Historisk arkiv

Regjeringa sin handlingsplan for oppfølging av HelseOmsorg21-strategien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Forsking og innovasjon i helse og omsorg (2015–2018)

Helse- og omsorgssektoren er ein stor og viktig samfunnssektor, der ny kunnskap, ny teknologi og demografisk utvikling fører til rask og omfattande endring. Regjeringa vil setje pasientane og deira behov i sentrum for desse endringane.

Endringane gir oss samstundes høve til å byggje ny næringsverksemd og verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er nødvendig å satse på innovasjon, kunnskap og teknologi for å møte utfordringane i sektoren og å leggje til rette for trygge tenester av høg kvalitet, fornying og næringsutvikling.

HelseOmsorg21-strategien blei utvikla av universiteta, sjukehusa, kommunane, næringslivet, offentlege etatar og brukarane sjølve. Strategien er deira svar på korleis forsking og innovasjon skal bidra til å møte utfordringar i tenestene og gi næringsutvikling. Oppfølginga av HelseOmsorg21-strategien er viktig for å lukkast med dette. Denne handlingsplanen presenterer regjeringa si oppfølging.

Les Regjeringa sin handlingsplan for oppfølging av HelseOmsorg21-strategien (pdf)