St.prp. nr. 67 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 14. kapitalpåfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (IDA)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen ber Regjeringa om Stortingets samtykke til deltaking i den 14. påfyllinga i Det internasjonale utviklingsfondet (International Development Association – IDA). IDA er Verdsbankens utviklingsfond for dei fattigaste landa, som ut ifrå sin økonomiske situasjon ikkje bør ta opp lån på vanlege vilkår i Verdsbanken. Fondet gjev lån på mjuke vilkår og gåvemidlar til utviklingsfremjande og fattigdomsreduserande tiltak, og er særs viktig for økonomien i det store fleirtalet av dei fattigste utviklingslanda. Fondet vil og vere heilt avgjerande for å sikre tilstrekkeleg finansiering til å nå FNs tusenårsmål. Nye ressursar vert tilførde hovudsakleg frå gjevarland som resultat av påfyllingsforhandlingar og gjennom tilbakebetalingar på tidlegare lån. Påfyllingsforhandlingane vert vanlegvis haldne kvart tredje år.

Den førre påfyllinga av fondet (IDA 13) vart gjord i 2002 for perioden 2002–2004. Utlånspolitikken til fondet, påfyllingsnivået og byrdefordelinga mellom gjevarlanda utgjer sentrale tema i forhandlingane.

IDA 14-påfyllinga gjeld for perioden 2005–2008 og utgjer til saman SDR (Special DrawingRights) 22,3 mrd. (rundt 220 milliardar kroner). Av dette er tilskotet frå gjevarlanda SDR 12,3 milliardar (rundt 120 milliardar kroner). Alt i alt svarar dette til ein auke på rundt 25 pst. i høve til IDA 13.

Ei omfattande omfordeling i delar mellom dei ulike gjevarlanda fann stad i samband med IDA 14-påfyllinga. Dette inneber at ein kan sjå for seg konturane av ein ny dynamikk i framtidige forhandlingar. Medan det tidlegare var ein dominerande gjevar (USA), ser det no ut til at ein vil kunne få tre nesten jamstore (USA, Japan og Storbritannia). Tilskota frå dei einskilde landa går fram av vedlegg 1. Tilskot til IDA går over kap. 0171, post 70 (Verdsbanken).

Sidan IDA 9 har det vore praksis å fastsetje tilskota til kapitalpåfyllinga i Special Drawing Rights(SDR). Kursen for omrekning til nasjonal valuta vert fastsett under forhandlingane. For IDA 14 er kursen for omrekning til nasjonal valuta fastsett til å vere den gjennomsnittlege vekslingskursen for perioden frå 1. april til 30. september 2004. For Noregs del inneber dette ein kurs der 1 SDR svarar til NOK 10,05411.

Denne gongen vart IDA 14-forhandlingane òg nytta til forhandlingar om finansiering av tapte tilbakebetalingar som følgje av at IDA gjev omfattande gjeldslette under gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste landa (Heavily Indebted Poor Countries Initiative – HIPC) i IDA 14-perioden. Det vart oppnådd semje om å nytte byrdefordelinga under IDA 13-påfyllinga, noko som representerer ei klart meir rettferdig byrdefordeling enn ved tidlegare finansiering av HIPC-gjeldsslette. Noregs tilskot til dekning av IDAs HIPC-kostnader under IDA 14 utgjer NOK 195 930 000 over tre år, kjem i tillegg til det regulære norske gjevartilskotet og vil verte dekt av Fond for internasjonale gjeldsletteoperasjonar (kap. 0172.70).

Det var semje om at ein i IDA 14-forhandlingane skulle fokusere spesielt på følgjande utvalde tema som utgjer særlege utfordringar for IDAs tilskot til å oppnå FNs tusenårsmål:

  • Ein berekraftig gjeldssituasjon for mottakarlanda, under dette å auke gåvedelen av IDA-hjelpa. Trass i omfattande gjeldslettetiltak dei seinare åra slit mange fattige land framleis med monalege gjeldsproblem.

  • Berekraftig økonomisk vekst og utvikling av privat sektor. Dette er svært viktige element i utviklingsprosessen, som har vorte vigd urimeleg lita merksemd dei seinare åra.

  • IDAs rolle i utviklingssamarbeidet, særleg på landnivå. Eit heilt sentralt tema i dagens debatt om utviklingshjelp er trongen for at alle gjevarar tilpassar seg mottakarlanda sine eigne utviklingsstrategiar og harmoniserer verksemda si.

Det var brei tilslutnad til det norske synet om at fokus på desse temaa ikkje skal kome i staden for, men i tillegg til viktige prioriteringar som ein er vorte samde om i tidlegare IDA-forhandlingar, til dømes helse, utdanning og godt styresett, og at økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon er gjensidig styrkjande element. Prinsippet om at IDAs hjelp skal forankrast i dei fattige landa sine eigne fattigdomsretta utviklingsstrategiar vil verte ytterligare styrkt under IDA 14-perioden.

Til forsida