St.prp. nr. 42 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala (forbrukarvern)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Bakgrunnen for direktivet er å betre verkemåten til den indre marknaden, styrkje den tilliten som forbrukarane har til den indre marknaden, og dessutan sikre forbrukarane eit minstemål av rettar utan omsyn til kva medlemsstat dei handlar i. Fristen for gjennomføring av direktivet er 1. januar 2002.

EØS-komiteen vedtok 28. januar 2000 å endre vedlegg XIX (forbrukarvern) til EØS-avtala, slik at samarbeidet vart utvida til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 99/44/EF av 25. mai 1999 om visse sider ved forbrukerkjøp og tilknyttede garantier. Uoffisiell omsetjing av avgjerd i EØS-komiteen nr. 12/2000 av 28. januar 2000 og europaparlaments- og rådsdirektiv 99/44/EF av 25. mai 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

For Noreg sin del vil innlemming i EØS-avtala av direktivet gjere det naudsynt med visse endringar i norsk lov. Då EØS-komiteen vedtok å ta inn direktivet i EØS-avtala, informerte Noreg derfor dei andre avtalepartane om at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta i Noreg før avgjerda vil vere bindande.