St.prp. nr. 65 (2005-2006)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategorien 21.30 Vegformål.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

  • departementet gjer greie for Østfoldpakka fase 1 – vidare utbygging av E18

  • departementet legg fram endelege kostnads­overslag for E6 frå Vinterbru til Assurtjern i Akershus

  • det blir gjort greie for kostnadsauke for rv 150 Ulvensplitten – Sinsen i Oslo

  • det blir gjort greie for spørsmål knytt til prosjektet Finnfast, rv 519 Fastlandssamband til Finnøy med tilknyting til Talgje (fv 606)

  • departementet gjer framlegg om delvis bompengefinansiering av rv 55 ved Fatlaberget mellom Leikanger og Sogndal i Sogn og Fjordane

  • departementet gjer greie for arbeidet med nytt takstsystem i riksvegferjedrifta.