St.meld. nr. 9 (2004-2005)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2003 - 30. juni 2004

Til innhaldsliste

Moderniseringsdepartementet legg med dette fram oppgåve over embetsutnemningar m.m. i Regjeringa i tida 1. juli 2003 - 30. juni 2004.

Ved lov 15. desember 2000 nr. 98 vart ymse føresegner i offentleglova endra. Endringane gjeld frå 1. januar 2001. Etter ikraftsetjinga gjev offentleglova § 6 nr. 4 nytt fjerde og femte punktum forvaltningsorganet høve til å unnta opplysningar om søkjarar frå innsyn, dersom søkjaren sjølv ber om det. I dei sakene der søkjarane ikkje ynskjer å få namnet sitt offentleggjort, er det oppgjeve kor mange anonyme søkjarar dette gjeld. Dersom Stortinget som ledd i si kontrollverksemd ynskjer innsyn i dei komplette søkjarlistene vil desse bli sende over til Stortinget i eigen ekspedisjon.

Regjeringa gjer framlegg om at avtrykket av oppgåva (vedlegg 1) blir sendt Stortinget saman med særskilde oppgåver frå departementa pr. 30. juni 2004 over konstitueringar i embete og mellombels oppretta embete (vedlegg 2). I fordelinga på kvinner og menn er talet på dei som ikkje ynskjer å få offentleggjort namnet, sett i parentes (vedlegg 3). Etter oppmoding frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen inneheld vedlegg 1 søkjaranes fødselsår. I denne meldinga er vedlegg 4 endra i tråd med Kontroll- og konstitusjonskomiteens ønske om ei oversikt over utviklinga i tal av stillingar og søkjarar, samt fordelinga mellom kvinner og menn i siste 5-årsperiode.

Til forsida