St.prp. nr. 56 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Samarbeidet med EU på den audiovisuelle sektoren er heimla i EØS-avtala, protokoll 31, som opnar for EFTA/EØS-statanes si deltaking i EU sine program på audiovisuell sektor.

Noreg har gjennom EØS-avtala delteke i dei to føregåande EU-programma for utvikling av audiovisuell sektor («Media 95» 1991-1995 og «Media II» 1996-2000). Frå 1. januar 2001 vart det nye programmet MEDIA Plus skipa. Dei formelle vedtaka i EU om skipinga av MEDIA Plus vart gjorde i desember 2000 og januar 2001.

EØS-avtala krev at protokoll 31 blir endra før Noreg kan delta i MEDIA Plus. Norsk deltaking i programmet krev òg eit eige budsjettvedtak, og samtykke frå Stortinget til deltaking er difor naudsynt.

For at Noreg skal kunne delta i programmet så snart som råd, legg departementet fram tilråding om at Stortinget samtykker til deltaking i eit vedtak i EØS-komiteen om innlemming av programmet MEDIA Plus i EØS-avtala, før EØS-komiteen har gjort sitt endelege vedtak. Komiteen gjer venteleg vedtak i saka i mai 2001.

Europaparlamentet og Rådet sine vedtak om MEDIA Plus og utkast til vedtak i EØS-komiteen i uoffisiell norsk oversetting følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.

Til forsida