St.meld. nr. 22 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Tryggingsrådet utøver ansvaret sitt for å sikre mellomfolkeleg fred og tryggleik (FN-pakta artikkel 24) på vegner av alle medlemslanda i FN. Dette understrekar ansvaret til dei valde medlemmene. Dei fem faste medlemmene pregar i praksis arbeidet i Rådet meir enn dei valde. Men ansvaret for verksemda til Rådet og vedtaka som Rådet gjer, er likt fordelt mellom dei 15 medlemmene.

Regjeringa og Stortinget har vore fullt klar over det store ansvaret som kviler på medlemmene i Tryggingsrådet. I utgreiinga si i Stortinget i november 2000 om regjeringa sine politiske hovudprioriteringar for Noregs medlemskap i Tryggingsrådet omtala dåverande utanriksminister Jagland medlemskapen som ei nasjonal oppgåve som regjeringa ville gje høgaste prioritet.

Hovudprioriteringane vann brei tilslutning i Stortinget og har lege til grunn for både den dåverande og den etterfølgjande regjeringa sitt arbeid i Tryggingsrådet. Denne breie, tverrpolitiske semja har vore ein særleg styrke for Noregs innsats i Rådet.

Utgangspunktet til regjeringa var at svært mykje av arbeidet til Tryggingsrådet dreier seg om politisk krisehandtering, og at dagsordenen til Rådet i stor grad vert styrd av internasjonale hendingar. Arbeidet med slike saker ville derfor krevje størstedelen av merksemda. I det meir langsiktige arbeidet ville ein konsentrere seg om tre hovudområde: dei underliggjande årsakene til krig og konflikt, setje særskilt fokus på utfordringane som Afrika har, og oppfølging av Brahimirapporten for å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar. I oppfølginga av hovudprioriteringane ville ein frå norsk side medverke til at Tryggingsrådet i aukande grad arbeider for ei heilskapleg tilnærming til førebyggjande innsats, konflikthandtering og fredsbygging. Ein ville vidare medverke til at innsatsen på militære, politiske, humanitære, ressursmessige og utviklingspolitiske område er samkøyrde og gjensidig forsterkande.

Erfaringane frå Tryggingsrådet har vist at dei prioriteringane Noreg sette for arbeidet sitt, har vore både relevante og realistiske. Dei er i høg grad aktuelle også for andre utanrikspolitiske arenaer enn Tryggingsrådet og vil verte vidareførde som norske satsingsområde i og utanfor FN-ramma.

Inga einskildsak sette sterkare preg på Noregs arbeid i Tryggingsrådet enn Irak. Noregs interesser er best tente med eit effektivt og normsetjande FN. Saker som er viktige for internasjonal fred og tryggleik, skal handsamast av Tryggingsrådet i FN, og vedtak må ha heimel i FN-pakta og gjeldande folkerett. Dette har vore grunnleggjande for Noreg i handsaminga av Irak-spørsmålet. For Noreg er det svært viktig at ein ikkje rokkar ved dette prinsippet, og at det kollektive tryggingssystemet som følgjer av FN-pakta, ikkje vert undergrave.

For Noreg har hovudutfordringa vore å sikre truverdige inspeksjonar med sikte på endeleg og fullstendig oppfylling av Tryggingsrådet sine resolusjonar om avvæpning. Det har likeins vore maktpåliggjande at denne avvæpninga vert oppnådd utan bruk av militærmakt.

Tryggingsrådet har sidan 1990 vedteke ei rekkje resolusjonar som stiller klare krav til Irak om avskaffing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel til desse. Likevel har FN sine krav vorte ignorerte frå Iraks side, og det internasjonale samfunnet har måtta leve med uvissa omkring eksistensen av irakiske masseøydeleggingsvåpen. Etter månader med aukande amerikansk merksemd om Irak utfordra den amerikanske presidenten i talen sin til Generalforsamlinga i september 2002 Tryggingsrådet til å gjere eit siste forsøk på å avvæpne Irak gjennom FN. Eit samla Tryggingsråd vedtok i november same år resolusjon 1441 etter lange og svært vanskelege forhandlingar. Sentralt i forhandlingsprosessen som leidde fram til vedtakinga av resolusjon 1441, var spørsmålet om bruk av væpna makt dersom Irak ikkje overheldt pliktene sine, og om det allereie fanst ein folkerettsleg heimel i tidlegare vedtekne resolusjonar, eller om Tryggingsrådet eksplisitt måtte gje ny autorisasjon. I resolusjon 1441 presiserer Tryggingsrådet krava sine, mellom anna til irakisk samarbeid med inspektørane, og det vert gjort klart at brot på resolusjonen vil få alvorlege følgjer. Inspektørane byrja arbeidet sitt i Irak i byrjinga av november 2002 etter nesten fire års fråvere. Iraks vilje til å sleppe inspektørane inn i landet kjem utvilsamt av det aukande politiske og ikkje minst militære presset på regimet, og erkjenninga av skiftet i amerikansk utanrikspolitikk etter terroråtaka 11. september.

Som leiar av sanksjonskomiteen for Irak sette Noreg store ressursar inn på å skaffe seg oversyn over både den omfattande saksmengda og dei underliggjande problemstillingane. Dette gav oss eit godt utgangspunkt for å delta aktivt i drøftingane om reform av Irak-sanksjonane, som skaut fart på våren 2001 med utgangspunkt i den nye amerikanske administrasjonen sitt ynske om å gjennomgå all sider ved Irak-politikken. Dåverande utanriksminister Torbjørn Jagland tok tidleg i 2001 kontakt med USAs utanriksminister Colin Powell med sikte på reformer av sanksjonspolitikken. Dette arbeidet vart seinare følgt opp av utanriksminister Jan Petersen.

Den grunnleggjande årsaka til lidingane til det irakiske folket har vore politikken til regimet og ikkje sanksjonsregimet. Men Noregs fokus i sanksjonskomiteen har heile tida vore på tiltak for å betre den humanitære situasjonen for sivilfolk i Irak og samtidig halde ved lag og styrkje kontrollen med Iraks tilgang til eller utvikling av nye masseøydeleggingsvåpen.

Mot slutten av 2001 lukkast det etter lang tids tautrekking mellom dei faste medlemmene å verte samde om ei konkret omlegging av Irak-sanksjonane, som også spegla norske innspel og initiativ. Det vart innført ei ny ordning med ei varetilsynsliste (Goods Review List), som tok sikte på å betre tilgangen på humanitære varer under Olje-for-mat-programmet og samtidig skjerpa kontrollen med varetypar med militær bruksnytte. Sjølve gjennomføringa vart utsett til mai 2002. Saksmengda i sanksjonskomiteen og problemet med ikkje-handsaming av importsøknader på grunn av mistanke om militær bruksnytte (engelsk: «holds»), minska dramatisk etter dette.

Terroråtaket på USA 11. september 2001 var ei skilsetjande hending, som sette sterkt preg på dagsordenen til Tryggingsrådet i den delen av Noregs periode som stod att. Erkjenninga av at internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen utgjer den største trusselen mot internasjonal fred og tryggleik, har samla eit overveldande fleirtal av landa i verda i kampen mot dei kreftene som søkjer å ramme grunnverdiane i samfunnet og undergrave menneskeverdet og demokratiske samfunnsnormer.

Noreg har engasjert seg sterkt i Tryggingsrådet sitt arbeid med å nedkjempe internasjonal terrorisme og i alle sider ved internasjonal fredsbygging og forsoning. Utgangspunktet er at kampen mot internasjonal terrorisme står sterkast ved ein samla innsats forankra i Tryggingsrådet i FN. Regjeringa har heile vegen nøye vurdert Tryggingsrådet sine tiltak mot internasjonal terrorisme i høve til dei folkerettslege pliktene våre, ikkje minst menneskerettane. Noregs prinsipielle utgangspunkt er at det ikkje er haldepunkt for å tolke pålegg eller føreslegne lovtiltak frå FN slik at det oppstår eit motsetningstilhøve til grunnleggjande menneskerettar. Samtidig er det grunn til å understreke at sjølve terrorhandlingane skaper ein alvorleg trussel mot menneskerettane. Regjeringa meiner at kampen mot internasjonal terrorisme må førast ved å byggje på og styrkje respekten for grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp.

Alt den 12. september 2001 vedtok Rådet samrøystes resolusjon 1368, som mellom anna slår fast at terroråtaka utgjer ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik og utløyser retten til sjølvforsvar, som er nedfelt i FN-pakta artikkel 51. Resolusjonen gjorde det klart at Rådet var budd på å ta alle naudsynte steg for å nedkjempe internasjonal terrorisme.

Ved resolusjon 1373 av 28. september 2001 vart det oppretta eit bindande globalt regime for å ramme finansieringskjeldene til terrornettverka og ein særskild antiterrorismekomité (Counter-Terrorism Committee, CTC) for å overvake gjennomføringa av resolusjonen. Noreg har delteke aktivt i arbeidet i komiteen og var blant dei aller fyrste som gjennomførte resolusjon 1373 i nasjonal rett. Ein viktig dimensjon ved arbeidet i antiterrorkomiteen er å tilby fagleg hjelp til land som har lovgjevingsmessige eller administrative vanskar med å rette seg etter pålegg frå Tryggingsrådet. Noreg har delteke direkte med kapasitetsbygging i medlemsland som har bede om slik hjelp.

Eit anna hovudspor i kampen mot internasjonal terrorisme gjaldt Osama bin Laden, Al Qaida-nettverket og Talibanregimet i Afghanistan. Tryggingsrådet vedtok alt i 1999 sanksjonar mot Taliban for støtte til internasjonal terrorisme. Sanksjonane vart forsterka i 2000 mellom anna med krav om utlevering av bin Laden. Då det vart klart kvar terroråtaket den 11. september 2001 hadde utspringet sitt, sette USA og ein brei internasjonal koalisjon i gang militære operasjonar mot Al Qaida og Taliban. Dette førte til Talibans fall i november. Grupper av Taliban og Al Qaida utgjorde likevel framleis ein trussel, og dei militære operasjonane mot desse heldt fram. Noreg har delteke i desse operasjonane, mellom anna med spesialstyrkar og jagarfly og har òg engasjert seg i oppbygginga av ei afghansk ordensmakt.

Etter at Talibanregimet fall, flytta Tryggingsrådet hovudfokus mot å stø ein afghanskleidd politisk stabiliserings- og atterreisingsprosess. Resolusjon 1383 stødde Bonnavtala av 5. desember 2001 mellom dei ulike afghanske grupperingane. Resolusjon 1386 av 20. desember 2001 autoriserte den internasjonale tryggingsstyrken for Afghanistan (ISAF), som Noreg har medverka til mellom anna når det gjeld minerydding. ISAF har spela ei uvurderleg rolle i å sikre tryggleiken i Kabul-området og å leggje til rette for ei positiv utvikling i landet. Resolusjon 1401 frå mars 2002 autoriserte opprettinga av UNAMA, FNs freds- og atterreisingskorps i Afghanistan.

Noreg har vore ein stor og tonegjevande bidragsytar til det humanitære hjelpearbeidet og atterreisinga i Afghanistan. Som leiar for gjevarlandssamordninga for Afghanistan i 2002 medverka Noreg til at Tryggingsrådet og heile det internasjonale samfunnet kunne leggje til grunn ei heilskapleg tilnærming til innsatsen i Afghanistan. Noreg la i Tryggingsrådet vekt på at det humanitære hjelpearbeidet og langsiktige atterreisingsaktivitetar måtte vere viktige supplement til fredsprosessen. Dette var òg viktig for å skape samfunnsforhold som ikkje lenger gav grobotn for terrorisme.

Kampen mot internasjonal terrorisme og innsatsen for å stabilisere og atterreise Afghanistan er kanskje det aller klaraste dømet på at Noregs hovudprioriteringar for medlemskapen i Tryggingsrådet har vore høgst relevante. Denne tilnærminga med fokuset på samanhengen mellom militær innsats, naudhjelp, langsiktig utviklingshjelp og arbeidet med forsoning og fred vil også liggje til grunn for den vidare innsatsen til regjeringa.

Noregs prioritering av Afrika i Tryggingsrådet har samanheng med at afrikanske konfliktar dei siste åra har utgjort nesten to tredjedelar av sakene på dagsordenen til Rådet. Mange av desse sakene gjeld ikkje primært konfliktar mellom statar, men interne, borgarkrigsliknande konfliktar i statar som fungerer dårleg eller har brote heilt saman. Økonomiske drivkrefter knytte til utbytting av naturressursar er ofte med på å forlengje desse konfliktane.

Konfliktane på Afrikas horn, i Vest-Afrika og i og rundt DR Kongo var mellom dei som prega dagsordenen til Tryggingsrådet dei to åra Noreg sat i Tryggingsrådet. Noreg engasjerte seg særleg sterkt i konfliktane på Afrikas horn og hadde eit leiaransvar for både Etiopia-Eritrea-konflikten og konflikten i Somalia.

Gjennom eit sterkt og konsekvent engasjement har Tryggingsrådet medverka til å drive fredsprosessen mellom Etiopia og Eritrea vidare. Noreg stod sentralt i å utforme krav og stille forventningar til partane og i arbeidet med å halde eit målretta politisk fokus på FNs fredstryggjande operasjon i Etiopia og Eritrea (UNMEE). Noreg leidde tryggingsrådssendelag til Etiopia og Eritrea i februar 2002. Eit hovudføremål var å forsikre seg om at den uavhengige grensekommisjonen si fastsetjing av grensa mellom dei to landa ville verte akseptert av begge partane.

Utanriksminister Petersen hadde like før vitja dei to landa i same ærend og leidd eit ope møte i Tryggingsrådet om Etiopia og Eritrea under den norske presidentskapsmånaden i mars 2002. Orskurden til grensekommisjonen vart offentleggjord i april 2002. Partane sin bindande aksept av orskurden var ein milestolpe i fredprosessen og ein viktig arbeidssiger for Tryggingsrådet.

Konflikten i Somalia vart vidareførd på dagsordenen til Tryggingsrådet tidleg i 2001 etter norsk initiativ. Det var då fyrste gongen sidan FN (UNOSOM II) trekte seg ut i 1995, at Somalia vart realitetshandsama i Rådet. Noreg har samarbeidd nært med FN-sekretariatet og dei andre medlemmene i Tryggingsrådet for å leggje grunnlaget for eit sterkare FN-engasjement i Somalia. Tryggingsrådets fokus på internasjonal terrorisme og faren ved å overlate statar i konflikt og oppløysing til seg sjølve gjorde det noko lettare å vinne tilslutning til denne lina. Noreg har teke initiativet til og leier ei venegruppe for Somalia i FN-miljøet i New York. Vi vil vidareføre engasjementet vårt innanfor denne ramma.

Konfliktane på Afrikas horn har ein sentral plass i norsk FN- og utviklingspolitikk, også etter at vi er ute av Tryggingsrådet. Arbeidet for fredsbygging og krisehandtering, arbeidet for berekraftig utvikling og arbeidet for fattigdomsnedkjemping bør sjåast i samanheng. Noreg gjev kunnskap og ressursar - på grunnlag av erfaringar frå internasjonale fredsoperasjonar og rolla som tilretteleggjar i ei rekkje fredsprosessar. Satsinga vil i aukande grad rettast mot å førebyggje at valdelege konfliktar bryt ut - og mot å hindre at løyste konfliktar blussar opp att. Det er viktig å halde fram med freistnadene på å styrkje FN si evne til å hjelpe land som gjennomlever den smertefulle og langvarige overgangen frå krig til fred. Dette krev samtidig vilje til langsiktig og bindande engasjement blant gjevarlanda. Landa på Afrikas horn - Etiopia, Eritrea, Somalia og Sudan - vil trenge svært mykje overgangshjelp og langsiktig hjelp. Etter kvart som fredsprosessane kjem i gang, er det viktig at dei vert stødde opp av bindande innsats frå gjevarlandssamfunnet si side.

Noregs presidentskap i Tryggingsrådet i mars 2002 var eit særleg krafttak. Presidentrolla er særleg viktig når det gjeld å leggje til rette arbeidet i Rådet og drive det framover ved å skape brei oppslutning om prioriterte saker. Det er når Tryggingsrådet står samla, at det vert oppnådd konkrete resultat. Utrøytteleg innsats for å finne samlande løysingar var ei rettesnor for Noreg i heile medlemskapsperioden og kom til særleg nytte under presidentskapet vårt.

Under den norske presidentskapsmånaden vart det arbeidd intenst med ei rekkje saker, og av desse er Etiopia og Eritrea og Afghanistan alt omtala. Utanriksminister Petersen leidde også eit ope møte om Bosnia og Hercegovina. Den einskildsaka som likevel sette sterkast preg på arbeidet til Tryggingsrådet under Noregs presidentskapsmånad, og der Noreg spela ei avgjerande rolle, var fredsfreistnadene i Midtausten.

Midtausten stod høgt på Noregs agenda i heile medlemskapsperioden. Noreg spela ei nøkkelrolle i presidentskapsmånaden i mars 2002 og leidde mellom anna forhandlingane om resolusjon 1397. Denne resolusjonen var den fyrste nokon gong som omtala visjonen om ein palestinsk stat. Det var òg den fyrste resolusjonen om Midtausten som vart vedteken i Rådet under den norske medlemskapen. USA hadde lagt ned veto på arabiske resolusjonsutkast både i mars og desember 2001. Å oppnå den naudsynte balansen i resolusjon 1397 var difor svært viktig. Dette lukkast til slutt etter at det seint i prosessen vart fremja eit framlegg om å ta inn ei tilvising til visjonen om to statar, Israel og Palestina, side om side innanfor sikre og godtekne grenser. Seinare same månad la Noreg fram eit utkast til resolusjon 1402. Denne resolusjonen stadfestar resolusjon 1397 som ein av dei grunnleggjande tryggingsrådsresolusjonane for Midtausten-konflikten saman med resolusjon 242 (1967) og 338 (1973).

Noreg spela òg ei sentral rolle i utarbeidinga av tryggingsrådsresolusjon 1435 frå september 2002, som kravde at alle valdshandlingar, mellom anna terrorhandlingar, skulle stanse, og at alle israelske aksjonar skulle stanse omgåande.

Sjølv om vilkåra for full iverksetjing av dei ovannemnde resolusjonane ikkje har vore til stades, har dei styrkt grunnlaget for FN si rolle i fredsfreistnadene. Erfaringane frå Tryggingsrådet har også styrkt grunnlaget for Noregs vidare engasjement for fred i Midtausten.

Noreg har under tryggingsrådsperioden konsekvent arbeidd for å styrkje FN sin fredstryggjande kapasitet og har støtt oppfølginga av framlegga i Brahimirapporten. Noreg leidde i 2002 Tryggingsrådets arbeidsgruppe for fredstryggjande operasjonar. Hovudmålet har vore å bringe troppebidragsytarane i ein tettare dialog med Tryggingsrådet og FN-sekretariatet i samband med førebuing og gjennomføring av FN sine fredsoperasjonar. Eit av Noregs fyrste initiativ i Tryggingsrådet var elles å løyve midlar til oppfølging av tryggingsrådsresolusjon 1308 frå juli 2000 om førebygging og kontroll av hiv/aids i tilknyting til fredsoperasjonar.

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med å gje fredsoperasjonar i FN-regi høg politisk merksemd, både internasjonalt som nasjonalt. Deltaking i FN sine fredsoperasjonar og ressursmessig innsats for å utvikle FN-sekretariatet sin kapasitet innan internasjonal konflikthandtering vil framleis vere ei prioritert norsk oppgåve. Dette vil krevje aktiv deltaking i relevante FN-fora - fyrst og fremst 4. komité og spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar. Regjeringa vil òg satse på å styrkje UNDP sitt arbeid innan konfliktførebygging og fredsbygging.

Regjeringa har identifisert satsingsområde som vil verte følgde opp frå norsk side framover. Desse omfattar tilhøvet mellom militære og sivile aktørar i fredsoperasjonar, og særleg avgrensinga mellom militære operasjonar og humanitære aksjonar i konflikt- eller postkonfliktsituasjonar.

Individets tryggleik har vore ein underkjend dimensjon i internasjonalt konfliktarbeid. Ved å arbeide for å integrere denne dimensjonen i arbeidet i Tryggingsrådet har Noreg oppnådd konkrete resultat. På norsk initiativ vart det utarbeidd eit eige dokument (Aide Mémoire) med forankring i Tryggingsrådet, der alle verne- og menneskerettsføresegner som alt finst i tidlegare tryggingsrådsvedtak, er gjeve ei samla og oversiktleg framstilling. Dette Aide Mémoire har vorte eit nyttig verkty for Tryggingsrådet i utarbeidinga av mandat for fredsoperasjonar og eit referansedokument for FNs kontor for samordning av humanitær verksemd (OCHA). Noreg har ein tonegjevande posisjon i internasjonale nettverk i FN-miljøet, som set fokus på individets tryggleik, medrekna vern av sivile og sårbare grupper i konflikt, barnesoldatar, spreiing av handvåpen og humanitære aksjonar. Vi har teke initiativet til og leier ei venegruppe i New York, som arbeider med spørsmål om vern av sivile. Kvinner, fred og tryggleik er òg eit tema som vert knytt til Noregs engasjement i Tryggingsrådet.

Ulovleg utnytting av naturresursar som olje, diamantar, mineral og tropisk tømmer genererer store inntekter, som ofte går til å finansiere valdelege konfliktar. Noreg har difor i Tryggingsrådet arbeidd for å setje økonomiske drivkrefter i konflikt på den internasjonale dagsordenen. Under presidentskapsmånaden vår i mars arrangerte vi, i samarbeid med forskingsinstitusjonen International Peace Academy i New York, ein internasjonal konferanse om økonomiske drivkrefter i krig og konflikt. På konferansen, som vart leidd av utanriksminister Petersen, vart norsk og internasjonal forsking på dette området framlagt for medlemmene i Tryggingsrådet. Slik kunnskap vil kunne medverke til betre målretting av sanksjonar slik at dei rammar bakmennene og dei reelle avgjerdstakarane og ikkje sivilfolk.

Noreg har delteke i internasjonale prosessar (dei såkalla Interlaken-, Bonn/Berlin- og Stockholm-prosessane) for effektivisering av FN sin sanksjonspolitikk og styrking av gjennomføringa av sanksjonar. Innanfor rammene av debatten i Tryggingsrådet om sanksjonsreform har Noreg medverka aktivt til innføring av målretta og tidsavgrensa sanksjonar.

Siktemålet har vore å auke effektiviteten av sanksjonane ved å styrkje FN og medlemslanda si evne til å setje i verk og gjennomføre sanksjonar som både er resultatorienterte og treffsikre. Sanksjonar skal vere eit tvangsmiddel, men ikkje eit generelt straffetiltak. I dei norske posisjonane har det vore lagt vekt på å minimalisere utilsikta negative følgjer for sivilfolk og tredjeland. Noreg har difor teke til orde for betre samordning mellom sanksjonskomiteane, utvida bruk av ekspertpanel og overvakingsmekanismar og bruk av lokal kapasitetsbygging som strategi for å imøtegå freistnader på sanksjonsbrot frå einskilde medlemsland si side. Dette er framgangsmåtar som det etter kvart er oppnådd brei semje om i Tryggingsrådet.

Tryggingsrådet har ved ei rekkje høve i Noregs medlemsperiode handsama spørsmål knytte til internasjonal straffeforfølging.

Vedtektene til den permanente internasjonale straffedomstolen (ICC) tredde i kraft 1. juli 2002. Same dag la USA ned veto mot forlenging av mandatet for FNs operasjon i Bosnia og Hercegovina (UNMIBH) etter fåfengd å ha kravd garantiar om immunitet for amerikansk personell for domstolen. Etter intense forhandlingar for å få ei løysing på denne situasjonen vedtok Tryggingsrådet 12. juli 2002 samrøystes resolusjon 1422 om utsetjing i eitt år av straffeforfølging for deltakarar i fredstryggjande operasjonar frå statar som ikkje er partar i Romavedtektene. Resolusjonen er ei kompromissløysing, som sikrar at FN framleis har ei sentral rolle i fredstryggjande operasjonar, samtidig som han fastslår verdien av ICC og fullt ut varetek integriteten til domstolen.

Resolusjon 1422 er eit godt døme på den evna og viljen som Tryggingsrådet har til å finne omsamde løysingar sjølv i saker der det er sterk usemje og sprikjande synspunkt. Dei omtala Midtausten-resolusjonane og fleire av Irak-resolusjonane er døme på det same. Dette er kanskje den mest oppmuntrande erfaringa Noreg tek med seg vidare frå medlemsperioden sin.

Noreg har vore ein sterk pådrivar for å finne samlande løysingar som styrkjer effektiviteten til Tryggingsrådet. Konsensusorientert arbeid stør og styrkjer FN si stilling som global organisasjon. Prioritering av ei slik arbeidsform og målsetjing følgjer òg av Noregs nasjonale interesser. Noreg arbeider for ein internasjonal orden som bind store og små makter i eit mellomstatleg samarbeid grunna på FN-pakta og folkeretten, og som vert halden oppe av eit globalt system av sterke multilaterale institusjonar.