St.meld. nr. 29 (1999-2000)

Om Noregs deltaking i den 54. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 53. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Hovudtrekk og aktørar - ei samla vurdering

I det norske innlegget i generaldebatten på FNs 54. generalforsamling påpeikte statsministeren at vi framleis må arbeide for å styrkje FN-systemet, og at medlemsstatane har eit felles ansvar for å sikre ei slik utvikling. FN skal framleis vere eit viktig instrument for å sikre fred og utvikling, samt demokrati og menneskerettar. Kampen mot fattigdom og førebygging av konflikt er sentrale utfordringar for FN. Statsministeren understreka at omsynet til nasjonal suverenitet må vegast opp mot humanitære omsyn og menneskerettar i ein aktuell konflikt.

Haustsesjonen av FNs 54. generalforsamling var prega av brytningar og tillaup til nord-sør-polarisering i drøftingane av dei viktige spørsmåla på sentrale område som fred og tryggleik, utvikling, menneskerettar og humanitære spørsmål. Generalforsamlinga må dessutan sjåast på bakgrunn av Tryggingsrådet si handsaming av Kosovo-krisa og den debatten som følgde etter at NATO greip inn.

Generalsekretær Kofi Annan la i innlegget sitt i generaldebatten vekt på problemstillinga menneskeleg tryggleik og intervensjon i lys av utviklinga og dei valdelege konfliktane i dei siste åra. Ut frå eit ønske om å styrkje FNs relevans i høve til menneskeskapte konfliktar stilte han spørsmål om suverenitetsomgrepet, stilt opp mot humanitære omsyn og menneskerettar. Han la stor vekt på ein overgang frå ein kultur prega av reaksjonar til ein kultur for førebyggjande tiltak innan FN. Tryggingsrådet og medlemslanda må vise handlekraft i ein innleiande fase av ein konflikt og bruke eit utvida spekter av verkemiddel med preventivt føremål. Intervensjon må òg definerast breitt for å handtere eit aukande problem med omsyn til utveljing (Rwanda kontra Kosovo) og kan omfatte alt frå fredstrygging og humanitær bistand til atterreising. Hovudbodskapen var likevel at grenser og nasjonal suverenitet ikkje kan legitimere brotsverk mot menneskja, dersom Tryggingsrådet og medlemslanda er medvetne ansvaret sitt etter FN-pakta. Verdssamfunnet må omdefinere både konfliktomgrepet (trussel mot fred og tryggleik) og løysingsmodellane. I dette biletet kan nasjonal suverenitet, etter generalsekretæren si meining, måtte vike for menneskerettar og humanitære verdiar.

Generalsekretæren sitt innlegg utløyste ein viktig, men vanskeleg debatt om suverenitet, humanitær intervensjon og menneskerettar. Ei rekkje land har store reservasjonar til det dei oppfattar som ny vektlegging i spørsmålet om den grunnleggjande balansen i FN-pakta mellom statane sin suverenitet og sine suverene rettar, slik dei er nedfelte i FN-pakta artikkel 2.7, og dei andre pliktene i pakta, utanom kapittel VII. Slike reservasjonar kom ikkje til uttrykk berre i generaldebatten, men òg i arbeidet i komiteane og då særleg i 3. komité og i forhandlingane om humanitær bistand. Dødsstraffresolusjonen medverka til å styrkje motsetningane mellom utviklingsland og industriland. Det nederlaget framleggsstillarane (mellom andre EU-landa og Noreg) gjekk på ved at dei kjende seg tvinga til å trekkje saka, medverka utan tvil til å skjerpe fleire av motstandarane si lyst til å føre striden over på andre område. Det kom klart fram at ei rekkje utviklingsland ønskte å markere avstand til generalsekretæren si tese om humanitær intervensjon og å stadfeste prinsippet om suverenitet i så mange samanhengar som mogleg.

Utviklingslanda var i endå større grad enn tidlegare vare med omsyn til det dei oppfattar som ulike former for kondisjonalitet frå industrilanda si side. Det utvikla seg ei polarisering under Generalforsamlinga i spørsmål som globalisering og retten til utvikling. I handelsspørsmål er det liten tvil om at utfallet av WTO sitt Seattle-møte vart oppfatta som ei styrking av utviklingslanda sine posisjonar, noko som òg spegla seg i globaliseringsdrøftingane. Godt styresett som ein grunnleggjande føresetnad for ein vellukka utviklingspolitikk møtte sterkare motstand frå G77 (utviklingslanda) enn i tidlegare år.

Toppmøtet om tusenårsforsamlinga vil innleie den 55. generalforsamlinga. Drøftingane om toppmøtet var vanskelege, og spørsmålet om menneskerettane sin plass i drøftingane var eit stridsspørsmål. EU førte eigne drøftingar med G77/NAM (den alliansefrie rørsla), der ein blei førebels samde om å erstatte menneskerettar med globalisering som eit særskilt tema på toppmøtet. Juscanz-landa (OECD-landa utanfor EU), mellom andre Noreg, arbeider for at menneskerettar likevel vert eit eige tema under toppmøtet. Dei vidare førebuingane held fram utover våren.

Reformarbeidet var prega av stillstand, delvis som følgje av ein viss reformtrøyttleik i organisasjonen og delvis ut frå dei sentrale utviklingslanda sin motstand mot reformer som kan oppfattast som svekking av påverknaden deira. Debatten i Generalforsamlinga om reform av Tryggingsrådet, over to dagar i slutten av sesjonen, gav ikkje noko nytt i eit broket bilete av interesser og motinteresser. Det synest å vere eit fleirtal for ei reform, men det er vanskeleg å peike på ein formel som kan ha noko von om å oppnå det naudsynte to tredels fleirtal i forsamlinga. Motstanden mot reform slår òg over i FNs særorganisasjonar og program. Dei vanskane reformarbeidet har møtt i UNDP, er eit klart eksempel på dette.

FNs finansielle problem varar ved, sjølv om likviditetssituasjonen er betre enn på fleire år. Frå amerikansk side kom det eit framlegg i samsvar med den såkalla «Helms-Biden II»-lova om delbetaling av uteståande gjeld, men med vanskelege føresetnader som reduksjon av USAs ilikna bidrag til FNs regulære budsjett og fredstryggjande operasjonar. Det vil verte vanskeleg å finne allment akseptable løysingar som kan stabilisere organisasjonen sitt finansielle grunnlag ut frå slike vilkår.

Budsjetthandsaminga var uvanleg vanskeleg, og drøftingane i 5. komité var prega av sterk usemje, særleg mellom industrilanda og mange utviklingsland om framlegg som gjekk på reformer og effektivisering. Tendensane til detaljstyring vart snarare styrkte enn svekte. Samtidig gjorde USAs og andre vestlege lands ufråvikelege krav om nominell nullvekst forhandlingane i komiteen vanskelege. Det syntest òg klart at det dårlege klimaet i andre komitear påverka drøftingane om administrative og finansielle spørsmål.

Gledeleg var det likevel at finansieringa av dei fredstryggjande operasjonane i Kosovo, Aust-Timor og Sierra Leone og finansieringa av krigsforbrytardomstolane gjekk effektivt og raskt. Desse løyvingssakene viste at det er mogleg å få til konsensus i viktige saker. Etter tilbakeslaget i Kosovo-saka var Tryggingsrådet på offensiven. Etter vedtaket om ein internasjonal styrke for Aust-Timor vedtok Rådet å setje i gang ein FN-operasjon i Aust-Timor og ein fredsskapande/fredstryggjande operasjon i Sierra Leone. Arbeidet med andre operasjonar eller FN-misjonar i Afrika (Etiopia/Eritrea, Den demokratiske republikken Kongo, Angola) heldt fram.

Interessant og positivt var det òg at Rådets humanitære dagsorden vart monaleg utvida, til dømes med spørsmål om sivile i væpna konflikt, barn i væpna konflikt, mineproblematikken og handvåpen. Tryggingsrådet heldt òg ei rekkje opne møte og høyringar. M ed sin breie tilnærmingsmåte til samansette konfliktar som kravde tiltak av ulik karakter, tok Rådet langt på veg opp hansken frå generalsekretærens innlegg i generaldebatten.

Noregs kandidatur til ein plass i Tryggingsrådet for perioden 2001-02 er ei høgt prioritert sak for Regjeringa. Utgangspunktet for kandidaturet er Noregs breie engasjement i FN og i internasjonalt samarbeid generelt, og særleg i høve til fred, tryggleik og utvikling. Det vart under Generalforsamlinga lagd stor vekt på ei aktiv profilering av Noregs politikk i alle relevante saker. Frå norsk side søkte ein òg, på grunnlag av den generelle politikken vår, å medverke til kompromiss i ei rekkje vanskelege saker som under denne sesjonen var prega av polarisering særleg mellom nord og sør. Det er Regjeringa si vurdering at ein på denne måten òg medverka til å styrkje kandidaturet til Tryggingsrådet. Valet finn stad på den 55. generalforsamlinga hausten 2000. Det er tre kandidatar til dei to vestlege plassane som skal fyllast ved dette valet. Utanom Noreg er Irland og Italia kandidatar. Tyrkia trekte kandidaturet sitt 7. februar 2000. Det krevst to tredels fleirtal i Generalforsamlinga for å verte vald. Noreg var sist medlem av Tryggingsrådet i perioden 1979-80. Kandidaturet har full og aktiv støtte frå dei andre nordiske landa.

1.2 Dei sentrale aktørane

Noreg heldt under den 54. generalforsamlinga stort sett eigne innlegg og slutta seg difor i mindre grad enn tidlegare til EU-innlegg. Det vart òg halde færre nordiske innlegg under Generalforsamlinga. Dette hadde først og fremst samanheng med Noregs kandidatur til Tryggingsrådet for perioden 2001-2002 og ønsket om å gje Noreg ein endå klarare profil i FN. Men det var òg eit uttrykk for at Noreg ikkje i alle saker hadde samanfallande synspunkt med EU. Frå norsk side freista ein òg å medverke til kompromiss og la seg på ei konsensusorientert line i ei rekkje vanskelege spørsmål. Ein søkte å utnytte dei tradisjonelt gode kontaktane Noreg har med utviklingslanda for å minske motsetningane mellom utviklings- og industriland.

Det gode nordiske samarbeidet vart vidareført under den 54. generalforsamlinga. Danmark, Sverige og Finlands EU medlemskap legg likevel viktige føringar på desse landa. EU har vorte ei stadig meir sentral gruppe i FN-samarbeidet og opptrer med omsamde haldningar og talar med ei røyst. Det nordiske samarbeidet får dermed meir karakter av tette samråd og informasjonsutveksling frå sak til sak enn framføring av felles standpunkt. Noreg hadde òg nær kontakt med andre likesinna land, særleg innanfor JUSCANZ-gruppa, som er samansett av OECD-land utanfor EU og fungerer som eit uformelt forum for utveksling av informasjon og synspunkt.

Utviklinga har gjort EU til ein sentral politisk aktør og forhandlingspartnar. EU er i dag saman med gruppa for utviklingsland (G77) den viktigaste grupperinga i FN. EUs posisjon vert òg styrkt ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa samla følgjer EU i dei fleste spørsmåla.

USA betalte under Generalforsamlinga inn den minstesummen som var naudsynt for ikkje å misse røysteretten i Generalforsamlinga. Det synest òg klart at administrasjonen i Washington i dag legg større vekt på FN-samarbeidet enn berre for eit år sidan. Dette er ei positiv utvikling for organisasjonen. Men samtidig vert det stilt krav til dei andre medlemslanda om korleis dei amerikanske utfordringane og krava om budsjettnedskjeringar skal handterast.

Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av sin posisjon der alltid ei viktig rolle i FNs andre organ. Frankrike og Storbritannia er meir anonyme i Generalforsamlinga på grunn av EU-samarbeidet. Kina har ein sentral posisjon blant utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa. Landet viser stor aktivitet under Generalforsamlinga, særleg når det gjeld sosiale og økonomiske spørsmål, og har ofte standpunkt som ligg nær opptil G77 i ei rekkje spørsmål.

G77 valde under denne Generalforsamlinga ei meir markert konfrontasjonsline enn tidlegare i høve til omstridde spørsmål som godt styresett, økonomisk omstrukturering, globalisering, utviklingsfinansiering, retten til utvikling og ikkje minst humanitære spørsmål og menneskerettsspørsmål. Dette gjorde drøftingane om ei rekkje sentrale saker vanskelege. Samtidig er det òg innan gruppa av utviklingsland eit breitt spekter av synspunkt som gjer det mogleg å søkje eit konstruktivt samarbeid på tvers av grupperingane frå sak til sak. Dette var òg tilfelle under denne Generalforsamlinga.

1.3 Reform av FN

Debatten under den 54. generalforsamlinga gav ingen vesentleg framgang i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Ein kunne likevel notere framsteg i arbeidsmetodane som Rådet nyttar. Stadig fleire møte vert no haldne i open sesjon. Land som ikkje er medlemmer, får dermed i aukande grad innsyn og kan delta i Rådet sitt arbeid.

Det avteikna seg vidare ein klar tendens i retning av at Rådet opnar for diskusjonar om særlege emne, også tema som tradisjonelt ikkje har vore på Rådet sin dagsorden i skjeringspunktet mellom konflikthandtering, humanitære spørsmål og utvikling.

Generalsekretæren sette i 1998 i gang eit omfattande reformarbeid i personalpolitikken, og på den 53. generalforsamlinga la han personleg fram sin visjon for organisasjonsutvikling i FN og eit breitt reformprogram på personalsektoren. Det står mykje arbeid att før Sekretariatet kan omsetje generalsekretærens visjon i ein konkret handlingsplan for dei komande tre til fem åra.

Det lukkast å kome fram til semje om reformer på miljø- og busetjingsområdet under den vidareførte 53. sesjonen.

1.4 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Handsaminga av nedrustingssakene under den 54. generalforsamlinga var prega av stor pessimisme. Dette spegla klart ei internasjonal utvikling med fleire tilbakeslag på områda rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Den kjernefysiske opprustinga i Sør-Asia, det amerikanske Senatet sitt nei til ratifikasjon av prøvestansavtalen og manglande resultat med omsyn til styrking av prøvestansavtalen var mellom dei sakene som medverka til ein lite konstruktiv atmosfære for nedrustingsarbeidet under Generalforsamlinga.

Kjernevåpenspørsmåla stod i forgrunnen under sesjonen dette året. Den såkalla 7-landsgruppa la for andre år fram eit resolusjonsutkast om ein ny dagsorden for kjernefysisk nedrusting. Resolusjonen vart vedteken. Men alle kjernevåpenstatane, med unntak av Kina, røysta mot resolusjonsutkastet. Noreg og dei fleste andre vestlege land avstod òg i år under røystinga på denne resolusjonen, mellom anna fordi han tyktest vere ubalansert i handsaminga av kjernevåpenstatane. Handvåpen var eit anna sentralt spørsmål. Sør-Afrika la fram ein resolusjon om ulovleg handel med handvåpen som mellom andre Noreg var medframleggsstillar til. Det vart vedteke å halde ein internasjonal konferanse om handvåpen i juni/juli 2001.

1.5 Regionale konfliktar

1.5.1 Midtausten

Arbeidet med Midtausten-spørsmål var vanskeleg trass i ny framgang i fredsprosessen. Dei mange resolusjonane om Midtausten og Palestina-saka var i stor grad uendra frå tidlegare år, og dei verbale utspela frå dei viktigaste aktørane var i hovudsak like uforsonlege som tidlegare. Partane i Midtausten-konflikten var påpasselege med å ikkje gje substansielle «innrømmingar» i resolusjonsforhandlingane i New York. Årsaka til dette var frykt for at ei oppmjuking av tradisjonelle haldningar i FN ville kunne gjere posisjonane deira i dei bilaterale forhandlingane i regionen vanskelege. Dette var òg årsaka til at det heller ikkje denne gongen var mogleg for Noreg, USA og Russland å leggje fram den såkalla «positive resolusjonen», som er meint å vere ei støtte for fredsprosessen i regionen.

Resolusjonen om den samla tilnærminga til Irak vart vedteken i Tryggingsrådet 17. desember 1999 etter nærare ti månader med intense tekstforhandlingar. Resolusjonen vart vedteken med røystetala 11-0-4. Frankrike, Russland, Kina og Malaysia avstod. Det at tre av dei fem faste medlemmene i Rådet avstod, viste tydeleg problema Tryggingsrådet har med å stake ut ein politikk overfor Irak. Spørsmålet vert om Irak vil vise vilje til å samarbeide med det nye overvakingsorganet UNMOVIC og IAEA på nedrustingssida slik at sanksjonane eventuelt vil kunne suspenderast. Resolusjonen sine føresegner om endringar i olje-for-mat-ordninga (mellom anna om at den øvre grensa for irakisk oljesal vert oppheva) vil likevel tre i kraft utan irakisk medverknad.

Det måtte fleire forhandlingsrundar til før Rådet kunne einast om svensken Hans Blix som leiar for det nye overvakingsorganet, UNMOVIC, i januar 2000.

1.5.2 Afrika

Tryggingsrådet si raske og resolutte haldning med omsyn til FN-operasjonar i Kosovo og Aust-Timor har vore ei årsak til kritikk frå mange utviklingsland, særleg afrikanske, som hevdar at Tryggingsrådet ikkje viser same haldning overfor Afrika. Tryggingsrådet nytta likevel i 1999 ein svært stor del av møta sine til å drøfte konfliktar i Afrika. Som allmenn haldning støtta Tryggingsrådet opp under regionale meklingsfreistnader og fredstryggjande initiativ, men sette òg i gang ein omfattande FN-operasjon i Sierra Leone. FN støtta òg opp under OAU-meklinga mellom Etiopia og Eritrea og står klar til å ta på seg oppgåver knytte til ein eventuell fredstryggjande operasjon. Tryggingsrådet vurderte òg spørsmålet om å setje i gang ein fredstryggjande operasjon i Den demokratiske republikken Kongo.

Nabolanda si innblanding i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo og partane sin bruk av nabolanda sine territorium har ført til uro i det internasjonale samfunnet for at konflikten skal spreie seg. Den 10. juli 1999 vart det underskrive ein våpenkvileavtale for Den demokratiske republikken Kongo i Lusaka, der det òg er semje om å halde ein nasjonal dialog mellom styresmaktene og opposisjonen om den politiske framtida for landet. Det skal vidare skipast ein felles hær. Styresmaktene skal på nytt få jurisdiksjon for heile landet. Det vert utplassert militære observatørar og sett i gang ein fredstryggjande operasjon i FN-regi. Dei omfattande og vanskelege oppgåvene knytte til ein slik operasjon, mellom anna avvæpning av militære grupper som ikkje er signatarar til avtalen, manglande samarbeidsvilje frå partane og brot på våpenkvileavtalen, gjer at Tryggingsrådet førebur seg grundig før spørsmålet om ein fredsoperasjon vert avgjort. Møtet i Tryggingsrådet og forhandlingar mellom blant andre statsleiarar frå land i regionen i New York i januar 2000 medverka til ei viss von om ny framgang i fredsprosessen.

Sjå elles under punkt 3.3.1. der det er gjeve ei breiare framstilling av FNs omgang med konfliktane i Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Den sentralafrikanske republikken, Angola, Sierra Leone, Etiopia og Eritrea, Somalia, Vest-Sahara og Libya.

1.5.3 Europa

Etter ei opptrapping av valdsbruk frå regimet i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) mot folket i Kosovo starta NATO den 24. mars 1999 luftåtak mot FRJ samtidig som jugoslaviske styrkar starta ei massiv fordriving av etniske albanarar frå Kosovo til nabolanda Albania og Makedonia.

NATOs luftåtak førte til ei kløyving i Tryggingsrådet mellom dei allierte i NATO på den eine sida og Russland og Kina på den andre. I gruppa av dei sju største industrialiserte statane og Russland (G8) vart det likevel 7. mai 1999 semje om eit kompromiss mellom Russlands og NATOs posisjonar. Denne semja la grunnlaget for Russlands og EUs spesialutsendingar Tsjernomyrdin og Ahtisaari sin fredsplan for Kosovo. Serbia godkjende planen, som førte til uttrekking av jugoslaviske styrkar og innsetjing av ein internasjonal tryggleiksstyrke i Kosovo. Prinsippa i fredsplanen er nedfelte i Tryggingsrådsresolusjon 1244 av 10. juni 1999, der ansvaret for den sivile gjennomføringa er lagt til FN. OSSE fekk mynd til å ta ansvaret for demokrati- og institusjonsbygging samt å halde frie val i samarbeid med FN. EU vart tillagt hovudansvaret for samordninga av den økonomiske atterreisinga. Generalsekretæren fekk med heimel i resolusjonen fullmakt til å skipe ein mellombels internasjonal sivil administrasjon (UNMIK), som vart tillagt all lovgjevande og utøvande makt i tillegg til administrasjon av rettsstellet. Aldri tidlegare har FN vorte gjeve eit så vidt og krevjande mandat. Gjennomføringa har gått tregare enn ønskt. Ikkje minst står det att vanskelege oppgåver med omsyn til tryggleikssituasjonen og skiping av politistyrke og rettsstell. FNs generalsekretær har ved fleire høve etterlyst større innsats frå det internasjonale samfunnet.

1.5.4 Asia

Aust-Timor var eit svært sentralt punkt på FNs dagsorden i 1999. På grunnlag av avtalen mellom Indonesia, Portugal og FN vart det halde ei folkerøysting 30. august 1999, som gav eit overveldande fleirtal for sjølvstende. Men røystinga vart følgd av omfattande valdshandlingar frå proindonesisk milits, utan at det indonesiske militæret greip inn for å hindre dette. Etter internasjonalt press godtok Indonesia til slutt at det vart sett inn ein fleirnasjonal styrke, leidd av Australia, for å syte for ro og orden. Styrken si verksemd er no overteken av ein omfattande FN-operasjon, som forutan dei militære oppgåvene òg skal utgjere ein overgangsadministrasjon og støtte opp under den humanitære hjelpa og oppbygginga av ein sivil administrasjon og infrastruktur.

Sjå elles under punkt 3.3.5 og 3.3.6. der det vert gjeve ein brei omtale av FNs omgang med konfliktane i Afghanistan og Kambodsja samt konfliktane i Kaukasus-området og Sentral-Asia.

1.6 Fredstryggjande operasjonar

Talet på militært personell tilknytt FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 90-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 1999 var det tilsvarande talet ca. 10 500. I tillegg ligg det føre fullmakt for ca. 15 000 FN soldatar, som ikkje er utplasserte, for Sierra Leone (UNAMSIL) og Aust-Timor (UNTAET). Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 4 500, ein auke på ca. 2 500 frå 1998. Behovet for år 2000 er ca. 9 000 polititenestemenn.

Noreg deltok per 31. desember 1999 i sju av FNs 17 operasjonar, med 20 militære offiserar i fem operasjonar og med 25 polititenestemenn i fem operasjonar. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 1999 kostnadsrekna til ca. USD 1,3 mrd., ein auke på ca. USD 400 millionar frå 1998.

1.7 Økonomiske og sosiale saker

Gjeld, globalisering, handel og utvikling samt førebuingane til høgnivåmøtet om finansiering av utvikling i 2001 var sentrale spørsmål under handsaminga av økonomiske og sosiale saker. Det viste seg å vere vanskelegare å semjast om resolusjonane i år enn tidlegare år. Det var stor usemje i utviklingslandsgruppa og mellom utviklingsland og industriland, særleg om globalisering og finansiering av utvikling.

Resolusjonen om høgnivåmøtet for finansiering av utvikling vart sett på som ein av dei viktigaste under årets sesjon. Dette høgnivåmøtet er vedteke halde i 2001 og vert prioritert høgt av utviklingslanda. Ein førebuande komité starta arbeidet sitt alt i januar 2000, og første sesjon finn stad i mai i år.

Diskusjonen om godt styresett som ein grunnleggjande føresetnad for utvikling stod sentralt under den 54. generalforsamlinga. OECD-landa var særleg opptekne av å framheve verdien av godt styresett i resolusjonane om fattigdomslindring og globalisering. Dette møtte sterk motstand frå ei rekkje utviklingsland som fryktar at godt styresett skal verte fastsett som eit vilkår for bistand. Motstanden grunnar seg òg på debatten som går føre seg om reform av UNDP i retning av sterkare vektlegging av styresett. Det vert sett på som viktig for den vidare dialogen om problemstillinga at ein unngjekk ei røysting om formuleringane om godt styresett under Generalforsamlinga.

I diskusjonen om fattigdomslindring vart det frå norsk side lagt vekt på gjeldslette, godt styresett og integrering av utviklingslanda i det multilaterale handelssystemet som grunnleggjande føresetnader for å lindre fattigdom. Det vart oppmoda til auka bistand og til avbinding av bistand. Verdien av utdanning for kvinner/jenter vart understreka. I forhandlingane om gjeldsresolusjonen fokuserte ein frå norsk side på behovet for å sikre finansieringa av det nye HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries ) basert på rimeleg byrdefordeling og utan at det minskar utviklingsbistanden.

Utviklingslanda si fokusering på globaliseringsprosessen, det internasjonale finansielle systemet, samt mellominntektslanda sin gjeldssituasjon, kan tolkast som eit uttrykk for at dei meir ressurssterke utviklingslanda i stor grad lukkast i å setje dagsordenen for FNs drøfting av utviklingsspørsmål, til ulempe for til dømes fattigdomslindring og gjeldslette for dei mest gjeldstyngde landa. Ein merka òg målmedvetne freistnader på å få godkjent nye særgrupperingar av utviklingsland i bistandssamanheng. Dette gjeld til dømes kystlause statar og små utviklingsøystatar.

1.8 Miljø- og ressursspørsmål

Generalforsamlinga si handsaming av miljø- og ressursspørsmål vart prega av diskusjonen av eit russisk resolusjonsutkast om styrkt samordning mellom miljøkonvensjonane. Til liks med føregåande år vart dette temaet svært omstridd grunna stor motstand frå utviklingslanda mot dei føreslegne tiltaka. Mykje av skepsisen grunnar i ein sterk eigarskap blant utviklingslanda til ørkenspreiingskonvensjonen og ei oppfatning om at konvensjonen ligg etter dei andre miljøkonvensjonane når det gjeld gjennomføring og internasjonal merksemd. Det vart vedteke ei rekkje framlegg om praktisk samarbeid mellom konvensjonane, særleg på sekretariatsplan. Det vart samtidig understreka at konvensjonane er sjølvstendige organ som ikkje kan styrast gjennom vedtak i Generalforsamlinga. Det vart òg vedteke ein resolusjon om førebuingane til tiårsgjennomgangen av gjennomføringa av vedtaka frå FN-konferansen om miljø og utvikling i 1992.

1.9 Menneskerettsspørsmål

Handsaminga av menneskerettsspørsmål under den 54. generalforsamlinga vart sterkt prega av EUs resolusjonsframlegg om dødsstraff og saker som den militære aksjonen i Kosovo, Tryggingsrådet si handsaming av Irak, menneskerettssendelag til Aust-Timor, samt generalsekretærens tale om mellom anna humanitær intervensjon og nasjonal suverenitet. Desse sakene medverka til ei forsterking av dei motsetningane ein normalt finn i debatten om menneskerettar. Det vanskelege samarbeidsklimaet førte òg til store problem med resolusjonar utanom dødsstraffresolusjonen, mellom andre om åtferdskodeks for demokrati, om retten til utvikling, om kulturelt mangfald og om globalisering. Med unntak av USAs vanskar med Sudan-resolusjonen, som dei fann for svak, og russiske endringsframlegg om sanksjonar i Irak- og Balkan-resolusjonane, var det ingen større, nye problem i handsaminga av landresolusjonane.

I Noregs hovudinnlegg i 3. komité om menneskerettar la ein vekt på verdien av fattigdomslindring og fremjing av dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane i tillegg til dei sivile og politiske. Det nasjonale arbeidet med menneskerettar vart presentert. Dødsstraff, rasediskriminering, barn sine rettar, straffridom og verdien av religionsfridom vart omtala. Det vart vist til menneskerettssituasjonen i ei rekkje land. H.K.H. Kronprins Haakon heldt dei norske innlegga om rasisme og om barn sine rettar. I debatten om rasisme vart det uttrykt brei støtte til Verdskonferansen mot rasisme i 2001 og til Sør-Afrikas tilbod om å vere vertsland for konferansen.

1.10 Humanitære spørsmål

Forhandlingane om dei humanitære resolusjonane var i år gjennomgåande vanskelegare enn tidlegare. Særleg vanskeleg var det å oppnå semje om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell. Vanskane kan mellom andre sporast attende til det breiare temaet i årets Generalforsamling om «humanitær intervensjon» og debatten i Tryggingsrådet på grunnlag av generalsekretærens rapport om vern av sivile i væpna konflikt. Somme utviklingsland var på denne bakgrunnen særleg opptekne av å sikre tydelege referansar til nasjonal suverenitet og kvalifisere tilvisingane til sikker og uhindra tilgang for humanitær bistand i resolusjonane. Ein lukkast til slutt å få semje om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell, som på ein akseptabel måte speglar den alvorleg forverra situasjonen på dette området. Viktigast er det at ein i resolusjonen ber generalsekretæren utarbeide ein rapport til mai 2000 med framlegg til utviding av mandatområdet for Konvensjonen om tryggleik for FN-personell og tilknytt personell.

Forhandlingane om resolusjonen om minetiltak vart prega av at land som ikkje har underskrive landminekonvensjonen, motsette seg ein omtale av denne som kunne oppfattast som aksept av det arbeidet som går føre seg etter konvensjonen. Her òg merka ein stor sensitivitet med omsyn til nasjonal suverenitet. Ein lukkast likevel å kome fram til ein akseptabel tekst.

1.11 Oppfølging av kvinnekonferansen i Beijing

Høgdepunktet under handsaminga av kvinnespørsmål var vedtakinga av ein frivillig protokoll til Kvinnekonvensjonen. Protokollen opnar for individuelle klagar til Kvinnekomiteen og gjev rett til eigen undersøkingsprosedyre. Han er eit absolutt framsteg i arbeidet med å fremje og verne kvinnene sine menneskerettar. Noreg var mellom dei første landa som skreiv under protokollen. Frå 5. til 9. juni 2000 vil det verte halde ein spesialsesjon om arbeidet med kvinnespørsmål etter Kvinnekonferansen i Beijing og iverksetjing av Nairobi-strategiane for fremjing av kvinner. Spesialsesjonen er kalla «Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred på 2000-talet». Debatten vart prega av førebuingane til denne konferansen.

1.12 FNs finansar

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 1999 var betre enn tidlegare ettersom FN for første gong på fleire år hadde positiv likviditet på det regulære budsjettet. Dette kjem av at USA betalte inn USD 731 mill. til FN i 1999. Men medlemslanda skuldar enno FN over USD 2 mrd., og av dette skuldar USD 1,94 mrd. til fredstryggjande operasjonar. Sjølv om situasjonen er noko lysare enn i tidlegare år, kan ein heller ikkje i 2000 sjå bort frå at FN må låne inn midlar frå dei fredstryggjande operasjonane til den daglege drifta. Generalforsamlinga vedtok eit budsjett for 2000-2001 på USD 2 536 mrd. Det vart vedteke auka løyvingar i budsjettet for krigsforbrytardomstolane i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda.

1.13 Juridiske spørsmål

Respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. Dette var òg gjennomgangstonen i innlegga under Generalforsamlinga si markering av avslutninga av FNs folkerettstiår (1990-1999). Markeringa demonstrerte fornya vektlegging av verdien av folkeretten for å halde ved lag internasjonal fred og tryggleik, utvikling av fredelege relasjonar mellom statar og sikring av rammevilkår for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane. Skipinga av to internasjonale ad hoc-straffedomstolar for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i høvesvis det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, samt vedtakinga av statuttane for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene), inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging. Vidare har ein i folkerettstiåret fått skipa ein eigen havrettsdomstol, som ein del av det institusjonelle systemet under FNs havrettskonvensjon (HRK) av 1982. Ei styrking og utvikling avHRKs system som den overordna rettslege ramma for tiltak i marin sektor vil vere eit hovudomsyn frå norsk side også i det vidare arbeidet med havrettsspørsmål.

Til forsida