Historisk arkiv

Rundskriv F-01-17 Forskrift om opptak til høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Det er fastsett ny forskrift om opptak til høgre utdanning. Forskrifta erstattar tidlegare forskrift om opptak til høyere utdanning.

Kunnskapsdepartementet fastsette 31. januar 2007 forskrift om opptak til høyere utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (uhl.). Forskrifta blei sist oppdatert med endringar 22. januar 2016. Denne forskrifta er nå omsett til nynorsk og kunngjort som ny forskrift fastsett 3. januar 2017. I høve til tidlegare forskrift er det no gjort nokre få endringar i §§ 3-6, 4-2, 4-9, 4-10 og 7-2 i forskrifta.

Endringar som ikkje er spesielt nemnd under, skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2017-2018. 

Det er fastsett endringar i § 4-2 om spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag som skal gjelde frå studieåret 2018–2019. Det er spesielt verdt å merke seg at føresegnene som er nemnd nedanfor er forsøksordningar som skal evaluerast. Lengda på forsøka er opplyst under kvar føresegn:

  • § 4-2 om sjukepleiarutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus
  • § 4-4 om informatikk, realfag, miljø- og naturfag
  • § 4-8 om engelskspråklege utdanningsprogram ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
  • § 4-10 om journalistutdanning ved Høgskolen i Oslo og Akershus 

Forslaga til endringar blei sende på høyring 4. juli 2016 med høyringsfrist 4. oktober 2016. Departementet har i tillegg gjort tekniske endringar i nokre føresegner utan offentleg høyring. Dette gjeld mellom anna nye institusjonsnamn som følgje av samanslåingar.

Det har i høyringsrunden komme forslag om ytterlegare endringar, spesielt knytte til § 3-6 Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte kunstfag frå Westerdals - Oslo School of Arts, Communication and Technology. Dette er forslag om endringar som må høyrast. Dei er ikkje vurderte no, men vil kunne vurderast for ordinær høyring i tråd med opptakskalenderen, jf. rundskriv F05-10. 

Departementet viser til at det i høyringsbrevet er stilt spørsmål om bruk av tilleggspoeng eller kvoter for underrepresentert kjønn, og at Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Oslo (UiO) har søkt om kvote for menn ved opptak til profesjonsstudium i psykologi. I høyringsrunden er det fleire som har peika på at det gjeld andre reglar for forskjellsbehandling av menn enn for kvinner, Departementet har derfor vært i kontakt med Barne- og likestillingdepartementet som har opplyst, at det ikkje er i samsvar med gjeldande lov om likestilling å særbehandle menn i same grad som kvinner. Søknad om kvote ved opptak til psykologi ved UiB og UiO, eller tilleggspoeng for menn knytt til oppmodingsvedtak frå Stortinget, fell ikkje inn under gjeldande føresegner og må derfor utsetjast til ny lov om likestilling er behandla av Stortinget. BLD har opplyst at det tas sikte på å leggje fram forslag til ny lov i 2017.

For kommentarar til enkelte føresegner i opptaksforskrifta, sjå pdf med Rundskriv F-01-17

Forskrift om opptak til høgre utdanning