Prop. 224 L (2020–2021)

Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen eit framlegg om å ta inn ein lovheimel i lov 16. juni 2017 nr. 67 om statens ansatte mv. (statsansatteloven) for å kunne etablere ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser.

Framlegget skal gje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at verksemder i staten skal kunne påleggje tilsette i bestemde stillingar å registrere verva sine og dei økonomiske interessene dei har. Det er kvar enkelt verksemd som må vurdere om det er nødvendig å innføre ei registreringsordning, og i så fall kva for stillingar som skal påleggjast ei registreringsplikt. Verksemdene må òg vurdere kva for verv og økonomiske interesser som skal omfattast.

Departementet fremjar òg framlegg om endringar i tilvisingane i statsforetaksloven og statsansatteloven til lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister.

Til forsida