St.prp. nr. 40 (2007-2008)

Om Oslopakke 3 trinn 1

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det er venta ein vekst i arbeidsplassar og busetnad i Oslo og Akershus. Dette bidreg til fortsatt transportvekst og stiller store krav til utvikling av eit effektivt, trygt og miljøvennleg transportsystem. Det er derfor lagt fram eit lokalt forslag til bompengefinansiering av ei pakke med samferdselstiltak i Oslo og Akershus i perioden 2008-2027.

På denne bakgrunn legg Samferdselsdepartementet i denne proposisjonen fram forslag om å innføre ei ny bompengeordning for Osloområdet, Oslopakke 3. Denne ordninga vil avløyse dagens bompengeordning, Oslopakke 1 og Oslopakke 2. Den nye bompengeordninga er basert på forslag frå Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Tiltaka i bompengepakka er planlagt gjennomført over ein periode på 20 år (2008-2027), og er foreslått finansiert med trafikantbetaling og statlege midlar. Den økonomiske ramma i det lokale forslaget er på om lag 54 mrd. kr.

Det har vore eit sterkt lokalt ønskje om at den nye bompengeordninga skal komme i gang så raskt som mogeleg. Det lokale forslaget til Oslopakke 3 omfattar ei rekke ulike veg- og kollektivprosjekt. Som følgje av storleiken på pakka må det gjennomførast kvalitetssikring i tidleg planfase, såkalla KS1. Det er òg naudsynt for Samferdselsdepartementet å sjå den samla prosjektportefølja i samband med Regjeringa si handsaming av Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019. Denne planen blir først lagt fram hausten 2008. For likevel å etterkomme lokalt ønskje om raskast mogeleg oppstart av innkrevjinga, er det beslutta å leggje fram Oslopakke 3 i to trinn. I denne proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram forslag til det første trinnet.

Formålet med trinn 1 er såleis å leggje grunnlag for iverksetting av ei ny trafikantbetalingsordning basert på lokale vedtak som kan ta til så tidleg som mogeleg i 2008, og sikre gjennomføring av veg- og kollektivprosjekt som allereie er sette i gang etter dagens bompengeordning. Trafikantbetalinga er føresett innkrevd i eksisterande bomstasjonar for Oslopakke 1 og Oslopakke 2. I tillegg er det i denne proposisjonen foreslått eit nytt betalingssnitt på fylkesgrensa mellom Oslo og Akershus. Det blir i denne proposisjonen òg lagt til rette for bruk av bompengar til drift av kollektivtransport i Oslopakke 3. Bruk av bompengar til drift av kollektivtransport krev ei endring i veglova. Forslag til slik lovendring er lagt fram for Stortinget, jf. Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23. Lovforslaget er handsama i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 26 (2007-2008) og Besl. O. nr. 41 (2007-2008).

Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling til nokon prosjektportefølje i Oslopakke 3 ved framlegget av trinn 1. Kva midlane frå innkrevjinga i trinn 1 skal nyttast til, blir nærare omtala i kapittel 4. Den heilskaplege framstillinga av Oslopakke 3 vil først skje i samband med framlegg av trinn 2, som etter planen blir lagt fram for Stortinget hausten 2008. Framlegg av trinn 2 vil innehalde ei samla vurdering av utbyggingsplanane, mellom anna på bakgrunn av det nemnde arbeidet med kvalitetssikring av alternative prosjektval (KS1), og prioriteringane som blir gjort i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019. Framlegg av Oslopakke 3 trinn 2 vil skje i dialog med lokale styresmakter.

Det er ikkje med jernbanetiltak i det lokale forslaget til Oslopakke 3. Samferdselsdepartementet legg opp til at også jernbane skal inngå som ein del av Oslopakke 3, og vil komme tilbake til prioritering av jernbanetiltak i Osloregionen i samband med trinn 2.