Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår nye reglar som gjev kommunane og Husbanken rettsleg grunnlag i husbanklova for å hente inn ei rekkje personopplysningar og bruke desse når dei handsamar søknader om lån og tilskot, utan at det er nødvendig med samtykke frå søkjaren. Når det gjeld opplysningar om helseforhold spesielt, skal handsamingsgrunnlaget framleis vere samtykke.

Departementet føreslår også nye heimlar for å hente inn oppdaterte personopplysningar og for å kontrollere personopplysningar, slik at ein kan avdekkje om utbetalingar har skjedd på eit feilaktig grunnlag.

Vidare føreslår departementet eit nytt rettsleg grunnlag for Husbanken til å handsame personopplysningar til statistikk- og analyseføremål. Departementet føreslår også å lovfeste at Husbanken kan lagre personopplysningar til forskingsføremål. Til slutt føreslår departementet eit nytt rettsleg grunnlag for Husbanken til å bruke personopplysningar til nødvendig testing, feilsøking og feilretting i det digitale sakshandsamingssystemet til Husbanken, men berre dersom ein ikkje kan oppnå føremålet ved å bruke anonymiserte opplysningar.

Til forsida