St.prp. nr. 66 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering (2007–2013)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Finansieringsordninga til EU for sivil krisehandtering vart formelt vedteken 5. mars 2007 ved rådsvedtak nr. 162/2007/EF.

Ordninga er open for deltaking frå EØS/EFTA-statane gjennom del VI i EØS-avtala, samarbeid utanfor dei fire fridommane, protokoll 31. EØS-komiteen må vedta ei innlemming av ordninga i protokoll 31, artikkel 10, for at EØS-EFTA-statane skal kunne delta.

Ordninga er ei vidareføring og utviding av eit tidlegare program, og gjeld frå 1.1.2007 til 31.12.2013. Det tidlegare programmet, EUs handlingsprogram for katastrofevernebuing, omfatta opprinneleg naturkatastrofar og «teknologiske» kriser, primært i EUs medlemsstatar. Etter kvart er så vel type kriser som geografisk omfang vorte utvida, slik at krisehandteringa no òg vert nytta overfor tredjestatar og dessutan ved humanitære kriser. Den nye ordninga inneheld juridisk grunnlag og eigne budsjettlinjer for deltaking i slike utvida aktivitetar. Det dreier seg i første rekkje om humanitære aksjonar.

Noreg er invitert til vidare samarbeid innan sivil krisehandtering og katastrofevernebuing, medrekna deltaking i den nye finansieringsordninga for sivil krisehandtering. Deltakinga medfører finansielle bidrag i heile programperioden frå 2007 til 2013. I medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne delta i ordninga så snart som mogleg i 2007, vert stortingsproposisjonen fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsvedtak 2007/162/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.