustadsameige og bustadaksjeselskap. Noregspris for fjernvarme gjeld ikkje for næringsverksemd. Fjernvarmeselskapet reknar ut prissikringsbeløpet og betaler det, eller krev det inn, gjennom fakturaen for levert fjernvarme.

Hushaldskundar av fjernvarmeanlegg med konsesjon etter energilova har rett til Noregspris. Fjernvarmeanlegg utan konsesjon, såkalla nærvarmeselskap, kan tilby Noregspris til kundane sine dersom selskapa registrerer seg hos NVE. Når dei har registrert seg, kan nærvarmeselskapa vidareformidle prissikringsbeløp til kundane sine på lik linje med fjernvarmeselskap med konsesjon.

Tildelingskriterium og oppfølging

Hushald kan bestille Noregspris for fjernvarme for bustadene og fritidsbustadene sine. Hushald som ikkje vel Noregspris for bustaden sin, er omfatta av straumstønadsordninga for fjernvarme, jf. post 79 Straumstønad for fjernvarme.

Når den uvekta gjennomsnittlege månadlege spotprisen i prisområdet til hushaldet er høgare enn referanseprisen, får hushaldet ein stønad frå staten tilsvarande differansen mellom spotpris og referansepris. Når den gjennomsnittlege månadlege spotprisen er lågare enn referanseprisen, må hushaldet betale inn differansen mellom referansepris og spotpris. Denne spotprisen blir berekna månadleg og blir multiplisert med forbruket den aktuelle månaden. Det kan innebere både ut- og innbetalingar mellom staten og hushaldet. Beløpet blir omtalt som eit prissikringsbeløp.

Prissikringsbeløpet blir utbetalt eller skal innbetalast månadleg. Fjernvarmeselskapet bereknar og betaler ut, eller krev inn, prissikringsbeløp gjennom fakturaen for levert fjernvarme. Inn- og utbetalingar til og frå hushalda skjer etterskotsvis, basert på forbruket den føregåande månaden. Enova betaler ut eller krev inn prissikringsbeløpet frå fjernvarmeselskapa. Prissikringsbeløpet vil variere med forbruket og utviklinga i spotprisen.

Prisen frå fjernvarmeselskapet til kundane skal dekke kostnader knytte til både varmelevering og distribusjon (røyrnett). Dette skil seg frå levering av straum, der nettleiga dekker distribusjonen.

Noregspris omfattar opptil 4 500 kWh fjernvarmeforbruk per månad per energimålar for bustader og tilsvarande opptil 1 000 kWh for fritidsbustader. For fjernvarmeforbruk registrert på energimålaren til eit bustadselskap gjeld Noregspris opptil 4 500 kWh per månad per bueining og opptil 1 000 kWh per månad per fritidsbustad i bustadselskapet. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til fjernvarmeselskapet sitt. Dersom dei har eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldsforbruk, skal dei rapportere dette også.

Hushalda kan bestille Noregspris for bustadene og/eller fritidsbustadene sine for inntil eitt kalenderår om gongen. Når ein energimålar er knytt til Noregspris, blir han bunden til ordninga ut kalenderåret.

Enova er ansvarleg for inn- og utbetaling av prissikringsbeløp via det enkelte fjernvarmeselskapet. NVE har ansvar for tilsyn og kontroll med ordninga.

Resultat 2025

Noregspris blei innført frå oktober 2025. I 2025 blei det utbetalt i underkant av 78,6 millionar i Noregspris for fjernvarme.

Utbetalinga var størst for forbruk i november 2025 (utbetalt i desember). Som følge av ein høgare deltakarandel og høgare prisar i dei tre sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) enn i Midt- og Nord-Noreg, var det dei tre sørlege prisområda som fekk mest utbetalt i 2025. Blant dei sørlege prisområda fekk hushalda på Austlandet (NO1) mest stønad i 2025, og desse utgjer også største delen av fjernvarmekundane i Noreg.

For oktober og november sparte kvart av hushalda i snitt respektivt om lag 140 kroner og 450 kroner gjennom Noregspris for fjernvarme.

Post 79 Straumstønad for fjernvarme, overslagsløyving

Departementet foreslår å løyve 100 millionar kroner til straumstønadsordninga for fjernvarme og at terskelverdien blir prisjustert frå 77 til 79 øre/kWh frå og med 1. januar 2027. Løyvinga er basert på straumprisar frå terminmarknaden i slutten av juli 2026 og skal dekke utbetaling av straumstønad i perioden frå desember 2026 til november 2027. Stønad for straumforbruk i desember 2027 blir utbetalt i januar 2028.

Det er stor uvisse knytt til kostnadsoverslaget for straumstønadsordninga. Utgiftene til staten vil avhenge av kor mange som beheld straumstønadsordninga, og utviklinga i straumprisar og straumforbruk. I kostnadsoverslaget for 2027 er det på usikkert grunnlag brukt som vilkår at 25 prosent av bustadene på Austlandet (NO1), 10 prosent av bustadene i Sør-Noreg (NO2), 75 prosent av bustadene i Midt-Noreg (NO3) og 45 prosent av bustadene på Vestlandet (NO5) beheld straumstønadsordninga. I Nord-Noreg er det lagt til grunn at alle vil bli omfatta av straumstønadsordninga.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å redusere utgiftene til fjernvarmeforbruk på den månadlege fjernvarmerekninga for private hushald dersom straumprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga omfattar også fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap som burettslag, bustadsameige og bustadaksjeselskap og dessutan hushald som nyttar fritidsbustad som fast bustad. Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og heller ikkje næringsverksemd.

Hushaldskundar av fjernvarmeanlegg med konsesjon etter energilova har rett til stønad etter ordninga. Det blir ikkje kravd søknad frå hushalda. Stønaden blir utbetalt gjennom eit fråtrekk på fjernvarmerekninga.

Fjernvarmeanlegg utan konsesjon, såkalla nærvarmeselskap, kan tilby straumstønad til kundane sine dersom selskapa registrerer seg hos NVE. Når dei har registrert seg, skal nærvarmeselskapa vidareformidle straumstønad til kundane sine på lik linje med fjernvarmeselskap med konsesjon.

Tildelingskriterium og oppfølging

Stønadsordninga er basert på uvekta månadleg gjennomsnittleg straumpris i det prisområdet hushaldet høyrer til. Stønaden trer inn dersom denne prisen overstig ein fastsett terskelverdi. Frå og med 1. januar 2027 er terskelverdien sett til 79 øre per kWh. Stønadsgraden over terskelverdien er 90 prosent.

Det blir ikkje gitt stønad til forbruk over 4 500 kWh per månad per energimålar. For fellesmålt hushaldsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 4 500 kWh per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til fjernvarmeselskapet sitt. Dersom dei har eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldsforbruk, skal dei rapportere dette også.

I juni 2025 vedtok Stortinget at straumstønadsordninga for fjernvarme skal vare ut 2029.

Enova er ansvarleg for utbetalinga av stønad via det enkelte fjernvarmeselskapet, medan NVE fører tilsyn og kontroll med ordninga.

Fjernvarmeselskapa bereknar stønaden til kvar av kundane med rett til stønad basert på månadleg forbruk og gjeldande stønadssats. NVE skal rekne ut og offentleggjere stønadsgrunnlaget og stønadssatsane kvar månad, slik at forbrukarane kan kontrollere stønadsbeløpet. Stønaden blir trekt frå det samla beløpet på fakturaen for fjernvarme.

Prisen frå fjernvarmeselskapet til kundane skal dekke kostnader knytte til både varmelevering og distribusjon (røyrnett). Dette skil seg frå straumprisen, som berre dekker sjølve straumleveringa, medan nettleiga dekker distribusjonen.

Resultat 2025

I 2025 blei det utbetalt totalt om lag 7,3 millionar kroner i straumstønad for fjernvarme til hushaldskundar. Stønaden var størst for forbruket i november 2025 (utbetalt i desember). Som følge av høgare prisar i dei tre sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) enn i Midt- og Nord-Noreg, var det dei tre sørlege prisområda som fekk mest utbetalt i 2025. Blant dei sørlege prisområda fekk hushalda på Austlandet (NO1) mest stønad i 2025, og desse utgjer også største delen av fjernvarmekundar i Noreg.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Gebyrinntekter

11 280

10 300

11 000

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

53 797

60 000

60 000

03

Sal av utstyr mv.

3

10

Refusjonar

5 954

40

Flaum- og skredførebygging

8 895

20 000

20 000

Sum kap. 4820

79 929

90 300

91 000

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå innhenting og kontroll av hydrologiske målingar og tilsyn med utanlandskonsesjonar.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1820, post 23.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Posten omfattar innbetalingar frå kommunar for gjennomføring av sikrings- og miljøtiltak i regi av NVE, jf. omtale under kap. 1820, post 22 og 25. Kommunane betaler ein distriktsandel som normalt utgjer 10 prosent for både ordinære sikringstiltak og hastetiltak. For krisetiltak blir det ikkje kravd distriktsandel. Det er fastsett ei øvre grense for distriktsandelen på 40 millionar kroner per tiltak.

Kap. 1825 Energieffektivisering og -omlegging

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

13 816

13 000

10 000

50

Klima- og energifondet

1 599 908

1 300 000

1 100 000

60

Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast

115 446

200 000

Sum kap. 1825

1 729 170

1 513 000

1 110 000

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 10 millionar kroner for å halde ved lag auka aktivitet innan energieffektivisering, medrekna kompetanseheving.

NVE har ansvar for oppgåver knytte til regelverksutvikling, informasjons- og kompetanseheving, styrking av datagrunnlag og rapportering om energieffektivisering. Husbanken – bustad- og bygningsdirektoratet har ansvar for regelverksutvikling og kompetanse i byggsektoren.

Løyvinga skal både styrke det generelle arbeidet til direktorata innan energieffektivisering og hjelpe departementet med å følge opp handlingsplanen til regjeringa for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

Post 50 Klima- og energifondet

Departementet foreslår ei løyving på 1 100 millionar kroner, inkludert inntekter frå påslaget på nettariffen, og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 5582, post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet, jf. forslag til vedtak II.

Midlane skal forvaltast i samsvar med måla og føringane i styringsavtalen mellom Enova SF og Klima- og miljødepartementet. Sjå nærmare omtale av styringsavtalen, tildelings- og oppfølgingskriterium under kap. 1428 Enova SF, post 50 Overføring til Klima- og energifondet i Prop. 1 S (2026–2027) for Klima- og miljødepartementet.

Av den samla løyvinga er 390 millionar kroner øyremerkte stønad til energitiltak i hushaldssektoren. Stønaden kan nyttast til kjøp av tilgjengelege og velprøvde teknologiar og løysingar, og det blir derfor ikkje stilt krav om at stønaden skal bidra til varige marknadsendringar gjennom teknologi- og marknadsutvikling. Stønaden skal bidra til å auke merksemda rundt energibruk og styrke handlingskompetansen i hushalda, slik at dei kan gjere gode val.

Løyvinga dekker også utgifter til administrasjon av stønadsordningar og Enovas oppgåver knytte til inn- og utbetaling av straumstønad og prissikringsbeløp under ordningane straumstønad og Noregspris for fjernvarme, jf. kap. 1820, post 78 Noregspris for fjernvarme og post 79 Straumstønad for fjernvarme.

Boks 4.4 Rammevilkår for fjernvarme

Regjeringa har vurdert tiltak for å halde i gang samfunnsøkonomisk lønnsam fjernvarmeproduksjon, som varsla i statsbudsjettet for 2026. Energidepartementet har innhenta vurderingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat. Departementet har også innhenta vurderingar frå Oslo Economics og SINTEF Energi som handlar om både den samfunnsøkonomiske nytta av fjernvarme og ei vurdering av den bedriftsøkonomiske situasjonen. Rapportane frå Oslo Economics og SINTEF Energi har vore på ein offentleg innspelsrunde.

Gjennom vinteren 2025–2026 var det kaldt vêr og relativt høge straumprisar i Noreg. Dette bidrog truleg til ei relativt sett betre inntening for fleire av fjernvarmeselskapa. Samtidig har bransjeaktørar peika på at usikkerheit om og endringar i rammevilkår, under dette redusert elavgift, har bidratt i negativ retning for selskapa. Ifølge vurderingane til Oslo Economics og SINTEF Energi er det vanskeleg å seie noko sikkert om utviklinga i lønnsemda til fjernvarmeselskapa i 2025 og i første kvartal 2026, sidan det er forhold som trekker i begge retningar. Ifølge Oslo Economics og SINTEF Energi er det lite sannsynleg at situasjonen for fjernvarmeselskapa er forverra i 2025 og 2026 samanlikna med 2023 og 2024, da det generelt var låg lønnsemd i bransjen.

Den samfunnsøkonomiske verdien av fjernvarme kjem an på lokale forhold, etterspørselsmønster, kundetettleik og tilgang på eigna varmekjelder. I gitte situasjonar har fjernvarme ein klar samfunnsøkonomisk verdi, utover verdien på seld varme. Investeringar i ny fjernvarme er samfunnsøkonomisk lønnsamt særleg i område der varmegrunnlaget er tilstrekkeleg stabilt og konsentrert, der investeringane kan avlaste kraftsystemet i periodar med høg belastning, og der fjernvarme kan utnytte energiressursar som elles ville gått tapt eller hatt lågare verdi.

Regjeringa er opptatt av å bidra til føreseielege rammevilkår og legge til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam fjernvarme. Regjeringa har den siste tida avklart viktige rammevilkår som påverkar fjernvarme positivt. Avgifta på avfallsforbrenning blei redusert i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025, til om lag den gjennomsnittlege utsleppsprisen svenske og danske anlegg betaler gjennom EUs kvotesystem når ein tar omsyn til tildelinga av gratiskvotar. Vidare blei energimerkeordninga for bygningar endra med verknad frå 1. januar 2026 slik at bygningar med fjernvarme kjem betre ut. Innføring av straumstønadsordning og Noregspris for fjernvarme frå 1. oktober 2025 har også bidratt positivt for selskapa. I tillegg til dette har Enova i dag relevante stønadsprogram som omfattar produksjon, distribusjon og tilrettelegging for bruk av fjernvarme. Det vil framleis vere Enova som er regjeringas verktøy for støtte til fjernvarme, og det er opp til Enova å vurdere korleis dei vil støtte fjernvarme. Enova har eit breitt mandat og er godt eigna til å vurdere den situasjonsbestemte verdien av fjernvarme, som nemnt over. Departementet vil i oppdragsbrevet til Enova tydeleggjere at regjeringa har avklart viktige rammevilkår for fjernvarme. Stønadsordning og program til fjernvarme blir dekte innanfor den samla løyvinga til Klima- og energifondet.

Energidepartementet har i 2026 arbeidd med å vurdere endringar i prisreguleringa av fjernvarme, som varsla i statsbudsjettet for 2025, og vil sende forslag til lov- og forskriftsendringar om prisregulering på offentleg høyring hausten 2026. Departementet tar sikte på å fremme forslag til lovendringar for Stortinget våren 2027.

Resultat 2025

Av om lag 1 600 millionar kroner som blei overførte til Klima- og energifondet i 2025, var totalt 887 millionar kroner øyremerkte til energieffektivisering. Av desse var 687 millionar kroner øyremerkte til hushaldssektoren og 200 millionar kroner øyremerkte til energieffektivisering i bygg.

I 2025 lanserte Enova stønadsordningar til fleire nye tiltak for hushald, og eksisterande program fekk oppdaterte og høgare stønadssatsar. Enova etablerte også ei ny IT-løysing for det nye hushaldsoppdraget.

I 2025 har Enova gitt tilsegn om 843 millionar kroner gjennom stønadsprogram for energitiltak i bustadselskap og hushald. Gjennom programma har eigarar av bustader fått stønad til tiltak som har bidratt til å redusere behovet for levert energi, mellom anna etterisolering, energikartlegging, utskifting av vindauge og installasjon av solcelleanlegg. Midlane har ifølge Enova bidratt til 169 GWh i kontraktsfesta energiresultat. Enova gav også tilsegn om 564 millionar kroner til energitiltak i yrkesbygg, som har bidratt med 198 GWh i kontraktsfesta energiresultat.

Enova nytta 8,3 millionar kroner til administrasjon av stønadsordningar for energitiltak i hushaldssektoren. Vidare nytta Enova 5,2 millionar kroner til å utvikle og forvalte ei løysing for avrekning av Noregspris og straumstønad for fjernvarme, jf. kap. 1820, post 78 Noregspris for fjernvarme og post 79 Straumstønad for fjernvarme.

Post 60 Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast

Kommunekommisjonen leverte den første delrapporten sin i 2026, der dei mellom anna foreslår å innlemme det øyremerkte tilskotet til energitiltak i kommunale bygg i rammetilskotet til kommunesektoren. Departementet foreslår ikkje ny øyremerkt løyving til energitiltak i kommunale bygg for 2027. Utbetaling av gamle og nye tilsegner vil bli dekte av overført ubrukt løyving under posten for å gjennomføre Stortingets tidlegare budsjettvedtak, jf. heimel i forskrift om tilskudd til energitiltak i kommunalt eide utleieboliger, omsorgsboliger og sykehjem.

Resultat 2025

I saldert budsjett for 2025 blei det løyvd 450 millionar kroner til tilskotsordninga til Husbanken. På grunn av låg etterspørsel etter ordninga frå kommunane blei løyvinga redusert til 250 millionar kroner da Stortinget behandla saka 22. desember, jf. Prop. 14 S (2025–2026) og Innst. 75 S (2025–2026). Husbanken utbetalte om lag 115 millionar kroner til energitiltak i kommunale bygg i 2025. Husbanken gav vidare tilsegn om tilskot på 188 millionar kroner. Tilsegnene omfatta 844 kommunalt eigde utleigebustader og 1 577 sjukeheimsplasser. Dei mest populære tiltaka var etterisolering av vegger og tak og etablering av solceller. Den samla energisparinga frå tiltaka det er gitt tilsegn til i 2025, er berekna til 9,2 GWh per år.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

71

Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging

208 039

200 400

207 000

72

Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat

160 423

167 000

189 000

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

712 908

690 000

710 000

Sum kap. 5582

1 081 370

1 057 400

1 106 000

Post 71 Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging

Ved konsesjonar gitt etter vassdragsreguleringslova eller industrikonsesjonslova pliktar eigarane av kraftverka å betale ei årleg avgift til staten og til vertskommunen. Konsesjonsavgifta til staten skal bidra til å finansiere forsking, utvikling, opplæring og informasjon på energi- og vassdragsområdet. I særskilde tilfelle kan avgifta også nyttast til å førebygge, erstatte og bøte på skadar som følge av eller i samband med kraftutbyggingar eller reguleringar.

Overslaget for inntekter frå konsesjonsavgiftene for vasskraft er basert på eksisterande avgiftspliktige konsesjonar. Avgiftssatsane blir indeksjusterte kvart femte år, med utgangspunkt i konsesjonsdatoen. Nye konsesjonar vil i tillegg utløyse konsesjonsavgift. NVE har ansvar for å krevje inn konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging.

Post 72 Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat

NVE dekker kostnader knytte til tilsyn og kontroll av vassdrag, energianlegg og fjernvarme gjennom sektoravgifter. Heimlane for å krevje inn avgiftene er gitt i forskrift om sektoravgift for dekning av kostnader til Norges vassdrags- og energidirektorats (NVE) tilsyns- og kontrollarbeid, kraftberedskapsforskrifta § 8-7 og damsikkerheitsforskrifta § 8-3.

Sektoravgiftsordningane omfattar kraftberedskapstilsyn, damsikkerheitstilsyn, miljøtilsyn med vassdragstiltak, miljøtilsyn med energianlegg, fjernvarmetilsyn og driftstilsyn av elektriske anlegg. Sektoravgiftene blir fastsette slik at dei ikkje overstig dei faktiske kostnadene NVE har til dei formåla avgiftene skal dekke.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærar, det vil seie nettselskapa som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering legge eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar, uavhengig av nettnivå. For hushaldsbruk skal dette påslaget utgjere 1 øre per kWh, medan det for andre sluttbrukarar enn hushald skal utgjere 800 kroner per år per målepunkt-ID.

Det beløpet omsetningskonsesjonærane skal betale til Klima- og energifondet, skal svare til 1 øre per kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i den aktuelle terminen. Påslaget blir betalt direkte til Klima- og energifondet. Enova har ansvaret for å følge opp og krevje inn påslaget frå nettselskapa.

Departementet foreslår ei fullmakt til å gjere unntak frå kontantprinsippet ved bruttoføring av inntektene frå påslaget og overføring av tilsvarande utgifter til Klima- og energifondet, jf. forslag til vedtak VI. Fullmakta inneber at inntektene frå påslaget og overføringa til fondet kan førast brutto i statsrekneskapen, sjølv om innbetalingane skjer direkte til Klima- og energifondet.

Statnett SF

Statnett er det systemansvarlege nettselskapet i det norske kraftsystemet og har ansvar for å utvikle, drifte og halde transmisjonsnettet ved like på ein samfunnsøkonomisk rasjonell måte.

Statnett har monopol på å eige og drive transmisjonsnettet i Noreg og skal sikre momentan balanse mellom produksjon og forbruk av elektrisk kraft i Noreg til kvar tid.

Tabell 4.1 Hovudtal for Statnett SF (i millionar kroner)

2023

2024

2025

Driftsinntekter

11 600

18 961

20 205

Driftsresultat

-1 547

4 621

3 068

Resultat etter skatt

-2 617

1 720

792

Resultat etter skatt, justert for endring i meir-/mindreinntekt (utbyttegrunnlaget)

1 585

1 218

2 843

Investeringar

6 078

7 619

10 582

Varige driftsmiddel

71 119

72 279

76 488

Eigenkapital

24 118

25 482

25 542

Eigenkapitalrentabilitet etter skatt1

-10,2 prosent2

6,9 prosent

3,1 prosent

Eigenkapitalprosent

26,7 prosent

24,1 prosent

23,5 prosent

1 Eigenkapitalrentabilitet etter skatt = årsresultat etter skatt / gjennomsnittleg eigenkapital dei to siste rekneskapsåra.

2 Årsaka til den negative eigenkapitalrentabiliteten etter skatt er at driftsinntektene er halverte for å balansere delar av meirinntekta frå året før.

Inntektene til Statnett blir regulerte av RME, som årleg fastset ei tillaten inntekt. Denne inntekta skal over tid dekke kostnadene ved drift og vedlikehald av nettet og samtidig gi ei rimeleg avkastning på investert kapital, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet.

Kap. 5680 Statnett SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

85

Utbytte

609 000

Sum kap. 5680

609 000

Post 85 Utbytte

Det er i utgangspunktet lagt til grunn ein utbyttepolitikk der inntil 50 prosent av årsresultatet etter skatt, justert for endringar i meir-/mindreinntekt, kan delast ut som utbytte.

Regjeringa foreslår på same måten som i 2026 for rekneskapsåret 2025 at det ikkje blir tatt utbytte frå føretaket i 2027 for rekneskapsåret 2026. Det er stor etterspørsel etter nettkapasitet, og Statnett planlegg derfor store investeringar i dei kommande åra. Føretaket har behov for ei langsiktig finansiell evne til å gjennomføre investeringsplanane, og tilbakehalde utbytte i 2027 vil bidra til dette.

Endeleg vedtak om utbyttet for rekneskapsåret 2026 blir gjort på føretaksmøte våren 2027.

Programkategori 18.30 Klima, industri og teknologi

Utviklingstrekk

Europa har utfordringar med sin internasjonale konkurransekraft og står i ei energi- og klimaomstilling med ambisiøse mål om å kutte klimagassutslepp, auke utbygginga av fornybar energi og gjere økonomien meir energieffektiv. Samtidig har utviklinga internasjonalt dei siste åra, med høgare konfliktnivå og større handelspolitisk usikkerheit, gitt energi stadig aukande strategisk og sikkerheitspolitisk betydning. Også energisikkerheit, trygging av globale verdikjeder og styrkt konkurransekraft for europeisk industri får meir merksemd. Energisektorane skal framleis bidra til at klimagassutsleppa går ned, og til å halde klimamåla innanfor rekkevidde, samtidig som det blir tatt omsyn til forsyningssikkerheit og konkurransekraft.

Energi er viktig for norsk verdiskaping, og energinæringane speler ei sentral rolle i overgangen til lågutsleppssamfunnet. Næringane bidrar til å bygge ut energi, kutte utslepp og utvikle lågutsleppsteknologiar som er nødvendige for å nå klimamåla. Norske aktørar har gode føresetnader for å ta del i moglegheitene denne overgangen gir, tufta på industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse, store fornybare ressursar, ein godt utbygd infrastruktur og erfaring frå produksjon og foredling av energi.

Erfaring tilseier at dei beste prosjekta veks fram gjennom industridrivne prosessar. Verksemder utnyttar marknadsmoglegheitene som følger av klima- og energiomstillinga. Samtidig krev omstillinga eit langsiktig samspel mellom staten og næringslivet. Det er viktig at myndigheitene bidrar med stabile og føreseielege rammevilkår for å utløyse private investeringar og vekst. Staten bidrar dessutan til å legge til rette for nye næringar gjennom verkemiddel som støtte til prosjekt, lån, garantiar og eigenkapital og til forsking, teknologiutvikling og tiltak for næringsframhjelp og internasjonalisering.

Å utvikle ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar for å auke verdiskapinga og redusere klimagassutsleppa frå energi- og petroleumsverksemda står sentralt for at Noreg skal ha eit godt velferdsnivå og eit sikkert energisystem og nå målet om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Denne teknologi- og kunnskapsutviklinga er langsiktig. Frå 2027 blir den samla forskingsinnsatsen retta inn etter den nye Energi2050-strategien. Historisk har FoU-innsatsen bidratt til at Noreg er verdsleiande innanfor produksjon av olje og gass til havs og innanfor teknologi og løysingar for havvind og CO2-handtering. Den langsiktige forskingsinnsatsen innanfor energi og petroleum har bygd opp internasjonalt konkurransedyktige bedrifter og forskings- og teknologimiljø i Noreg.

Havvind er viktig for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg, og departementet har tildelt tre prosjektområde: I 2024 fekk Ventyr SN II tildelt Sørlege Nordsjø II, og i februar 2026 fekk Harald Hårfagre AS og Utsira Nord Havvind DA tildelt kvart sitt prosjektområde for flytande havvind i Utsira Nord.

I 2025 leverte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), saman med ei direktoratsgruppe, ei strategisk konsekvensutgreiing av område som på førehand er peika ut som aktuelle for havvind. Konsekvensutgreiinga blei sende på høyring hausten 2025, og departementet har jobba med å vurdere og følge opp utgreiinga og høyringsinnspela. Dette arbeidet blir ein del av grunnlaget for planen regjeringa har for utviklinga av havvind framover.

Dei siste åra har høgare rentenivå, auka råvareprisar og press i leverandørkjeder ført til auka kostnader for industrien, noko som også har ramma havvindprosjekt. I Europa har fleire prosjekt blitt avlyste, og det har vore lita interesse for nye prosjekt. For EU er havvind ein viktig del av energiomstillinga, og fleire land har derfor gjeninnført og auka statsstøtta til havvind. Dette har blitt godt tatt imot av industrien og har ført til auka deltaking i auksjonar.

CO2-handtering er viktig for å redusere utslepp frå industri og andre sektorar der elektrifisering aleine ikkje er mogleg eller tilstrekkeleg. Slike løysingar har fått ein stadig viktigare plass i europeisk klima- og industripolitikk, og europeiske land og næringsliv ser i aukande grad CO2-handtering som ein føresetnad for å halde ved lag produksjon og samtidig redusere utslepp.

Noreg har tatt ein leiande posisjon internasjonalt innan CO2-handtering. To av dei tre delprosjekta i Langskip kom i drift i 2025. Ved utgangen av juli 2026 var om lag 150 000 tonn CO2 fanga og permanent lagra gjennom verdikjeda. Langskip demonstrerer at ei komplett verdikjede for fangst, transport og permanent lagring av CO2 i industriell skala er mogleg og sikker.

Marknadsutviklinga for CO2-handtering er likevel framleis krevjande. Fleire fangstprosjekt er utsette som følge av høge kostnader, marknadsrisiko og usikkerheit om framtidige rammevilkår. Aktørar som utviklar kommersielle CO2-lager på norsk sokkel, rapporterer om utfordringar med å inngå langsiktige avtalar med industrielle utslepparar i Europa. Prosjekt krev i dag vesentleg statsstøtte for å kunne gjennomførast. For å bidra til marknadsutvikling i Noreg lanserte Enova i 2025 nye verkemiddel for CO2-fangst i industrien og avfallssektoren, i tillegg til ei støtteordning for CO2-mottaksterminalar, som skal bidra til å redusere kostnader og gjere transport og lagring av CO2 tilgjengeleg for fleire aktørar.

Hydrogen produsert utan eller med låge utslepp kan få ned utsleppa i sektorar der direkte elektrifisering er vanskeleg eller ikkje eit alternativ. Regjeringa vil legge til rette for samanhengande verdikjeder for hydrogen. Utviklinga på hydrogenområdet har gått seinare enn mange venta. Bruk og produksjon av hydrogen utan eller med låge utslepp er framleis kostbart, og det er stor uvisse om den framtidige marknadsutviklinga. Samtidig aukar dei globale investeringane i lågutsleppshydrogen. Det internasjonale energibyrået (IEA) viser at investeringane i hydrogen produsert utan eller med låge utslepp nådde om lag 7 milliardar amerikanske dollar i 2025, ei nær dobling frå året før.

I Noreg er det særleg maritim sektor som er venta å ta i bruk hydrogen tidleg. Den første hydrogendrivne bilferja i verda har vore i drift i Noreg sidan 2023. Enova har gitt støtte til meir enn 30 fartøy som kan drivast med hydrogen eller ammoniakk, og mange av desse blir sette i drift dei neste åra. Fleire norske prosjekt innan maritim sektor har også fått støtte gjennom europeiske finansieringsordningar i sterk europeisk konkurranse.

Leverandørindustrien i den norske fornybarnæringa har auka omsetninga over tid, og dei internasjonale marknadene har stått for ein stor del av auken. Ifølge rapporten Kartlegging av de norske energinæringane 2024, utarbeidd av Multiconsult, er det særleg havvind som driv veksten i omsetninga. Leverandørnæringa til havvind har hatt ein omsetningsvekst på 35 prosent i 2024 samanlikna med 2023, for det meste som følge av auka aktivitet i utlandet. Næringa styrker posisjonen sin i den internasjonale marknaden både som teknologileverandør av havvindskip, transformatorplattformer og anna utstyr og når det gjeld tenesteyting i utbyggingsprosjekt. Fleirtalet av leverandørane innanfor havvind kjem frå oljeserviceindustrien. Mange av dei har ein strategi for å omstille seg gradvis frå oljeservice til vekst innanfor havvind og fornybar energi og er på ulike stadium i denne omstillinga.

Den petroleumsretta delen av leverandørindustrien er klart størst både i omsetning, verdiskaping og sysselsetting og har ein sterk posisjon internasjonalt. Rapporten viser ei positiv utvikling i norske energinæringar, der den petroleumsretta industrien beheld styrken sin, medan fornybarnæringa ekspanderer.

Havvindprosjekt under utvikling

Sørlege Nordsjø II

Prosjektområdet i Sørlege Nordsjø II, første fase, blei tildelt Ventyr SN II AS etter ein auksjon i 2024. Ventyr har sidan arbeidd med konsekvensutgreiingar og utarbeiding av konsesjonssøknad.

Som del av arbeidet med konsekvensutgreiing og konsesjonssøknad har Ventyr identifisert eit nytt alternativ for nettilknyting nær Alcoas smelteverk på Lista. For å utvikle dette alternativet vidare har Ventyr søkt om, og fått innvilga, ei utsetting av fristen for konsesjonssøknad med eitt år, fram til 15. oktober 2027.

Ventyr har informert om at dei ikkje lenger legg opp til at prosjektet skal vere i drift i 2031, og kjem med eit oppdatert tidspunkt for forventa ferdigstilling seinare.

Dei overordna utbyggingsplanane for prosjektet omfattar ein storskala havvindpark med inntil 100 turbinar og ein samla installert effekt på 1 500 MW. Prosjektet inkluderer ein omformarstasjon til havs, interne kablar i vindparken, sjøkabel for overføring av kraft til land, jordkabel og/eller mikrotunnel på land, ein ny omformarstasjon på land og kraftleidning. Prosjektet skal koplast til sentralnettet enten ved Statnetts eksisterande transformatorstasjon i Kvinesdal eller ved nemnde Alcoa på Lista.

Staten har inngått ein differansekontrakt med Ventyr, med ei øvre kostnadsramme på 23 milliardar 2023-kroner, jf. vedlegg 1. Det er utbyggaren som skal bygge, eige, drifte og halde ved like havvindparken. Når parken startar kraftproduksjon, kjem staten til å betale utbyggaren differansen mellom kontraktsprisen (115 øre per kWh, 2023-kroner) og ein referansepris. Dersom referanseprisen overstig kontraktsprisen, skal utbyggaren betale differansen tilbake til staten.

Departementet legg til grunn at det er framgangsmåten i rammeverket for OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid) som skal nyttast når det blir løyvd støtte til havvindprosjekta. Det inneber at løyvingane skal komme om lag i takt med aktiviteten i prosjekta, som i hovudsak skjer i investeringsfasen. Investeringsfasen blir rekna frå føretaket har tatt ei investeringsavgjerd, og fram til og med ferdigstilling av energianlegget. Løyvingane over statsbudsjettet avheng av at føretaket har tatt denne investeringsavgjerda. Ein del av løyvingane, om lag tilsvarande dei berekna kostnadene til drift, vedlikehald, fjerning og opprydding, foreslår departementet å utsette til driftsfasen. For Sørlege Nordsjø II er denne delen berekna til 20 prosent av dei samla utgiftene for staten. Basert på den utsette fristen for innsending av konsesjonssøknad legg departementet til grunn at det ikkje lenger er realistisk med investeringsavgjerd i 2028. Ventyr har informert om at dei vil komme tilbake med ein oppdatert tidsplan. Utbetalingane til Ventyr skjer ikkje før anlegget er i drift.

Utsira Nord

I februar 2026 blei Harald Hårfagre AS (Deep Wind Offshore Norway AS og EDF Renouvelables International SAS) og Utsira Nord Havvind DA (Equinor Utsira Nord AS og Vårgrønn Utsira Nord AS) tildelte kvart sitt prosjektområde i Utsira Nord.

Harald Hårfagre AS og Utsira Nord Havvind DA skal utvikle prosjekta sine vidare før det blir gjennomført ein konkurranse om investeringsstøtte. Denne skjer etter at aktørane har sendt inn konsesjonssøknad.

Investeringsstøtta kan ikkje overstige ei kostnadsramme på 35 milliardar 2025-kroner, jf. vedlegg 1. Departementet legg til grunn at framgangsmåten i rammeverket for OPS-prosjekt også skal nyttast for å løyve støtte til Utsira Nord. Basert på informasjonen departementet har i dag, er det venta at den første løyvinga til Utsira Nord kjem på 2030-talet. Størrelsen på løyvinga vil avhenge av resultatet i støttekonkurransen.

Les meir om utviklinga av Utsira Nord og oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 919 av 9. juni 2026 i kapittel 8 Flytande havvind i Utsira Nord i del III av proposisjonen.

Hovudmål

Regjeringa legg til rette for utbygging av havvind og etablering av CO2-handtering som ein del av det å omstille økonomien til eit lågutsleppssamfunn. Regjeringa vil også legge til rette for at Noreg skal bidra aktivt til, og dra nytte av, den globale energiomstillinga som trengst for at verda og Noreg skal nå klimamåla. Forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon innanfor energiområdet skal bidra til langsiktig verdiskaping og ei sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av energi- og petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn.

Energi – eksport, forsking og utvikling

Investeringar i energi- og petroleumsforsking er avgjerande for å nå måla om energiomstilling og for å auke eksportinntektene. Forskinga skal bidra til å vidareutvikle energinæringane og sikre at dei er lønnsame i framtida. Forsking og utvikling skal dessutan bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleumsnæringa.

Forskings- og utviklingsinnsatsen har desse delmåla:

  • bidra til langsiktig kunnskaps- og teknologiutvikling for eit sikkert, robust og fleksibelt energisystem

  • fremme konkurranseevne og større verdiskaping i energi- og petroleumsnæringane i Noreg

  • bidra til ei kunnskapsbasert energiomstilling fram mot lågutsleppssamfunnet innan 2050

  • bidra med ny kompetanse, teknologi og innovasjon som førebur HMS-tilstanden i havindustrinæringane og sikringa i petroleums- og energinæringa

Forskingsinnsatsen og teknologiutviklinga skal ha føreseielege rammevilkår, vere langsiktige og samtidig kunne tilpassast nye behov og endringar i samfunnet. Den offentleg støtta skal forsterke og utløyse FoU-aktivitet hos næringane sjølve. Midlane skal gå til prosjekt med samfunnsøkonomisk nytte som utan støtte elles enten ikkje ville vore realiserte eller vore gjennomførte i eit mindre omfang.

CO2-handtering

CO2-handtering er nødvendig for å nå klimamåla og redusere industriutslepp der det ikkje finst alternative løysingar. Ifølge Miljødirektoratet er CO2-handtering det enkelttiltaket som kan gi størst utsleppsreduksjon frå norsk industri og avfallshandtering, og for mange eksisterande anlegg er dette den mest realistiske løysinga for å kutte utsleppa betydeleg innan 2035 og 2040.

Noreg har ein leiande posisjon innanfor CO2-handtering i Europa. Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-handtering, med mål om at det skal bli eit kostnadseffektivt klimatiltak. Langskip er hovudsatsinga på området og viser at det er mogleg å kombinere industriell utvikling med ambisiøse klimamål.

Havvind

Regjeringa har som mål at satsinga på havvind skal bidra til meir utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg, fremme industriutvikling og legge til rette for innovasjon og teknologiutvikling.

Hydrogen

Regjeringa vil bidra til å utvikle ei samanhengande verdikjede for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Innsatsen omfattar deltaking i europeiske og nordiske samarbeidsforum, regelverksutforming innanfor EU/EØS, forskingssamarbeid og utvikling av ein nasjonal marknad for hydrogen.

Energidepartementets mål og oppgåver

Energidepartementet har ansvar for å følge opp regjeringspolitikken for klima, industri og teknologi innanfor ansvarsområda sine. Dette arbeidet er forankra i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Ansvaret har i tillegg forankring i Regjeringas plan for Noreg 2025–2029, der mellom anna styrkt konkurransekraft og Noregs veg mot lågutslepp er prioriteringar som er særleg relevante for energisektoren. Arbeidet med forsking og utvikling i heile energisektoren og med CO2-handtering og havvind er viktig i denne samanhengen.

Forsking og teknologiutvikling

Når det gjeld forvaltninga av løyvingar til Forskingsrådet, kjem departementet til å følge opp Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032.

Departementet vil føre vidare den etablerte forvaltninga av FoU-løyvingane til Forskingsrådet og Gassnova gjennom tildelings- og oppdragsbrev, styringsdialog og som observatør i porteføljestyret for energi og transport. Departementet kjem også til å følge opp oppstarten av strategiorganet Energi2050 og gjennomføringa av den nye forskingsstrategien.

For å oppnå best mogleg effekt av dei samla ressursane trengst det godt samarbeid på tvers av verkemiddelaktørane. Det er også viktig at næringslivet held fram med å bidra, både finansielt og med faglege ressursar, slik at det er dei samla marknadsprioriteringane i næringa som styrer innsatsen.

Tabell 4.2 Oversikt over sentrale strategiar og verkemiddelaktørar

Verkemiddel

Formål

Energi2050

Samla FoU-strategi for energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineral. Strategistyret blei etablert i april 2025. Energi2050 erstattar dei tidlegare strategiane Energi21 og OG21.

Noregs forskingsråd

Forskingsrådet har ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget og bidra til å dekke samfunnsbehova for forsking og teknologiutvikling ved å fremme grunnleggande forsking, bruksforsking og innovasjon. Forskingsrådet, som ligg under Kunnskapsdepartementet, har fem mål:

  • auke den vitskaplege kvaliteten

  • auke verdiskapinga i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • sikre eit velfungerande forskingssystem

  • tilby god rådgiving

Den samla måloppnåinga for verksemda i Noregs forskingsråd er omtalt i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet.

Gassnova SF

Gassnova skal fremme teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for fangst, transport og lagring av CO2.

Enova SF

Enova skal bidra til at Noreg oppfyller klimaforpliktingane sine og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Aktiviteten i Enova skal rettast mot teknologiutviklinga i sein fase og tidleg marknadsintroduksjon, med sikte på å oppnå varige marknadsendringar slik at løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet, på sikt blir føretrekte utan støtte. Aktiviteten kan rettast inn mot alle sektorar.

Nordisk Energiforsking

Nordisk Energiforsking støttar opp under det nordiske energisamarbeidet ved å finansiere og fremme nordisk forskingssamarbeid og skape eit forskingsbasert grunnlag for energipolitiske avgjerder. Nordisk Energiforsking blir finansiert i fellesskap av dei nordiske landa og høyrer inn under Nordisk ministerråd.

Teknologisenter Mongstad

Teknologisenter Mongstad skal bidra til teknologiutvikling og kvalifisering av teknologi for større utbreiing av CO2-fangst globalt og for reduksjon i kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst.

Langskip

Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og i tillegg legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt i Europa og verda.

Norwegian Energy Partners

Norwegian Energy Partners skal styrke det langsiktige grunnlaget for norsk verdiskaping og sysselsetting i energirelaterte verksemder ved å legge til rette for internasjonal forretningsutvikling.

Team Norway

Team Norway er eit nettverksbasert samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar som arbeider for å fremme norske næringsinteresser internasjonalt.

Departementet vil følge opp aktiviteten ved senterordningane for miljøvennleg energi (FME) og petroleum (PETROSENTER) som langsiktige samarbeidsarenaer mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. Departementet kjem særleg til å rette merksemda mot etablering av nye forskingssenter for petroleum og oppretting av nye samfunnsfaglege senter med søkelys på energiomstilling og konsekvensar for samfunn, klima og natur.

Regjeringa tar sikte på å legge fram ei stortingsmelding om kjernekraft tidleg i 2028. Meldinga kjem til å ta for seg både kunnskapsutvikling og forsking.

Departementet vil føre vidare FoU-innsatsen innanfor helse, miljø, sikkerheit og sikring i petroleumsnæringa. Innsatsen skal bidra til grunnleggande forsking og bruksforsking med sikte på ny kompetanse, teknologi og innovasjon som bidrar til å forhindre storulykker og forbetre HMS-tilstanden og sikringa i næringa. Eit mest mogleg relevant kunnskapsgrunnlag er avgjerande for å halde ved lag det høge nivået på HMS og sikring.

Å trygge energiinfrastrukturen er avgjerande for å sikre stabil straum og gass til Noreg og Europa. Departementet kjem derfor til å rette auka merksemd mot FoU som bidrar til betre beredskap og sikring av energisystemet og petroleumsverksemda.

Departementet vil føre vidare satsinga på forsking og utvikling innanfor havbotnmineral som blei etablert i 2025. Innsatsen skal legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmåla og slik at omsynet til verdiskaping, miljø og sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt.

Departementet har også statlege forvaltningsoppgåver knytte til førebygging av flaum og skredskadar. Klimaendringane fører til fleire og meir alvorlege hendingar. Departementet vil derfor auke forskings- og utviklingsinnsatsen for å betre kunnskapen om naturfare, styrke beredskapen og redusere konsekvensane av flaum og skredhendingar framover.

Departementet legg til rette for at norske energiaktørar skal lykkast med deltakinga i EUs forskings- og innovasjonsprogram, både under Horisont Europa (2021–2027) og det kommande rammeprogrammet, FP10 (2028–2034). Departementet deltar i relevante komitear og styringsgrupper i EU, inkludert Strategic Energy Technology Plan (SET-planen), og finansierer verkemiddel i Forskingsrådet for å styrke norsk deltaking og påverke slik at satsingane blir innretta i tråd med norske interesser.

Departementet deltar også i andre internasjonale forskingsarenaer, som Det internasjonale energibyrået (IEA), Mission Innovation og Nordisk Energiforsking, og følger opp bilaterale FoU-samarbeid.

CO2-handtering

Energidepartementet skal legge til rette for utvikling av teknologi for fangst, transport og geologisk lagring eller for alternativ bruk av CO2 som reduserer eller fjernar utslepp av klimagassar og bidrar til utbreiing av CO2-handtering internasjonalt.

Departementet skal arbeide for å fremme fangst og lagring av CO2 internasjonalt. I samarbeid med utanrikstenesta, andre departement og Gassnova skal departementet arbeide tett med EU og dei nordiske nabolanda våre og delta i internasjonale samarbeidsforum for å dele kunnskap og bidra til utviklinga av rammer og regelverk for fangst og lagring av CO2.

Departementet vil halde fram med å følge opp Langskip og arbeidet med å realisere gevinstar frå prosjektet. Dette omfattar oppfølging av driftsfasen for fangstanlegget til Heidelberg Materials i Brevik og Northern Lights’ transport- og lagringskjede og dessutan oppfølging av Hafslund Celsios fangstprosjekt på Klemetsrud fram mot planlagd drift i 2029. Departementet vil legge vekt på at erfaringane frå prosjekta bidrar til læring, kostnadsreduksjonar og vidare kommersiell utvikling av CO2-handtering.

Enova lanserte i mai 2026 ei ny auksjonsordning for CO2-fangst og permanent geologisk lagring av CO2 frå industri og avfallsforbrenning i Noreg, der første utlysinga etter planen kjem innan første halvåret 2027. I tillegg har Enova etablert ei støtteordning for mottaksterminalar for CO2. Ordninga skal bidra til meir kostnadseffektiv logistikk for transport av CO2 og gjere det mogleg for små og mellomstore fangstaktørar å levere CO2 til terminalar for samlasting og vidare transport til permanent lager. Energidepartementet vil følge utviklinga og effektane av ordningane tett. Erfaringane frå den første auksjonsrunden og dei første tildelingane vil danne eit viktig kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet departementet gjer med CO2-handtering.

Departementet vil, i samarbeid med Gassnova som forvaltar dei statlege eigarinteressene, følge opp omstillingsprosessen for Teknologisenter Mongstad (TCM) og arbeidet med å greie ut alternative framtidsmodellar for senteret etter 2027. Staten har inngått avtalar om ei mellombels løysing for finansiering og drift av teknologisenteret ut 2027. TCM bidrar til teknologiutvikling og redusert risiko for nye CO2-fangstanlegg, og departementet vil legge vekt på å sikre eit godt grunnlag for den vidare forvaltninga av eigarinteressene til staten og verksemda ved anlegget.

Havvind

Departementet vil i 2027 arbeide for at satsinga på havvind støttar opp under målet om meir utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg, bidrar til industriutvikling og legg til rette for innovasjon og teknologiutvikling. Som ein del av dette arbeidet planlegg departementet å følge opp den vidare prosjektutviklinga for dei tildelte områda i Utsira Nord. Departementet kjem også til å halde fram med å følge opp Ventyr, som er i gang med den prosjektspesifikke konsekvensutgreiinga for Sørlege Nordsjø II-prosjektet.

Departementet vil legge fram ein plan for den framtidige utviklinga av havvind i Noreg. Planen skal mellom anna bygge på NVEs strategiske konsekvensutgreiing av område som er aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs, og høyringa av utgreiinga. Målet er å etablere eit godt grunnlag for vidare områdeutpeiking og utlysingar.

I utviklinga av havvind vil departementet halde fram med å samarbeide med andre land. Departementet kjem til å delta aktivt i Nordsjøsamarbeidet (NSEC), som er ein sentral arena for samarbeid om utvikling av havvind i Nordsjøbassenget. Departementet vil også føre vidare dialogen med myndigheitene i andre land og EU om utviklinga av havvind og regelverk for havvind.

Departementet vil, i samarbeid med NORWEP og andre delar av verkemiddelapparatet, arbeide for å realisere vekstpotensialet innanfor internasjonal omsetning og eksport av norske havvindløysingar.

Hydrogen

Energidepartementet følger opp hydrogenpolitikken til regjeringa i tett samarbeid med relevante departement og verkemiddelaktørar. Med ein sterk leverandørindustri har Noreg gode føresetnader for å ta posisjonar i utviklinga av ein europeisk hydrogenmarknad.

Samtidig må utviklinga av hydrogenverdikjeder vurderast i lys av behovet for kraft, areal og andre innsatsfaktorar og dessutan alternative teknologiar for utsleppsreduksjon. Hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp bør prioriterast til område der det er mest eigna, og der for eksempel direkte elektrifisering ikkje er eit godt alternativ. I Noreg er dette særleg aktuelt innan delar av maritim sektor.

Departementet følger utviklinga i hydrogenmarknaden nasjonalt og internasjonalt for å sørge for god forståing av marknadsutviklinga og vareta norske interesser. Departementet deltar i relevante internasjonale samarbeidsforum, mellom anna i Nordisk ministerråd og i ekspert- og arbeidsgrupper i EU. Departementet vil halde fram med den tette dialogen med Enova og Forskingsrådet om relevante verkemiddel og støtteordningar for hydrogen. Departementet kjem også til å følge opp internasjonalt samarbeid på hydrogenområdet, mellom anna utviklinga av EU-regelverk, og vurdere norske innspel.

Næringsutvikling og internasjonalisering

Arbeidet til departementet med næringsutvikling og internasjonalisering skal støtte opp under konkurransekrafta for energiindustrien, både i Noreg og i internasjonale marknader. Norske selskap innanfor dei fleste delane av energinæringane har gode føresetnader for å delta i globale marknader for lågutsleppsløysingar. Viktige faktorar for å halde ved lag konkurransekrafta er teknologioverføringar mellom næringane, høg grad av digitalisering, næringsretta forsking og eit fleksibelt næringsliv med høg kompetanse.

Å støtte norske selskap internasjonalt er viktig for å sikre sysselsetting og verdiskaping over heile landet. Å bidra til at næringa lykkast i internasjonale marknader, gjer at norsk eksport kan auke også innanfor nye næringar. Energidepartementet følger derfor opp energinæringane i dette arbeidet og deltar i det eksportretta arbeidet til regjeringa saman med Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet og verkemiddelaktørane i Team Norway.

Departementet skal halde fram med å bidra til eit høgt nivå på verdiskaping, sysselsetting og kompetanse i energinæringane. Dette blir gjort mellom anna gjennom eit fagleg sterkt og relevant verkemiddelapparat og ei næringsretta energiforsking. Departementet kjem i tillegg til å arbeide for å realisere potensialet for omstilling og kompetanseoverføring gjennom eit tett samspel mellom petroleumsnæringa, fornybarnæringa og maritime næringar. For å oppnå best mogleg effekt er det nødvendig at norske myndigheiter målrettar bruken av dei samla ressursane i det norske verkemiddelapparatet. Dette blir gjort i nært samarbeid med aktørar innanfor Team Norway.

Energidepartementets resultat for 2025

Forsking og teknologiutvikling

Ved sida av den ordinære oppfølginga av FoU-løyvingane til Forskingsrådet og Gassnova hadde departementet fleire strategiske oppgåver i 2025. Departementet fullførte dialogen med Gassnova og Forskingsrådet om den framtidige organiseringa av CLIMIT-programmet og etablerte ein ny struktur. Det er no porteføljestyret for energi og transport hos Forskingsrådet som forvaltar CLIMIT-FoU, medan Gassnova forvaltar CLIMIT-Demo.

Departementet vidareførte arbeidet med å slå saman strategiane Energi21 og OG21 til den felles strategien Energi2050. Eit nytt styre blei oppretta og starta arbeidet med å utvikle éin samla strategi for heile energisektoren og havbotnsmineral, med sikte på å legge han fram i desember 2026. Departementet samarbeidde også med Klima- og miljødepartementet om ei felles utlysing gjennom Forskingsrådet for eit nytt forskingssenter for berekraftig areal- og naturbruk.

Departementet deltok i internasjonalt FoU-samarbeid gjennom EU, Det internasjonale energibyrået (IEA) og Nordisk Energiforsking. Innanfor EUs Strategic Energy Technology Plan (SET-planen) tok departementet og Forskingsrådet initiativ til ei ny arbeidsgruppe for sikring av energiinfrastruktur. Departementet deltok også i programkomiteen for klima, energi og mobilitet i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (2021–2027).

Innanfor IEA-samarbeidet var departementet engasjert i dei teknologiretta styringsgruppene og deltok i Mission Innovation (MI), eit globalt initiativ for å få fart på utbreiinga av nye energiteknologiar.

I Mission Innovation har departementet prioritert arbeidet med Carbon Dioxide Removal Mission (karbonfjerning) og Hydrogen Mission. I tillegg har departementet støtta Klima- og miljødepartementets arbeid med Zero Emission Shipping Mission, som har nytteverdi for arbeidet med grøn skipsfart.

Departementet førte vidare det bilaterale forskings- og teknologisamarbeidet med Brasil innanfor petroleum og fornybar energi. Gjennom samarbeidet tildelte departementet støtte til prosjekt med deltaking frå norske industribedrifter, universitet og forskingsinstitutt.

Departementet følgde i tillegg opp tilskotet til skolesatsinga Energioppdraget.

CO2-handtering

Energidepartementet bidrog i 2025 til å fremme CO2-handtering gjennom finansiering og overordna prosjektoppfølging av Langskip, støtte til teknologiutvikling og internasjonalt samarbeid. Departementet følgde, i samarbeid med Gassnova, opp eigarinteressene staten har i Teknologisenter Mongstad. Departementet la også til rette for gevinstrealisering og erfaringsdeling frå Langskip, som kom i drift i 2025.

I tett samarbeid med Klima- og miljødepartementet arbeidde departementet i 2025 med å vurdere nye verkemiddel for CO2-handtering i Noreg. Arbeidet bygger særleg på eit kunnskapsgrunnlag frå Gassnova, Enova, Miljødirektoratet og Siva, som i juni 2025 leverte ei felles utgreiing. Utgreiinga inneheld vurderingar av verkemiddel retta mot ulike delar av CO2-handteringskjeda og har sett på koordineringsutfordringar mellom fangst-, transport- og lagringsprosjekt og på utvikling av felles CO2-infrastruktur. Vurderingane baserer seg på eit omfattande kunnskaps- og datagrunnlag frå norske CO2-handteringsprosjekt innan fleire sektorar. Arbeidet med nye verkemiddel for CO2-fangst i norsk industri og avfallshandtering held fram i 2026.

Energidepartementet fremmer CO2-handtering internasjonalt i samarbeid med andre departement og utanriksapparatet og hadde tett dialog med EU om utvikling av CO2-handtering i Europa.

Noreg, ved Energidepartementet, inngjekk i 2025 bilaterale samarbeidsavtalar om grensekryssande transport og lagring av CO2 med Finland og Frankrike. Dette legg til rette for mottak av CO2 til lagring på norsk sokkel. Noreg inngjekk også ein bilateral traktat med Sveits om grensekryssande transport og lagring av CO2. Traktaten etablerer eit rammeverk for frivillig samarbeid om overføring av utsleppsreduksjonar frå CO2-fjerning og representerer eit viktig steg i utviklinga av mellomstatleg overføring av sertifikat for negative utslepp under ordninga i Parisavtalen artikkel 6.2.

Havvind

Departementet notifiserte modell for støtteordning for Utsira Nord til ESA, overvakingsorganet til EFTA, i april 2025.

I mai 2025 lyste departementet ut tre prosjektområde for flytande havvind i Utsira Nord. Departementet kunngjorde i desember 2025 at Harald Hårfagre AS (Deep Wind Offshore Norway AS og EDF Renouvelables International SAS) og Utsira Nord Havvind DA (Equinor Utsira Nord AS og Vårgrønn Utsira Nord AS) ville få tildelt kvart sitt prosjektområde. Prosjektområda blei tildelte i februar 2026.

Departementet har i 2025 hatt regelmessig dialog med Ventyr om prosjektet deira i Sørlege Nordsjø II for å gi rettleiing og følge prosjektutviklinga.

I juni 2025 fekk departementet overlevert den strategiske konsekvensutgreiinga av 17 identifiserte område for havvind frå NVE. Utgreiinga blei send på høyring med frist i oktober 2025, og departementet fekk inn 89 høyringssvar. Departementet arbeidde utover hausten 2025 med å vurdere og følge opp utgreiinga og høyringsinnspela.

Departementet vidareførte i 2025 arbeidet med naturkartlegging i havvindområda. NVE koordinerte dette arbeidet i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Kartverket og Norges geologiske undersøkelse (NGU). I 2025 blei geologi-, biologi- og kjemitokt (GKB) for Vestavind B, Vestavind F og Sørvest F fullførte. Havforskingsinstituttet starta opp forundersøkingar i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord for å kartlegge det marine økosystemet, mellom anna gjennom pelagiske feltundersøkingar og utplassering av observasjonsplattformer.

To nye høgfrekvensradarar (HF-radarar) blei leverte til Meteorologisk institutt, og instituttet førebudde installasjon i 2026 for å gi auka kunnskap om havstraumar og moglege miljøeffektar havvind kan ha på økosystemnivå.

Departementet deltok aktivt i Nordsjøsamarbeidet (NSEC) for å fremme norske interesser og styrke samarbeidet om nettinfrastruktur og rammevilkår gjennom bilateral dialog med landa rundt Nordsjøen.

Hydrogen

I 2025 gav Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg til saman om lag 2,6 milliardar kroner i tilskot til prosjekt med hydrogenformål. Størsteparten av midlane blei tildelte gjennom Enova-programma for hydrogen og ammoniakk i den maritime sektoren. Enova gav i løpet av året mellom anna støtte til åtte hydrogenfartøy og fem ammoniakkfartøy. Hausten 2024 tildelte Enova 777 millionar kroner i støtte til fem produksjonsanlegg for hydrogen. I 2025 stadfesta alle aktørane at dei har gjort investeringsvedtak og går vidare med bygginga av anlegga. Prosjekta blir ein del av nettverket for produksjon og bunkring av hydrogen, som vil strekke seg langs heile kysten. Dette vil bidra til å gjere hydrogen tilgjengeleg som drivstoff for maritim sektor i Noreg. Prosjekta legg også grunnlaget for betydelege utsleppsreduksjonar og styrker utviklinga av ein norsk marknad for hydrogen.

Departementet følgde i 2025 opp det etablerte internasjonale samarbeidet på hydrogenområdet. Dette omfattar mellom anna samarbeid på europeisk og nordisk nivå.

Næringsutvikling og internasjonalisering

Departementet arbeidde i 2025 aktivt for å styrke kunnskapsgrunnlaget for næringsutvikling og eksport innanfor energinæringane, mellom anna gjennom ei rekke møte med aktørar i energinæringane, inkludert bedrifter, relevante interesseorganisasjonar, NORWEP, andre verkemiddelaktørar og forskingsinstitutt. Det var omfattande kontakt med utanlandske aktørar, inkludert relevante myndigheiter, både ved besøk til Noreg og ved norske delegasjonar til utlandet.

Departementet fekk gjennomført ein studie av internasjonal omsetning og sysselsetting innanfor energinæringane, CO2-handtering og hydrogen. Studien har gitt viktig kunnskap for arbeidet med eksport og bidrog med innsikt i utviklingstrekk framover og i korleis marknadssituasjonen nasjonalt og internasjonalt påverkar næringane.

Departementet har også deltatt aktivt i Team Norway-samarbeidet, saman med andre relevante departement og verkemiddelaktørar, og medverka i eksportsatsinga til regjeringa gjennom Nasjonalt eksportråd.

Kap. 1850 Klima, industri og teknologi

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

98 109

70 000

70 000

50

Fond for CO2-handtering

80 000

80 000

85 000

70

Gassnova SF

90 000

100 000

85 000

71

Teknologisenter Mongstad

69 000

69 000

71 500

72

Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast

1 795 100

1 900 000

1 300 000

73

Noregs forskingsråd, kan overførast

868 601

1 085 000

1 120 000

75

Norwegian Energy Partners

53 500

Sum kap. 1850

3 054 310

3 304 000

2 731 500

Om 2026

Ved Stortingets vedtak 19. juni 2026 blei post 70 redusert med 10 millionar kroner og post 73 med 95 millionar kroner. Vidare blei det løyvd 20 millionar kroner til NORWEP over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett under kap. 940 Internasjonaliseringstiltak, post 70 Eksportfremmetiltak, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 70 millionar kroner. Samla midlar under posten dekker førebuingar til havvindutlysingar og dessutan innhenting av kunnskap om korleis havvind og havbotnmineralverksemd påverkar natur og miljø i dei aktuelle områda på sokkelen.

Innanfor havvind skal midlane mellom anna nyttast til natur- og miljøkartlegging, vidareutvikling av rammeverket, auksjonsmodellar og førebuing av framtidige utlysingar. Kunnskapsinnhentinga inngår i den heilskaplege planen for naturkartlegging frå regjeringa og omfattar mellom anna overvaking av fisk og sjøpattedyr i dei aktuelle havområda. Forskingsinnsats og sjøfuglkartlegging som følger opp dei strategiske konsekvensutgreiingane, blir løyvde over budsjettet til Forskingsrådet, jf. kap. 1850, post 73 Noregs forskingsråd.

For havbotnmineral skal midlane legge til rette for ressurs- og miljøundersøkingar, datainnsamling og overvaking. Dette skal sikre ei forsvarleg, stegvis og kunnskapsbasert utvikling og forvaltning. Forskingsinnsats på biologisk mangfald og miljøkonsekvensar ved eventuell utvinning blir løyvd over budsjettet til Forskingsrådet, jf. kap. 1850, post 73 Noregs forskingsråd.

Post 50 Fond for CO2-handtering

Departementet foreslår å overføre 85 millionar kroner til Fond for CO2-handtering.

Fondet skal vere ei føreseieleg og langsiktig finansieringskjelde for utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering. Fondet finansierer delprogrammet CLIMIT-Demo og vidareutvikling og uttesting av teknologi ved Teknologisenter Mongstad. Gassnova er ansvarleg for å forvalte midlane i fondet.

CLIMIT-Demo

CLIMIT-Demo er demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet for teknologi innan CO2-handtering. Gassnova forvaltar delprogrammet, som rettar seg mot meir marknadsnær teknologiutvikling. Den meir langsiktige forskingsdelen, CLIMIT-FoU, er det Noregs forskingsråd som forvaltar, sjå omtale under kap. 1850, post 73.

Mål og målgruppe

Hovudmålet med CLIMIT er å bidra til å utvikle ny og meir effektiv teknologi og løysingar for CO2-handtering. CLIMIT-Demo skal gi økonomisk støtte til utvikling og demonstrasjon av teknologiar for CO2-handtering som bidrar til

  • utvikling av kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar som kan gi viktige bidrag til kostnadsreduksjonar og brei internasjonal utbreiing av CO2-handtering

  • utnytting av nasjonale fortrinn og utvikling av ny teknologi og tenestekonsept med kommersielt og internasjonalt potensial

Bedrifter, forskingsinstitusjonar, universitet og høgskolar kan søke om støtte til prosjekt som utviklar teknologi for CO2-handtering. Støttemottakaren må utføre aktivitetar som bidrar til verdiskaping i Noreg.

Tildelingskriterium og oppfølging

CLIMIT-Demo skal støtte utvikling og demonstrasjon av kunnskap, kompetanse, teknologi og løysingar for

  • CO2-fangst

  • kompresjon eller anna handtering av CO2

  • transport av CO2

  • langtidslagring av CO2 i form av injeksjon og deponering

  • bruk av CO2 som fører til langtidslagring

CLIMIT-Demo kan gi økonomisk støtte til

  1. teknisk-økonomiske moglegheitsstudiar der ny teknologi blir vurdert enkeltvis eller i ei verdikjede for å få fram det tekniske og kommersielle potensialet til teknologien

  2. uttesting av teknologi i pilotskala, for eksempel enkeltståande prosesstrinn

  3. demonstrasjonsanlegg: forsøk med testing og drift av anlegg i teknisk eller halvindustriell skala, der formålet er å få fram data som kastar lys over ytinga, driftsoptimaliseringa og tilgjengelegheita/pålitelegheita til teknologien. Tekniske og økonomiske dimensjonerings- og skaleringsdata for investering og drift av fullskalaanlegg, og dessutan grunnlag for tilgjengelegheits-, pålitelegheits- og ytingsgarantiar som blir stilte av leverandøren, skal belysast.

  4. utvikling av tenestekonsept eller metodeverk som kan kommersialiserast, og som trengst for å realisere fullskala CO2-fangst og -lagring

  5. fagleg nettverksbygging og kompetansedeling med klar fagleg og internasjonal forankring, i prosjekt som blir delfinansierte av EU-program og/eller nasjonale program med tilsvarande formål som CLIMIT i andre land

  6. prosjekt som bidrar til gevinstrealisering for Langskip

Gassnova er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsida climit.no.

Resultat 2025

CLIMIT-Demo bidrog i 2025 til teknologiutvikling, prosjektmodning og demonstrasjon for å redusere teknologisk og økonomisk usikkerheit innan CO2-handtering. I løpet av året blei det gitt 97,5 millionar kroner i støtte til 36 nye prosjekt, og ved utgangen av året omfatta porteføljen 61 aktive prosjekt.

Prosjekta dekte heile verdikjeda innan fangst, transport og lagring av CO2, med stor variasjon i størrelse og modning. Fleire prosjekt retta seg mot systemløysingar og samspelet mellom ledda i verdikjeda, logistikk og lagringsløysingar. Prosjekta har i aukande grad industriell forankring med industrielle partnarar og sluttbrukarar, samtidig som det er rom for langsiktige teknologiutviklingsprosjekt med høg risiko.

Boks 4.5 CO2-lagring på land

Eit av dei nyskapande teknologiutviklingsprosjekta for CO2-handtering som har fått støtte frå CLIMIT-Demo i 2025, er CO2-lagring på land i mafiske og ultramafiske bergartar. Formålet er å identifisere geologiske formasjonar i nærleiken av utsleppspunkt som er eigna til CO2-lagring. Lokal CO2-lagring kan gjere industriell fangst av CO2 i liten og mellomstor skala meir attraktivt, både i Noreg og internasjonalt.

I 2025 markerte CLIMIT-programmet 20 år med fagkonferansen CLIMIT Summit i Larvik, som samla aktørar frå industri, forvaltning og forskingsmiljø til kunnskapsdeling og nettverksbygging. Gjennom desse 20 åra har CLIMIT vore ein sentral pådrivar for teknologiutvikling i heile verdikjeda for CO2-handtering. Med stønad til forsking, pilotprosjekt og demonstrasjon har programmet vore ein viktig føresetnad for mellom anna realiseringa av Langskip. Inkludert alt frå tidleg fase-modular til kommersiell utrulling har programmet støtta over 800 prosjekt som bygger opp under framtidige utsleppsreduksjonar i industri- og kraftsektoren. Dei siste åra har CLIMIT også støtta prosjekt innan CO2-fangst frå luft (DAC) og andre karbonfjerningsløysingar, og programmet held fram med å spele ei avgjerande rolle i å modne teknologi frå laboratoriet og fram mot storskala gjennomføring.

Post 70 Gassnova SF

Departementet foreslår å løyve 85 millionar kroner til administrasjon av statsføretaket Gassnova. Reduksjonen må sjåast i samanheng med at selskapet ved utgangen av 2025 hadde ein vesentleg eigenkapital. Eit redusert administrasjonstilskot skal medverke til å harmonisere kapitalstrukturen i selskapet og redusere behovet for løyving over statsbudsjettet. Det er føresett at selskapet dekker delar av driftskostnadene ved bruk av eigenkapitalen.

Gassnova har ansvar for å ta hand om interessene til staten knytte til fangst, transport og geologisk lagring av CO2. TCM Assets AS er eit heileigd dotterselskap av Gassnova SF og har som formål å eige og leige ut testanlegga på Mongstad.

Gassnova held til i Porsgrunn. I 2025 blei det utført 29 årsverk i føretaket.

Mål og oppgåver

Hovudmålet til Gassnova er å fremme teknologiutvikling og kompetansebygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering. Gassnova følger opp Langskip, demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet og Teknologisenter Mongstad og legg til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling i Noreg og utlandet.

Gassnova skal

  • koordinere og følge opp tilskotsavtalane og korleis industriaktørane styrer prosjekta i Langskip, både i etableringsfasen og i driftsfasen

  • identifisere læringspunkt, koordinere arbeidet med gevinstrealisering frå Langskip og legge til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling i Noreg og utlandet som kan nyttast i vidare teknologiutvikling

  • vareta interessene til staten i Teknologisenter Mongstad og forvaltning av demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet

  • kartlegge moglegheiter og verkemiddel for CO2-handtering i Noreg

  • bidra til å knyte saman fagmiljø innanfor forsking, industri og offentleg verksemd innan CO2-handtering

Resultat 2025

Gassnova hadde eit positivt årsresultat på om lag 3,1 millionar kroner. Ved utgangen av året hadde føretaket ein eigenkapital på om lag 104,3 millionar kroner, inkludert innskotskapital.

Gevinstrealisering, kunnskapsdeling og læring

Gassnova bidrog i 2025 med fagleg innsikt om CO2-handtering, formidla erfaringar frå Langskip og koordinerte arbeidet med gevinstrealisering. Føretaket følgde opp arbeidet til industriaktørane med å dele erfaringar frå prosjektet med myndigheiter, industri, forskingsmiljø og internasjonale interessentar gjennom opne forum, delegasjonsmottak og fagleg samarbeid.

Hausten 2025 oppdaterte Gassnova, i samarbeid med DNV, vurderinga av nytteverdien av Langskip og rolla prosjektet har når det gjeld marknadsutviklinga for CO2-handtering i Europa. Analysen viste at prosjektet har styrkt den samfunnsøkonomiske verdien sin og bidratt til betydeleg læring og verdiskaping, samtidig som det blei peika på utfordringar knytte til auka kostnadsnivå, reguleringskompleksitet og rammevilkår i den europeiske marknaden.

På oppdrag frå departementet la Gassnova i 2025 fram eit vegkart for CO2-handtering. Arbeidet blei gjennomført med innspel frå industriaktørar og viste korleis CO2-handtering kan bidra til å redusere utslepp frå landbasert industri fram mot 2050. Vegkartet peikar på potensialet Noreg har for CO2-handtering, og at det trengst vidare teknologiutvikling. Langskip har lagt grunnlaget for ei verdikjede for fangst, transport og lagring av CO2, og rapporten gir innspel til korleis ein kan bygge vidare på dette for å realisere fleire prosjekt i industrien.

Oppfølging og koordinering av tilskotsavtalane i Langskip

Gassnova vidareførte i 2025 rolla som koordinator og la til rette for prosjektet med vekt på å sikre effektiv gjennomføring og rett bruk av statlege midlar.

Oppfølginga bestod av månadlege rapporteringar, dialogmøte og vurderingar av risiko og framdrift i verdikjeda. Under oppfølginga vurderte Gassnova fortløpande risikoar i prosjektet for å identifisere potensielle utfordringar så tidleg som mogleg.

Gassnova retta særleg merksemd mot kostnadene for staten i tilskotavtalane og mot at mekanismane for deling av kostnader blei tolka korrekt. Gassnova arbeidde vidare særskilt med avtalespørsmål i samband med overgangen mellom etableringsfase og driftsfase for dei to første prosjekta.

I løpet av året la departementet ned styringsgruppa si for Langskip, og arbeidsoppgåvene til Gassnova blei utvida gjennom nye fullmakter under tilskotavtalane. Fullmaktene gir Gassnova auka ansvar for oppfølginga av avtalane, samtidig som føretaket følger ein særskild prosedyre for å legge saker av prinsipiell eller vesentleg karakter fram for departementet før avgjerd.

Varetaking av interessene til staten i Teknologisenter Mongstad

Teknologisenter Mongstad (TCM) er eit samarbeid der staten i 2025 eigde 34 prosent gjennom Gassnova, medan dei industrielle eigarane Equinor, Shell og TotalEnergies hadde eigardelar på 22 prosent kvar. Gassnova varetok interessene til staten i senteret og bidrog til kunnskapsspreiing om teknologiutvikling frå verksemda.

Gjennom 2025 leia Gassnova forhandlingane med dei industrielle partnarane om rammene for vidare drift og ei forlenging av deltakaravtalen etter utløpet av avtaleperioden 31. desember 2025. I samarbeid med TCM og dei industrielle eigarane arbeidde Gassnova i 2025 med å etablere ein meir berekraftig driftsmodell som legg til rette for inntektsauke og kostnadsreduksjonar, samtidig som testaktiviteten ved senteret kan vidareførast.

Post 71 Teknologisenter Mongstad

Departementet foreslår å løyve 71,5 millionar kroner til den delen av utgiftene til Teknologisenter Mongstad (TCM) som staten skal ta. Utgifter staten har utover dette, blir dekte av tidlegare tildelte midlar og midlar frå Fond for CO2-handtering som er avsette til vidareutvikling av TCM, jf. kap. 1850, post 50 Fond for CO2-handtering.

TCM skal fremme vitskap og industriell bruk av fangstteknologi. Den viktigaste oppgåva til teknologisenteret er å teste, verifisere og demonstrere forskjellige teknologiar for kostnadseffektiv og industriell CO2-fangst i full skala. Målet er å legge til rette for utbreiing av CO2-fangstteknologi i ulike bransjar og industrisektorar.

Teknologisenteret er organisert som eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA). Den norske staten eig TCM DA (gjennom Gassnova) saman med industrielle partnarar (Equinor og TotalEnergies i inneverande avtaleperiode). Equinor er operatør for anlegget. TCM er inne i den femte driftsperioden sidan oppstarten i 2012. Det er inngått avtalar om vidare finansiering og drift av TCM fram til 31. desember 2027, jf. utgreiinga i Prop. 96 S (2025–2026). Staten og dei andre eigarane har sett i gang ein omstillingsprosess for TCM. Ulike alternativ blir no greidde ut vidare. Det er ein føresetnad at TCM ikkje skal få eigarbidrag etter 2027. TCM vil dermed i større grad vere avhengig av inntekter frå brukarar av anlegget. Alternativet til vidare drift er ei styrt avvikling av teknologisenteret. Det vil innebere kostnader til selskapsavvikling, demobilisering og fjerning av infrastruktur. Skulle dette skje, kan det bli behov for å innhente fullmakt frå Stortinget for å dekke utgifter til avvikling med vidare.

TCM Assets AS, som eig anlegga ved teknologisenteret og betaler den kommunale eigedomsskatten, er eit dotterselskap av Gassnova SF.

Resultat 2025

Teknologisenteret blei nytta til fleire testkampanjar i 2025. Det var omfattande aktivitet i aminanlegget og betydeleg aktivitet på testområdet for mindre modne fangstteknologiar. Testaktiviteten bidrog til å modne både teknologi og leverandørar, noko som kan føre til auka konkurranse og lågare kostnader i marknaden. Leverandørar som skal levere teknologi til konkrete industriprosjekt, brukte også teknologisenteret. Dette kan bidra til å redusere risikoen ved oppstart av nye anlegg.

Gjennom året blei det formidla kunnskap om teknologi for CO2-fangst på fleire måtar. Resultat frå testaktiviteten blei publiserte i vitskaplege artiklar og presenterte på konferansar. Delegasjonar frå ei rekke land har besøkt testfasilitetane på Mongstad. Senteret har også tilbydd rådgivingstenester retta mot prosjekteigarar og utviklarar.

TCM arbeidde i 2025 for å redusere driftskostnadene og auke inntektene frå testaktiviteten. Sjølv om testaktørane betaler ein større del av kostnadene ved å bruke anlegget, er betalingsviljen framleis ikkje høg nok til å gjere drifta sjølvfinansierande. Eigarane i TCM inngjekk derfor avtale om ei mellombels vidareføring av drifta ut 2027, samtidig som det blei lagt planar for den vidare omstillingsprosessen.

Post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 1 300 millionar kroner til Langskip. Prosjektet består av CO2-fangst ved sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik og ved avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Celsio på Klemetsrud. Prosjektet inkluderer også transport til CO2-terminal i Øygarden og injeksjon og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen gjennom Northern Lights, som er eit fellesføretak mellom Equinor, TotalEnergies og Shell.

Bygging og ti års drift av fangstanlegga og lageret i Langskip har ei pris- og valutajustert styringsramme (P50) på om lag 35,5 milliardar 2026-kroner, der det statlege bidraget utgjer om lag 23 milliardar 2026-kroner. Kostnadsramma (P85) er sett i samsvar med den statlege prosjektstyringsmodellen og legg til grunn at det er 85 prosent sannsyn for å unngå kostnadsoverskridingar.

Tabell 4.3 Kostnadsramme for Langskip (i millionar kroner)

Kostnadsramme (P85) i 2026-kroner

Totalt

Statsstøtte

Investeringar

Northern Lights

18 650

14 100

Heidelberg Materials

Hafslund Celsio

10 050

3 100

Drift (10 år)

Northern Lights

8 400

6 500

Heidelberg Materials

Hafslund Celsio

3 550

1 600

Mål og aktivitetar

Samfunnsmålet for Langskip er at demonstrasjon av CO2-handtering skal gi den nødvendige utviklinga av teknologien, slik at ein kan nå dei langsiktige klimamåla i Noreg og EU til lågast mogleg kostnad.

Langskip skal

  • gi kunnskap som viser at det er mogleg og trygt å gjennomføre fullskala CO2-handtering

  • bidra til produktivitetsgevinstar i kommande prosjekt gjennom lærings- og skalaeffektar

  • gi læring knytt til regulering og intensivering av CO2-handteringsaktivitetar

  • legge til rette for næringsutvikling

Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar i framtidige prosjekt. Prosjektet vil berre lykkast dersom seinare prosjekt nyttar infrastrukturen og læringa frå Langskip. Lagerinfrastrukturen blir derfor bygd ut med kapasitet som kan nyttast av fangstprosjekt i andre land. Nye anlegg i Europa og globalt er ein føresetnad for at CO2-handtering skal bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak.

Det er ei klar forventning om at restkapasiteten i lageret skal nyttast av industrielle tredjepartar som ikkje får direkte støtte frå den norske staten. Selskapa bak fangst-, transport- og lagerprosjekta skal eige og drive sine respektive delar av prosjektet. Tilskotsavtalane regulerer kostnads- og risikodelinga mellom selskapa og staten, der staten ber ein vesentleg del av kostnadene og risikoen i grensesnitta mellom fangst, transport og lager.

Resultat 2025

Northern Lights

I juni 2025 kom den første skipslasta med CO2 frå Heidelberg Materials til anlegget til Northern Lights i Øygarden. I august blei dei første CO2-voluma transporterte gjennom den 105 kilometer lange røyrleidningen og injiserte 2 600 meter under havbotnen i Nordsjøen. Frå august til desember 2025 blei nærmare 40 000 tonn CO2 permanent lagra. Frå 1. oktober gjekk heile prosjektet for transport og lagring av CO2 over i driftsfase. Gjennom fjerde kvartal blei heile verdikjeda, frå transport til injeksjon, testa. Resultata viser at anlegget og operasjonane fungerer som venta.

Det tredje CO2-transportskipet til Northern Lights, «Northern Phoenix», blei levert i desember 2025, og eit fjerde skip er planlagt levert i 2026.

Våren 2025 tok Northern Lights investeringsavgjerda for fase 2 av transport- og lagerprosjektet. Utvidinga aukar lagringskapasiteten frå 1,5 til minst 5 millionar tonn CO2 per år. Investeringa er ei kommersiell vidareutvikling av Northern Lights som ikkje får tilskot frå staten. Prosjektet har fått støtte frå EU-programmet Connecting Europe Facility.

Heidelberg Materials

I 2025 sette Heidelberg Materials CO2-fangstanlegget ved sementfabrikken i Brevik i drift. Systemutprøving blei gjennomført i mai, og kort tid etter blei den første testlasta med CO2 skipa til Northern Lights for permanent lagring. For å sikre stabil og føreseieleg drift blei det gjennomført fleire forbetringstiltak i løpet av hausten.

Brevik CCS er det første sementanlegget i verda med fullskala CO2-fangst for permanent lagring. Anlegget representerer dermed ein viktig milepæl for Langskip og demonstrerer at CO2-fangst og -lagring kan takast i bruk i sementindustrien.

Hafslund Celsio

Avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Celsio på Klemetsrud i Oslo er det tredje delprosjektet i Langskip og er i byggefasen. I 2025 tok prosjektet fleire viktige steg mot planlagd oppstart i 2029. I januar 2025 inngjekk staten og Hafslund Celsio ein revidert tilskotsavtale. I løpet av året blei anleggsarbeidet og detaljprosjekteringa på Klemetsrud sett i gang. Det blei også arbeidd vidare med terminalløysinga ved Oslo hamn, inkludert logistikkplanlegging, avtalar om arealbruk og grensesnitt mot transportløysinga til Northern Lights. Prosjektet gjennomførte i tillegg risikostyring og sentrale anskaffingsprosessar.

Post 73 Noregs forskingsråd, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 1 120 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 4 440 millionar kroner til Forskingsrådet i 2027, jf. forslag til vedtak IV.

Hovuddelen av aktiviteten til Forskingsrådet er knytt til finansiering av fleirårige forskingsprosjekt. Midlane skal nyttast til å føre vidare og styrke forskinga og utviklinga innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralutvinning, i tråd med ein samla FoU-strategi for energiområdet.

Forslag til løyving og tilsegnsfullmakt inneber ei samla aktivitetsramme på 5 560 millionar kroner. Vidare foreslår departementet ei tilsegnsramme på 1 310 millionar kroner til nye utlysingar og øyremerkte tilskot i 2027.

Boks 4.6 Omgrep

  • Løyving skal dekke utbetaling av tidlegare gitte tilsegner, nye tilsegner som blir gitt i løpet av budsjettåret, og øyremerkte tilskot.

  • Tilsegnsfullmakt er det samla fullmaktsbeløpet som Stortinget vedtar, og som utgjer summen av moglege forpliktingar Forskingsrådet kan inngå med forfall etter budsjettåret.

  • Aktivitetsramme er summen av løyving og tilsegnsfullmakt, det vil seie den samla ramma for tilskotsverksemda til Forskingsrådet i budsjettåret og dei neste åra.

  • Tilsegnsramme er ramma for ny aktivitet og fastset kva for nye forpliktingar Forskingsrådet kan inngå i løpet av budsjettåret. Det er i hovudsak tilsegnsramma som seier noko om kor mykje ny aktivitet Forskingsrådet kan legge opp til i budsjettåret. Ny aktivitet må ha dekning i gjeldande løyving eller tilsegnsfullmakt.

Tabell 4.4 Oversikt over løyving, tilsegnsfullmakt, aktivitets- og tilsegnsramme

(i 1 000 kroner)

Om

Løyving

Tilsegnsfullmakt

Aktivitetsramme

Tilsegnsramme

Utlysingar innan energi, petroleum, CO2-handtering, havbotnmineralutvinning og naturfare.

1 068 000

4 418 000

5 486 000

1 258 000

Nordisk Energiforsking er ein institusjon under Nordisk ministerråd, finansiert i fellesskap av dei nordiske landa etter ein fastsett fordelingsnøkkel basert på bruttonasjonalbudsjett.

Målet er å utvikle forskingsbaserte grunnlag for energipolitiske avgjerder og å vere ein møteplass for industri, forsking og politikarar.

Institusjonen konsentrerer seg særleg om berekraftige og konkurransedyktige energiløysingar.

12 000

12 000

24 000

12 000

The International Ocean Discovery Program (IODP) er eit internasjonalt marint forskingssamarbeid som studerer geologien under havbotnen, mellom anna i arktiske område. Samarbeidet er organisert gjennom ECORD1 Managing Agency, som koordinerer deltakinga frå dei europeiske medlemslanda i IODP.

5 000

10 000

15 000

5 000

Sjøfuglprogrammet SEAPOP (SEAbird POPulations) blir forvalta av Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Norsk polarinstitutt. Programmet skal gi betre kunnskap om utbreiinga av, tilstanden og utviklinga til norske sjøfuglbestandar, med særleg vekt på påverknad frå menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona.

Sporingsprogrammet SEATRACK (SEAbird TRACKing), som kartlegg arealbruken til sjøfuglane utanom hekkesesongen, inngår som ein del av SEAPOP.

30 000

30 000

30 000

Snøskredforsking ved Norges Geotekniske Institutt (NGI), inkludert fullskala forsøksfelt på Ryggfonn, skal bidra til å auke kunnskapen om snøskred og redusere samfunnsutfordringar og tap av verdiar som følge av snøskred.

5 000

5 000

5 000

SUM

1 120 000

4 440 000

5 560 000

1 310 000

1 European Consortium for Ocean Research Drilling

Midlar til drift av verksemda til Forskingsrådet blir løyvde over budsjettet til Kunnskapsdepartementet under kap. 285 Noregs forskingsråd, post 55 Verksemdskostnader.

Prioriteringar for 2027

Løyvinga og tilsegnsfullmakta skal nyttast til å føre vidare og styrke forsking og utvikling innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralutvinning. Midlane skal støtte både langsiktig strategisk forsking, bruksforsking, teknologiutvikling, pilot- og demonstrasjonsprosjekt og samfunnsfagleg forsking og inngå i ein samla FoU-strategi for energiområdet. Konkurranseutsetting av forskingsmidlane i samarbeid med andre aktørar i innovasjonskjeda legg til rette for høg kvalitet og relevans.

Departementet har bestemt at det skal utviklast ein samla strategi for forsking og utvikling på energiområdet som omfattar både energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralutvinning. Strategien skal erstatte dei tidlegare separate strategiane Energi21 og OG21. Eit strategistyre, Energi2050, med mandat frå departementet blei etablert i starten av 2025 for å leie dette arbeidet. Den nye strategien vil gjelde frå 2027. I samråd med Energidepartementet vil Forskingsrådet bruke den nye strategien til å oppdatere prioriteringane sine og til å lage til kommande utlysingar.

Det skal også prioriterast midlar til å hente inn meir kunnskap om naturmangfald og miljø, særleg når det gjeld effektar av havvind på natur og miljø. Dei strategiske konsekvensutgreiingane for havvind blei ferdige sommaren 2025 og peikar mellom anna på kunnskapsmanglar om sjøfugl. Det er derfor øyremerkt midlar til sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK, som skal bidra til vidare kartlegging av sjøfugl i dei aktuelle havvindområda.

Opninga av område for havbotnmineralverksemd fører til eit behov for forsking på biologisk mangfald og miljøkonsekvensar ved eventuell utvinning. I 2027 skal Forskingsrådet prioritere å følge opp den etablerte satsinga på forsking og innovasjon knytt til havbotnmineral, som rådet forvaltar på oppdrag frå departementet.

For å førebygge og handtere naturfarar som flaum og skred trengst det eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag. Dette krev både utvikling og kontinuitet i forskinga på området. For å styrke kunnskapsgrunnlaget og beredskapen knytte til klimaendringar og naturfare blir det også i 2027 sett av midlar til forsking og utvikling innanfor førebygging av flaum- og skredskadar.

Norsk leverandørindustri til petroleums- og energisektoren arbeider for å posisjonere seg mot nye marknader, mellom anna når det gjeld små og modulære kjernekraftverk (SMR) i Europa. Det vil bidra til at leverandørindustrien får fleire bein å stå på. Forskingsrådet kan støtte industrien sitt arbeid med kompetanseutvikling retta mot kjernekraftmarknaden.

Figur 4.2 viser dei mest sentrale offentlege verkemidla og illustrerer korleis rolla til Forskingsrådet inngår i heilskapen av offentlege verkemiddel for forsking, utvikling og innovasjon på energiområdet.

Figur 4.2 Verkemiddel for forsking, utvikling og innovasjon på energiområdet

Figur 4.2 Verkemiddel for forsking, utvikling og innovasjon på energiområdet

Kjelde: Energidepartementet

Energi på veg mot eit lågutsleppssamfunn

Midlane til energiforsking som Forskingsrådet forvaltar, skal støtte opp under måla i den nye Energi2050-strategien frå 2027. Innsatsen skal rettast mot langsiktig kunnskapsoppbygging, utvikling av nye klimavennlege energiteknologiar og løysingar som styrker konkurranseevna i næringslivet og legg til rette for eit fleksibelt og robust energisystem.

Auka sektorkopling og ei meir samansett energiforsyning gjer at det trengst finansiering og verkemiddel på tvers av sektorar. Dette blir følgt opp gjennom Forskingsrådets porteføljestyre for energi og transport og i samarbeid med relevante departement.

Tabell 4.5 Verkemiddel for ny klimavennleg energiteknologi

Energiporteføljen – utvikling av eit heilskapleg energisystem

Energiporteføljen støttar ei langsiktig og berekraftig utvikling av energisystemet og skal bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Porteføljen femner breitt og dekker alle bransjar, næringar og samfunnssektorar som produserer varme eller elektrisitet, utviklar og driftar infrastruktur for energidistribusjon, bruker fornybar energi og utviklar og nyttar kunnskap og løysingar for redusert energibruk eller omlegging til fornybar energibruk i bygg, område, transport og industri.

Målet er at Noreg har nok fornybar energi og eit sikkert, robust og fleksibelt energisystem, at samfunnet er klimanøytralt og tar vare på naturmangfald, og at omstillinga skjer kunnskapsbasert, inkluderande og rettferdig. Satsinga skal også bidra til at vitskaplege miljø innanfor energi og transport er relevante og framifrå.

Porteføljen nyttar eit breitt spekter av søknadstypar i heile innovasjonskjeda, frå grunnleggande energiforsking til innovasjonsprosjekt. Ein stor del av innsatsen blir retta mot innovasjon og kunnskapsbygging som er relevante for næringslivet, for å sikre at eksisterande og nytt næringsliv innanfor energi er konkurranse- og omstillingsdyktig.

Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)

Sentera arbeider med forsking som er retta mot fornybar energi, energieffektivisering, CO2-handtering og samfunnsvitskaplege problemstillingar som er relaterte til energiomstilling. Forskinga skjer i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. Sentera gjer det mogleg for brukarpartnarane å ha langtidsperspektiv og få kontinuitet og risikoavlasting i satsinga på forsking. For forskingsmiljøa gjer sentera det mogleg med ei langsiktig kompetanseoppbygging gjennom forsking og utdanning av kandidatar på eit høgt internasjonalt nivå i nært samarbeid med dei som bruker forskingsresultata.

Prosjekt ved dei ulike sentera kan også hente prosjektfinansiering frå andre verkemiddel med finansiering frå Energidepartementet. Dette bidrar til god fleksibilitet og dynamikk i energiforskinga Forskingsrådet finansierer.

PILOT-E

PILOT-E er eit finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova. Målet med tilbodet er at heilt nye produkt og tenester innanfor miljøvennleg energiteknologi skal utviklast raskare. Dei skal også takast i bruk for å bidra til utsleppskutt både i Noreg og internasjonalt. PILOT-E følger opp aktørane gjennom heile teknologiutviklingsløpet – frå idé til marknad.

CLIMIT – forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologi

CLIMIT skal bidra til å utvikle teknologi og løysingar for CO2-handtering og til å redusere kostnader og risiko for dei som tar teknologien i bruk. Det er konkretisert følgande satsingsområde:

  • avkarbonisering av industri- og energiressursar

  • storskala CO2-lager på norsk sokkel

  • nyskapande teknologiutvikling og løysingar for CO2-handtering

CLIMIT har stor internasjonal aktivitet, mellom anna gjennom EUs samfinansieringsprogram Clean Energy Transition Partnership (CETP). CLIMIT er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, som handterer FoU-delen, og Gassnova, som handterer demonstrasjonsdelen.

HEILO på hydrogen, havvind og CO2-handtering

HEILO er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Gassnova og Enova som skal bidra til betre samkøyring og koordinering av verkemidla og aktivitetane til aktørane. Gjennom verkemiddelapparatet blir det finansiert prosjekt langs heile verdikjeda og i heile spennet frå grunnforsking til utvikling, innovasjon og marknadsintroduksjon. HEILO gir ei oversikt over prosjekt som har fått støtte gjennom verkemiddelapparatet på dei ulike teknologiområda.

Meir informasjon om verkemidla finst på forskningsradet.no, innovasjonnorge.no, gassnova.no og enova.no.

Tabell 4.6 Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)

Namn

Om

Vertskap

Avtaleperiode

INCLUsive Decarbonization and Energy Transition (INCLUDE)(samfunnsvitskap)

Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling som skal skaffe kunnskap om korleis ein kan realisere eit rettferdig lågutsleppssamfunn

UiO

2019–2027

Norsk senter for energiomstillingsstrategiar (NTRANS)(samfunnsvitskap)

Forskingssenter som skal forske på kva rolle energisystemet har i avkarbonisering av sektorar som energi, transport, industri, bygg og hushald

NTNU

2019–2027

Norwegian Research Centre on Wind Energy (NorthWind)

Forskingssenter for vindenergi som skal bidra til å redusere kostnadene ved vindkraft, legge til rette for berekraftig utvikling, skape arbeidsplassar og auke eksporten

SINTEF Energi

2021–2029

Norwegian research and innovation centre for hydrogen and ammonia (HYDROGENi)

Forskingssenter som skal bidra til FoU i heile verdikjeda for hydrogen, inkludert kostnadseffektiv og skalerbar produksjon, transport og lagring i Noreg og Europa, sluttbruksteknologiar og sikkerheit og materialintegritet

SINTEF Energi

2022–2030

Norwegian Centre for Hydrogen Research (HyValue)

Forskingssenter som mellom anna skal forske på metodar for produksjon av hydrogen og ammoniakk, løysingar for transport, lagring og fylling/bunkring av hydrogenbasert drivstoff, maritime verdikjeder og utvikling av ein metodikk for å styrke forankringa i samfunnet

NORCE

2022–2030

Norwegian Research Centre of Excellence for Carbon Capture and Storage (GigaCCS)

Forskingssenter som tar for seg FoU-utfordringar i heile verdikjeda for at CO2-handtering skal realiserast i stor skala

SINTEF Energi

2024–2032

Secure, resilient, and sustainable electricity distribution grids (SecureEL)

Forskingssenter som konsentrerer seg om dei nye behova for kunnskap, innovasjon og løysingar som oppstår frå dei grunnleggande endringane i distribusjonsnettet drivne av elektrifiseringa av samfunnet

SINTEF Energi

2024–2032

Integrated Hub for Energy System Analyses (InterPlay)

Forskingssenter som skal mogleggjere auka integrasjon av energisystemet ved å etablere ei open plattform for deling av modellar og for kopling og analyse ved hjelp av energi- og systemmodellar

SINTEF Energi

2024–2032

Norwegian research centre for renewal of hydropower technology (RenewHydro)

Forskingssenter som skal løyse utfordringar vasskrafta blir stilt overfor når innfasing av store mengder uregulerbar kraft aukar krava til fleksibilitet, og når ein skal drive effektivt og berekraftig i eit uføreseieleg klima

NTNU

2024–2032

Norwegian R&D centre for Maritime Energy Transition (MarTrans)

Forskingssenter med ei heilskapleg tilnærming som dekker heile verdikjeda knytt til reduksjon av energiforbruk og bruk av alternative drivstoff innanfor maritim transport

SINTEF Ocean

2024–2032

Zero Emissions Metal Production (ZeMe)

Forskingssenter som vil utvikle ny, klimanøytral og energieffektiv teknologi for metallurgisk industri

NTNU

2024–2032

Research centre for solar power (SOLAR)

Forskingssenter som er konsentrert om utvikling, installasjon, integrasjon og drift av solkraftverk i og utanfor Noreg, og som også ser på heile utviklinga på tvers av verdikjeda frå silisiumproduksjon til viktige applikasjonar som bygningsintegrerte og flytande solanlegg og på resirkulering av solcelleanlegg

IFE

2024–2032

Next-generation and improved circular sustainable battery technology value chain (Battery)

Forskingssenter som fokuserer på teknologiforbetringar på alle dei viktigaste områda for norsk batteriindustri: batterimateriale, celleproduksjon, batteripakkar/-system og gjenvinning/gjenbruk

NTNU

2024–2032

Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.

Petroleum på veg mot eit lågutsleppssamfunn

Petroleumsforskinga som Forskingsrådet finansierer, er retta mot leverandørindustrien, instituttsektoren og universiteta. Løyvingane utløyser atskilleg med eigeninnsats og medfinansiering frå både forskingsmiljø og næringsliv.

I 2027 skal Forskingsrådet prioritere prosjekt og teknologiutvikling som støttar opp under måla i Energi2050-strategien. Dette inneber særleg teknologi for å redusere klimagassutslepp, energieffektivisere drift på sokkelen og dempe det forventa fallet i produksjonen for å trygge energiforsyninga til Europa. Forskingssentera for petroleum (PETROSENTER) skal vidareførast som sentrale arenaer for langsiktig kompetansebygging, forskarutdanning og teknologi- og kunnskapsoverføring til framveksande næringar som hydrogen og CO2-lagring.

Tabell 4.7 Verkemiddel for petroleumsforskinga

Namn

Om

Petroleumsporteføljen – petroleum på veg mot lågutsleppssamfunnet

Porteføljen skal bidra til auka verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn. Han er avgrensa til olje- og gassverksemd, og alle prosjekta i porteføljen skal ha ei kopling til problemstillingar knytte til petroleumsverksemda i opna område på norsk kontinentalsokkel og/eller sikkerheit på landanlegga i Noreg.

Den samla aktiviteten omfattar strategisk grunnforsking, kunnskaps- og kompetansebygging, forskarrekruttering, bruksforsking og teknologiutvikling og demonstrasjon.

Forskingssenter for petroleum

Sentera skal gjennom fokusert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå løyse utpeika utfordringar for utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel. Næringsretta forskarutdanning og langsiktig kompetansebygging står sentralt for sentera. Dei utviklar kunnskap og teknologi som har mykje å seie for verdiskaping og utnytting av gjenverande petroleumsressursar, og bygger samtidig bru til framveksande næringar som hydrogen og CO2-lagring.

Meir informasjon om verkemidla finst på forskningsradet.no.

Tabell 4.8 Forskingssenter for petroleum

Namn

Om

Vertskap

Avtaleperiode

Lågutsleppsenteret (Low Emission)

Senteret skal bidra til å utvikle nye teknologiar og konsept for offshore energisystem, energieffektivisering og integrasjon av eksisterande infrastruktur for fornybar kraftproduksjonsteknologi for implementering på norsk sokkel.

SINTEF Energi

2019–2027

Senter for berekraftig utnytting av petroleumsressursar på norsk sokkel (NCS2030)

Senteret skal bidra til å skape ei berekraftig verdikjede for hydrokarbonressursane ved utvikling av løysingar som maksimerer verdiskapinga av ressursane, samtidig som ein skal nå målet regjeringa har sett om lågutslepp.

Universitetet i Stavanger

2022–2029

Senter for auka undergrunns- og reservoarforståing (CSSR)

Senteret skal bidra til å sikre langsiktig verdi for petroleumsindustrien i overgangen til eit nytt energilandskap. Forståing av undergrunnen for energieffektiv utnytting av reservoaret og utvikling av ny kunnskap og digitale løysingar står sentralt.

NORCE

2022–2029

Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.

Havbotnmineralutvinning

Den globale energiomstillinga aukar etterspørselen etter kritiske råmateriale som trengst for å utvikle lågutsleppsteknologi. På norsk sokkel er det påvist førekomstar av mineral som inneheld slike metall, og det er opna for mineralverksemd på delar av kontinentalsokkelen i Norskehavet og Grønlandshavet.

Noreg skal utvikle havbotnmineralressursar stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert, der omsynet til miljø og sikkerheit skal sikrast i alle fasar av verksemda. I tråd med Meld. St. 25 (2022–2023) skal Forskingsrådet i 2027 prioritere forsking og innovasjon i heile verdikjeda. Dette omfattar vidare styrking av kunnskapen om miljø- og naturverdiar i djuphavet, berekraftig utvinningsteknologi og mogleg overføring av kompetanse og teknologi frå olje- og gassektoren.

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

Deltaking i internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid på energi- og petroleumsområdet har høg prioritet og er eit viktig supplement til den nasjonale FoU-satsinga. Noreg deltar i samarbeidsaktivitetar gjennom EU, Det internasjonale energibyrået (IEA) og Nordisk Energiforsking, fleirnasjonale samarbeidsforum som Mission Innovation og gjennom bilateralt samarbeid med utvalde land.

Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å halde eit høgt fagleg nivå i norske forskingsmiljø, bygge strategiske alliansar, hente heim kunnskap og kapital og opne internasjonale marknader for norsk næringsliv.

Forskingsrådet skal stimulere til auka internasjonalt forskingssamarbeid gjennom målretta mobilisering inn mot EU-arenaen, fleirnasjonale initiativ og bilaterale partnarskapar med prioriterte land som USA, Brasil og Canada. Forskingssentera skal vidareførast som sentrale knutepunkt for internasjonalt samarbeid.

EUs forskingsprogram har som mål å sikre høg deltaking og god utteljing i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, særleg innanfor fornybar energiteknologi, materiale til batteri og energilagring, kraftnett, berekraftig drivstoff, hydrogen, elektrolyse og CO2-handtering. Departementet har som mål at norske forskingsinstitusjonar og norsk næringsliv skal halde fram med å utnytte moglegheitene programmet gir. Neste rammeprogramperiode går frå 2028 til 2034, og Forskingsrådet skal prioritere arbeidet med å påverke struktur, måten å innrette programmet på og innhaldet i det slik at norske interesser blir godt varetatt.

Tabell 4.9 Internasjonale forskingssamarbeid og deltaking i internasjonale fellesutlysingar

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027)

Programmet skal bidra til arbeidsplassar og økonomisk vekst i Europa, til å møte samfunnsutfordringar og til ein styrkt posisjon for Europa innanfor forsking, innovasjon og teknologi. I programdelen «Klima, energi og mobilitet» blir det gitt støtte til forsking og innovasjon innanfor mellom anna fornybare energiteknologiar, energibruk i bygg og industri, energilagring, CO2-handtering og nettinfrastruktur. Tematisk korresponderer desse områda godt med norske FoU-satsingar. Horisont Europa har ein stor portefølje av partnarskapar innanfor energi og transport, mellom anna Clean Energy Transition Partnership (CETP), som er omtalt nedanfor.

Clean Energy Transition Partnership (CETP)

CETP er ein internasjonal partnarskap under Horisont Europa der om lag 50 nasjonale og regionale forskings- og innovasjonsprogram (FoI) i 30 land samarbeider. Partnarskapen gjennomfører fellesutlysingar der formålet er internasjonalt samarbeid om forsking og innovasjon for å hindre fragmentering i FoI-landskapet, for på den måten å nå det overordna målet om europeisk energiomstilling og eit klimanøytralt Europa innan 2050. CETP samlar nasjonale og regionale midlar saman med midlar frå EU-kommisjonen for å finansiere løysingar som er viktige for den europeiske energiomstillinga. Nokre ikkje-europeiske land deltar også i partnarskapen. Frå norsk side er det Forskingsrådet som følger opp CETP.

Det internasjonale energibyrået (IEA)

IEA er ein organisasjon for 32 medlemsland som arbeider med myndigheiter og industri for å skape ei sikker og berekraftig energiframtid for alle. IEA har oppretta ei rekke samarbeidsprogram for forsking på ulike energitema. Noreg er medlem i rundt 20 slike program, som fordeler seg på områda for sluttbrukarteknologiar, fornybare energiteknologiar, olje og gass og informasjonsutveksling. Deltakarane frå norsk side kan vere frå industrien, forskingsmiljøa eller myndigheitene, avhengig av aktivitetane i programma. Forskingsrådet er koordinator for dei norske forskingsaktivitetane.

Mission Innovation

Mission Innovation er eit internasjonalt samarbeid med 23 deltakande land pluss EU-kommisjonen som har som mål å auke utviklinga og bruken av nye klimavennlege energiteknologiar. Gjennom Forskingsrådet og Gassnova bidrar Noreg aktivt i arbeidet innanfor dei prioriterte områda hydrogen, utsleppsfri maritim transport og CO2-handtering. Noreg er medleiar i Zero-Emission Shipping Mission og medlem i Clean Hydrogen Mission og Carbon Dioxide Removal Mission.

Memorandum of Understanding (MoU1) mellom Noreg og USA

USA og Noreg samarbeider innanfor energirelatert forsking og teknologi. Samarbeidet er i hovudsak konsentrert om CO2-handtering og vasskraftforsking.

BN21 – Brazil-Norway in the 21st. century

Samarbeidet mellom Noreg og Brasil omfattar petroleumsforsking, fornybar energi og lågutsleppsløysingar der landa har felles interesser og utfordringar. Forskingsrådet og den brasilianske motparten FINEP lyser jamleg ut felles forskingsmidlar for å styrke samhandlinga mellom forskings- og industrimiljø i dei to landa.

1 Intensjonsavtalar

Resultat 2025

I 2025 finansierte Forskingsrådet prosjekt med utbetalingar på til saman om lag 868,6 millionar kroner og vedtok støtte på til saman 829 millionar kroner til over 110 nye prosjekt innanfor petroleum, miljøvennleg energi og CO2-handtering med midlar løyvde over budsjettet til Energidepartementet.

Samla resultat og framdrift:

  • Forskingsrådet vidareførte arbeidet med havbotnmineral og gjennomførte den første utlysinga.

  • Utlysingar for PETROSENTER og samfunnsvitskapelege FME-senter blei planlagde med sikte på gjennomføring i 2026.

  • Internasjonalt samarbeid, både bilateralt og multilateralt, var høgt prioritert i tråd med oppdrag frå Energidepartementet.

  • Forskingsrådet la ned store ressursar i strategisk arbeid knytt til Noregs rolle i den fornya SET-planen og inn mot EUs neste rammeprogram for forsking og innovasjon (FP10 – Horisont Europa).

Tilskotsforvaltninga held framleis høg kvalitet, og det er eit godt samarbeid med andre verkemiddel, for eksempel gjennom HEILO og Grøn plattform.

Tabell 4.10 Finansiert forsking og utvikling gjennom Forskingsrådet i 2025 frå budsjettet til Energidepartementet

(i mill. kroner)

Tema

Utbetalt i 2025

Ny klimavennleg teknologi – miljøvennleg energi

507,4

Petroleum på veg mot eit lågutsleppssamfunn

229,0

CO2-handtering

75,3

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

27,6

Kartlegging av sjøfugl

24,3

Snøskredforsking ved Norges Geotekniske Institutt

5,0

Sum

868,6

Tabell 4.11 Tildelingar til energiforsking i 2025 frå budsjettet til Energidepartementet

(i mill. kroner)

Søknadstype

Energi

Petroleum

CO2-handtering

Havbotnmineral

Sum

Kompetansebyggande prosjekt for næringslivet

166

116

282

Innovasjonsprosjekt i næringslivet

140

85

225

Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv

68

49

48

165

Clean Energy Transition Partnership (EUs partnarskap for forsking og innovasjon)

41

40

81

Andre tildelingar, nasjonale fellesutlysingar

43

20

63

Andre tildelingar, internasjonale utlysingar

13

13

Sum

471

221

89

48

829

Ny miljøvennleg energiteknologi

Den målretta satsinga til Forskingsrådet innanfor ny, miljøvennleg energiteknologi omfatta i 2025 prosjektfinansiering innanfor miljøvennleg energi, forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og CO2-handtering. Det samla forbruket i igangverande senter og prosjekt finansiert frå departementa var om lag 724 millionar kroner i 2025, om lag 13 prosent lågare enn i 2023, som er siste samanliknbare driftsår. Av desse midlane finansierte Energidepartementet om lag 582 millionar kroner.

Nedgangen er først og fremst knytt til lågare aktivitet i næringslivet. Fleire prosjekt blir terminerte undervegs på grunn at løysingane som blir utvikla, ikkje er konkurransedyktige nok. Dette kjem av både for høgt kostnadsnivå, manglande infrastruktur, endra rammevilkår og omlegging av strategi. Fleire prosjekt mistar partnarar og må justerast ned eller blir forseinka. Kompetanse- og samarbeidsprosjekt og forskingssenter som inneber samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og næringsliv, utgjer likevel ein vesentleg og aukande del av porteføljen.

Totalt var det 385 aktive prosjekt innan miljøvennleg energiforsking og CO2-håndtering i 2025. I løpet av året fekk totalt 95 nye prosjekt tildelt 781 millionar kroner gjennom Forskingsrådet. Av dette er 560 millionar kroner finansierte over budsjettet til Energidepartementet. Søknadstilfanget har vore tilfredsstillande, men overgangen til løpande søknadsbehandling for prosjekta retta mot næringslivet har ført til ein nedgang i søknadsvolumet.

Det er i dag 13 aktive FME-ar. Senterordninga er eit av dei viktigaste verkemidla i energiforskinga. FME-ane legg til rette for langsiktige forskingsprioriteringar, stabilitet og kontinuitet og fremmer det heilskapsperspektivet og det tverrfaglege arbeidet som er viktige for eit robust energisystem. Ordninga legg også til rette for langsiktig samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og offentlege aktørar. I 2025 blei åtte nye FME-ar etablerte og to FME-ar avslutta etter fullført periode. Ein studie av effektane av energiforskinga og FME-ordninga, gjennomført av Menon Economics og Multiconsult, blei ferdig i 2025 og konkluderte med at energiforsking er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Effektstudien av FME-ordninga viser at ordninga har bidratt til langsiktig forsking, sterke samarbeidsarenaer, rekruttering, høg vitskapleg kvalitet og internasjonalt samarbeid innan miljøvennleg energi. Studien omfattar 60 forskingscase delfinansierte av Forskingsrådet i perioden 2016–2025. Seks case er analyserte i djupna og viser ei mogleg samfunnsøkonomisk lønnsemd på 9 til 36 milliardar kroner, der om lag 5 milliardar kroner allereie er realiserte.

Figur 4.3 Forbruk i senter og prosjekt innanfor miljøvennleg energi og CO2-handtering og relative tall for perioden 2021–2025, fordelte på tema

Figur 4.3 Forbruk i senter og prosjekt innanfor miljøvennleg energi og CO2-handtering og relative tall for perioden 2021–2025, fordelte på tema

1 Tala for 2024 er kunstig låge på grunn av endra periodisering av rekneskapen i Forskingsrådet.

Kjelde: Forskingsrådet

Ved utgangen av 2025 var instituttsektoren den største gruppa av prosjekteigarar målt i samla beløp, etterfølgd av næringsliv og universitet og høgskolar.

Forskingsrådet peikar på stor aktivitet i sterke FoU-miljø, mange gode søknader til nasjonale utlysingar og svært god utteljing for norske miljø i EUs rammeprogram og partnarskapar. Kompetanse- og samarbeidsprosjekt og forskingssenter utgjer ein vesentleg og aukande del av porteføljen, medan innovasjonsprosjekt i næringslivet går ned. Samtidig aukar forbruket i prosjekt som spring ut av internasjonale utlysingar.

I 2025 finansierte Forskingsrådet 187 årsverk fordelte på 152 doktorgradsstipendiatar og 35 postdoktorstipendiatar på energiområdet samla. Kvinnedelen blant stipendiatane er over 40 prosent.

Koordineringa og samhandlinga mellom ordningar finansierte av Energidepartementet og ordningar finansierte av andre departement er ei sektorpolitisk prioritering. SFI-ordninga, infrastrukturordninga og SkatteFUNN er eksempel på energirelevante ordningar som Forskingsrådet forvaltar, som ikkje blir finansierte av budsjettet til Energidepartementet.

Forskingsrådet kan etablere fellesutlysingar på tvers av porteføljar, som i 2025 med fellesutlysinga for eit forskingssenter for berekraftig areal og naturbruk. For å bidra til ei kunnskapsbasert energiomstilling er det stadig viktigare å løyse tverrfaglege problemstillingar.

Boks 4.7 Digitalisering og automatisering i verftsindustrien

Aker Solutions deltar i fleire prosjekt for å digitalisere og automatisere verftsindustrien, med mål om kostnadseffektiv masseproduksjon av komponentar til havvind. Satsinga skal møte manglande produksjonskapasitet i Europa og samtidig gi norske verft nye marknadsmoglegheiter i ei tid med lågare aktivitet i olje- og gassnæringa. Gjennom prosjekt som AdaPfab og WINDRISE er det utvikla løysingar for berekraftig og oppskalert produksjon av flytarar og botnfaste understell. Resultata styrker konkurranseevna i den norske leverandørkjeda for havvind, gjer ho meir robust og viser korleis forsking kan bidra til omstilling, nye produkt og nye forretningsområde.

Boks 4.8 Digitalisert straumnett

Forsking på energidistribusjon skal bidra til eit integrert og digitalisert straumnett som knyter saman konsumentar, produsentar og prosumentar (nettkundar som både produserer og bruker straum) på ein sikker, robust og effektiv måte. Temaområdet omfattar transmisjons- og distribusjonsnettet, og dessutan overføringsnett til havs, og er sentralt for forsyningssikkerheita og berekraftig elektrifisering av samfunnet.

I 2025 blei forskingsinnsatsen vidareført med vekt på eit smart, fleksibelt og påliteleg kraftnett som legg til rette for auka integrering av fornybar energi og betre utnytting av fleksibilitet i møte med eit veksande energi- og effektbehov. FME SecurEl har komme godt i gang, samtidig som prosjekta NextGrid og MaksGrid bidrar til optimalisering og digitalisering av straumnettet. Digitalisering av kraftnettet gir store moglegheiter, men stiller også auka krav til cyber- og motstandssikkerheit.

Figur 4.4 Støtte til forsking, utvikling og innovasjon innanfor miljøvennleg energi, fordelte på ulike sektorar

Figur 4.4 Støtte til forsking, utvikling og innovasjon innanfor miljøvennleg energi, fordelte på ulike sektorar

1 Tala for 2024 er kunstig låge på grunn av endra periodisering av rekneskapen i Forskingsrådet.

Kjelde: Forskingsrådet

Petroleum på veg mot eit lågutsleppssamfunn

Forskingsrådets satsing på petroleum omfattar aktivitetar frå grunnforsking og kompetansebygging til innovasjon og demonstrasjon av ny teknologi.

I 2025 var det totalt 132 aktive prosjekt innanfor petroleum. Prosjekteigarane fordelte seg med 48 prosent frå næringslivet, 34 prosent frå instituttsektoren og 18 prosent frå universitets- og høgskolesektoren. Figur 4.5 viser utbetalingar frå alle involverte departement i perioden. Forskingsrådet tildelte 221 millionar kroner til 15 nye petroleumsrelaterte prosjekt i 2025.

Forskingsrådet prioriterte særleg forsking på samfunnssikkerheit og beredskap. Fire nye prosjekt retta mot sikkerheita på norsk sokkel fekk støtte, i samarbeid og med medfinansiering frå andre departement. Forskinga og teknologiutviklinga har i 2025 bidratt til kompetansebygging i sektoren, auka verdiskaping, reduserte klimagassutslepp på norsk sokkel og styrkt energisikkerheit for Europa.

I perioden 2021–2025 har det vore ein nedgang i forskingsinnsatsen innanfor petroleum, slik figur 4.5 viser. Nedgangen kjem mellom anna av at dei ekstraordinære tiltakspakkane etter koronautbrotet i 2020 gav høg aktivitet i 2021–2022, medan dei ordinære løyvingane og finansieringa over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blei fasa ut i åra etter. Dette førte til strammare prioriteringar og færre forskarprosjekt i UoH-sektoren.

Den målretta petroleumsforskinga og teknologiutviklinga i 2025 var innretta mot desse temaa under OG21-strategien:

  • reduksjon av klimagassutslepp, energieffektivisering og miljø

  • undergrunnsforståing

  • boring, komplettering, intervensjon og permanent avstenging av brønnar (P&A)

  • produksjon, prosessering og transport

  • storulykker og arbeidsmiljø

Figur 4.5 Støtte til igangsette petroleumsprosjekt, fordelte på temaområde

Figur 4.5 Støtte til igangsette petroleumsprosjekt, fordelte på temaområde

1 Tala for 2024 er kunstig låge på grunn av endra periodisering av rekneskapen i Forskingsrådet.

Kjelde: Forskingsrådet

Sjølv om forskingsinnsatsen på petroleumsområdet er redusert dei seinare åra, er det framleis god søking til utlysingane, med noko variasjon mellom temaområda. Satsing på teknologiutvikling i leverandørindustrien har høg prioritet, men søknadstilfanget til innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt har falle noko. Det er eit godt samarbeid mellom forskingsorganisasjonar, leverandørar og operatørar på norsk sokkel i kompetanseprosjekt og forskingssenter.

Dei to igangverande petrosentera innanfor undergrunnsforståing, National Centre for Sustainable Subsurface Utilization of The Norwegian Continental Shelf (NCS2030) og Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR), er no halvvegs i prosjektperioden. Hausten 2025 evaluerte eit ekspertpanel med internasjonal deltaking sentera. Begge har god drift og solid forskingsaktivitet, men panelet peika også på område med rom for forbetring. Forskingsrådet vil følge opp funna frå evalueringa før det blir laga til nye kontraktar for den resterande prosjektperioden.

Internasjonalt samarbeid

Petroleumsporteføljen har avgrensa moglegheiter i EUs rammeprogram. Dei nasjonale verkemidla er derfor avgjerande for sektoren.

Porteføljen har stimulert til samarbeid med søsterorganisasjonar i andre land, mellom anna det norsk-brasilianske samarbeidet med FINEP, som blei vidareutvikla i 2025.

Gjennom JPI Oceans finansierte Forskingsrådet to prosjekt i 2025 som undersøkte økologiske effektar av støy i havet. Prosjekta har relevans for både petroleum og havvind, og fleire land deltar i samarbeidet.

Boks 4.9 Prosjekteksempel: MonkeyBot 2.0 – automatisert røyrinspeksjon for auka effektivitet, sikkerheit og berekraft

KaeferBlu AS har utvikla ei robotisert løysing for røyrinspeksjon. Korrosjon under isolasjon (CUI) er ei av dei mest kostbare og vedvarande utfordringane i olje- og gassindustrien. Å oppdage korrosjon krev vanlegvis stillas, driftsstans og manuelt arbeid med høg risiko. Klatreroboten MonkeyBot 2.0 navigerer i komplekse røyrnettverk med avanserte inspeksjonsverktøy, inkludert røntgensystem. Roboten blir fjernstyrt og gjer det mogleg med sikker og presis inspeksjon utan stillas, produksjonsstopp eller stråleeksponering for personell.

Teknologien legg til rette for tryggare, meir effektiv og rimelegare driftsfase.

Havbotnmineralutvinning

Ei forskingssatsing på havbotnmineral administrert av Noregs forskingsråd blei oppretta i 2025 som oppfølging til Meld. St. 25 (2022–2023) og vedtaket om å opne for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Forskingsrådet gjennomførte den første tildelinga under den nye satsinga, der tre prosjekt fekk støtte. Tildelinga la vekt på at kunnskapen om miljøet og økosystemet i djuphavet, mineralressursane og effektar av framtidig mineralverksemd på havbotnen må styrkast. Samarbeid mellom forskingsmiljø og næringslivet er også ein viktig føresetnad for å bygge den kunnskapen og teknologien som krevst for ei trygg og berekraftig ressursutnytting.

Noregs deltaking i det internasjonale samarbeidsprosjektet MININGIMPACT3 gjennom JPI Oceans blei ført vidare i 2025. Prosjektet belyser økologiske konsekvensar ved ei eventuell utvinning av mineral på havbotnen.

Sjøfuglprogram

Sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK blei i 2025 førte vidare av Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk polarinstitutt. Aktiviteten var retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget for konsekvensvurderingar av havvindutbygging, særleg i Nordsjøen, men også Norskehavet og Barentshavet.

I juni 2025 leverte SEAPOP og SEATRACK siste del av fagutgreiingane til strategisk konsekvensutgreiing for havvind til NVE.

Supplerande overvaking av hekkebestander i sør og innsamla data frå nøkkellokalitetane gav grunnlag for nye kartprodukt til bruk i konsekvensvurderingane, mellom anna sårbarheitskart for ulike sesongar og habitatmodellar i hekketida. SEATRACK førte vidare sporing utanom hekketida for 16 artar på over 100 lokalitetar. Ny sporingsteknologi med GSM-sendarar for store måseartar i Nordsjøen har gitt ny og verdifull kunnskap om arealbruk og trekkruter.

Naturfare

I 2025 lyste departementet ut midlar til forsking på mellom anna alvorlege naturhendingar, som førebygging og handtering av tørke, flaum, skred og andre typar naturfare, som ein del av ei ny satsing på samfunnssikkerheit og beredskap. Fleire av dei tildelte prosjekta hadde særleg relevans for naturfare knytt til infrastruktur og forståing og styrking av den rolla samfunnet og innbyggarane har i beredskap.

Snøskredforsking

I 2025 fekk Norges Geotekniske Institutt (NGI) 5 millionar kroner i tilskot til snøskredforsking for å styrke forskingskapasiteten og levere bruksretta kunnskap til infrastrukturaktørar som NVE, Statens vegvesen, Statnett og Statkraft.

Dynamiske snøskredmodellar utvikla av NGI blei testa mot målingar frå fullskalaforsøk på Ryggfonn og tilgjengeleggjorde for fagmiljøa. NGI gjennomførte opplæring i skredmodellar for myndigheiter og rådgivarar under Nordisk snøskredkonferanse og førte vidare metodeutvikling innan skredfarekartlegging og varsling i tett samarbeid med universiteta.

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

Norske forskings- og industrimiljø oppnådde svært gode resultat i det internasjonale forskingssamarbeidet i 2025. Ved utgangen av 2025 hadde norske aktørar oppnådd ein returdel på 4,3 prosent i Klynge 5 (klima, energi og mobilitet) i Horisont Europa, noko som svarer til om lag 400 millionar euro i prosjektfinansiering sidan oppstarten i 2021. Nærmare 25 prosent av søknadene med norsk deltaking fekk gjennomslag, og norske aktørar utmerkte seg særleg innanfor fornybar energi, batteri og energilagring, kraftnett, berekraftig drivstoff, hydrogen og CO2-handtering.

Forskingsrådet arbeidde i 2025 med å planlegge norsk deltaking i neste rammeprogram (FP10 2028–2034) og gav innspel til det samla førebuingsarbeidet til regjeringa.

Gjennom EUs partnarskap for energi og omstilling, Clean Energy Transition Partnership (CETP), fekk 15 prosjekt med norske partnarar tildelt til saman 95 millionar kroner i 2025, der Forskingsrådet bidrog med 81 millionar kroner. Dette gjorde Noreg til det fjerde største deltakarlandet i utlysinga.

Energidepartementet støttar det internasjonale sekretariatet for internasjonal energiforsking, noko som legg til rette for at departementet kan delta i Mission Innovation, Det internasjonale energibyrået (IEA) og SET-planen. I 2025 deltok Noreg i 19 av dei 38 teknologi- og samarbeidsprogramma (TCP-ane) i IEA.

Nordisk Energiforsking

I 2025 blei det gitt 10 millionar kroner i tilskot til Nordisk Energiforsking under Nordisk ministerråd. Samarbeidet skal skape eit forskingsbasert grunnlag for energipolitiske avgjerder og fungere som ein felles møteplass for industri, forsking og myndigheiter i Norden. Gjennom Nordic Energy Systems Programme blei det i 2025 løyvd midlar til seks nettverksprosjekt for å styrke kunnskapsutvekslinga og utvikle meir heilskaplege modellar og analysar på tvers av landegrensene.

The International Ocean Discovery Program (IODP)

I 2025 blei det gitt 5 millionar kroner i tilskot til Noregs deltaking i det internasjonale forskingssamarbeidet for vitskapleg havbotnboring. Året markerte eit organisatorisk skifte da det nye samarbeidet IODP starta 1. januar 2025. Noreg signerte i mars 2025 ein ny medlemsavtale gjennom konsortiet ECORD for perioden 2025–2029. Samarbeidet styrker internasjonal forsking innan jord-, hav-, miljø- og livsvitskap gjennom opne data, felles vitskapleg koordinering og brei global deltaking.

Post 75 Norwegian Energy Partners

Ansvaret for tilskot er overført til Nærings- og fiskeridepartementet for å sikre at støtta til Norwegian Energy Partners (NORWEP) blir vurdert i samanheng med andre eksportretta verkemiddel og det overordna ansvaret Nærings- og fiskeridepartementet har for næringsframhjelp i utlandet, jf. omtale av strukturendringar og omorganisering av verkemiddelapparatet i Prop. 1 S (2026–2027) til Nærings- og fiskeridepartementet.

Resultat 2025

Stiftinga NORWEP er finansiert gjennom tilskot over statsbudsjettet og gjennom bidrag frå partnarbedrifter. I 2025 hadde NORWEP 78,4 millionar kroner i driftsinntekter og eit årsresultat på om lag 2,4 millionar kroner. Eigenkapitalen ved utgangen av året var 22,4 millionar kroner, inkludert grunnkapitalen.

Det statlege tilskotet over budsjettet til Energidepartementet utgjorde 28,5 millionar kroner, medan 10 millionar kroner blei løyvde over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet til havvindsatsinga. I tillegg løyvde Stortinget i desember 2025 eit ekstraordinært omstillingstilskot på 25 millionar kroner under Energidepartementet, som blei utbetalt i 2025, men som i rekneskapen til NORWEP er periodisert til bruk i 2026. Direkte innbetalingar frå partnarar utgjorde 28,3 millionar kroner. Ved utgangen av 2025 hadde NORWEP 330 partnarar.

Verksemda i 2025 retta seg særleg inn mot å styrke konkurransekrafta og verdiskapinga til norsk energibransje internasjonalt gjennom direkte marknadskontakt og nettverksbygging. NORWEP la auka vekt på målretta verksemdsmøte (B2B), og det blei gjennomført over 3 000 slike møte mellom norske partnarar og internasjonale kundar. I tillegg gjennomførte dei internasjonale rådgivarane om lag 2 500 møte med partnarar.

NORWEP arrangerte 86 arrangement med nær 5 000 deltakarar, der over 60 prosent var retta mot fornybar energi, CO2-handtering og hydrogen. International Energy Forum i Oslo i november var ein sentral arena for å samle partnarar, internasjonale kundar og industrien elles.

I 2025 sette stiftinga i verk strategien «NORWEP 2.0: Closer to contract», som inneber ei tydelegare prioritering av kontraktsnære møte framfor breie delegasjonsreiser til store messer. Det blei også investert i KI-baserte tenester for å effektivisere drifta og styrke tenestetilbodet til partnarane.

Programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

Utviklingstrekk

Petroleumsverksemda har over tid utvikla eit høgt nivå innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS). Myndigheitene legg til rette for dette gjennom utvikling og forvaltning av regelverk, kunnskapsutvikling og oppfølging av at næringa tar ansvar i samsvar med gjeldande krav. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og sikker drift i næringa blir sikra over tid ved at det blir lagt til rette for medverknad, systematisk risikovurdering, førebyggande tiltak og kontinuerleg forbetring og læring.

Prosjektet Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) har overvaka utviklinga i risikonivået i petroleumsverksemda sidan 2001. Prosjektet er organisert som eit samarbeid mellom Havindustritilsynet (Havtil), partane i næringa og relevante forskingsmiljø. RNNP omfattar fire årlege rapportar: Hovudrapporten, landrapporten og samandragsrapporten blir publiserte i april, medan rapporten om akutte utslepp kjem i oktober, sjå omtale i kapittel 6 Klima- og miljøpolitikk i del III av proposisjonen. Datagrunnlaget for RNNP bygger mellom anna på innrapportering frå næringa. Annakvart år blir det gjennomført ei spørjeundersøking blant tilsette i petroleumsverksemda om HMS-tilstand, arbeidsmiljø og vurdering av eiga helse. Det er utvikla eigne storulykkeindikatorar for arbeidet med RNNP, og selskapa rapporterer inn data for 21 definerte fare- og ulykkeshendingar (DFU-ar). I tillegg blir utviklinga på andre risikorelaterte område målt, mellom anna ved hjelp av data frå testar av sikkerheitskritiske barrierar og informasjon om utført og uteståande vedlikehald.

Risikonivået i norsk petroleumsverksemd har over tid utvikla seg positivt for dei fleste sentrale indikatorane, med enkelte underliggande variasjonar. Totalindikatoren for storulykker, som reflekterer talet på alvorlege hendingar og potensialet for tap av liv som følge av desse, viser ei langsiktig positiv utvikling på sokkelen. I 2025 blei det registrert tre tilløpshendingar med storulykkepotensial ved landanlegga. Det er det lågaste talet på 20 år. Vedlikehaldsdata viser at meir vedlikehald er utført, men samtidig at det er meir etterslep i det førebyggande vedlikehaldet for permanent plasserte innretningar offshore. Korrigerande vedlikehald som er identifisert, men ikkje utført, ligg også på eit høgt nivå. For flyttbare innretningar er det større variasjon. Det same gjeld landanlegga. For landanlegga viser dataa samtidig at fleire HMS-kritiske oppgåver i det førebyggande vedlikehaldet ikkje blir gjennomførte.

Arbeidsmiljøet i petroleumsverksemda har i hovudsak hatt ei positiv utvikling over tid, men næringa har framleis nokre utfordringar. Tal frå RNNP 2025 viser at det på norsk sokkel blei meldt 208 rapporteringspliktige personskadar til Havtil, mot 223 i 2024. Talet på alvorlege personskadar på sokkelen viser samtidig ein svak oppgang i 2025, da det blei registrert 23 slike hendingar, mot 21 i 2024.3 Ved landanlegga var det ei dødsulykke i 2025, i tillegg til 12 alvorlege personskadar. Sidan 2010 har det vore tre dødsulykker i norsk petroleumsverksemd, mot seks i tiårsperioden før.

Resultata frå spørjeundersøkinga i samband med RNNP 2025 viser at HMS-forhold og arbeidsmiljø på norsk sokkel i hovudsak blir vurderte likt som i 2023-undersøkinga, med enkelte endringar i positiv retning. Også for landanlegga er resultata gjennomgåande på same nivå som i 2023, og både HMS-klimaet og arbeidsmiljøet ligg på om lag same nivå i dei to målingane.

Trusselbiletet for norsk petroleumsverksemd er varig endra som følge av den sikkerheitspolitiske situasjonen. Europa har behov for at Noreg held fram med å vere ein sikker leverandør av gass. Dette har medført auka beredskap og større merksemd rundt sikkerheit og sikring både på sokkelen og ved landanlegga. Aktivitetsnivået i næringa er høgt, med fleire feltutbyggingar og modifikasjonsprosjekt. Selskapa arbeider for å kunne levere olje og gass i lang tid framover, og innfører nye løysingar og effektiviseringstiltak for å drive meir lønsamt.

Både myndigheitene og næringa følger med på utviklinga i risiko- og trusselbiletet. Myndigheitene forventar at næringa følger opp i tråd med regelverket. Sidan 2013 har Havtil sett ei tydeleg positiv utvikling i korleis næringa arbeider med sikring, og frå 2022 har både selskapa og myndigheitene retta enda meir merksemd mot dette og intensivert oppfølginga av tiltak. Arbeid med sikkerheit og beredskap innanfor petroleumsverksemda er omtalt i kapittel 7 Sikkerheit- og beredskapsarbeid i del III av proposisjonen.

Klimautfordringane påverkar utviklinga i petroleumsverksemda. Sjølv om næringa framleis arbeider med klima- og miljøvennlege løysingar, ser ein no eit skifte der leveransesikkerheit blir prioritert høgare. Myndigheitene følger utviklinga tett, mellom anna gjennom dialog med relevante partar og samarbeid mellom aktuelle myndigheiter.

Brukt på rette måten kan ny teknologi, som kunstig intelligens, bidra til å redusere risiko. Ei heilskapleg risikoforståing og god barrierestyring er grunnlaget for sikkerheit, også når ein tar i bruk ny teknologi. Det er derfor viktig å både forstå og handtere dei spesifikke risikoane som er knytte til teknologien, og dei risikoane som oppstår når teknologien blir brukt i eit domene som har storulykkepotensial og er avgjerande for energisikkerheita.

Hovudmål

Regjeringa har som ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på HMS. Det gjeld også for dei nye industrinæringane på sokkelen. Ambisjonen skal bidra til sikker drift, og sikkerheit for arbeidstakarane på sokkelen.

Eit høgt HMS-nivå er ikkje noko ein kan ta for gitt. På enkelte område er det framleis behov for betre førebyggande arbeid og tilpassa oppfølging av risiko. Regjeringa legg til grunn at det etablerte HMS-regimet, med godt partssamarbeid og ei tydeleg tilsynsmyndigheit, framleis vil vere avgjerande for ei kontinuerleg forbetring av HMS-nivået på sokkelen.

Både ansvaret for og nøkkelen til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået og effektiv drift ligg hos næringa sjølv. Oppfølginga frå myndigheitene kjem i tillegg til, ikkje som erstatning for, oppfølging frå selskapa. Dette ansvaret inneber også oppfølging av kontrollplikta: Operatøren må følge opp leverandørar nedover i kjeda, og rettshavaren må følge opp operatøren. Myndigheitene forventar at næringa er i stand til å styre og tilpasse seg endringar og samtidig ta ansvar for å vidareutvikle og styrke sikkerheita og arbeidsmiljøet.

Kunnskapen og teknologien utviklar seg raskt i petroleumsverksemda og i ny industriverksemd til havs. Teknologiutvikling fører i hovudsak til betre sikkerheit og effektivitet, men kan også føre med seg nye utfordringar som verksemdene må handtere. Det er forventa at aktørane utviklar og tar i bruk ny teknologi som bidrar til auka effektivitet og sikkerheit, og til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået.

Det er nødvendig med kontinuerleg kunnskapsutvikling og god dokumentasjon av HMS, ikkje minst som følge av den teknologiske utviklinga. I petroleumsverksemda er utviklinga og oppfølginga av RNNP eit viktig tiltak i denne samanhengen.

Det er behov for å satse vidare på forsking og innovasjon innanfor HMS i sektoren. Grunnleggande og anvend forsking, mellom anna finansiert gjennom midlar til Forskingsrådet, bidrar til ny kompetanse, teknologi og innovasjon som kan forhindre storulykker og forbetre helsa, arbeidsmiljøet, sikkerheita og sikringa i sektoren jf. omtale under programkategori 18.30.

Energidepartementets mål og oppgåver

Energidepartementet har ansvar for etatsstyringa av Havtil og forvaltningsansvaret for arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring etter petroleumslova og arbeidsmiljølova. Departementet med Havtil har vidare forvaltningsansvar for arbeidsmiljø, sikkerheit og beredskap etter havenergilova, havbotnminerallova og arbeidsmiljølova for fornybar energiproduksjon til havs og mogleg kommande havbotnmineralaktivitet. Departementet har også fått delegert myndigheit etter lov om andre undersjøiske naturførekomstar når det gjeld transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.

Departementet skal sørge for ei samordna og heilskapleg forvaltning av regelverk som gjeld krav til og tilsyn med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring.

Gjennom styringsdialogen skal departementet følge opp korleis Havtil arbeider med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i tilknyting til sitt myndigheitsansvar.

Gjennom etatsstyringa skal departementet arbeide aktivt for at Havtil følger opp myndigheitsutøvinga i verksemdene. Departementet legg vekt på at Havtil er tydeleg i bruken av verkemiddel og reaksjonar.

Ved gjennomføringa av konsesjonsrundar og godkjenning av utbyggingsplanar skal departementet sjå til at aktørane på norsk sokkel er seriøse og kompetente, og at dei bidrar til å oppretthalde eit høgt nivå for helse, miljø og sikkerheit på norsk sokkel.

Den norske modellen, med eit velfungerande to- og trepartssamarbeid, er ein vesentleg føresetnad og ein viktig arena for HMS-regimet på sokkelen. Eit godt samarbeid føreset god og open kommunikasjon, gjensidig anerkjenning av roller og ansvar, og reell medverknad frå arbeidstakarane. Departementet vil legge vekt på at Havtil, i samarbeid med partane, held fram med å legge til rette for eit godt partssamarbeid.

Energidepartementets resultat for 2025

I 2025 har departementet følgt opp Havtil gjennom styringsdialogen og arbeidd for å sikre ei heilskapleg og koordinert forvaltning innanfor ansvarsområdet til departementet.

Gjennom året har departementet også følgt opp arbeidet Havtil gjer med ei ny forskrift om sikkerheit og arbeidsmiljø ved fornybar energiproduksjon til havs, og arbeidd med å utvide arbeidsmiljølova slik at ho gjeld for denne typen verksemd. Utvidinga tredde i kraft 1. januar 2026.

Vidare har departementet følgt opp Havtil sitt arbeid med å ferdigstille ei sikkerheitsforskrift for havbotnmineralverksemd. Forskrifta tredde i kraft 15. oktober 2025.

I 2025 sette departementet ned ei partssamansett arbeidsgruppe som skulle gi ein felles oppdatert status for sikkerheit og arbeidsmiljø i havnæringane innanfor ansvarsområdet til departementet. Arbeidsgruppa leverte rapport til energiministeren 5. juni 2026. Rapporten vil vere eit viktig bidrag til arbeidet med ei ny melding til Stortinget om sikkerheit og arbeidsmiljø i havindustrinæringane. Meldinga skal etter planen leggast fram i 2027.

Departementet har i 2025 også følgt med på risikobiletet i petroleumsverksemda og på relevant forskings- og utviklingsarbeid knytt til arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring.

Havindustritilsynet

Havindustritilsynet skal legge premissar for og følge opp at aktørane innanfor myndigheitsområdet deira held eit høgt nivå når det gjeld sikkerheit, helse, arbeidsmiljø og sikring.

Myndigheitsansvaret til Havtil omfattar petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel i tillegg til enkelte nærmare angitte petroleumsanlegg på land. Havtil har med det også ansvar for å følge opp sikringstiltaka til aktørane og beredskapen deira mot bevisste anslag.

Havtil er sektortilsyn etter sikkerheitslova for petroleumsverksemda, og følger opp at verksemdene tar ansvar for sikkerheit og sikring i tråd med sektorregelverket og sikkerheitsregelverket.

Havtil har også tilsynsansvar for arbeidsmiljø, sikkerheit og beredskap for transport og lagring av CO2 i undersjøiske geologiske formasjonar på kontinentalsokkelen. I tillegg har Havtil ansvar knytt til havenergilova § 5-1 om beredskap, sikkerheit og arbeidsmiljø og havbotnminerallova kapittel 6 og § 9-1 om sikkerheit og beredskap.

Havtil skal, på eit fagleg og sjølvstendig grunnlag, følge opp at aktørane følger opp ansvaret dei har etter petroleumslovgivinga, arbeidsmiljølovgivinga og anna relevant regelverk som ligg til myndigheita til Havtil.

Havtil har kontor i Stavanger. Det blei utført 176 årsverk i 2025.

Mål

Havtil skal, i tråd med gjeldande regelverk for dei enkelte ansvarsområda, bidra til å nå følgande hovudmål innanfor sitt ansvarsområde:

  • at risikoen for storulykker i petroleumsverksemda blir redusert

  • at verksemdene har eit systematisk førebyggande arbeid med helse, arbeidsmiljø og sikkerheit, og at arbeidsforholda er forsvarlege

  • at verksemdene har nødvendige sikringstiltak som bidrar til å hindre uønskte hendingar, og at dei sørger for beredskap tilpassa det til kvar tid gjeldande risikobiletet

Havtil følger opp verksemdene gjennom tilsyn, rettleiing og informasjon. I denne oppfølginga legg dei vekt på å vere ei sterk og tydeleg tilsynsmyndigheit med nødvendig tillit og legitimitet.

Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for HMS-nivået på eigne anlegg og innretningar. Havtil fører tilsyn med at aktørane følger opp dette ansvaret gjennom alle fasar av verksemda.

I petroleumsverksemda er det potensial for storulykker. Verksemdene er ansvarlege for å førebygge, ha beredskap for og sette i verk risikoreduserande tiltak i tråd med gjeldande regelverk.

Ein føresetnad for å sikre trygg drift og eit forsvarleg arbeidsmiljø i tråd med regelverket er at verksemdene på kvar arbeidsplass legg til rette for eit godt fungerande topartssamarbeid, gjer systematiske risikovurderingar og set i verk risikoreduserande tiltak for kontinuerleg læring og forbetring.

Resultat 2025

Redusere risikoen for storulykker i petroleumsverksemda

Havtil nyttar resultat frå RNNP, saman med informasjon frå tilsynsaktivitetar og oppdatert kunnskap, som grunnlag for å sikre ei målretta og risikobasert tilsynsoppfølging.

Ved alvorlege hendingar kan Havtil gjennomføre granskingar. Talet på slike granskingar varierer frå år til år, avhengig av kor mange alvorlege hendingar det er i næringa. I 2025 blei det starta sju granskingar, noko som er på nivå med dei tre føregåande åra.

Havtil publiserer granskings- og tilsynsrapportane sine for å fremme erfaringsdeling og styrke læringa på tvers av sektoren.

Brønnkontroll

Brønnkontrollhendingar inneber ein potensiell risiko for storulykker og er derfor noko Havtil prioriterer høgt. Talet på slike hendingar på norsk sokkel har vore stabilt dei siste ti åra. I 2025 blei det registrert 15 brønnkontrollhendingar, mot 14 i 2024. I 2025 har Havtil særleg retta merksemda mot dei bakanforliggande årsakene for å styrke læringa og risikoførebygginga.

Internasjonal statistikk viser ein aukande trend i hendingar knytte til permanent plugging og forlating av brønnar. Når fleire felt nærmar seg slutten av levetida, blir det også fleire brønnar som skal pluggast. Prognosar fram mot 2032 viser at det skal pluggast i underkant av 300 utvinningsbrønnar, og at talet på brønnar som skal pluggast og forlatast permanent, vil auke årleg fram mot 2050. Det er viktig at dette arbeidet blir utført på ein sikker måte, samtidig som næringa utviklar ny teknologi og nye arbeidsmetodar og deler erfaringar. Havtil har i 2025 retta særleg merksemd mot arbeidet næringa gjer med å kvalifisere ny teknologi.

Havtil har i 2025 gjennomført tilsyn med planlegging og gjennomføring av bore-, brønn-, plugge- og intervensjonsoperasjonar. Tilsyna har vore risikobaserte og har særleg fokusert på kompetanse, kritiske operasjonar og operasjonar med små marginar. Havtil følger også opp statusen for brønnintegriteten i mellombels plugga og forlatne brønnar på norsk sokkel. Dette arbeidet har gitt betre oversikt og lagt grunnlaget for å prioritere næringa si oppfølging av brønnar med svekte barrierar eller barrierebrot. Gjennom systematisk kunnskapsdeling har etaten bidratt til ytterlegare risikoreduksjon innanfor brønnkontroll.

Hydrokarbonlekkasjar

Hydrokarbonlekkasjar kan føre til brann eller eksplosjon og dermed tap av menneskeliv, akutte utslepp av hydrokarbon til luft og sjø og store materielle tap. Totalt sett har talet på hydrokarbonlekkasjar på sokkelen gått markant ned i perioden 2005–2025, med nokre svingingar dei siste åra. På sokkelen var det registrert fem hydrokarbonlekkasjar utan brann både i 2024 og i 2025. På landanlegga blei det registrert tre hydrokarbonlekkasjar i 2025, mot fem i 2024. Dette er færre hydrokarbonlekkasjar enn i noko tidlegare år. I 2025 var risiko knytt til hydrokarbonlekkasjar eit gjennomgåande tema i tilsyna til Havtil, særleg innanfor risikostyring og barrierestyring.

Vedlikehald

Manglande vedlikehald er ofte ein medverkande faktor ved konstruksjonshendingar. Tilsyn viser at selskapa prioriterer vedlikehald av sikkerheitskritisk utstyr, men at det framleis er rom for forbetring. RNNP 2025 viser at det totale vedlikehaldsetterslepet har auka på sokkelen og ved enkelte landanlegg. Etaten har følgt opp gjennom revisjonar, studiar og deltaking i bransjeforum. Gjennom kunnskapsformidling bidrar Havtil til å auke bevisstheita om vedlikehald og god vedlikehaldsstyring som verkemiddel for å redusere risikoen for storulykker.

Konstruksjonar og marine system

Svikt og feil i dei marine systema kan skape risiko for storulykker. Svikt i konstruksjonar kan føre til redusert bereevne og i ytste konsekvens tap av innretninga. Degradering av materialar, som korrosjon og utmatting, kan dessutan føre til hydrokarbonlekkasjar frå røyr og tankar.

I 2025 blei det rapportert seks hendingar med skadar på konstruksjonar og marine system, mot ni i 2024. Gjennom fagrapportar, fagforum og konferansar har Havtil bidratt til å styrke kunnskapen i næringa om sentrale tema som kan redusere risikoen for hendingar knytte til konstruksjonar og marine system.

Kunstig intelligens

Havtil vel kvart år eit hovudtema som får særleg merksemd i oppfølginga av næringa. «Kunstig intelligens er også ein risikofaktor» var hovudtemaet i 2025. Bruken av kunstig intelligens (KI) i petroleumsverksemda aukar raskt og kan påverke risikoen knytt til storulykker og kritisk infrastruktur. KI-løysingar i planlegging og drift kan påverke arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring både direkte og indirekte.

Tilsyn viser at fleire avgjerdstakarar har avgrensa kjennskap til korleis KI er regulert, og næringa har etterspurt meir rettleiing.

For å auke kunnskapen om KI-relatert risiko samarbeider Havtil med nasjonale og internasjonale myndigheiter og forskingsmiljø.

Førebyggande helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsarbeid

Havtil har også i 2025 prioritert oppfølging av førebyggande helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsarbeid, med særleg vekt på korleis selskapa handterer det fysiske og kjemiske arbeidsmiljøet, det organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøet og ergonomi. Dette kjem i tillegg til den kontinuerlege oppfølginga av tiltak for å redusere arbeidsmiljørisiko, hindre akutte personskadar og sikre seriøse og anstendige arbeidsvilkår.

Etaten har lagt særleg vekt på risiko knytt til eksponering for kreftframkallande kjemikaliar og tungmetall. Desse stoffa blir nytta i ulike delar av petroleumsverksemda, som boring og brønn, vedlikehald, prosess og produksjon. I samarbeid med Statens arbeidsmiljøinstitutt har Havtil utvikla eit betre datagrunnlag for eksponering. I 2025 utarbeidde tilsynsmyndigheitene dessutan ei felles retningslinje for korleis ein skal forstå og etterleve krava til eksponeringsregister for arbeidstakarar som blir eksponerte for kreftframkallande, mutagene og forplantingsskadelege kjemikaliar og bly. Oppfølginga skjer både gjennom tilsyn med enkeltselskap og gjennom informasjonsinnhenting og kunnskapsutvikling.

I løpet av året har Havtil også retta merksemd mot førebygging av personskadar ved løfteoperasjonar. Løfteoperasjonar er ei av hovudårsakene til personskadar i næringa. Årsaka er ofte knytt til operasjonelle forhold på innretningar og anlegg, som korleis løfteoperasjonar blir planlagde, risikovurderte og gjennomførte.

I juni 2025 vedtok Stortinget endringar i arbeidsmiljølova § 4-3 som tydeleggjer krava til det psykososiale arbeidsmiljøet. Målet er å gi betre rettleiing og gjere verksemdene meir bevisste på kva dei skal arbeide med for å sikre eit forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø. Havtil har saman med Arbeidstilsynet bidratt med informasjon om endringane, og ser ei positiv utvikling i bransjen med auka merksemd på dette området. Psykososiale og organisatoriske faktorar som kan føre til muskel- og skjelettplager, er inkluderte i risikovurderingane, og Havtil har vore opptatt av at selskapa balanserer førebyggande og reaktive tiltak. Medverknad frå arbeidstakarane har vore eit sentralt tema i tilsyn og oppfølging av selskapa og i dialogen med partane i næringa. Det varierer framleis korleis selskapa legg til rette for medverknad, men oppfølginga har bidratt til at det har fått høgare prioritet.

Rammevilkår har også vore eit høgt prioritert tema, og Havtil har følgt opp moglege negative HMS-konsekvensar gjennom tilsyn og møte med aktørar i heile leverandørkjeda. Resultata viser at det framleis må rettast merksemd mot dette området.

I 2025 var det fleire alvorlege hendingar ved landanlegga, som arbeidsulykker, også med eit dødeleg utfall, eksponering for helseskadelege gassar og avdekte utfordringar knytte til arbeidsvilkåra for innleigde arbeidstakarar. Regjeringa ser alvorleg på forholda som er avdekte, og følger opp tilsynsmyndigheitene for å sikre at nødvendige tiltak blir gjennomførte, og at verksemdene følger opp ansvaret sitt for eit trygt og seriøst arbeidsliv.

Ny industriverksemd til havs

Havtil har i 2025 prioritert utvikling av kunnskapsgrunnlag og risikobilete knytte til havbotnmineralverksemd. Den nye havbotnmineralsikkerheitsforskrifta med tilhøyrande rettleiing blei fastsett 15. oktober 2025 og tredde i kraft med same dag.

Sikker CO2-handtering er eit viktig tiltak for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Havtil regulerer og fører tilsyn med transport og injeksjon av CO2 på norsk sokkel og har utarbeidd eit arbeidsmiljø- og sikkerheitsregelverk på området. Etaten følger med på utviklinga i næringa og tilpassar oppfølginga i takt med denne.

Petroleumsnæringa arbeider aktivt for å redusere klimaavtrykket ved produksjon av olje og gass, mellom anna gjennom elektrifisering og fangst, transport og lagring av CO2. Havtil har i 2025 følgt utviklinga for å identifisere område med høg HMS-risiko og har arbeidd med kunnskapsinnhenting og regelverksutvikling.

Havtil arbeider med å utvikle ei forskrift om sikkerheit og arbeidsmiljø for fornybar energiproduksjon til havs. I 2025 har etaten også vidareført arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget, mellom anna om risikoforhold som er relevante for havvindverksemd.

Sikring og beredskap for å bidra til å hindre uønskte hendingar

Sikring, IKT-sikkerheit og samfunnssikkerheit har vore i fokus i petroleumsverksemda dei siste åra, noko som mellom anna heng saman med den krevjande sikkerheitssituasjonen i Europa. Både myndigheitene og næringa følger med på korleis risiko- og trusselbiletet utviklar seg. Myndigheitene forventar at næringa, i tråd med regelverket, følger opp og tilpassar sikringstiltak og beredskap til det risikobiletet som gjeld til kvar tid.

Havtil har også i 2025 bidratt til å forbetre tilstanden gjennom tilsynsaktivitet, dialog og møte med aktørane i næringa og gjennom samhandling med andre myndigheiter. Etaten har bidratt til den nasjonale beredskaps- og krisehandteringa ved å dele kunnskap om situasjonsbiletet i petroleumsverksemda. Ei felles situasjonsforståing og eit klarare og meir presist situasjonsbilete er viktig for at myndigheitene skal kunne få eit betre avgjerdsgrunnlag for å handtere situasjonen, samhandle om iverksetting av tiltak og tilpasse oppfølginga av aktørane.

Petroleumsnæringa har over lengre tid vore opptatt av å styrke motstandskrafta mot tilsikta handlingar. Tilstrekkeleg grunnsikring og god reparasjonskapasitet er viktige tema som både næringa og myndigheitene har lagt vekt på. Samtidig utviklar trusselaktørane stadig nye verktøy og metodar. Selskapa må derfor følge med og ved behov vidareutvikle sikringstiltaka og tilpasse beredskapen. Havtil erfarer mellom anna at det framleis er behov for å styrke samhandlinga med leverandørane for å betre tiltaka knytte til personellsikkerheit, IKT-sikkerheit og fysisk sikring. I 2024 ferdigstilte Havtil eit sett med øvingsrettleiarar for IKT-sikkerheit, som næringa tok i bruk i 2025. I 2025 har Havtil gjennomført fleire tilsyn med industriell IKT-sikkerheit.

Ein nærmare omtale av sikring og beredskap i petroleumsverksemda finst under Sikkerheits- og beredskapsarbeid i del III.

Kap. 1860 Havindustritilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

393 403

385 300

405 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

27 673

26 000

26 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

3 404

4 000

4 000

Sum kap. 1860

424 480

415 300

435 000

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å løyve 405 millionar kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter, der lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 75 prosent. Vidare foreslår departementet å gi fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 10 Refusjonar, jf. forslag til vedtak II.

I tillegg til løns- og prisjustering heng auken frå saldert budsjett 2026 saman med ei styrking av intern sikring og støttefunksjonar innanfor sikkerheit. Det endra trusselbiletet, med skjerpte krav til risikohandtering og forvaltning av gradert kommunikasjon, har ført til vesentleg meir administrativt arbeid for Havtil.

Auka petroleumsaktivitet, levetidsforlengingar og omfattande arbeid med å fjerne innretningar krev tett fagleg oppfølging og eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. For å sikre tilstrekkeleg kapasitet er løyvinga auka samanlikna med saldert budsjett for 2026. Aktiviteten omfattar sektorfinansierte oppgåver, jf. kap. 5582, post 75. Auken skal medverke til at Havtil kan nytte eksterne ressursar for å halde oppe nødvendig kapasitet og høg fagleg kvalitet i gjennomføringa av sektoroppgåvene.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å løyve 26 millionar kroner til tilsyn med petroleumsaktivitetar som Havtil utfører på eiga hand eller med bistand frå andre.

Utgiftene blir finansierte gjennom gebyrinntekter eller sektoravgifter frå operatørselskap og kontraktørar. Inntektene blir førte under kap. 4860, post 01 Gebyrinntekter, eller kap. 5582, post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Departementet foreslår ei løyving på 4 millionar kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga skal dekke utgifter knytte til samarbeidsavtalar om rådgiving til utviklingsland innanfor områda sikkerheit og arbeidsmiljø, jf. tilsvarande inntektsløyving under kap. 4860, post 02.

Kap. 4860 Havindustritilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Gebyrinntekter

82 338

92 312

96 000

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

3 409

4 000

4 000

10

Refusjonar

5 280

Sum kap. 4860

91 027

96 312

100 000

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå tilsyn med helse, miljø og sikkerheit i petroleumssektoren, retta mot enkeltselskap.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1860, post 23.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

75

Sektoravgifter under Havindustritilsynet

139 316

145 000

151 500

Sum kap. 5582

139 316

145 000

151 500

Post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet

Havindustritilsynet finansierer tiltak retta mot heile eller delar av petroleumsnæringa gjennom sektoravgifter. Sektoravgiftene blir fastsette slik at dei ikkje overstig dei faktiske kostnadene Havtil har til dei formåla avgiftene skal dekke. Heimel for å krevje inn avgiftene er gitt i forskrift om gebyrinnkrevjing ved petroleumstilsyn.

Auken i inntektsløyvinga svarer til den auka aktiviteten for sektorfinansierte oppgåver under kap. 1860, post 01.

Fotnotar

1

Statistisk sentralbyrå

2

Sokkeldirektoratets ressursrapport 2026

3

Endringa er innanfor statistisk forventningsintervall.