St.prp. nr. 54 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 om endring av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Ved EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 av 14. mars 1997 vart rådsforordning (EF) nr. 2964/95 av 20. desember 1995 om registrering av import og leveransar av råolje i Fellesskapet teken inn i EØS-avtala. Dette regelverket vil gå inn i vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala. Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, fordi gjennomføringa i norsk rett krev lovendring.

Forordninga er ei gjennomføring av rådsforordning (EØF) nr. 1893/79 og nr. 2592/79, som begge slutta å gjelde 31. desember 1991. Det opphavlege føremålet med desse forordningane var å overvake prisutviklinga i råoljemarknaden i unormale periodar, som følgje av krisa i Iran i 1979. Samstundes vart det skipa eit liknande registreringssystem under Det internasjonale energibyrået IEA (International Energy Agency). Difor heldt medlemsstatane fram med å rapportere til IEA etter at rådsforordning 1893/79 og 2592/79 slutta å gjelde. På grunnlag av dei pliktene Noreg har etter avtala om Det internasjonale energiprogrammet IEP (International Energy Program), som er det traktatmessige grunnlaget for IEA, sender òg Noreg ved Olje- og energidepartementet over til IEA dei opplysningane som rådsforordning 2964/95 krev.

Europa-kommisjonen meiner at den registreringsordninga som medlemsstatane vart pålagd gjennom rådsforordning 1893/79 og 2592/79, òg kunne ha allmenn nytte. Gjennom ei slik rapportering vil Fellesskapet snøgt kunne få oversikt over kostnadene ved oljeleveransar. Av innleiinga til den nye forordninga går det fram at det no er ønskjeleg å sikre seg eit grunnlag for til kvar tid å kunne ha oversikt over oljeforsyninga til Fellesskapet frå heile verda. Difor er føresegnene i rådsforordning 1893/79 og 2592/79 no sette i verk på nytt ved rådsforordning 2964/95.

Rådsforordning 1893/79 og 2592/79 var ein del av EØS-avtala då denne vart vedteken. Forordningane er såleis tekne inn som ein del av vedlegg IV (Energi) til EØS-avtala. Men fordi desse forordningane slutta å gjelde før EØS-avtala tok til å gjelde, er dei ikkje gjennomførde i norsk rett. Eit avtrykk av EØS-komiteen si avgjerd nr. 5/97 i norsk originaltekst følgjer med som vedlegg til proposisjonen.