Prop. 101 S (2021–2022)

Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om revidert finansieringsopplegg med auke i bompengebidraget for å fullføre fylkesvegprosjekt og -tiltak i Askøypakken i Askøy kommune.

Stortinget slutta seg til Askøypakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013) Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland, jf. Innst. 40 S (2013–2014). Pakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028.

Det lar seg ikkje gjere å finansiere alle tiltaka i porteføljen innanfor den opphavlege økonomiske ramma for Askøypakken. Fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har trafikken blitt lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter.

For å finansiere dei planlagde prosjekta har Askøy kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å revidere finansieringsopplegget med auka bompengebidrag. Dei auka inntektene vil kome gjennom etablering av ein femte bomstasjon så snart som mogleg og utvida innkrevjingstid med fem år frå 2028, slik at innkrevjingsslutt no kjem ved utgangen av 2033.