Del 3
Omtale av særlege tema
6 Oppfølging av berekraftsmåla i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har samordningsansvaret for oppfølginga av berekraftsmåla nasjonalt, og bidrar til måloppnåing gjennom sektoransvaret innanfor utviklinga av den statlege arbeidsgivar-, digitaliserings-, forvaltnings- og bygg- og eigedomspolitikken.
I samordningsrolla har departementet sørgt for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om Noreg si måloppnåing i Meld. St. 35 (2024–2025) Noregs arbeid med berekraftsmåla – status, utfordringar og vegen vidare og ein statusrapport (VNR-rapport) til FN som blei presentert under FNs høgnivåforum i juli 2026. Departementet koordinerer òg regjeringa sin årlege rapport til Stortinget om oppfølginga av dei 17 berekraftsmåla. Rapporten følgjer som et digitalt vedlegg til denne proposisjonen.
Dette kapittelet omtalar innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansiert over budsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, med vekt på dei delmåla der departementet sitt sektoransvar har størst betyding.
Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
Målet om å oppnå likestilling og sikre kvinnene si deltaking i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet heng tett saman med den statlege arbeidsgivarpolitikken. Hovudtariffavtalene for 2026–2028 slår fast at verksemdene skal arbeide systematisk for å fremje likestilling og mangfald, og hindre diskriminering, i samarbeid med dei tillitsvalde. Hovudavtalen i staten stiller i tillegg krav om at verksemdene skal regulere samarbeidet med tillitsvalde om likestilling i lokale avtaler. Eit slikt samarbeid legg til rette for eit meir målretta og effektivt likestillingsarbeid.
Delmål 5.b) Styrkje bruken av mogleggjerande teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner i samfunnet
Noreg er eit av landa i verda med høgast del av innbyggarane som har tilgang til og brukar digital teknologi. Det er små skilnader mellom kjønna i bruken av teknologi, men blant eldre er det noko færre kvinner enn menn som har tilgang på og brukar digitale verktøy og tenester. Blant eldre og personar med ulike former for nedsett funksjonsevne er det mange som ikkje beherskar digitale verktøy, fordi utforming og brukargrensesnitt ofte ikkje er tilpassa brukarane sine ulike forutsetningar. Digitaliseringsdirektoratet har hovudansvaret for å koordinere oppfølginga av regjeringa sin politikk for digital inkludering og forvaltar mellom anna tilskot til etablering av kommunale opplæringstilbod i digital kompetanse til innbyggarane.
Delmål 8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar
Deling av data er avgjerande for å skape eit meir berekraftig samfunn. Digitaliseringsdirektoratet har ei viktig oppgåve i å fremje deling og bruk av data, og gjennom det gjere det mogleg å skape nye verdiar, innovasjon og meir effektive og miljøvenlege løysingar på store samfunnsutfordringar. Døme på at deling av data skapar ny næring og effektivisering, er mellom anna at verdata blir brukt til å planlegge shippingruter for å redusere energibruk og utslepp samt planlegge gjødsling og førebygge utslepp frå landbruket. Digitaliseringsdirektoratet utviklar og tilbyr samfunnskritiske fellesløysingar som gjer at statlege verksemder og kommunar slepp bruke ressursar på eigne løysingar for å løyse like behov.
Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
Mobil- og breibandnetta i Noreg held høg kvalitet og har god sikkerheit, og det har òg vore ei forbetring av tilknytinga til utlandet gjennom fleire alternative føringsvegar. Kommersielle investeringar er hovudgrunnlaget for utbygging i Noreg. I nokre område er det nødvendig med statlege bidrag for å sikre at dei aller siste husstandane og verksemdene får eit tilfredsstillande tilbod, som innkjøpsordninga for funksjonell internettilgang som skal opprettast, eller for å styrkje sikkerheita og beredskapen.
Delmål 9.c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020
Dei aller fleste i Noreg har god tilgang til kommunikasjonsteknologi. Tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at 99,3 pst. av husstandane hadde tilbod om breiband på minst 100 Mbit/s ved utgangen av 2025. 99,8 pst. av husstandane i landet hadde tilbod om 5G basisdekning ved utgangen av 2025.
Ny teknologi, til dømes satellitt-teknologi, gjer at det er stort potensiale for auka dekning i dei minst utvikla landa. Noreg støttar arbeidet til FN-organet Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og satellittorganisasjonane ITSO og EUTELSAT for universell og rimeleg tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi, gjennom medlemskap i desse organa.
Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet og delmål 8.5) Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid
Rekrutteringsarbeidet i staten skal ha ei brei og inkluderande tilnærming. Fleire tiltak skal bidra til dette. Forskrift til statstilsettelova pålegg statlege verksemder å kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring (hol i CV-en) til intervju. Etter forskrifta er det høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, dersom vedkomande er nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Etter forskrifta er det gitt høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Staten har eit eige traineeprogram for personar med funksjonsnedsetjing og hol i CV-en.
Auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er òg viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandsfødde til intervju.
I hovudtariffavtalene (2026–2028) er det nedfelt i ein protokolltilførsel om at partane i staten skal sette ned eit partssamansett råd for likestilling, inkludering, mangfald og integrering. Rådet skal følgje med på og diskutere status, og foreslå eventuelle tiltak for auka likestilling, inkludering, mangfald og integrering i det statlege tariffområdet.
I 2025 blei det gitt ei fellesføring om at alle dei statlege verksemdene skal ha ei positiv utvikling i talet på tilsettingar av personar med nedsett funksjonsevne og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2025 samanlikna med 2024. Fellesføringa er vidareført for 2026. I tillegg har dei sentrale partane i staten sett av 2 mill. kroner til eit prosjekt der ein skal sjå på mangfaldsarbeidet i staten generelt. Prosjektet skal sluttførast i løpet av første kvartal 2027.
Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for å skape meir samanhengande tenester, slik at innbyggarar og næringsliv i heile landet får eit betre tilbod og ei meir einsarta brukaroppleving. Digitaliseringsdirektoratet er òg tilsyn for universell utforming av IKT i både offentleg og privat sektor. Universell utforming gjer det mogleg for alle å delta i samfunnet på like vilkår, og er eit viktig verkemiddel for å redusere digitalt utanforskap. Departementet arbeider for auka digital kompetanse hos utsette grupper i samfunnet for å førebygge digitale ulikheiter.
Delmål 13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
Klima- og miljøomsyn er omtala i begge reiseavtalene i staten. Av omsyn til klimaet skal ein alltid vurdere kor nødvendig ei reise er før ho blir gjennomført. Etter ei samla vurdering skal reisa gjennomførast på den måten som er raskast, rimelegast og mest miljøvennleg for staten, så langt dette er foreinleg med ei effektiv og forsvarleg gjennomføring av reisa. I vurderinga av kva som for staten er det raskaste og rimelegaste alternativet, skal òg miljøomsyn inngå i vurderinga.
Partane i staten har bestilt ein forskingsrapport som tar for seg klimagassutsleppa frå reiseverksemda i staten. Målet med rapporten er å skaffe kunnskap om reisevanar, utslepp og kva faktorar og dilemma, mellom anna praktisering av miljøkravet i reiseavtalene, som påverkar vala i samband med reiser og reiseverksemd i det statlege tariffområdet. Ramma for prosjektet er 1,5 mill. kroner, og prosjektet skal ferdigstillast i løpet av 2026.
Delmål 16.5) Betydeleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former
Noreg er framleis blant landa med lågast opplevd korrupsjon i verda. Sjølv om Noreg dei siste åra har falle noko på korrupsjonsindeksen til Transparency International, er Noreg i den nyaste korrupsjonsindeksen for 2025 plassert på ein delt fjerdeplass internasjonalt.
Innbyggarundersøkinga frå DFØ, publisert i 2026 og basert på svar samla inn hausten 2025, viser at færre enn i 2024 trur det førekjem korrupsjon i staten og i kommunane. Framleis meiner om lag halvparten av innbyggjarane at ulike former for korrupsjon skjer i det offentlege.
Noreg har sterke demokratiske institusjonar som spelar ei sentral rolle i å førebygge og kjempe mot korrupsjon. Samstundes er det viktig å vidareutvikle dette arbeidet gjennom målretta innsats og nye tiltak der det er behov. I handlingsplanen Ei open forvaltning har Noreg forplikta seg til å styrkje den strategiske tilnærminga til antikorrupsjonsarbeidet, mellom anna gjennom konkrete tiltak som er omtala i Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar. Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet.
Delmål 16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå
Statlege institusjonar i Noreg er ansvarlege, transparente og opne, og dei er underlagt klare maktavgrensingar. Norske domstolar medverkar til at staten respekterer og sikrar menneskerettane, mellom anna prinsippet om likskap for lova og ikkje-diskriminering.
Noreg var ein av dei åtte initiativtakarane til det internasjonale samarbeidet Open Government Partnership (OGP). OGP bygger på prinsippet om at ei open, velfungerande og brukarvenleg forvaltning best blir utvikla gjennom tett samarbeid mellom offentleg forvaltning og sivilsamfunnet. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale forpliktingane for styrka openheit i forvaltninga. Forpliktingane blir utarbeidde i samråd med sivilsamfunnet og reflekterer felles prioriteringar for større openheit.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er samordnar og pådrivar for OGP-arbeidet i Noreg. Departementet koordinerer eit interessentforum der representantar frå forvaltninga og sivilsamfunnet møtest jamleg for å drøfte spørsmål knytt til openheit. I 2024 la regjeringa fram den femte handlingsplanen for OGP, som varer frå 2024 til 2027. Planen inneheld forpliktingar innan område som openheit om offentlege innkjøp, antikorrupsjon og digital inkludering. Gjennom OGP bidrar Noreg òg til å fremje openheit globalt som medlem av OGPs styringskomité. Internasjonal deltaking gir høve til å dele erfaringar frå norsk forvaltning, samstundes som vi lærer av andre land sine løysingar og tilnærmingar. Deltakinga blir sett i samanheng med andre internasjonale initiativ, som til dømes OECD sitt arbeid for open og ansvarleg forvaltning.
Noreg følgjer òg opp tilrådingar frå den internasjonale organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som jamleg undersøker tillit til styresmaktene og tilhøyrande institusjonar i OECD-medlemslanda. I OECDs tillitsundersøking frå juni 2026 skårar Noreg framleis over OECD-gjennomsnittet, med 50 pst. som rapporterer høg eller moderat tillit til offentleg forvaltning, samanlikna med 45 pst. i OECD samla.
Digitale fellesløysingar og deling av data legg til rette for effektivitet og openheit i institusjonar på alle nivå. Digitale fellesløysingar gjer det enklare for offentlege verksemder å lage trygge og brukarvenlege digitale tenester, slik at det blir enklare for innbyggarar og næringsliv å ta tenestene i bruk.
Vidarebruk av data handlar om å gi næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til data som offentleg forvaltning har, på ein slik måte at dei lett kan brukast i nye samanhengar. Departementet fremja våren 2026 Prop. 54 LS (2025–2026) Lov om datadeling og dataforvaltning (dataforvaltningsloven) for Stortinget. Dataforvaltningslova blei vedteken i juni 2026. Lova bygger på vidarebruksutvalet si utgreiing NOU 2024: 14 Med lov skal data deles. På data.norge.no, som er Noreg sin offisielle nettstad for data frå offentleg sektor, kan verksemdene registrere datasett som er gjorde tilgjengelege for gjenbruk og vidare bruk, og finne rettleiingsmateriell og informasjon om aktuelle lisensar.
Innsynsløysinga eInnsyn.no i Digitaliseringsdirektoratet sørgjer for at innbyggarane får utøvd den demokratiske retten sin til openheit og innsyn i offentleg forvaltning. Digitaliseringsdirektoratet skal legge til rette for at alle i Noreg med behov, har tilgang til ein elektronisk ID. Tilgang til ein elektronisk ID er ein føresetnad for å nytte seg av digitale offentlege tenester. Det er avgjerande for tilliten at institusjonane er velfungerande og opptrer rettferdig. Digitaliseringsdirektoratet arbeider òg for å styrkje informasjonssikkerheita i stat og kommune.
Delmål 17.14 Oppnå ein meir samstemt og heilskapleg politikk for berekraftig utvikling og delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar
Å finne berekraftige løysingar på komplekse og samanvevde utfordringar krev samordna innsats på tvers av sektorar, forvaltningsnivå og aktørar. Politisk forplikting frå regjeringa og engasjement frå sentrale aktørar er på plass for å bidra til ein meir samstemd og heilskapleg politikk for berekraftig utvikling. Det er inngått fleire samarbeid for å bidra til betre samordning og felles innsats for å oppfylle 2030-agendaen.
Toppleiarforumet for berekraftsmåla, etablert i 2022, har vist seg å vere ein eigna arena for å diskutere utfordringar og løysingar knytte til arbeidet med berekraftsmåla. Forumet samlar toppleiarar frå regjeringa, næringslivet, akademia, kommunesektoren, frivillig sektor og partane i arbeidslivet. Forumet samlast inntil tre gonger i året og blir leia av digitaliserings- og forvaltningsministeren.
Tilgang til statistikk og data er ei føresetnad for å vurdere framdrifta i arbeidet med berekraftsmåla. Sidan april 2020 har Statistisk sentralbyrå publisert statistikk for indikatorar for berekraftsmåla. Per april 2026 er om lag 217 nasjonale indikatorar og 115 globale indikatorar publiserte. Dei uavhengige indikatorane bidrar til openheit, etterprøvbarheit og eit felles faktagrunnlag for vurdering av utviklinga over tid. Dette har vore eit viktig grunnlag i regjeringa si vurdering av status i Noregs arbeid med berekraftsmåla i berekraftsmeldinga. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil fortsette arbeidet med å forbetre kunnskapsgrunnlaget om berekraftsmåla, irekna vidareutvikling av Statistisk sentralbyrå sin indikatorportal, i samarbeid med samlege departement.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og KS har ei samarbeidsavtale om innovasjon i offentleg sektor og oppfølging av berekraftsmåla. Målet med avtala er å bidra til ein nytenkande, innovativ og berekraftig offentleg sektor, som leverer gode tenester, har høg grad av tillit i befolkninga og finn nye løysingar på samfunnsutfordringar.
Regjeringa har saman med KS underteikna ei samarbeidsavtale med ideelle aktørar om levering av velferdstenester. Avtala anerkjenner og synleggjer den betydelege rolla ideelle organisasjonar har i å vareta velferdsmessige behov, og markerer eit viktig skritt i styrkinga av ideell sektor si rolle i velferdssamfunnet.
For å styrkje arbeidet med berekraftsmåla er det behov for at departementa har ei heilskapleg og samanhengande tilnærming til dei store samfunnsutfordringane. Strategien for departementsfellesskapet, Gode hver for oss. Best sammen., skal bidra til eit samordna, effektivt og kompetent departementsfellesskap som legg til rette for at prioriterte samfunnsutfordringar kan løysast. Eit av tre mål i strategien er samordna utvikling og gjennomføring av politikk. Dei tilsette i departementa skal gi regjeringa relevante og heilskaplege grunnlag for avgjerder, og vidareutvikle arbeidsformene sine for å sikre heilskap og langsiktig perspektiv i styringa av sektorar og samfunn og i statsbudsjettprosessen.
Digitaliseringsdirektoratet deltar i Digitalt Samarbeid Offentlig Privat (DSOP) som er eit samarbeid mellom offentlege verksemder og finansnæringa. Gjennom DSOP samarbeider privat næringsliv og offentleg sektor om å utvikle innovative og kostnadseffektive digitale løysingar for innbyggarane.
7 Samfunnssikkerheit og beredskap
Regjeringa arbeider heilskapleg og systematisk med samfunnssikkerheit. Føringane som er gitt i Nasjonal sikkerhetsstrategi, Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen – Forberedt på kriser og krig, Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet – Så åpent som mulig, så sikkert som nødvendig, Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur Mobil-, bredbånds- og internettjenester og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit. Hovudmålet er: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt arbeid med samfunnssikkerheit styrkjer evna til å førebygge og handtere alvorlege hendingar innanfor departementet sitt ansvarsområde.
Elektronisk kommunikasjon (ekom)
Elektroniske kommunikasjonsnett, mellom anna mobil- og breibandnett, utgjer saman med datasenter og elektroniske kommunikasjonstenester ein digital grunnmur for det norske samfunnet. Denne infrastrukturen som ber digitale tenester er i dag avgjerande for det norske samfunnet, og stadig fleire kritiske tenester blir digitalisert. Elektronisk kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Det overordna målet for ekomområdet er eit likeverdig tilbod av sikre og robuste elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet, som støtter nasjonal beredskap og større digitalt handlingsrom.
Regjeringa tar sikte på å legge fram den første langtidsplanen for sivil beredskap i 2026. Planen skal bidra til å styrkje den sivile beredskapen, med særleg vekt på situasjonar høgt i krisespekteret og dei kritiske samfunnsområda kraftforsyning, transport og digital infrastruktur (ekom). På bakgrunn av tilstandsvurderingane innanfor dei nemnde områda vil planen gjere greie for regjeringa sine strategiske, tverrsektorielle prioriteringar for å styrkje beredskapen høgt i krisespekteret.
Nasjonal sikkerhetsplan for digital infrastruktur, som blei lagt fram hausten 2025, legg til rette for ei betydeleg styrking av den digitale infrastrukturen i Noreg for å møte utviklinga og utfordringane vi står overfor. Planen skal støtte opp under regjeringa sine mål og prioriteringar gitt i nasjonal sikkerhetsstrategi og totalberedskapsmeldinga.
Løyvinga på kap. 1543, post 70 Telesikkerheit og -beredskap blei om lag dobla frå 2025 til 2026 for å følgje opp planen, og regjeringa foreslår å auke innsatsen ytterlegare i 2027. Midlane skal mellom anna gå til:
-
Å styrkje mobilnetta med reservestraum i tre døgn som førebygger mot utfall ved langvarige straumbrot. Styrkinga gjeld for alle tre mobilnetta (Lyse Tele, Telenor og Telia).
-
Å styrkje reservestraumkapasiteten i mobilnetta i utvalde tettstader og andre strategisk viktige område.
-
Raskare styrking av infrastrukturen i sårbare regionar, basert på omfattande, grundige og systematiske risiko- og sårbarheitsanalysar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.
-
Tiltak for å legge til rette for behov høgt i krisespennet som kjem militæret til gode.
Sikkerheitsplanen følgjer òg opp enkelte anbefalingar frå ekspertutvalet for nasjonal kontroll med kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur (ekomsikkerheitsutvalet).
I samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og tilbydarane, arbeider departementet med å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørgje for tilstrekkeleg beredskap. Ekomlova legg mellom anna til rette for ei ytterlegare styrking av sikkerheita og robustheita i nett og tenester, og regulerer datasenternæringa for første gang. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp sikkerheit og beredskap både etter ekomlova, sikkerheitslova og deler av digitalsikkerheitslova, mellom anna gjennom tilsyn, pålegg og rettleiing.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit bidrar gjennom det digitale responsmiljøet for ekomsektoren, EkomCERT, til auka samfunnssikkerheit og beredskap. EkomCERT innhentar, samanstiller og analyserer sikkerheitsrelatert informasjon, koordinerer og handterer cyberhendingar og utarbeider situasjonsbilete.
I 2024 etablerte Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet ein ny kriserigg for ekomsektoren. Kriseriggen skal bidra til førebygging og handtering av hendingar i sektoren. Departementet leiar kriseriggen på strategisk nivå, og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit leiar han på operasjonelt nivå. Som del av kriseriggen har departementet i 2026 halde fram arbeidet med Strategisk sikkerheitsråd for elektronisk kommunikasjon, ein samarbeidsarena for diskusjon og erfaringsutveksling mellom myndigheiter og tilbydarar på strategisk nivå. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inviterer utvalde ekomtilbydarar og Nasjonalt tryggingsorgan, Politiets tryggingsteneste og Etterretningstenesta til regelmessige møter i Ekom sikkerheitsforum. Der blir det mellom anna utveksla informasjon på eit operativt nivå slik at tilbydarane har eit godt grunnlag for å vareta ansvaret for forsvarleg sikkerheit og beredskap i nett og tenester.
Departementet har identifisert enkelte funksjonar innanfor ekomsektoren som grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar) etter sikkerheitslova, fordi eit heilt eller delvis bortfall av desse funksjonane vil påverke staten si evne til å ta vare på nasjonale tryggingsinteresser. Det er identifisert tre GNF-ar innanfor elektronisk kommunikasjon: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan, evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan og evne til å vareta grunnleggande internett-tilgang. Evna til å halde ved lag elektroniske kommunikasjonstenester omfattar å sikre tilgjengelegheit, integritet og konfidensialitet. I tillegg er det identifisert ein GNF innanfor datasentertenester: Evne til å understøtte datalagring, dataprosessering og dataoverføring i Noreg.
Departementet har ved vedtak underlagt ei rekke verksemder innanfor ekomsektoren sikkerheitslova og har starta arbeidet med å underlegge verksemder innanfor datasenternæringa. For ekomsektoren har departementet utpeikt ei rekke skjermingsverdige objekt og infrastrukturar, og klassifisert desse. Implementering og vidare oppfølging av sikkerheitslova er eit kontinuerleg arbeid, som blir gjort i nært samarbeid mellom ekomtilbydarane og datasenteroperatørane som er underlagd lova, departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Departementet vurderer jamleg om nye verksemder skal underlegast lova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er tilsynsorgan for ekomsektoren etter sikkerheitslova og har inngått ei samarbeidsavtale med Nasjonalt tryggingsorgan.
Satellittbasert kommunikasjon
Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for kommunikasjonsdelen, medan Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for det som omfattar navigasjon. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forvaltar regelverk for satellittbaserte kommunikasjonstenester, mellom anna ekomlova, satellittinnmeldingsforskrifta, fribruksforskrifta og dei såkalla jordstasjonsforskriftene. I tillegg deltar departementet i Romutvalet og Romsikkerheitsutvalet nedsett av Nærings- og fiskeridepartementet, som er ansvarleg for norsk rompolitikk. Den nye romlova, som tredde i kraft frå 1. juli 2026, har gitt ei ny og utvida regulering av dette feltet.
Satellittbasert kommunikasjon er identifisert som ein GNF i samsvar med sikkerheitslova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har på oppdrag frå Digitalisering- og forvaltningsdepartementet levert ei innstilling til departementet om korleis denne GNF-en bør følgjast nærare opp. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har identifisert viktigheita av satellittbasert kommunikasjon og konkretisert innhaldet i GNF-en, inkludert kva for aktørar som bør vurderast underlagt lova og aktuelle objekt og infrastrukturar som bør vurderast utpeikt som skjermingsverdige. Saka er no til vurdering i departementet. Arbeidet må òg sjåast i samanheng med andre romrelaterte GNF-ar.
Satellittområdet er prega av omfattande internasjonal verksemd. Samstundes skjer det endringar på området, med lågbanesatellittar som i aukande grad kan utgjere eit alternativ til og konkurrere med landbasert elektronisk kommunikasjon. Arbeidet med samfunnssikkerheit for satellittbasert kommunikasjon må derfor sjåast i samanheng med arbeidet med elektronisk kommunikasjon.
Digitale fellesløysingar
Digitale fellesløysingar er byggeklossar som brukast i utviklinga av offentlege, digitale tenester. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har etatsstyringsansvar for Digitaliseringsdirektoratet, som forvaltar fleire fellesløysingar, mellom anna ID-porten og Altinn. Det overordna målet for området er at offentleg sektor har trygge, stabile og tilgjengelege digitale fellesløysingar.
Behovet for trygge og stabile digitale tenester og robust infrastruktur som ein del av den samla motstandskrafta i samfunnet aukar. Samstundes peikar Nasjonalt tryggingsorgan på at trusselbildet er skjerpa, vedvarande og alvorleg. Digitale fellesløysingar og tillitsinfrastruktur er attraktive mål for påverknad, sabotasje og svindel, og kan òg bli råka indirekte gjennom hendingar i verdikjeder, leverandørledd eller samankopla tenester. Digitaliseringsdirektoratet arbeidar med å redusere risiko og sårbarheit i dei digitale fellesløysingane det har ansvar for. Dei siste åra har Digitaliseringsdirektoratet gjennomført ein omfattande modernisering av løysingane, mellom anna ny Altinn plattform. Modernisert teknologi bidrar til auka sikkerheit og stabilitet, men det er òg viktig at drift, sikring og forvaltning av direktoratet sine fellesløysingar er rusta for vekst og førebygging av digitale angrep. Den skjerpa sikkerheitspolitiske situasjonen krev stadig aukande merksemd på sikkerheit. I 2027 foreslår regjeringa derfor midlar til teknisk infrastruktur og styrking av drifts- og forvaltningsorganisasjonen i Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar, mellom anna for å ytterlegare styrkje arbeidet med sikkerheit.
Ny teknologi skaper moglegheiter, men òg nye utfordringar, då den opnar for nye former for vondarta verkemiddelbruk med betyding for nasjonal sikkerheit. Digitaliseringsdirektoratet arbeider med å styrkje sikkerheitsorganisasjonen og auke sikkerheitsnivået i fellesløysingane. Dette inneber å arbeide vidare med styringssystemet for informasjonssikkerheit (ISMS) for å møte den raske teknologiske utviklinga, særleg innan KI og kvanteteknologi. Arbeidet legg eit viktig grunnlag for å imøtekomme eksisterande og nye krav i samband med regelverk frå EU og Noreg1.
Det er etablert eit eige beredskapsforum for offentlege fellesløysingar for samhandling på tvers av etatane med ansvar for fellesløysingar. Hensikta med forumet er koordinering av beredskapsplanlegging og prosessar knytte til hendingar innanfor dei samfunnskritiske fellesløysingane for offentleg sektor. Beredskapsforumet varetar behovet for sektorvis responsmiljø (SRM) på minimumsnivå, og verksemdene held samstundes fram med å ha fast kontakt med Nasjonalt cybertryggingssenter i Nasjonalt tryggingsorgan.
Informasjonssikkerheit i forvaltninga
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har eit samordningsansvar for arbeidet med ei styrkt og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Informasjonsbehandling er viktig for offentlege verksemder si evne til å utføre oppgåver og yte tenester. Brot på informasjonssikkerheit kan påverke innbyggarane, næringslivet, samfunnsfunksjonar og nasjonale sikkerheitsinteresser. Digitalisering av forvaltninga gir nye moglegheiter og fremjar effektivitet, men skapar òg nye bindingar og sårbarheiter. Styrkt kompetanse og systematisk arbeid med informasjonssikkerheit er viktig for å motverke dei digitale sårbarheitene. Tydelege anbefalingar og samordna rettleiing der fleire sentrale aktørar samarbeider er prioritert. Nettverk for informasjonssikkerheit (NIFS), som blir forvalta av Digitaliseringsdirektoratet, blir vidareført. Sikkert.no, ein første versjonen av ein felles myndigheitsportal for digital tryggleik, blei lansert i januar 2026. Portalen er utvikla av Nasjonalt tryggingsorgan i tett samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet, politiet og Datatilsynet. Føremålet er å gjere råd og rettleiing meir tilgjengelege, forenkle tilgangen til informasjon og styrkje samordninga mellom verksemder.
For å styrkje informasjonssikkerheita i kommunane blei KommuneCERT oppretta i 2023 og lagt til HelseCERT. Helse- og kommuneCERT styrkjer digital sikkerheit gjennom rettleiing, førebygging, overvaking av digitale truslar, handtering av sikkerheitshendingar og operativ støtte til kommunane. Tenestene er gratis for kommunane. Gjennom digitale angrep kan store mengder sensitive personopplysningar og annan informasjon kome på avvegar. Det er ikkje nødvendigvis fragmentert eller manglande rettleiing eller regulering som er utfordringa for mange kommunar. Det kan òg handle om avgrensa kompetanse, kapasitet og modnad i sikkerheitsarbeidet. På desse områda er det variasjonar mellom kommunane. I 2027 foreslår regjeringa å auke løyvinga til Helse- og kommuneCERT for å bidra til å styrkje den digitale sikkerheiten i kommunane.
KI
Den svært raske utviklinga i evnar hos store språkmodellar (LLM) skapar nye utfordringar for cybersikkerheiten i den digitale infrastrukturen og system. Såkalla agentisk KI har vist at cyberangrep kan gjennomførast med ein hastigheit og eit omfang vi ikkje har sett tidlegare. Derfor må bruk av slike språkmodellar vurderast nøye med tanke på sikkerheit og pålitelegheit. Regjeringa foreslår at KI Noreg får auka løyving for å kunne evaluere KI-modellar, inkludert sikkerheita i desse. Arbeidet skal skje i samarbeid med forskingsmiljø og andre relevante aktørar. KI Noreg skal òg vere kontaktpunktet mot internasjonale sikkerheitsmiljø innan KI, til dømes AI Safety Institutes, med mål om samarbeid om mellom anna metodar, vurderingar og testverktøy Noreg ikkje kan bygge opp åleine.
IKT-tenester for departementa
Departementa har ei viktig rolle i den nasjonale handteringa av kriser og uønskte hendingar. Dei er derfor ein del av den kritiske samfunnsfunksjonen, styring og kriseleiing. Departementa si verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit er òg peika ut som ein grunnleggande nasjonal funksjon etter sikkerheitslova. For å vareta funksjonen sin, er departementa avhengige av fleire understøttande funksjoner, mellom anna IKT. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det overordna ansvaret for departementa sine ugraderte IKT-plattformar og infrastrukturar. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa har det operative ansvaret for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av departementa sine ugraderte IKT-plattformar, og for å levere framtidsretta, sikre og effektive digitale fellestenester.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet prioriterer leveranse av digitale fellestenester som IKT og system for saksbehandling og arkivering til departementa. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa arbeider kontinuerleg for å forbetre sikkerheita og robustheita i IKT-systema. Gjennom program for felles IKT-tenester i departementsfellesskapet jobbar Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Digitaliseringsorganisasjonen til departementa med å etablere ei felles funksjonell, sikker, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av digital informasjon internt og eksternt.
Statsforvaltarens fellestenester
Statsforvaltarens fellestenester leverer fellestenester som støttar opp om statsforvaltaren si verksemd, og skal legge til rette for at statsforvaltaren kan utøve samordningsrolla si i kriser.
Den teknologiske utviklinga og trusselbildet krev stadig meir av Statsforvaltarens fellestenester. Som ansvarleg for å levere stabile tenester og sikre store mengder samfunnskritisk informasjon må Statsforvaltarens fellestenester halde følgje med denne utviklinga. Statsforvaltarens fellestenester må ha kompetanse både til å utnytte potensialet i ny teknologi og til å avverje og handtere uønskte hendingar.
Objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane
Departementa treng sikre og funksjonelle arbeidslokale for å vareta sin kritiske samfunnsfunksjon og grunnleggande nasjonale funksjon. Departementsbygningane er derfor skadevurderte, utpeikte, klassifiserte og melde inn til Nasjonalt tryggingsorgan som skjermingsverdige objekt etter sikkerheitslova § 7-1.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det overordna ansvaret for arbeidet med førebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit innanfor sitt ansvarsområde. Som ein del av dette ansvaret skal departementet mellom anna forvalte, definere og formidle krav og prinsipp til underliggande etatar, og sjå til at desse blir overhalde og etterlevde slik at risiko blir handtert på ein effektiv og forsvarleg måte. For objektsikkerheit er dette knytt til felles bygningsmasse, fellesområde og uteområde i regjeringskvartalet og i departementsbygningar utanfor regjeringskvartalet. Forsvarsdepartementet er ansvarleg for eigne lokalar på Akershus festning. For infrastruktursikkerheit omhandlar ansvaret departementa sine felles IKT-plattformar. Departementet sitt ansvar for objekt- og infrastruktursikkerheit er avgrensa til felles grunnsikring og nødvendig samordning og instruksutvikling for å sikre eit forsvarleg sikkerheitsnivå, jf. sikkerheitslova. Departementet legg til grunn ei risikobasert tilnærming når det gjeld vurdering og utforming av sikkerheitstiltaka for felles grunnsikring. Det overordna målet er forsvarleg sikkerheitsnivå for skjermingsverdige objekt og infrastruktur i eller tilhøyrande departementsfellesskapet.
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har det operasjonelle ansvaret for arbeidet med førebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit, og skal operasjonalisere overordna krav og føringar frå gjeldande lovverk og frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, med mål om å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå. Etaten skal levere tenester innan vakthald, resepsjon og sikring til departementsfellesskapet i samsvar med gjeldande tildelingsbrev og oppdragsutgreiing. Vidare skal etaten samarbeide med departementet i det førebyggande sikkerheitsarbeidet retta mot departementsfellesskapet.
8 Omtale av klima- og miljøpolitikk
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla.
Digitalisering for ei grøn omstilling
Digital teknologi og digitale løysingar er nødvendige for å nå klimamåla til regjeringa, og digitalisering er derfor ein viktig del av den grøne omstillinga. Den grøne og digitale omstillinga inneber mellom anna ein overgang til ein meir sirkulær økonomi med lågare ressursforbruk og auka berekraft i alle deler av økonomien. Digitalisering er eit viktig bidrag til omstillinga til ein meir sirkulær økonomi, med eit meir ressurseffektivt og berekraftig produksjons- og forbruksmønster. Digitalisering og bruk av ny teknologi, mellom anna betre utnytting av data, kan støtte opp under utsleppskutt i alle sektorar for nå målet om eit klimanøytralt Europa innan 2050.
Samstundes er det eit dilemma at IT-utstyr, datasenter og digitale nettverk bidrar til eit høgt energiforbruk, og at produksjon av energi er den største kjelda til utslepp globalt. Digitalisering og KI er energikrevjande, men har òg eit potensial til å spele ei viktig rolle i det grøne skiftet. Regjeringa vil legge vekt på utvikling og bruk av mest mogleg klimavenleg KI, og har mellom anna i strategien Datasenternæringa – ei berekraftig framtidsnæring for det digitale Noreg stadfesta nasjonale prinsipp for ei klimavenleg og energieffektiv utvikling av datasenternæringa. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet arbeider med å legge til rette for at Noreg kan oppnå sine klimamål gjennom målretta digitalisering.
Det er behov for kunnskapsbaserte og kostnadseffektive rammeverk for å dokumentere berekraftspotensialet og den faktiske miljøeffekten av digitalisering på nasjonalt nivå. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit publiserte i 2025 ein analyse av klima- og miljøbelastninga frå digital infrastruktur i drift på norsk jord. Departementet tildelte midlar til analysen, som er ein av dei første i verda i sitt slag. Analysen er todelt og tar for seg situasjonen i 2024 og den forventa utviklinga fram mot 2030 og 2050. Basert på analysen og på oppdrag frå departementet, er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit òg i ferd med å utvikle ein betaversjon av ein indeks som kartlegg digital berekraft nasjonalt i Noreg. Departementet har tildelt midlar til dette arbeidet i 2025 og 2026. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit tar sikte på at betaversjonen blir klar i løpet av 2026.
Bygge- og eigedomspolitikk i statleg sivil sektor
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. I 2021 blei strategien Ei berekraftig, kostnadseffektiv og samordna bygg- og eigedomsforvaltning lagt fram. Strategien inneheld fire ambisjonar om klima, miljø og energi, og den peikar på tiltak som vil bidra til å nå ambisjonane. Departementet held fram med oppfølginga av strategien.
Staten er ein stor eigedomsaktør. Statsbygg er staten sitt sentrale kompetansemiljø i sivil sektor. Statsbygg forvaltar ein stor del av den statlege eigedomsmassen og sørgjer for ei berekraftig og effektiv forvaltning av eigedomane. I byggeprosjekt og leigesaker gir Statsbygg råd til oppdragsdepartement og statlege verksemder med behov for lokale. I byggeprosjekta gir Statsbygg råd om mellom anna lokalisering, energiløysing, miljøambisjon, ombruk av byggematerialar og arealeffektivitet.
Byggeprosjekta sine klimagassutslepp frå materialar og byggeplass er den største utsleppskjelda i Statsbygg si verksemd. Utslepp frå materialar i 23 store byggeprosjekt i 2025 gjekk ned til 7,98 kilogram CO2-ekvivalentar per kvadratmeter per år. Dette er ein reduksjon på 8,8 pst. samanlikna med porteføljen i 2024. Utslepp frå energibruk i alle eigedomane Statsbygg forvaltar i Noreg, blei reduserte med 14,7 pst. i 2025 samanlikna med 2024.
I Statsbygg sine lokaliseringsanalysar er klimarisiko alltid eit tema, og avbøtande tiltak blir vurderte for utsette område. Svalbard er ein av stadene i verda som blir påverka raskast av klimaendringar. I Longyearbyen er fleire verna bygningar utsette for flaum, styrtregn og skred. Statsbygg arbeider med å utarbeide ein strategisk utviklingsplan for bustadene.
Avfallsmengdene skal reduserast, og avfall skal leverast til ombruk og materialattvinning for å bidra til sirkulær økonomi i statlege byggeprosjekt. Blant prosjekta som blei ferdigstilte i 2025, var den mediane avfallsmengda 24,1 kg per kvadratmeter samanlikna med 33,4 kg per kvadratmeter blant prosjekta som blei ferdigstilte i 2024.
Byggeprosjekt, både i eksisterande bygningar og nybygg, skal nytte ombrukte byggematerialar. 18 av 22 prosjekt i 2025 nytta ombrukte materiale eller ga bort materiale til ombruk i andre prosjekt.
Statsbygg starta våren 2024 eit nytt arbeid med natur, Naturløftet, som skal gi betre kunnskapsgrunnlag og risikovurderingar. I 2025 blei ein handlingsplan for 2025 og 2026 vedteken.
9 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder
Norid AS
Dagleg leiar tok imot 1 435 461 kroner i fastløn for 2025. Andre ytingar utgjorde 32 743 kroner. Pensjonskostnaden var 201 251 kroner. Leiande tilsette er med i den kollektive pensjonsordninga til verksemda på lik linje med andre tilsette. Pensjonsordninga er ei innskotsbasert ordning på inntil 12 G. Det er ikkje avtalt etterlønsordning for dagleg leiar. Norid AS brukar ikkje variabel løn og heller inga form for opsjonsprogram eller bonusutbetalingar.
10 Likestilling
10.1 Likestilling i staten
Likestilling inneber at alle personar skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.
Likestilling i det statlege tariffområdet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for staten sin sentrale arbeidsgivarfunksjon og er tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har i kraft av denne rolla eit særleg ansvar for å legge til rette for at den statlege personalpolitikken bidrar til likestilling og hindrar diskriminering, mellom anna når det gjeld rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremming, moglegheiter for utvikling og tilrettelegging for å kombinere arbeid og familieliv. Det å legge til rette for at alle får like moglegheiter i arbeidslivet, er ein viktig føresetnad for likestilling.
Mangfald og inkludering
Regjeringa har høge ambisjonar når det gjeld mangfald og inkludering. Alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene, og ingen skal bli utsette for trakassering eller vald i arbeidslivet.
Kvar enkelt statleg verksemd har ansvaret for å bidra til likestilling, auka mangfald og inkludering hos seg sjølv. Samstundes er Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet pådrivar på dette feltet, gjennom fleire ulike verkemiddel:
-
Eit eige traineeprogram er ein del av staten si satsing for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en og som har høgare utdanning i arbeidsmarknaden. Programmet skal sørgje for nye ressursar og styrkje mangfaldet i statlege verksemder, og forbetre rekrutteringsarbeidet i verksemdene, slik at eit inkluderings- og mangfaldsperspektiv er integrert i alle rekrutteringsprosessane i staten. Traineeprogrammet vil bli evaluert i 2026.
-
Statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med nedsett funksjonsevne, og minst ein kvalifisert søkjar med fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring (hol i CV-en) til intervju. Dette er det gitt reglar om i forskrifta til statstilsettelova. Etter forskrifta er det òg høve, men ikkje plikt, til å tilsetje ein søkjar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en dersom vedkomande er nær like godt kvalifisert som den best kvalifiserte søkjaren (moderat kvotering). Det er òg høve til å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og som har førebels lønstilskot, i inntil to år utan offentleg utlysing. Dette skal gjere det enklare for statlege verksemder å ta i bruk kompetansen og arbeidskrafta til personane som er i målgruppa for denne ordninga.
-
I 2025 gav regjeringa ei fellesføring i tildelingsbreva til alle statlege verksemder om at dei skal ha ei positiv utvikling i talet på tilsettingar av personar med nedsett funksjonsevne og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2025, samanlikna med 2024. Denne fellesføringa blei først gitt i 2024 og har blitt vidareført for 2026.
-
Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn er viktig i eit mangfaldsperspektiv. Det følgjer av forskrifta til statstilsettelova at statlege verksemder skal innkalle minst éin kvalifisert søkjar som er innvandrar eller som er norskfødd og der begge foreldra er utanlandskfødde, til intervju.
I tillegg har dei sentrale partane i staten engasjert eit forskingsmiljø til å evaluere inkluderings- og mangfaldsarbeidet i staten i stort. Evalueringa skal mellom anna kome med forslag til tiltak som kan gjere det enklare for verksemda å inkludere i praksis. Prosjektet skal sluttførast i løpet av første kvartal 2027.
I hovudtariffavtalene (2026–2028) er det nedfelt i ein protokolltilførsel om at partane i staten skal sette ned eit partssamansett råd for likestilling, inkludering, mangfald og integrering. Rådet skal følgje med på og diskutere status, og foreslå eventuelle tiltak for auka likestilling, inkludering, mangfald og integrering i det statlege tariffområdet.
Kjønnslikestilling i det statlege tariffområdet
I tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a skal det gjerast greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. I tabell 10.1 er det gjort greie for delen kvinner og menn som er leiarar i staten.
Tabell 10.1 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2021–2025
|
Leiargrupper |
Kjønn |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Alle leiarar i staten1 |
Kvinner |
51 % |
53 % |
53 % |
53 % |
53 % |
|
Menn |
49 % |
47 % |
47 % |
47 % |
47 % |
|
|
Totalt |
10 114 |
10 340 |
10 654 |
10 842 |
11 239 |
|
|
Leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet |
Kvinner |
39 % |
42 % |
45 % |
44 % |
43 % |
|
Menn |
61 % |
58 % |
55 % |
56 % |
57 % |
|
|
Totalt |
224 |
224 |
231 |
225 |
223 |
|
|
Leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene |
Kvinner |
52 % |
53 % |
53 % |
53 % |
53 % |
|
Menn |
48 % |
47 % |
47 % |
47 % |
47 % |
|
|
Totalt |
9 890 |
10 116 |
10 423 |
10 617 |
11 016 |
|
|
Øvste leiar av verksemd, («toppleiarar i staten») |
Kvinner |
42 % |
44 % |
46 % |
46 % |
|
|
Menn |
58 % |
56 % |
54 % |
54 % |
||
|
Totalt |
185 |
189 |
184 |
182 |
1 Prosentdelen kvinner og menn i leiarstillingar inkluderer både leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene i staten (HTA) per 1. oktober og leiarar som er omfatta av statens leiarlønssystem (SLS) per 31. desember. Tala for leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalene, baserer seg på yrkeskode / STYRK-kode 1 administrative leiarar.
Kjelde: Statens lønsstatistikk og innrapporterte opplysningar frå departementa per 31. desember.
Tabellen gir ein oversikt over delen kvinner og menn i alle leiarstillingar, inkludert toppleiarstillingar, i staten. Mellom alle leiarar var det i 2025 47 pst. menn og 53 pst. kvinner. Denne andelen har vore stabil sidan 2022. Dersom vi berre ser på leiarar som er omfatta av leiarlønssystemet, var delen kvinner 43 pst. i 2025. Leiarlønssystemet omfattar ei rekke leiarstillingar i staten, slik som departementsrådar og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, statsforvaltarar og politimeistrar. Leiarlønssystemet blei etablert i 1991, mellom anna for å kunne rekruttere og halde på dyktige leiarar i staten. Den største gruppa av leiarar på leiarlønssystemet er ekspedisjonssjefane. Ser vi på delen kvinner som er øvste leiar i statlege verksemder, var den på 46 pst. i både 2024 og i 2025. Tala under eitt og over tid viser ei positiv utvikling når det gjeld kjønnsbalanse på toppen av statsforvaltninga.
Likeløn
Eit sentralt tema innanfor likestilling er likeløn. Likestillings- og diskrimineringslova § 34 slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. Løna skal fastsetjast på same måte, utan omsyn til kjønn. Tabell 10.2 viser gjennomsnittleg månadsforteneste for kvinner og menn, og prosentvis auke i månadsforteneste frå 2020 til 2025.
Tabell 10.2 Tal på årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette 2020-2025
|
Tal på årsverk1 |
Prosent endring 2020–2025 |
Gjennomsnittleg mnd.forteneste2 for heiltidstilsette |
Prosent endring 2020–2025 |
|||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
2020 |
2025 |
2020 |
2025 |
|||
|
Årsverk som er omfatta av hovudtariffavtalene |
147 932 |
159 622 |
7,90 % |
51 992 |
65 119 |
25,2 % |
|
Kvinner |
74 524 |
82 196 |
10,29 % |
49 187 |
61 647 |
25,3 % |
|
Menn |
73 408 |
77 426 |
5,47 % |
54 770 |
68 752 |
25,5 % |
1 Tal på årsverk i 2020 og 2025 er henta frå rapportane frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalene i staten.
2 Tala for månadsforteneste er for heiltidstilsette, og ikkje per årsverk.
For tilsette i det statlege tariffområdet samla, var kvinner sin del av menn si løn i 2025 på 89,7 pst. (månadsforteneste i alt). Ser vi på fastløn var den på 96,8 pst. når det gjeld kvinner sin del av menn si løn (Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalene i staten 2025)2. I perioden mellom 2020 og 2025 auka talet på årsverk i staten omfatta av hovudtariffavtalene med 7,9 pst. Talet på årsverk for kvinner auka med 10,29 pst. medan talet på årsverk for menn auka med 5,47 pst. Tabellen viser at frå 2020 til 2025 var det små forskjellar i den prosentvise auken i månadsforteneste mellom kvinner og menn.
Tala i tabellen, og det at kvinner sin del av menn si løn i 2025 var 89,7 pst. (månadsforteneste i alt), viser at det er kjønnsskilnader i løn, men tala i seg sjølve seier ikkje noko om årsakene til desse skilnadene. I samband med den forsterka aktivitets- og opplysningsplikta, er offentlege verksemder pålagde å gjere nærare greie for likeløn annakvart år, forstått som lik løn for arbeid av lik verdi. Ei slik kartlegging vil på sikt kunne gi større innsikt i kva dei konkrete lønsskilnadene i dei enkelte verksemder kjem av. 2021 var første gong med likelønsrapportering etter den nye plikta, og verksemdene er pålagde å rapportere anna kvart år om likeløn i eigen verksemd. Neste rapportering frå verksemdene blir i 2027. Departementet vil fortsette å følgje med på denne rapporteringa framover.
10.2 Likestilling i verksemdene
Tabell 10.3 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet med sine underliggande verksemder.
Det er variasjon i talet på kvinner som arbeider deltid i dei ulike verksemdene frå 2024 til 2025. I over halvparten av verksemdene har talet på kvinner som arbeider deltid auka noko. I litt under halvparten av verksemdene har talet på kvinner som arbeider deltid gått ned. Det er gjennomgåande fleire kvinner enn menn som arbeider deltid i dei ulike verksemdene. Når det gjeld menn, har talet på dei som arbeider deltid gått noko ned frå 2024 til 2025.
Talet på mellombels tilsette har auka noko for både kvinner og menn frå 2024 til 2025.
Både kvinner og menn tek ut foreldrepermisjon og har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden.
Kvinner har framleis noko høgare legemeldt sjukefråvær enn menn. Tala for 2025 viser at det legemelde sjukefråværet har gått noko ned for både kvinner og menn.
For nærare omtale av dei underliggande verksemdene blir det vist til årsrapportane deira. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa blei oppretta 1. januar 2025. Det finst derfor ikkje tal for 2024.
Tabell 10.3 Tilstandsrapportering i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets underliggande verksemder
|
Kjønnsbalanse |
Kvinners løn i % av menn |
Deltid |
Mellombels tilsetting |
Foreldrepermisjon (fordeling) |
Legemeld sjukefråvær |
||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
M% |
K% |
Total |
(kr/%) |
M% |
K% |
M% |
K% |
M% |
K% |
M% |
K% |
||
|
Digitaliserings-og forvaltningsdepartementet |
2025 |
43 |
57 |
172 |
99,8 |
2,4 |
3,7 |
3,6 |
7,3 |
28 |
72 |
4,0 |
2,9 |
|
2024 |
46 |
54 |
176 |
97,1 |
2,3 |
2,3 |
2,8 |
3,4 |
33 |
67 |
2,0 |
4,8 |
|
|
Datatilsynet |
2025 |
37 |
63 |
65 |
92,0 |
5,2 |
10,3 |
1,5 |
7,7 |
12 |
88 |
3,4 |
3,8 |
|
2024 |
41 |
59 |
66 |
93,7 |
1,5 |
4,5 |
1,5 |
4,5 |
46 |
54 |
2,6 |
7,8 |
|
|
Digitaliseringsdirektoratet |
2025 |
56 |
44 |
476 |
97,3 |
2,2 |
3,3 |
3,7 |
7,2 |
36 |
64 |
1,4 |
4,5 |
|
2024 |
59 |
41 |
414 |
97,5 |
2,9 |
4,1 |
7,4 |
7,0 |
32 |
68 |
2,5 |
4,3 |
|
|
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit |
2025 |
59 |
41 |
190 |
95,0 |
1,8 |
2,6 |
4,4 |
5,7 |
22 |
78 |
2,5 |
7,7 |
|
2024 |
63 |
37 |
167 |
95,0 |
1,9 |
0,0 |
1,0 |
1,6 |
36 |
64 |
1,7 |
2,0 |
|
|
Statsbygg |
2025 |
64 |
36 |
994 |
111,0 |
2,3 |
5,9 |
1,5 |
2,0 |
26 |
74 |
2,8 |
5,1 |
|
2024 |
64 |
36 |
939 |
112,0 |
2,3 |
4,4 |
0,7 |
0,9 |
41 |
59 |
3,7 |
7,4 |
|
|
Statsforvaltaren |
2025 |
27 |
73 |
2 527 |
92,0 |
4,9 |
6,0 |
6,8 |
6,9 |
24 |
76 |
2,2 |
5,3 |
|
2024 |
29 |
71 |
2 228 |
96,0 |
5,4 |
8,8 |
4,4 |
5,5 |
25 |
76 |
4,4 |
8,2 |
|
|
Statsforvaltarens fellestenester |
2025 |
41 |
59 |
209 |
91,0 |
0,0 |
10,0 |
8,1 |
7,1 |
50 |
50 |
2,5 |
7,0 |
|
2024 |
39 |
61 |
204 |
91,0 |
1,2 |
12,1 |
7,5 |
6,4 |
50 |
50 |
3,3 |
6,2 |
|
|
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa |
2025 |
53 |
48 |
636 |
111,4 |
2,7 |
5,3 |
8,4 |
11,6 |
69 |
31 |
4,7 |
6,9 |
|
2024 |
57 |
44 |
767 |
105,6 |
2,1 |
3,6 |
8,5 |
7,5 |
49 |
51 |
4,4 |
5,7 |
|
|
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa |
2025 |
68 |
32 |
214 |
101,2 |
1,2 |
2,7 |
2,3 |
1,4 |
85 |
15 |
3,4 |
6,4 |
|
2024 |
|||||||||||||
Det er gjort enkelte korrigeringar av tala for 2024 for Digitaliseringsdirektoratet, Statsbygg og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sidan førre rapportering.
Fotnotar
Til dømes digitalsikkerheitslova, Digital Omnibus, NIS2, KI-forordninga, nye gjennomføringsreglar i EU Digital Identity Wallet, GDPR, SDGR og European Accessibility Act.
Tala er ikkje justert for ulike stillingsnivå mellom kvinner og menn, samt andre ytre faktorar som kan virke inn på lønsnivå (slik som ulike typer verksemder mv.).