2 Endringsforslag
Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
Post 70 Noregs forskingsråd, kan overførast
Løyvinga dekkjer tildelinga til Noregs forskingsråd. Løyvinga gjeld overslag på utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og utbetaling av nye tilsegner gitt i budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt svarer til det samla beløpet for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter budsjettåret.
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 10,5 mill. kroner som følgje av lågare anslåtte utbetalingar i 2026 enn lagt til grunn for løyvinga. Departementet føreslår òg å endre tilsegnsfullmakta frå 176,9 mill. kroner til 187,4 mill. kroner, sjå romartalsvedtak.
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 60 Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg
Løyvinga dekkjer tilskotsordninga for oppgradering av krisesenterbygg. Det er i år venta eit mindreforbruk på 2,6 mill. kroner. Mindreutgiftene kjem av at det ikkje har kome inn tilstrekkeleg mange søknader og at ein kommune har sagt frå seg tilskot grunna manglande eigenfinansiering.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og eitt valdtektssenter. Det er eit krav at tilskot til ordinær senterdrift frå kommunar, fylkeskommunar og helseføretak til saman skal dekkje minst 20 prosent av driftsutgiftene for å tildele eit statleg tilskot på inntil 80 prosent. Det er i år venta eit mindreforbruk på 0,6 mill. kroner.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Løyvinga dekkjer mellom anna godtgjersle til meklarar utanom familievernet og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Det er venta høgare bruk av meklarar utanom familievernet enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Vidare treng ein auka del av meklingar tolketenester. Det er derfor venta eit meirforbruk på 1,2 mill. kroner.
BFD føreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.
Kap. 842 Familievern
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer støtte til mellom anna drift og utviklingsoppgåver ved Nasjonalt samisk kompetansesenter (Nasak) for det kommunale og statlege barnevernet, familievernet og krisesentera. Nasak får i 2026 eit tilskot på 1,9 mill. kroner frå Interreg-prosjektet Fierbmi, som ikkje er innarbeidd i gjeldande budsjett.
BFD føreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 3842, post 01.
Kap. 3842 Familievern
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene er diverse kursinntekter med meir hos familievernet. Nasak får i 2026 eit tilskot på 1,9 mill. kroner frå Interreg-prosjektet Fierbmi, som ikkje er innarbeidd i gjeldande budsjett, sjå nærare omtale under kap. 842, post 01.
BFD føreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Løyvinga dekkjer støtte til adopsjon av barn frå utlandet. Gjeldande løyving er 2,6 mill. kroner. Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av kontantstøtte er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Utgiftene til kontantstøtte blir på denne bakgrunn rekna til 740 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår å auke løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av barnetrygd er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Utgiftene til barnetrygd blir på denne bakgrunn rekna til 30 140 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 90 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71
Løyvinga på posten er 52,5 mill. kroner. Av dette skal 5 mill. kroner gå til fagleg støtte til kommunane i arbeidet deira med éin-til-éin-oppfølging og andre tiltak mot barne- og ungdomskriminalitet. I Prop. 1 S (2025–2026) blei det omtalt at ein fagetat skulle stå for den faglege støtta. I etterkant er det vurdert at òg dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) skal bidra med støtta saman med relevante fagetatar, som Bufdir, Sekretariatet for konfliktråda og Utdanningsdirektoratet. BFD føreslår at dei 5 mill. kronene òg kan dekkje tilskot til aktivitetar i regi av RVTS-ane.
Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer driftsutgifter i nemndene og i Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker. For å gi betre og meir einsarta sikkerheitsløysingar i dei 12 nemndene, føreslår BFD 4,8 mill. kroner til Barneverns- og helsenemnda til innkjøp av sikkerheitsutstyr, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 854, post 21.
BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 4,8 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet. Det er anslått eit samla mindreforbruk på 5,5 mill. kroner, fordelt på fleire tiltak, mellom anna som følgje av forseinka framdrift i einskilde prosjekt på fosterheimsområdet og i arbeidet med vidareutvikling av barnevernsregisteret.
4,8 mill. kroner av mindreforbruket blir føreslått omprioritert til sikkerheitsutstyr i Barneverns- og helsenemnda. Sjå omtale under kap. 853, post 01
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 5,5 mill. kroner.
Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Mindreforbruket er rekna til 7 mill. kroner til ulike kompetansetiltak. Dette kjem i hovudsak av lågare reisekostnader og noko mindre aktivitet enn planlagt, mellom anna som følgje av kapasitetsutfordringar i kommunesektoren.
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 7 mill. kroner.
Post 61 Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72
På posten er det løyvd midler til Sammen på vei – Nurse Family Partnership, eit forskingsbasert, spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsmødrer i ein sårbar livssituasjon. Løyvinga dekkjer utgifter til vertskommunane/bydelane som deltek i utprøvinga av tilbodet. Ein del av desse midlane blir utbetalt til Regionsenter for psykisk helse hjå barn og unge (RBUP) som har ansvar for det nasjonale kontoret og implementering og utprøving av tilbodet. For å sikre korrekt postbruk, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 11,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 854, post 72.
Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23
Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. For å sikre korrekt postbruk til RBUP, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 11,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 854, post 61. Sjå omtale under kap. 854, post 61.
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 22
Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnadar til tilsette i Bufetat. Andre vesentlege utgifter er kostnader til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester. Det vart overført 232 mill. kroner på posten frå 2025 til 2026, slik at disponibelt beløp på posten er 5 288 mill. kroner. Oppdaterte prognoser tilseier at det ikkje er behov for heile det overførte beløpet.
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 49 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekkjer utgifter til forskings- og utviklingsprosjekt, og anna innsamling av kunnskap, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet. Grunna ny vurdering av pågåande forskings- og utviklingsprosjekt i 2026 og forseinkingar i oppretting av nytt forskingsprogram på barnevernsfeltet, er det venta eit mindreforbruk på 9,6 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 9,6 mill. kroner.
Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Løyvinga på posten dekkjer barnevernet sine kjøp av private barnevernstiltak. Det er venta fleire opphaldsdagar i private barnevernsinstitusjonar i 2026. Dette fører til meirutgifter på om lag 300 mill. kroner. Det er òg auka utgifter til private fosterheimar på om lag 60 mill. kroner. Det er noko mindreutgifter til senter for foreldre og barn som følgje av ein reduksjon i private rammeavtalar.
BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 351 mill. kroner.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 60 Kommunale eigenandeler
På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen. Fleire opphaldsdøgn i institusjonar og mindre endringar i senter for foreldre og barn og hjelpetiltak, aukar totalt sett inntektene på posten.
BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 55 mill. kroner.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 22 Kjøp av plasser i private omsorgssenter, kan nyttast under post 01
Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det er venta eit gjennomsnittleg behov for 70 private plassar i 2026, ein reduksjon på 5 plasser samanlikna med gjeldande budsjett. Anslaga er usikre.
Det har vore behov for å forsterke bemanninga på enkelte plasseringar for å gi eit forsvarleg tilbod. Dei reduserte utgiftene grunna færre barn er noko mindre enn auka utgifter til forsterkingstiltak til einskilde barn med særskilde behov.
BFD føreslår å auke løyvinga med 5,9 mill. kroner.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det er berre utgifter det første året som kan ODA-godkjennast. Delen barn med butid på under eitt år i omsorgssentera for 2026 er no rekna til 48 prosent. Dette er ein nedgang frå 49 prosent i gjeldande budsjett. Samstundes er talet på barn i omsorgssentera lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett, jf. omtale under kap. 856, post 22. Trass i dette har berekningsgrunnlaget auka som følgje av økte utgifter til forsterkingstiltak.
Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
I 2026 har det så langt vore plassert to barn i omsorgssenter etter vedtak frå barnevernstenesta. Utgiftene for desse plasseringane er rekna til 5,9 mill. kroner, ein auke på 3 mill. kroner frå gjeldande budsjett.
BFD føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet. Noreg bidrar i 2026 med 140 000 kroner til ulike aktivitetar i OECD.
BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 140 000 kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga over kap. 865, post 70, for å sikre rett postbruk for tilskotsutbetaling til OECD.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 140 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga over kap. 865, post 21. Sjå omtale under kap. 865, post 21.
Kap. 3868 Forbrukartilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
Løyvinga svarer til inntektene frå innbetalt handsamingsgebyr for saker til mekling i Forbrukartilsynet og saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet. Oppdaterte anslag frå Forbrukartilsynet indikerer ei høgare saksinngang og dermed gebyrinntekter enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår å auke løyvinga med 1,7 mill. kroner.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje tilskot tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene til kyrkjebygg som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. I 2026 har den faktiske kompensasjonsrenta Husbanken nyttar vore høgare enn renta som var lagt til grunn i vedtatt budsjett.
BFD føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga med 10,1 mill. kroner.
Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet
Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga Forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg.
Vedtatt budsjett på posten er 392,1 mill. kroner etter endring i løyvinga i revidert nasjonalbudsjett. I tillegg blei det overført 78,1 mill. kroner frå 2025, slik at disponibelt beløp på posten er 470,2 mill. kroner.
Utbetaling skjer etter kvart som mottakarane treng å få dekt dei aktuelle utgiftene. Oppdatert prognose frå sekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet viser venta tilskotsutbetalingar på til saman 309 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 883, post 60 med 161,2 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 3883, post 50.
Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet
Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet
Utbytte og uttak frå Allstad AS er øyremerkte bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Midlane blir sette inn på fondskontoen «Kyrkjebevaringsfondet» i Noregs Bank og førte som inntekter på kap. 3883, post 50. Løyvinga delfinansierer tilskotsordninga på kap. 883, post 60. Sjå omtale over.
Ved årsskiftet sto det 4,7 mill. kroner i renteinntekter frå 2025 på fondskontoen. I august 2026 utbetalte Allstad AS 24 mill. kroner i utbytte. Til saman skal det derfor føres 28,7 mill. kroner på kap. 3883, post 50 i 2026.
BFD føreslår ei løyving på 28,7 mill. kroner.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Talet på mottakarar av foreldrepengar er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Utgiftene til foreldrepengar blir på denne bakgrunn rekna til 31 440 mill. kroner i 2026. Auken kjem i hovudsak av fleire fødslar enn tidlegare lagd til grunn.
BFD føreslår å auke løyvinga med 910 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Talet på mottakarar av eingongsstønad er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Utgiftene til eingongsstønad blir på denne bakgrunn rekna til 700 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Prognosen for utgifter til feriepengar av foreldrepengar er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Endringa kjem av at delen foreldrepengar av fjorårets foreldrepengar er høgare enn det som tidlegare vart lagt til grunn. Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar blir på denne bakgrunn rekna til 805 mill. kroner i 2026.
BFD føreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon blir no rekna til 16 mill. kroner. Dette er 2 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta fleire mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 2531 Bidragsforskott
Post 70 Forskott til utbetaling, overslagsløyving
Arbeids- og velferdsetaten utbetalar bidragsforskott i dei tilfella der bidragspliktige ikkje betaler barnebidraget sitt. Det er venta fleire utbetalingar enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Anslagsendringane kjem av færre betalande bidragspliktige, og derfor fleire venta bidragsforskottutbetalingar. Løyvinga på posten for 2026 blir no rekna til 780 mill. kroner.
BFD føreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Forskotteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskot (forskotteringslova). Dette inneber at utgiftsbehovet på kap. 2531, post 70, følgjer av regelverk fastsett av Stortinget. BFD føreslår derfor at posten får tilføydd stikkordet «overslagsløyving».