1 Kostnadsundersøkinga for tilskotsregel 4 - fordeling av kostnader på studieretningane
Kostnadsundersøkinga er basert på 1995-rekneskapane frå fylkeskommunane, og på opplysningar frå Sentralt Tjenestemannsregister for Skoleverket (STS) og Videregående skoles informasjonssystem (VSI). Kostnadene er delte ut på studieretningane etter desse retningslinene.
| Løn til pedagogisk personale | Gjennomsnitt per klasse : |
| Gjennomsnittleg tal pedagogiske årsverk per klasse multiplisert med gjennomsnittleg løn for pedagogiske årsverk. Gjennomsnittleg løn til pedagogisk årsverk vart rekna ut for kvar av studieretningane. | |
| Gjennomsnitt per elev : | |
| Gjennomsnittleg lønsutgift per klasse delt på gjennomsnittleg elevtal per klasse | |
| Løn til anna personale | Sum løn (rekneskapen) frårekna sum løn til pedagogisk personale (utrekna) |
| Løn til anna personale vart fordelt på studieretningane etter elevtal. | |
| Investeringar/utstyr | Fordelt med 30 pst på allmenne fag og 70 pst på yrkesfag. Yrkesfagdelen er vidare fordelt med 60 pst på «tunge» fag og 40 pst på «lette» fag. |
| Maskiner | Fordelt per elev i yrkesfaglege studieretningar, med 100 pst på «tunge» fag. |
| Bygningar/vedlikehald | Fordelt på studieretningane etter elevtal |
| Andre driftsutgifter | Fordelt med 15 pst på allmenne fag og 85 pst på yrkesfag. Yrkesfagdelen er vidare fordelt med 60 pst på «tunge» fag og 40 pst på «lette» fag. |
| Sals/leigeinntekter (frådrag) | Fordelt per elev i yrkesfaglege studieretningar |
| Trygdeforvaltning (frådrag) | Fordelt på studieretningane etter elevtal |
| Aktivitetar finansiert direkte over statsbudsjettet (frådrag) | Fordelt på studieretningane etter elevtal |