St.prp. nr. 2 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Barne- og familiedepartementet til det statlege barnevernet og fylkesnemndene for sosiale saker

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004 i samsvar med pkt. 2.4 og 3.3 nedanfor. Proposisjonen er delt opp i to delar; Del I Det statlege barnevernet og Del II Fylkesnemndene for sosiale saker.