2 Forslag til endringar
Programkategori 13.00 Administrasjon
Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga dekker departementet sitt behov for kjøp av statistikk, data, utreiingar, evalueringar og formidling av kunnskap og gjennomføring av førebelse tiltak og prosjekt. For å dekke deler av meirbehovet under kap. 2412, post 01 blir løyvinga foreslått redusert med 1,5 mill. kroner.
Post 70 Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21
Namngitt tilskotsmottakar – Leieboerforeningen
Løyvinga dekker kontingentar og enkeltståande tilskot med namngitt mottakar, som ikkje høyrer naturleg inn under andre budsjettpostar.
Leieboerforeningen er ein interesseorganisasjon som talar saka for leigebuarar i både lokale og nasjonale samanhengar. Foreininga utfører òg ulike prosjektoppdrag og utgreiingar, hovudsakleg med det offentlege som oppdragsgivar.
Leieboerforeningen skal i 2025 lage ein analyse av utfordringsbildet i bumiljøa for romer i Lørenskog kommune. I analysen skal dei kartlegge relevante bustadjuridiske og bustadsosiale tiltak, og metodar for involveringar av romske bebuarar.
Det blir foreslått at Leieboerforeningen får eit tilskot på 120 000 kroner innanfor gjeldande løyving.
Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.
Kap. 579 Valutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker departementet sine utgifter knytt til val. På grunn av eit forventa mindreforbruk blir løyvinga foreslått redusert med 0,5 mill. kroner.
Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg
Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
Post 70 Bustøtte, overslagsløyving
Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Det er ein behovsprøvd rett for alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og militære tenestepliktige. Løyvinga i 2025 er 4 062 mill. kroner.
For gjeldande løyving vart det lagt til grunn at i gjennomsnitt 95 600 husstandar vil få bustøtte kvar månad, at dei i snitt vil ta i mot 42 300 kroner i bustøtte i året, og at 25 mill. kroner vil bli utbetalt som følgje av klagar og etterbehandling.
Som eit resultat av at talet på mottakarar med svært låge inntekter har auka, er det venta at gjennomsnittleg utbetaling blir noko høgare enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett.
Det blir no anslått at 95 100 husstandar vil få bustøtte kvar månad i 2025, med ein gjennomsnittleg utbetalt bustøtte per husstand på om lag 42 900 kroner i året. Anslaget for utbetalingar som følgje av klager og etterbehandlingar er uendra.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 37,6 mill. kroner.
Kap. 2412 Husbanken
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter til drift for Husbanken.
Husbanken og Husleigetvistutvalet (HTU) blir slått saman frå 1. januar 2026. Det er venta eit meirbehov knytt til nødvendige investeringar og tilpassingar av system og digital infrastruktur i 2025 for at dei nye tilsette frå HTU skal få tilgang til domene, system, og infrastruktur som høyrer til Husbanken.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 72 Rentestøtte
Løyvinga omfattar rentestøtte som følgje av at eldre lån med særvilkår har eitt prosentpoeng lågare rente enn ordinære lån. Husbanken gav slike lån fram til og med 1996.
Gjeldande løyving på 200 000 kroner vart berekna med utgangspunkt i anslag på restgjeld 1. januar justerte for forventa reduksjon i restgjeld i 2025. Framskrivinga for resten av året er no estimert til om lag 260 000 kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 000 kroner.
Post 90 Nye lån, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av nye lån, i tillegg til berekna, opptente, ikkje-betalte renter på lån frå Husbanken. Husbanken si låneramme blir fordelt mellom startlån, lån til utleigebustader til vanskelegstilte, lån til bustadkvalitet og lån til studentbustader.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart låneramma auka med 2 mrd. kroner. Det vart lagt til grunn at 19 mrd. kroner skulle gå til startlån og 15 mrd. kroner til andre lån.
Per august 2025 har Husbanken gitt tilsegn for om lag 30,8 mrd. kroner. Etterspørselen etter startlån er likevel lågare enn tidlegare lagt til grunn. Det blir no anslått at det vil bli gitt tilsegn om startlån for 18 mrd. kroner og for 16 mrd. kroner til andre lån. Ettersom startlån i hovudsak blir utbetalt i tilsegnsåret medan andre lån har ein seinare utbetalingstakt, blir behovet for løyving redusert.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 959,4 mill. kroner.
Kap. 5312 Husbanken
Post 90 Avdrag
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag og andre innbetalingar, tilbakebetaling av opptente, ikkje-betalte renter og tap. Løyvinga på posten er 13 293 mill. kroner i 2025.
Prognosar for avdraga viser at desse vil bli høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Hovudårsaka er vesentleg høgare ekstraordinære innbetalingar i juni 2025 enn venta.
Løyvinga blir foreslått auka med 1 958,6 mill. kroner.
Kap. 5615 Husbanken
Post 80 Renter
Posten omfattar betalte renter på lån, opptente ikkje-betalte renter og rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter. Løyvinga på posten er 7 702 mill. kroner i 2025.
Som følgje av at ein mindre del av låneramma går til startlån enn forutsett og høgare avdragsinnbetalingar, er den gjennomsnittlege låneporteføljen anslått å vere noko lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Vidare blir det no lagt til grunn ein netto samla underkurs i 2025 på 250 mill. kroner. Det medfører ein tilsvarande reduksjon av renteanslaget på budsjettposten. Når låntakarar med lågare fastrente enn renta i gjeldande tilbod avsluttar låneavtalen før den går ut, oppstår underkurs. Underkursen blir gjort om til frådrag på lånebeløpet, slik at restlånet blir redusert.
Løyvinga blir foreslått redusert med 177,4 mill. kroner.
Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata
Kap. 595 Statens kartverk
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45
Løyvinga dekker løn og driftsutgifter for Kartverket. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansiering.
Grunna auka aktivitet og tilhøyrande inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 9,4 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45
Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og tenester kjøpt frå private leverandørar. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansiering.
Grunna auka aktivitet og tilhøyrande inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 16,1 mill. kroner.
Kap. 3595 Statens kartverk
Post 02 Sal og abonnement m.m
På posten blir det ført inntekter frå sal og abonnement i Kartverket, i hovudsak sal av posisjonstenester. Som følgje av auka inntekter frå sal og abonnement blir det foreslått å auke løyvinga med 10,2 mill. kroner.
Post 03 Samfinansiering
På posten blir det ført inntekter knytte til tidsavgrensa prosjekt som skal samfinansierast. Auka aktivitet i samfinansierte prosjekt som Kartverket leiar, gir meirinntekter og tilhøyrande utgifter for Kartverket. Det blir foreslått å auke løyvinga med 15,3 mill. kroner.
Kap. 5635 Electronic Chart Centre AS
Post 85 utbytte
I saldert budsjett blei det anslått eit utbytte frå Electronic Chart Centre (ECC) på 3 mill. kroner. På generalforsamlinga i juni 2025 blei det vedtatt eit utbytte på 4,4 mill. kroner, tilsvarande 90 pst. av overskotet for 2024. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner.