St.meld. nr. 21 (2001-2002)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Organisasjonen utførde ei rekkje viktige og til dels nye arbeidsoppgåver i 2001. Eit nytt sendelag vart oppretta i Jugoslavia. Jugoslavia vart medlem av OSSE ved utgangen av 2000. Gjennom rask reaksjon makta organisasjonen òg å gje avgjerande tilskot for å hindre at etnisk spenning i Sør-Serbia og Makedonia utvikla seg til nye krigssituasjonar.

I tillegg til dei tradisjonelle oppgåvene vart arbeidet i OSSE 2001 såleis prega av to nye hovudsaker, styrking eller reform av OSSE og OSSE si rolle i kampen mot terrorisme. Drøftingane om reform hadde i lengre tid stått på dagsordenen. Fram mot ministermøtet i Bucuresti gav arbeidet med OSSE sitt tilskot til den internasjonale kampen mot terrorisme meir retning og innhald i reformdrøftingane.

Den internasjonale kampanjen mot terrorisme førde òg til sterkare fokus på Sentral-Asia. Nærleiken til Afghanistan gjer dei sentralasiatiske landa særleg utsette både for terroristaktivitetar og for den organiserte kriminaliteten som skaper eit økonomisk grunnlag for terroristane.

Arbeidet i 2001 vart prega av noko uvisse rundt OSSE si framtid og rolle. Dei to føregåande åra representerte eit høgdepunkt i organisasjonen si verksemd fram til no, med sterkt aukande aktivitet både på Balkan (Kosovo), i Kaukasus og i Sentral-Asia. Allereie i 2000 kunne ein registrere ein aukande politisk strid mellom Russland på den eine sida og ei rekkje vestlege land på den andre. 2000 vart avslutta med eit resultatlaust utanriksministermøte i Wien. Denne spenninga varde gjennom det meste av 2001. Sjølv om ho har ført til uvisse om framtida til organisasjonen, har ho òg ført til at ein har sett fokus på organisasjonen si rolle i ein framtidig europeisk tryggingsarkitektur. Drøftingane om EU si rolle når det gjeld krisehandtering, gjorde det på ein heilt annan måte enn tidlegare naudsynt å sjå på grensene mellom eit stadig meir ambisiøst EU og OSSE.

Etter terroråtaka i New York og Washington har ein i OSSE sett ei auka tilnærming mellom Russland og USA. Både USA, EU, Russland og andre medlemsland, som Noreg, la vekt på å demonstrere at hendingane den 11. september representerte eit vegskilje. Åtaka i USA hadde understreka kor viktig det var at det internasjonale samfunnet søkte nærare saman for å møte den utfordringa terrorismen representerer. Denne nye tonen medverka sterkt til at utanriksministermøtet i Bucuresti fekk eit langt meir vellukka utfall enn ein hadde frykta. Det herska ein vilje blant hovudaktørane til å leggje einskilde vanskelege stridsspørsmål til side. Det vart semje om ei rekkje dokument, mellom anna ein handlingsplan for kampen mot terrorisme.

OSSE la òg for første gong ned sendelag i OSSE-området. Trass i russisk motvilje vart OSSE-sendelaga i Estland og Latvia lagde ned ved utgangen av 2001. Sidan dette var dei einaste sendelaga som hadde hatt som hovudoppgåve å ta vare på interessene til russiske minoritetar, vart nedlegginga av Russland sett på som ei stadfesting av at ein i OSSE ikkje tok omsyn til russiske synspunkt.

Alt ti dagar etter ministermøtet i Bucuresti kom det første utslaget av nyorienteringa. Det var i form av ein konferanse om tryggleik og terrorisme i Sentral-Asia. Konferansen utarbeidde eit handlingsprogram mot terrorisme som ei oppfølging av sentrale element frå Bucuresti-planen.

Til forsida