2 Forslag til endringar av løyvingane under dei enkelte kapittel

Kap. 700 Helse- og omsorgsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 6,3 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 701 Digitalisering i helse- og omsorgstjenesten

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Etter takstforhandlingane med Legeforeningen og fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund, er det for avtaleåret 2024–2025 avsett midlar frå båe partar til utvikling av elektronisk pasientjournal (EPJ). Midlane skal nyttas til å utvikle EPJ-system som blant anna gjer det mogleg å hente ut data til styring, lokalt forbetringsarbeid og forsking, og lette kommunikasjonen med andre.

Statens del utgjer 8,5 mill. kroner til utvikling av leganes EPJ, og 1,5 mill. kroner til utvikling av fysioterapeutanes EPJ for inneverande avtaleår. Legane og fysioterapeutanes del vart ved takstforhandlingane trekt frå rammeaukingane inneverande avtaleår.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 701, post 21 med 10 mill. kroner, kor 8,5 mill. kroner flyttast frå kap. 2755, post 70 og 1,5 mill. kroner frå kap. 2755, post 71, knytt til desse endringane.

Kap. 703 Internasjonalt samarbeid

Post 71 Internasjonale organisasjoner

Departementet foreslår å auke løyvinga med 15,4 mill. kroner knytt til endringar i utgifter til kontingentinnbetalingar for Noreg si deltaking i programmer og byrå i EU under EØS-avtalen samt auke som følgje av endra organisatorisk tilknytingsform for European Monitoring Center for Drugs and Drug Addiction (EMCDDA) som blei eit byrå i EU som trådde i kraft i juli 2024.

Kap. 704 Norsk helsearkiv

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 709 Pasient- og brukerombud

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 710 Vaksiner mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 65 mill. kroner knytt til endra prognoser for utgifter til barnevaksinasjonsprogrammet.

Utgifter knytt til innkjøp og utlevering av programvaksine blir påverka av tilgang i marknaden, lagerhald, leveringstidspunkt, etterspurnad, utleveringstidspunkt og valutajustering der det er aktuelt. Redusert løyvingsbehov kjem hovudsakleg av ny avtale på pneumokokkvaksine. Nye vaksinar på marknaden og mykje høgare konkurranse førte til at det var mogleg å få ein vesentleg redusert pris enn normal prisstigning tilsa. I tillegg blei signeringa av avtalen forseinka, noko som førte til lågare kontraktsforplikting for 2024 enn først antatt. Resterande reduksjon er knytt til utsetjing av leveringstidspunkt på ei sending av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib og Hepatitt B (Infanrix Hexa).

Post 22 Salgs- og beredskapsprodukter m.m., kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 28,3 mill. kroner knytt til endra prognoser for utgifter til vaksinekjøp.

Posten blir justert årleg med bakgrunn i oppdaterte prognosar for forventa innkjøp og sal av vaksinar. Dette for å kunne ta høgde for behov knytt til lagerhald og uventa variasjonar i kostnadsnivået, forårsaka av endra vilkår i vaksinemarknaden utanfor nasjonal kontroll. Utgifter og inntekter knytt til sals- og beredskapsprodukt blir påverka av endringar i valutakurs, tilgang i marknaden, lagerhald, leveringstidspunkt, etterspurnad og sal. I tillegg fører eventuelle sal til grossistar til endringar i innkjøps- og salsprognosar. Prognoseendringar er knytt til:

  • auka etterspurnad etter oppfriskingsvaksine mot difteri, kikhoste, stivkrampe og polio, mellom anna grunna kikhosteutbrot

  • meningokokkvaksine mot meningokokk-B

  • vesentleg prisauke på fleire vaksinar

  • stor etterspurnad etter vaksine mot flåttbit, truleg som følgje av kampanjeverksemd

  • høgare etterspurnad etter vaksine mot helveteseld, kolera og rabies enn føresett

Helse- og omsorgsdepartementet har fullmakt til å gjere bestillingar knytt til sals- og beredskapsprodukt utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig vedteken ramme. Endring i oppdatert prognose gir eit auka behov for fullmakt og er knytt til avtale for sesonginfluensa. På bakgrunn av oppdatert prognose blir det foreslått at bestillingsfullmakt på kapittel 710 post 22 blir auka med 77 mill. kroner til 207 mill. kroner.

Post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 191,4 mill. kroner til kap. 571 post 60, under Kommunal- og distriktsdepartementet, knytt til vaksinasjon mot covid-19 i kommunane. Løyvinga skal dekke oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre samt risikogrupper. Midlane vert fordelte etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse i inntektssystemet for kommunane.

Departementet foreslår vidare å flytte 0,2 mill. kroner til kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50, under Justis- og beredskapsdepartementet, knytt til vaksinasjon mot covid-19 på Svalbard. På sjølve svalbardbudsjettet vil løyvinga bli plassert på kap. 0003, post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre. Løyvinga skal dekke oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre samt risikogrupper.

Kap. 3710 Vaksiner mv.

Post 03 Vaksinesalg

Departementet foreslår å auke løyvinga med 20,2 mill. kroner knytt til at prognosen for sal av vaksiner i 2024 er oppdatert på bakgrunn av kor mange vaksinar som er bestilte.

Kap. 712 Bioteknologirådet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 714 Folkehelse

Post 22 Gebyrfinansierte ordninger

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11,4 mill. kroner, jf. mindreinntekt over kap. 3714, post 04 og kap. 5572, post 75.

Det er forventa eit mindreforbruk på 0,4 mill. kroner som følgje av få nye søknader om løyve til import, eksport og produksjon av tobakkssvarar. Vidare har Helsedirektoratet eit mindreforbruk på 11 mill. kroner som følje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka.

Kap. 3714 Folkehelse

Post 04 Gebyrinntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,7 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 717 Legemiddeltiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 0,7 mill. kroner til kap. 717, post 70 knytt til at Kompetansenettverket for legemidler til barn har fått tildelt 1 mill. kroner i ytterlegare tilskot.

Post 70 Tilskudd

Departementet foreslår å flytte 0,7 mill. kroner frå kapittel 717, post 21, sjå omtale der.

Kap. 5572 Sektoravgifter under Helse- og omsorgsdepartementet

Post 74 Tilsynsavgift

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner i tilsynsavgift for e-sigarettar, som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka.

Post 75 Sektoravgift tobakk

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 732 Regionale helseforetak

Post 70 Særskilte tilskudd, kan overførast, kan nyttast under postane 72, 73, 74 og 75

Nasjonalt senter for kvinnehelseforsking

Departementet foreslår å flytte 5 mill. kroner frå kap. 745, post 01 til kap. 732, post 70. 5 mill. kroner vart løyvd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 til å etablere ein digital kvinnehelseportal for formidling av kunnskap om kvinnehelse. Oppdraget er gitt Helse Sør-Aust RHF ved Nasjonalt senter for kvinnehelseforsking.

Satsing på sikkerheitpsykiatri

Dei regionale helseføretaka har meldt inn utfordringar når det gjeld kapasiteten innan sikkerheitpsykiatri. Utfordringa er særleg stor i Helse Nord. Det blir derfor foreslått ei løyving på 200 mill. kroner til Helse Nord, for å leggje betre til rette for å handtere utfordringa med kapasitet innan sikkerheitpsykiatrien i Helse Nord.

Auka brukarvenlegheit i Helseplattform

Det blir vist til Riksrevisjonen sine funn, vurderingar og anbefalingar i Dokument 3:3 (2024–2025) Riksrevisjonens undersøkelse av Helseplattformen i Midt-Norge. Departementet foreslår å løyve 200 mill. kroner for å bidra til Helse Midt-Noreg sitt arbeid med å leggje til rette for auka brukarvenlegheit i Helseplattforma. Arbeidet skal gjere det enklare for helsepersonell å nytte Helseplattforma og gi betre effektivitet i løysinga.

Post 72 Basisbevilgning Helse Sør-Øst RHF, kan overførast

Styrka løyving til dei regionale helseføretaka

Dei økonomiske resultata for helseføretaka hittil i år er lågare enn forventa. Dette må blant anna sjåast i lys av at kostnadsveksten på fleire område har vore høgare enn lagt til grunn. Samstundes er dei endelege resultata usikre. For å leggje til rette for at helseføretaka har økonomi som sett dei i stand til å blant anna vidareføre naudsynte investeringsplanar, foreslår departementet å auke løyvingane under kap. 732, postane 72–75, med 1 600 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga under post 72 med 868,96 mill. kroner. Dette er Helse Sør-Aust sin del av forslaget på 1 600 mill. kroner.

Pensjon

Stortinget vedtok 12. april 2024 ny avtalefesta pensjon (AFP). AFP blir ei livsvarig yting som kommer i tillegg til tenestepensjon og alderspensjon frå NAV. Sist kjente informasjon tilseier at dei rekneskapsmessige konsekvensane av denne lova fyrst blir handsame i 2025 når ein overføringsavtale mellom dei involverte aktørene er på plass. Regjeringa kjem tilbake med ei vurdering av konsekvensane av Stortinget sitt vedtak om AFP for offentleg tenestepensjon for dei regionale helseføretaka, inkl. dei 12 sjukehusa med langsiktige driftsavtalar med dei regionale helseføretaka, i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2025.

Post 73 Basisbevilgning Helse Vest RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 306,72 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 74 Basisbevilgning Helse Midt-Norge RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 227,68 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 75 Basisbevilgning Helse Nord RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 196,64 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 76 Innsatsstyrt finansiering, overslagsløyving

Saldert budsjett 2024 legg til rette for ein aktivitetsvekst på om lag 1,7 pst. Faktisk aktivitet i 2023 vart høgare enn anslått, og budsjettet for 2024 gir dermed rom for ein aktivitetsvekst på om lag 1,5 pst. frå aktivitetsnivået i 2023.

Oppdatert prognose for 2024, basert på aktivitetstal per andre tertial 2024, indikerer ein samla aktivitet i 2024 som er om lag 0,6 pst. høgare enn føresett. Dette svarer til ein auke på 243,7 mill. kroner.

Kvalitetssikring av endeleg grunnlag for avrekning for 2023 syner at det vert utbetalt 187,6 mill. kroner for mykje i akontoutbetalingar i 2023. Dette vert handtert i samanheng med utbetalingane til dei regionale helseføretaka i desember 2024, og løyvinga for 2024 vert redusert med 187,6 mill. kroner.

Til saman foreslår departementet å auke løyvinga med 56,1 mill. kroner.

Post 77 Laboratorie- og radiologiske undersøkelser, overslagsløyving

Aktivitetstal per september 2024 gir eit anslag for utbetalingar i 2024 på 4 500 mill. kroner. Anslaget er 170 mill. kroner høgare enn budsjett etter Stortingets behandling av Prop. 104 S (2023– 2024), der løyvinga vart satt opp med 142 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 170 mill. kroner.

Post 80 Kompensasjon for merverdiavgift, overslagsløyving

Løyvinga dekker kompensasjon for meirverdiavgift til dei regionale helseføretaka som følgje av ordninga med nøytral meirverdiavgift. Departementet foreslår å auke løyvinga med 168 mill. kroner som følgje av høgare anslag for kompensasjon i 2024 enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Post 83 Byggelånsrenter, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 589 mill. kroner i hovudsak knytt til høgare rentenivå enn lagt til grunn i saldert budsjett. Dei regionale helseføretaka blir belasta for renter på byggjelån fram til prosjekta er ferdige. Då vert byggjelånet og gjort om til eit langsiktig lån.

Post 86 Driftskreditter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3 500 mill. kroner knytt til lågare pensjonspremie. Oppdatert informasjon frå pensjonsleverandørane gir eit nytt samla tal på pensjonspremie for 2024 på 26 200 mill. kroner. Det er 3 500 mill. kroner lågare enn nivået Stortinget vedtok ved behandling av Prop. 104 S (2023–2024). Departementet foreslår at det reduserte likviditetsbehovet som følgje av dette vert behandla gjennom å redusere ramma for driftskreditt.

Kap. 3732 Regionale helseforetak

Post 80 Renter på investeringslån

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 58 mill. kroner knytt til endra tidspunkt for konvertering av lån. Dei regionale helseføretaka betalar renter på investeringslån som er gjort om til langsiktige lån.

Post 85 Avdrag på investeringslån f.o.m. 2008

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner knytt til endra tidspunkt for konvertering av lån.

Post 87 Avdrag på tilskudd til Helseplattformen

Ved Stortinget si handsaming av Prop. 1 S (2018–2019) vart det oppretta eit tilskot til kommunar og fastlegar for kostnader knytt til innføring av Helseplattforma. Målsettinga med tilskotet var at Helse Midt-Noreg RHF og kommunane som går inn i prosjektet, vart avlasta risiko knytt til manglande deltaking. Tilskotet utgjorde 601 mill. 2019-kroner i Prop. 117 S (2019–2020) på kap. 732, post 70. Siste del av tilskotet vart utbetalt i 2023. Tilskotet skal betalast tilbake med renter etter kvart som kommunar og fastlegar tar i bruk løysinga. Helse Midt-Noreg RHF administrerer tilskotet og tilbakebetalinga. Helse Midt-Noreg RHF har berekna at nedbetaling av tilskotet for 2024 utgjer 163,2 mill. kroner. Departementet foreslår dermed å redusere løyvinga med 63,8 mill. kroner samanlikna med det som vart lagt til grunn i saldert budsjett

Kap. 734 Særskilte tilskudd til psykisk helse og rustiltak

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kontrollkommisjonane skal i medhald av lov kontrollere alle vedtak om etablering av tvungent psykisk helsevern og vedtak om bruk av tvangsmiddel. Kommisjonane skal òg handsame klager på desse vedtaka. Kostnadene ved ordninga vert påverka av mellom anna innkommande saksmengder og endring i dei lovpålagte oppgåvene kommisjonane skal utføre.

Det siste året har mengda av saker som kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet skal behandle auka meir enn det opphavelege anslaget. Oppdatert prognose tyder på at utgiftene til kommisjonanes arbeid vil verte høgare enn budsjettert for året. Departementet foreslår å auke løyvinga med 17 mill. kroner.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 19 mill. kroner.

Post 71 Tvungen omsorg for psykisk utviklingshemmede

Utgiftene til ordninga for dømde til tvungen omsorg blir anslått å vera lågare enn føresett for 2024. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 43,6 mill. kroner.

Det er per i dag færre dømde til tvungen omsorg enn føresett i budsjettet for 2024. Per utgangen av august 2024 opplyser Sentral fageining for tvungen omsorg ved Helse Midt-Noreg RHF om at det er totalt 42 dømde i ordninga for tvungen omsorg (fire nye hittil i år, to dommar har gått til opphøyr). Talet på 42 dømde er ein auke på to dommar frå utgangen av 2023. Helse Midt-Noreg RHF er kjent med fem påtalar om tvungen omsorg som skal i retten dei siste fire månadene av 2024. Det blir lagt til grunn at ein auke på fem nye dommar vil føra til ein auke i utgifter i tredje tertial 2024. Det justerte løyvingsnivået tek høgd for dette.

Kap. 737 Historiske pensjonskostnader

Post 70 Tilskudd, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 32,5 mill. kroner knytt til høgare utbetaling av tilskot enn lagt til grunn i saldert budsjett. Løyvinga dekker tilskot til ideelle og andre verksemder sine historiske pensjonskostnader knytt til offentleg tenestepensjonsordning.

Kap. 740 Helsedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 25,6 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

I Prop. 104 S vart det meldt inn ei auking på 120 mill. kroner knytt til EU-prosjekta JA NCD og NOJAHIP. I ettertid har det synt seg at handsaming av rekneskap i prosjektet NOJAHIP vart feil i Helsedirektoratet. Prosjekta utgjorde kring 100 mill. kroner som vart løyva i Prop. 104 S på kap. 3740, post 02 og kap. 740, post 21. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 100 mill. kroner.

Kap. 3740 Helsedirektoratet

Post 02 Diverse inntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 100 mill. kroner, sjå omtale under kap. 741, post 21.

Post 05 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Inntektene for 2024 vert talfesta til 86 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 21 mill. kroner.

Kap. 741 Norsk pasientskadeerstatning

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner knytt til høgare utbetaling til medisinske sakkunnige.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner.

Kap. 742 Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 745 Folkehelseinstituttet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 23,4 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 745, post 01 til kap. 781, post 21. 0,3 mill. kroner vart løyvd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 til å oppdatere nåverande informasjon og gje ny kjønnsspesifikk informasjon på helsenorge.no. Sjå omtale på kap. 781, post 21.

Departementet foreslår å flytte 5 mill. kroner frå kap. 745, post 01 til kap. 732, post 70. 5 mill. kroner vart løyvd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 til å etablere ein digital kvinnehelseportal for formidling av kunnskap om kvinnehelse. Sjå omtale på kap. 732, post 70.

Departementet foreslår å flytte 10 mill. kroner frå kap. 745, post 01 til kap. 745, post 21 Spesielle driftsutgifter, knytt til prosjektet HPV heimetest i livmorhalskreftscreening-programmet. Sjå nærmare omtale på kap. 745, post 21.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 8,1 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 10 mill. kroner til kap. 745, post 21 Spesielle driftsutgifter frå kap. 745, post 01 Driftsutgifter. I 2024 vart det samla løyvd 26 mill. kroner til prosjektet HPV heimetest for å gi eit tilbod til dei som ikkje deltek i livmorhalskreftscreening som anbefalt. Av desse er 10 mill. kroner knytt til prosjektkostnader i Kreftregisteret. I revidert nasjonalbudsjett vart prosjektkostnadene flytta til kap. 745, post 01, då ansvaret for å drifte ordninga er flytta frå Helsedirektoratet til Folkehelseinstituttet.

Kap. 746 Direktoratet for medisinske produkter

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 8,6 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 3746 Direktoratet for medisinske produkter

Post 04 Registreringsgebyr

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 20,8 mill. kroner. Det er forventa ei mindreinntekt på 10,3 mill. kroner som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, og 10,5 mill. kroner i mindreinntekt mellom anna grunna reduserte endringssøknader for marknadsføringsløyve for legemiddel i 2024.

Kap. 747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 748 Statens helsetilsyn

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 749 Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner knytt til lønnsoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet.

Kap. 761 Omsorgstjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner som følgje av mindreutgift til ei rekke tiltak innanfor løyvinga på posten.

Post 64 Kompensasjon for renter og avdrag

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,4 mill. kroner knytt til oppdaterte prognosar frå Husbanken.

Post 68 Kompetanse og innovasjon

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,8 mill. kroner knytt til mindreforbruk på tilskotsordninga til forsøk med nye arbeids- og organisasjonsformer i helse- og omsorgstenestene (Tørn). Årsaka til mindreforbruket er ein kombinasjon av ubrukte midlar frå 2023 hos enkelte tilskotsmottakarar og sein oppstart av delprogram samhandling.

Post 73 Særlige omsorgsbehov

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner knytt til lågare utbetaling frå tilskotsordninga til lindrande einingar.

Post 79 Andre tilskudd, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner til Hamar kommune for utgreiing av vidare drift av Hospice Sangen. I revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Innst. 447 (2023–2024), blei det øyremerkt 3 mill. kroner til vidareføring av Hospice Sangen på Hamar. Lovisenberg diakonale sjukehus har med denne tildelinga valt å vidareføre drifta ut 2024. I Prop. 1 S (2024–2025) foreslår regjeringa 10 mill. kroner til drift av Hospice Sangen i 2025. Hamar kommune vurderer å overta drifta frå og med 2025.

Kap. 762 Primærhelsetjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Det er ubrukte midlar på posten knytt til ei rekke tiltak innanfor løyvinga på posten. I samband med eit pågåande gonoréutbrot i Noreg har det vore ein auke i kondombestillingar. Departementet foreslår at det blir disponert ytterlegare 4 mill. kroner til kondomordninga.

Post 61 Vertskommunetilskudd – Tjenester til innsatte og internerte

Departementet foreslår å flytte 5,4 mill. kroner til Justis- og beredskapsdepartementets kap. 440, post 01. Som følge av at ansvaret for helsetenestene på Utlendingsinternatet på Trandum skulle overførast til kommunen, blei det flytta 5,4 mill. kroner til kap. 762, post 61 i 2024, jf. Innst. 11 S (2023–2024). Overdraginga er utsett til 1. januar 2025.

Post 73 Seksuell helse, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner knytt til lågare forbruk på tilskota på posten. Hovudårsaka til mindreforbruket er at det er overført ubrukte midlar frå 2023 mot avkorting på tilskot i 2024.

Kap. 765 Psykisk helse, rus og vold

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 18,3 mill. kroner som følgje av forventa mindreforbruk på ei rekke tiltak på posten.

10,5 mill. kroner er knytt til løyvinga til rask psykisk helsehjelp, som følgje av at det er forseinkingar i prosjektet med nasjonal registerordning.

3 mill. kroner er knytt til forseinkingar i arbeidet med utgreiing for vidare utvikling av lågterskeltilbod for målgruppa barn 12 år og yngre som står i fare for å utøve problematisk eller skadeleg seksuell åtferd mot andre barn.

2 mill. kroner er knytt til evaluering av rådgivande einingar for russaker. Evalueringa er utsett som følgje av få saker overført til einingane.

0,8 mill. kroner er knytt til pilotprosjekt for samhandling mellom NAV og kommunale helsetenester, der ein av dei fire pilotkommunane har søkt om halvårig løyving.

2 mill. kroner er som følgje av mindreutgift til ei rekke tiltak innanfor løyvinga på posten.

Post 73 Utviklingstiltak mv.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 21,5 mill. kroner som følgje av forventa mindreforbruk på tilskotsordninga behandling og rehabilitering retta mot arbeid og utdanning (arbeid og psykisk helse).

Kap. 770 Tannhelsetjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner som følgje av forventa mindreutgift på posten.

Post 70 Tilskudd, kan overførast, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 7,4 mill. kroner som følgje av forventa mindreforbruk på posten.

5 mill. kroner er knytt til overførte midlar frå 2023 frå tilskotsordninga tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi. Videre er 2,4 mill. kroner knytt til tilskotsordninga etablering av stillingar for spesialistar i pedodonti.

Kap. 781 Forsøk og utvikling mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 79

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner til kap. 781, post 21 frå kap. 745, post 01. 0,3 mill. kroner vart løyvd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 til å oppdatere nåverande og gje ny kjønnsspesifikk informasjon på helsenorge.no. Oppdraget er gitt til Helsedirektoratet.

Kap. 2711 Spesialisthelsetjeneste mv.

Post 70 Spesialisthjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 2 950 mill. kroner, som er 70 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2024–30. juni 2025 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 109 S (2023–2024) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2024 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 26. juni 2024. Den medførte ein auke i honorarinntekta til legane tilsvarande 2,3 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til spesialistane på 42 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår å auke løyvinga med til saman 70 mill. kroner.

Post 71 Psykologhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 425 mill. kroner, som er 23 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak og Norsk Psykologforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2024–30. juni 2025 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 109 S (2023–2024) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2024 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 19. juni 2024. Den medførte ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 4,5 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygdas utgifter for refusjonar mv. til psykologane på 13,7 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 23 mill. kroner.

Post 72 Tannbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 2 910 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 76 Private laboratorier og røntgeninstitutt

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 1 450 mill. kroner, som er høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 95 mill. kroner.

Kap. 2751 Legemidler mv.

Departementet foreslår at eigenandelar for legemiddel og medisinsk forbruksmateriell på blå resept frå 2026 skal reknast per utlevering i staden for per resept. Ny modell vil gjere det enklare å rekne ut kva brukaren skal betale i eigenandel, redusere administrativt arbeid for rekvirent, apotek, bandasjist og Helfo, og kunne forenkle den tekniske kompleksiteten i aktøranes data- og oppgjerssystem. Samstundes vil brukarar i større grad bli skjerma for store utgifter over kort tid.

Forslaget vil gje ei omfordeling mellom kapittel 2751 og 2752, og det vil vere naudsynt å justere dagens prosentsats og maksimalbeløp for ei provenynøytral endring. Endringa blir varsla nå, for å gi nok tid for aktørane til å forberede nødvendige systemendringar. Dei konkrete beløpa og prosentsats vil gå fram av Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Post 70 Legemidler

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 14 560 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 360,1 mill. kroner.

Post 71 Legeerklæringer

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 21 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 72 Medisinsk forbruksmateriell

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 2 350 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 70 mill. kroner.

Kap. 2752 Refusjon av egenbetaling

Post 72 Egenandelstak

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 8 670 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 150 mill. kroner.

Kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv.

Post 62 Fastlønnsordning fysioterapeuter, kan nyttes under post 71

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 605 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 70 Allmennlegehjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 7 370 mill. kroner, som er 182,6 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2024–30. juni 2025 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 109 S (2023–2024) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2024 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 4. juni 2024. Den medførte ein auke i legane si honorarinntekt tilsvarande 2,3 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til allmennlegane på 129 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår at 8,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for legar, sjå omtale der.

Departementet foreslår difor å auke løyvinga med til saman 174,1 mill. kroner.

Post 71 Fysioterapi, kan nyttast under post 62

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 1 700 mill. kroner, som er 55 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, KS og fysioterapeutorganisasjonane om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2024–30. juni 2025 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 109 S (2023–2024) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2024 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 17. juni 2024. Den medførte ein auke i fysioterapeutane si honorarinntekt tilsvarande 2,74 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til fysioterapeutane på 44,5 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår at 1,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for fysioterapeutar, sjå omtale der.

Departementet foreslår difor å auke løyvinga med til saman 53,5 mill. kroner.

Post 73 Kiropraktorbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 145 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 21,6 mill. kroner.

Post 75 Logopedisk og ortoptisk behandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 355 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 19 mill. kroner.

Kap. 2756 Andre helsetjenester

Post 70 Helsetjenester i annet EØS-land

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 7 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 71 Helsetjenester i utlandet mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 750 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 150 mill. kroner.

Post 72 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 385 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Kap. 2790 Andre helsetiltak

Post 70 Bidrag

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2024. Utgiftene for 2024 vert talfesta til 255 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.