5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Som nemnd vil ei lovendring innebere ei kodifisering av allereie gjeldande rett, slik han er forma gjennom forvaltingspraksis.

Gjennomføringa av EØS-komiteen sitt vedtak vil difor vere utan økonomiske og administrative konsekvensar både for det offentlege og det private.