St.prp. nr. 78 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/42/EF om rapportering av hendingar innan sivil luftfart

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 23. april 2004 å endre vedlegg XIII (Transport) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2003/42 av 13. juni 2003 om rapportering av hendingar innan sivil luftfart.

Føremålet med direktivet er å leggje tilhøva til rette for å få informasjon om risiko for luftfartsulukker. Direktivet inneheld m.a. føresegner om at opplysningar som vert innrapporterte, må gjevast ein føremålstenleg fortrulegskapsgrad, og at opplysningane berre skal kunne nyttast i det førebyggjande arbeidet.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) 2003/42 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.