Innleiing
Omsynet til barn og unge skal ivaretakast i planlegging og i krava til det enkelte byggetiltak. Denne rettleiaren syner korleis plan- og bygningslova kan medverke til å sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Denne utgåva av rettleiaren er oppdatert slik at vi viser til nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging av 2023 og dei nye statlege retningslinjene for arealbruk og mobilitet av januar 2025. Vi har òg endra nokre eksempel.
Vi håpar den vil vere til inspirasjon og nytte.
Oslo, september 2025
Oppdatert versjon i 2025. Tidlegare versjon er frå 2021.